2 Hovudinnhaldet i høyringsutkastet
2.1 Rett til å endre prosedyrar for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett
Føresegna departementet foreslår, i ny § 6 tredje ledd, vil i praksis gjelde alt anna oppdrett enn matfisk av laks, aure og regnbogeaure. Blant andre arter er det oppdrett av torsk som har komme lengst når det gjeld kommersialisering og volum. I praksis vil det difor i dag særleg vere aktuelt å bruke heimelen for å avgrense behandlinga av nye søknader om torskeløyve.
Oppdrett av torsk har vore i utvikling i fleire år. Trass i til dels betydelege utfordringar på kort sikt, er det sannsynlegvis eit potensial for vidare vekst i framtida. I 2007 vart det produsert om lag 10.000 tonn. Næringa har sjølv tidlegare sagt at det snart vil kunne produserast tre gonger meir, men utsiktene dei næraste åra er i dag svært usikre.
Løyve til oppdrett blir generelt regulert i akvakulturloven § 6. Føresegna gjeld for tildeling av løyve til alle arter. I loven sin § 7 er det gitt særskilde føresegner om tildeling av løyve til laks, aure og regnbogeaure. For løyve til laks, aure og regnbogeaure vil såleis både § 6 og § 7 gjelde. Fordi det er § 7 som gir høve til å avgrense talet på løyve, blir løyve til andre arter enn laks, aure og regnbogeaure i dag tildelt løpande utan avgrensing i talet på løyve. § 6 legg opp til at styresmaktene har ei plikt til å behandle søknader løpande, og styresmaktene har dermed ikkje høve til å sjå tildeling av torskeløyve i ein større samanheng utover den enkelte søknaden. Den viktigaste skilnaden i reguleringa av laksefisk og andre arter er at § 7 inneber næringspolitisk regulering, mellom anna ut frå marknadsomsyn og nærings- og distriktspolitiske omsyn.
Delvis som eit resultat av dette er det i dag tildelt over 500 oppdrettsløyve for torsk, med ein samla teoretisk produksjonskapasitet på over 300 000 tonn. Dette er eit eksempel på ein situasjon der belastninga på havbruksforvaltninga ikkje står i forhold til den næringsnytten som kan ventast. Ein slik situasjon kan også bidra til ein suboptimal arealbruk, og har ført til press på regelen om tilbaketrekking etter 2 års passivitet. Ein arealbruk som ikkje er optimal kan ha negative nærings- og miljøkonsekvensar.
I dag er det usikkerheit knytt til miljøutfordringar, kunnskapsbehov, vegval, tempo m.v. Departementet syner i denne samanheng til regjeringa sitt arbeid for berekraftig havbruk der forslaget til denne føresegna blir trekt fram som eit verkemiddel. Samtidig bruker forvaltninga mykje ressursar på å handsame søknader. Ut frå dagens situasjon synest det difor tenleg å ha ein lovheimel for å kunne endre prosedyrane for tildeling av løyve. Det vil vere særleg aktuelt å kunne stanse tildeling heilt eller delvis i periodar eller i geografiske område, evt. styre utviklinga ved å kunne utlyse eit avgrensa tal nye løyve i eit bestemt område eller ein region.
2.2 Rett til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg av overordna samfunns- og næringsomsyn, medrekna omsynet til fiskehelse og miljø
Akvakulturloven gir i dag ikkje styresmaktene høvelege reiskapar til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg sjølv om overordna samfunns- og næringsomsyn skulle tilseie at flytting er samfunnsmessig nødvendig eller tenleg. Det er heimel til å trekkje tilbake eller endre havbruksløyvet, men dagens heimlar er ikkje tilstrekkeleg retta inn mot overordna samfunns- og næringsomsyn. Ved inngripande utøving av myndigheit er det spesielt viktig med klare heimlar som skaper føreseielege forhold for næringsaktørane. Med den heimelen som blir foreslått i ny § 16 tredje ledd, kan det utarbeidast forskrift som inneber at oppdrettarar vil kunne påleggast å flytte anlegg - innanfor eit gitt fjord- eller kystområde - for å skape betre struktur. Dette kan gi meir rasjonell drift som tek betre vare på bl.a. fiskehelse og miljø. Ei meir rasjonell drift kan medverke til auka lønnsemd og verdiskaping i utnyttinga av eit gitt fjord- eller kystområde. Kva som er tenleg av omsyn til samfunnet og næringa vil i dei fleste tilfella vere samanfallande. Når ein driv biologisk produksjon i sjø må ein ta omsyn til miljøet for å oppretthalde effektiv produksjon på sikt, og god fiskehelse hos oppdrettsfisken gjer det mindre sannsynleg med spreiing av smitte til villfisk.
Behovet for å ha høve til å pålegge flytting aukar etter kvart som oppdrettsnæringa veks. Særleg talar omsyna til fiskehelse og miljø for at vi ikkje lenger berre kan sjå isolert på den enkelte lokaliteten, men må sjå større område i samanheng. Eit eksempel på dette er tiltak for å nedkjempe fiskesjukdomen Pankreas Disease (PD) på Vestlandet. I dette arbeidet vil det vere ønskjeleg om nokre oppdrettarar, på frivillig basis, flytter anlegg til nye lokalitetar for å skape ein lokalitetsstruktur som er meir robust og bidrar til å forhindre smittespreiing. Føresetnaden for slike tiltak er i dag at alle oppdrettarar i det aktuelle området er med, og det skal ikkje meir til enn at éin ikkje vil bidra, før restruktureringa kan misse effekten. I slike tilfelle vil det difor kunne vere aktuelt å pålegge flytting.