4 Unntaket frå innløysingsretten for fritidshus i statsallmenningar mv.
4.1 Gjeldande rett og forslaget i høyringsnotatet
Forslaget i høyringsnotatet og gjeldande rett går fram av høyringsnotatet punkt 3.1, som lyder slik:
«Lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 34 andre ledd seier at ved krav om innløysing av tomt som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden for å akseptere kravet om innløysing tilby festaren lenging av festeavtala på same vilkår som før etter lova § 33. Regelen kan påropast av bortfestaren både om det gjeld tomt til bustadhus og om det gjeld tomt til fritidshus. Dette var også regelen for statsallmenningar fram til unntaket for statsallmenningar blei tatt ut av lova ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. Det bortfalle unntaket for statsallmenningar gjaldt, på same måte som for bygdeallmenningar, både for tomt til fritidshus og tomt til bustadhus.
Unntaket frå innløysingsretten i lov om tomtefeste § 34 andre ledd blir ved høyringsnotatet her foreslått utvida til å gjelde også for tomt til fritidshus i statsallmenningar. Endringa i 2004 har etter departementet sitt syn nokre uheldige verknader. Dette gjer at departementet ønskjer høyringsbehandla om unntaket bør innførast igjen for tomter til fritidshus. Når det gjeld bustadhus, legg departementet til grunn at gjeldande regel bør vidareførast. Dei sosiale omsyna som grunngir innløysingsretten, står sterkare for bustadhus sin del. Bortfeste i statsallmenningar gjeld i langt større grad fritidsfeste enn bustadfeste, slik at det er unntaket for fritidsfeste som har mest å seie for statsallmenningane og dei som har interesser i dei.
Unntaket frå innløysingsretten i statsallmenningar var i Ot.prp. nr. 41 (2003-2004) frå departementet si side grunngitt med ei tilvising til Ot.prp. nr. 28 (1995-96) side 34, der det særleg var vist til at «[b]rukstilhøva og det uheldige ved oppstykking talar mot ein rett til innløysing utan atterhald her».
Spørsmålet i høyringa er altså om ein på nytt skal innføre unntaket frå innløysingsretten etter § 34 andre ledd for feste av fritidshus i statsallmenningane. Departementet vil halde fram at det ikkje har registrert at ein i allmenningane har hatt den same konfliktorienterte utviklinga som har gjort seg gjeldande for mange andre typar festehøve. Dette har truleg samanheng med det meir moderate festeavgiftsnivået ein har hatt, og som det kan synast som at ein har lagt seg på også etter regulering, sjå Ot.prp. nr. 41 (2003-2004) punkt 3.4 og vedlegg 2 til proposisjonen. Departementet ser også at ei innløysing av landets om lag 5 500 fritidsfestehøve i statsallmenningane etter kvart kan gi store tap av dei laupande inntektene som fjellstyra har i dag. I Ot.prp. nr. 41 (2003-2004) var det ikkje foreslått å ta bort unntaket i lova som gjaldt for statsallmenningar. Sidan korkje proposisjonen eller den føregåande allmenne høyringa gjekk inn for å ta bort unntaket frå innløysingsretten for statsallmenningar, blei ikkje dei økonomiske konsekvensane for fjellstyra vurdert og halde fram på same måte som om det motsette hadde vore tilfelle. Men det har i den allmenne debatten etter Stortinget sitt lovvedtak blitt langt større merksemd knytt til denne verknaden av lovvedtaket. Likevel var ikkje denne verknaden unemnd før lovvedtaket, sjå den nemnde proposisjonen side 36, der det er referert merknadar frå Norges Fjellstyresamband om dette: Arbeidet som fjellstyra gjer, vil «ikke kunne utføres uten de inntekter som særlig festeavgiftene i dag gir». Det same momentet var i høyringa også nemnd av Landbruksdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Allmenningsforbund. Bakgrunnen for merknadane var at ein del av festeinntektene i statsallmenningane etter dei gjeldande fordelingsreglane om dette går til fjellstyra.
Inntektene til fjellstyra nyttast mellom anna til tiltak som kjem alle brukarane av fjellet til gode, mellom anna hytteeigarane. Dette kan i praksis vere slikt som rasteplassar, informasjonstavler, utedoar, turkart, rydding av stiar, skilting, open bu, rekrutteringsarbeid for ungdom i samband med fiske, støtte til stølsvegar m.m. (døme frå Vestre Slidre, bygd på opplysning frå Vestre Slidre fjellstyre i brev til departementet 16. september 2004). Utan festeinntektene kan slike tiltak bli skadelidande.
Ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. fekk lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 13 tredje ledd eit nytt andre punktum. Fjellova § 13 første ledd seier at statsallmenningsgrunn til vanleg ikkje kan avhendast. Det nye tredje ledd andre punktum slår fast at føresegna i første ledd ikkje er til hinder for at tomt som er festa bort til bustadhus eller fritidshus, blir innløyst etter lov om tomtefeste kapittel VI. Departementet foreslår at denne regelen blir endra, slik at den i framtida berre vil gjelde for tomt som er festa bort til bustadhus. Dette er ein konsekvens av endringa i tomtefestelova.
Departementet ber til slutt om høyringsinstansane sitt syn på om det for Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark bør gjelde eit tilsvarande unntak for fritidstomter som i statsallmenningar, jf. lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven). Eit stykke på veg kan omsyna til brukstilhøva og det uheldige ved oppstykking, slik som i stats- og bygdeallmenningar, tale imot ein rett til innløysing utan atterhald på Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark.»
Konkret er høyringsforslaget utforma slik:
Ǥ 34 andre ledd skal lyde:
Ved krav om innløysing av ei festetomt til bustadhus eller fritidshus som høyrer til ein bygdeallmenning, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter § 33. Det same gjeld ved krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark. »
Høyringsforslaget til endring i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) er utforma slik:
Ǥ 13 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Føresegna i første stykket er ikkje til hinder for at tomt som er festa bort til bustadhus vert innløyst etter lov om tomtefeste kapittel VI.»
Høyringsframleggets lovforslag inneheld ei føresegn om at Kongen kan gi nærare overgangsreglar.
Etter ikraftsetjinga av ei endring i lov om tomtefeste § 34 mv. vil det kome ein overgangsfase, og høyringsnotatet skisserer ein overgangsregel som følgjer mønsteret frå tilsvarande overgangsreglar. Forslaget fastset som utgangspunkt, når det gjeld festetomter til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning, at endringa skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute eitt år og to månader etter ikraftsetjingsdatoen for endringslova eller seinare. Eit slikt skjeringstidspunkt har same grunngjeving som for endringa av lov om tomtefeste § 32, jf. foran under punkt 3.1. Høvet der festaren døyr ved livstidsfeste blir handsama særskilt i høyringsforslaget. Det følgjer vidare av forslaget, etter mønster frå tilsvarande overgangsreglar, at der kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før ikraftsetjingsdatoen for endringslova, gjeld endringane ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute etter det skjeringstidspunktet som elles gjeld etter overgangsreglane. I høyringsnotatet punkt 3.2 seier departementet mellom anna dette:
«Når ein konkret innløysingsprosess er sett i gang kort tid før fristen for å krevje innløysing er ute, bør nye lovregler ikkje gripe inn i det konkrete rettshøvet utan at særleg sterke omsyn gir grunn til det. Utan omsyn til korleis overgangsregelen blir utforma, vil nokre saker om innløysing vere gjennomført før lovendringa slår inn ...…»
Når det gjeld festetomter til fritidshus som høyrer til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark, går høyringsforslaget inn for at ikraftsetjinga blir samanfallande med ikraftsetjinga av lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven). Lovforslaget i høyringsnotatet seier at Kongen eventuelt kan setje dei ulike endringane i verk frå ulik tid.
4.2 Høyringsfråsegnene
Følgjande instansar stiller seg positive til forslaget om endring av lov om tomtefeste § 34 andre ledd: Finnmarkseigedomen, Grunneierforeningen, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Nordland, Troms og Finnmark Bondelag, Norges Bondelag, Norges Fjellstyresamband, Norges Skogeierforbund, Norsk Almenningsforbund, Norske Reindriftsamers Landsforbund («delvis fornøyd»), Statskog SF, Vestre Slidre fjellstyre, Øyer fjellstyre, Øyer kommune og Øystre Slidre kommune.
Statskog SF skriv at frå 2005, etter lovendringa som opna for innløysingsrett i statsallmenningane, har Statskog SF innløyst vel 30 slike feste i statsallmenning, noko som har kravd mykje ressursar. Departementet forstår dette slik at dette gjeld saker der festaren har krav på innløysing i 2006, og i samanheng med opplysingar som er mottatt før, går det fram at dette må vere alle innløysingssakene for året 2006.
I eit eige brev 14. mars 2006 opplyser Statskog SF at «Statskog SF har rettidig mottatt vel 140 krav om innløsning for fritidsfester i statsallmenning for året 2007», og at av dette «er det 136 tilfeller hvor rett til innløsning inntrer 1. januar 2007». For den einskilde allmenning som krava gjeld, er det tale om frå eitt til tjue krav. (I alt er det totalt sett opp mot 5800 hyttefester i statsallmenningane.)
Vidare viser Statskog SF til at ein ser parallellar mellom opphavleg statsgrunn i Nordland og Troms og statsallmenningar i Sør-Noreg, og skriv mellom anna:
«Også i Nordland og Troms vil hensyn til bruksrettshaveres interesser – og da særlig samiske reindriftsinteresser – gjøre seg gjeldende.
Når det gjelder inntektsgrunnlag oppebærer Statskog SF alle festeinntekter fra fritidsfeste på opprinnelig statsgrunn i Nordland og Troms. Dette til forskjell fra ordningen i statsallmenninger i Sør-Norge. Statskog SFs inntekter fra bl.a. fritidsfeste i Nordland og Troms er med på å finansiere tiltak som kommer alle utmarksbrukere til gode. Ett eksempel på dette er «skolestangprosjektet». Over tid har Statskog SF og gjennom eget initiativ søkt å tilbakeføre deler av inntektene vi oppebærer i Nordland og Troms til de geografiske områdene der inntektene har sitt utspring. ...
Løpende festeinntekter fra fritidsfester i Nordland og Troms er i og for seg ikke et nødvendig premiss for at nevnte ordninger skal kunne opprettholdes. Dette sett hen til gjeldende regler om innløsningsvilkår, hvorved innløsningssum utgjør et substitutt for reduserte festeinntekter. ...»
Norges Bondelag og Nordland, Troms og Finnmark Bondelag held fram at unntaket også bør gjelde for statens grunn i Nordland og Troms, som Norges Bondelag held fram at er statsallmenning, og syner til dommen i Rt. 1991 side 1311. Det blir halde fram at statens areal i denne landsdelen ikkje kan bli liggjande igjen «som en «øy» utenom resten av landet. Her er det også bortfeste av tusenvis av fritidsfester på samme måte som på Finnmarkseiendommen i nord og statsallmenningene i sør». Norges Bondelag meiner attåt dette «at alle innløsningssaker i dette området må midlertidig stanses» mens ein venter på ei utgreiing frå Samerettsutvalet. Nordland, Troms og Finnmark Bondelag meiner «at det må gis forbud mot innløsning i dette området med umiddelbar virkning».
Øyer kommune ønskjer at endringa også skal gjelde for bustadhus.
Norske Reindriftsamers Landsforbund seier følgjande:
«I flg forslaget til § 34 kan bortfesterens krav om innløsning av festetomt til bostedshus eller fritidshus som hører til en bygdeallmenning, i stedet tilby festeren forlenging på samme vilkår som tidligere etter § 33. Det samme gjelder ved krav om innløsning av festetomt til fritidshus som hører til en statsallmenning eller til Finnmarkseiendommens grunn i Finnmark. Bortfester bestemmer således på fritt grunnlag om han vil selge eller tilby forlengelse av festekontrakt.
NRL ber om at det i loven, eller alternativt i forskrift til loven, fastsettes at det normale i reindriftsområder skal være å tilby forlengelse av festekontrakt, samt en plikt til å ta hensyn til reindriften ved eventuell salg (for å sikre at salg ikke vil kunne skade reindriften i området).»
Følgjande instansar er negative til forslaget i høyringsnotatet: Den Norske Advokatforening, Huseiernes Landsforbund, Norges Eiendomsmeglerforbund, Norges Hytteforbund, Norsk Skogbruksforening, Opplysningsvesenets fond, Sporret Vel og Tomtefesterforbundet.
Den Norske Advokatforening viser til at det for statsallmenningar i Nordland og Troms ikkje er fjellstyre, og at høyringsnotatets grunngjeving for endringa derfor ikkje når heilt fram. Ein kan ikkje vere sikker på at festeavgiftsnivået i framtida vil bli liggjande på eit lågt nivå i Nordland og Troms, der det er Statskog SF som administrerer desse eigedomane. Den Norske Advokatforening er vidare generelt skeptisk til at lova skal ha ulik handsaming av festarar av fritidseigedomar i statsallmenningar, på særskilt matrikulert statseigedom og på privat grunn.
Norges Eiendomsmeglerforbund meiner at grunngjevinga knytt til bortfallet av inntekter for fjellstyra haltar, fordi «et fjellstyres inntekter og derved muligheter for å løse sine oppgaver ikke bør være avhengig av inntektene fra tomtefesteavgiften i det området fjellstyret har myndighet over», og fordi «inntektene fra innløsninger ikke nødvendigvis behøver å brukes i den løpende drift, men [kan] plasseres med avkastning som kan brukes i driften». Huseiernes Landsforbund er tvilande til at dei laupande festeinntektene har «avgjørende betydning for fjellstyrenes virksomhet, særlig tatt i betraktning det «moderate festeavgiftsnivået» som i dag gjelder i statsallmenningene, jf. departementets uttalelse. Ved innløsning vil staten motta engangsbeløp som bør kunne forvaltes på en slik måte at fjellstyrenes aktivitet kan holdes på dagens nivå».
Tomtefesterforbundet seier dette:
«Vi mener prinsipielt at det ikke skal gjøres unntak for innløsning av fritidshus i statsallmenninger. Antallet av fritidshus i statsallmenninger er ubetydelig. Her oppgis 5.500 festere med fritidshus i statsallmenninger, som bør avlyses. Det kan gis regler om hvorledes festetomtene skal brukes i statsallmenninger. Gjerdehold og beiterettigheter kan reguleres. At fjellstyrene skal leve av inntektene av tomtefeste i statsallmenninger, er å avlede saken om avskaffelse av tomtefeste. Fjellstyrene må få sin inntekt på annen måte. Ved innløsning av festetomtene i statsallmenningene kan fjellstyrene få tilført stor kapital som de kan bruke i sine pålagte oppgaver langt bedre enn i dag. Fjellstyrene kan på denne måte også frigjøre arbeidskapasitet til sine oppgaver med å forvalte fjell og vidder.»
Opplysningsvesenets fond meiner at særhandsaminga av einskilde bortfestarar er diskriminerande, og at forslaget strider mot Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 14 og protokoll 1 artikkel 1. Ifølgje Opplysningsvesenets fond må konsekvensen av dette bli at alle bortfestarar må likestillast ved at tomter til fritidshus generelt må bli unntatt frå innløysingsrett etter tomtefestelova. Norsk Skogbruksforening meiner det er urimeleg å ha unntak frå innløysingsrett der staten er grunneigar: «Argumentene som brukes for å unnta staten fra innløsningsplikten synes i liten grad å være unike for festeforhold på statsgrunn».
Nokre høyringsinstansar har særlege merknader om Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark. Av desse seier følgjande instansar seg positive til å la unntaket i lova omfatte denne grunnen: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finnmarkseigedomen, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Samisk Juristforening.
Finnmarkseigedomen skriv at Finnmarkseigedomen vil ta over 5504 festekontrakter som gjeld fritidshus i Finnmark. Finnmarkseigedomen har vurdert tilhøvet til reindrifta, dei uavklåra bruks- og eigedomsrettane som Finnmarkskommisjonen skal ta stilling til, og den reint økonomiske sida for Finnmarkseigedomen, og stør forslaget til lovendring.
Følgjande instansar er negative: Tomtefesterforbundet, Finnmark fylkeskommune og Den Norske Advokatforening.
Tomtefesterforbundet seier at behovet under finnmarksloven for å oppretthalde tomtefeste er like lite som i statsallmenningar, og at festarane ikkje bør miste innløysingsretten. Finnmark fylkeskommune seier at innløysingsretten «for tomter til fritidseiendommer på Finnmarkseiendommens grunn må gjelde som i landet for øvrig». Den Norske Advokatforening seier dette:
«For Finnmarkseiendommens grunn er det for tidlig å gjøre seg opp en mening om hvilke konsekvenser innløsningsrett for fritidseiendommer har. Finnmarkseiendommen er nylig etablert og man har ingen praktisk erfaring for driften. Det er således ikke sikkert at høringsnotatets begrunnelse for å innføre begrensninger i innløsningsretten slår til.»
Fleire instansar har også særlege merknader til dei foreslåtte overgangsføresegnene:
Landbruks- og matdepartementet, Statskog SF, Vestre Slidre fjellstyre, Øyer fjellstyre og Øyer kommune ønskjer ein så kort som mogleg overgangsperiode. Norges Fjellstyresamband ber om «at overgangsreglene formes slik at retten til innløsning av fester for fritidsbolig i statsallmenning bare gjelder for dem som rettidig har krevd innløsning og som har innløsningstidspunkt før endringslovens ikraftsettingsdato». Arbeids- og inkluderingsdepartementet ønskjer at unntaket for fritidstomter på Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark «kan tre i kraft senest samtidig med ikrafttredelsen av finnmarkslovens bestemmelser om Finnmarkseiendommen» for å unngå «en kort periode hvor det vil bli mulig å kreve innløsning for fritidstomter». Samisk Juristforening slutter seg til høyringsnotatets forslag om å samkjøre iverksetjing av endringane i lov om tomtefeste og av finnmarkslova.
Norges Bondelag ber departementet «vurdere behovet for overgangsregler. Det eksisterer allerede mange overgangsregler som kompliserer regelverket om tomtefeste». Landbruks- og matdepartementet meiner at ein bør vurdere å ikkje ha nokon overgangsperiode. Statskog SF uttaler mellom anna «at overgangsreglene ikke bør gjelde lenger enn til 31.12.2006», mens Vestre Slidre fjellstyre seier at ein «eventuell overgangsregel må berre omfatte dei som har avtale med Statskog om innløysing i 2006». Også Sporret Vel har kritiske merknader til forslaget til overgangsføresegn.
Den Norske Advokatforening ønskjer enklare overgangsreglar om råd, men meiner det er problematisk at forslaget til overgangsregel ikkje strekkjer seg lengre slik at der ein av partane har gått til rettslege skritt før endringslovas ikraftsetjingsdato, vil innløysingsretten stå fast utan omsyn til når i framtida innløysingstida er inne eller festetida er ute. Den Norske Advokatforening meiner såleis at det må vurderast om departementets framlegg, som dekkjer dei tilhøva der det før den nemnde datoen ligg føre endeleg skjønn eller rettsavgjerd, rekk langt nok.
4.3 Departementets merknader
Også i dette lovendringsspørsmålet er det klåre interessemotsetnader mellom festarar og bortfestarar, og det er naturleg at høyringsfråsegnene går i ulik lei. Departementet er kome til at det bør fremjast forslag om lovendringar i lov om tomtefeste § 34 og fjellova § 13 i samsvar med det som var foreslått i høyringsnotatet, og viser til grunngjevinga der. For tomter til fritidshus i statsallmenningane betyr dette at rettstilstanden blir reversert attende til det som gjaldt før lovendringa i 2004, som fekk verknad for krav der innløysing kunne krevjast med verknad frå og med 1. januar 2006 (som hovudregel, jf. forskrift 15. oktober 2004 nr. 1338 om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. § 1). Departementet kan ikkje sjå at høyringsmerknadene inneheld noko som avgjerande taler mot høyringsframlegget.
Det betyr at departementet går inn for å endre lov om tomtefeste § 34 andre ledd slik at bortfestaren skal kunne møte eit krav om innløysing med tilbod om lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33, også når det gjeld krav om innløysing av ei festetomt til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning eller til Finnmarkseigedomen sin grunn i Finnmark. Framlegget til endring i fjellova § 13 tredje ledd andre punktum fører med seg at fjellova § 13 første ledd om at statsallmenningsgrunn til vanleg ikkje kan avhendast, vil gjelde i høve til vurderinga av om staten skal pårope retten etter forslaget til endra lov om tomtefeste § 34 andre ledd når det gjeld tomt til fritidshus der innløysing blir kravd av festaren.
Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å gå inn på spørsmålet om det er statsallmenningar i Nordland og Troms, jf. høyringsfråsegna frå mellom andre Norges Bondelag. Lovforslaget gjer ikkje anna enn å føre rettstilstanden attende til det som gjaldt før lovendringa i 2004 for tomter til fritidshus i statsallmenning. Det er eit rettsbruksspørsmål, ikkje eit lovtolkingsspørsmål, om eit areal eigd av staten reint faktisk er statsallmenning eller ikkje.
Når det gjeld merknaden frå Norske Reindriftsamers Landsforbund om at ein bør gi normalreglar om at bortfestaren skal nytte retten etter § 34 andre ledd til å gi tilbod om lenging framfor innløysing i reindriftsområder mv., viser departementet til regelen i fjellova § 13 som blir foreslått endra. Lov om tomtefeste sitt tema er rettshøvet mellom bortfestaren og festaren, og det er i den samanhengen ikkje naturleg med vidare regulering enn i departementets forslag. Framlegget ligg også utanom det som har vore på høyring.
Departementet er ikkje samd i Opplysningsvesenets fonds merknader om den europeiske menneskerettskonvensjonen. Departementet kan ikkje sjå at det er i strid med menneskjerettane at særreglane i lov om tomtefeste § 34 andre og tredje ledd gjeld for nokre festetomter, mens andre følgjer lovas hovudregel om innløysingsrett.
Når det gjeld spørsmålet om overgangsreglar, viser departementet til at lovendringar av dette slaget fører meg seg ein overgangsfase, og at lovendringane mellom anna kan gripe inn i allereie verserande saker. Departementet har fått opplyst frå Statskog SF at i dei to allmenningane der fjellstyra har gitt utsegner om overgangsreglane, sjå punkt 4.2 foran, er det til dømes til saman 18 festarar som har kravd innløysing frå 1. januar 2007 innan fristen etter lov om tomtefeste § 36 første ledd.
Departementet foreslår ein heimel for Kongen til å gi nærare overgangsreglar. Departementet meiner at desse reglane bør finne ein rimeleg balanse mellom dei motståande interessene. Lov om tomtefeste § 34 blir foreslått endra til gunst for bortfestarane, men overgangsreglane bør la det gjelde ein nærare regulert overgangsperiode. I hovudsak er dette ut frå omsynet til dei som innan eitt års-fristen før innløysinga, jf. lov om tomtefeste § 36 første ledd, har sett fram konkrete krav om innløysing ut frå lova slik ho var då kravet blei sett fram. Men også fordi det i ein overgangsfase – også om ein ikkje fastset reglar for overgangen – vil oppstå ymse juridiske og praktiske spørsmål knytt til slike allereie reiste krav, om ein ikkje regulerer overgangen. Det har vore fleire lovendringar dei seinaste åra, og det er mykje strid knytt til lova. Det vil vere lite heldig om ikkje det i samband med lovendringar gjennomgåande blir gitt overgangsreglar som tar omsyn til saker som pågår når lova blir endra. Dei interessene som taler for lovendringane bør her vegast opp mot både praktisk-juridiske omsyn og omsynet til festarane som har reist krav, etter tilhøva har tatt på seg kostnader med dette, og som bør kunne gjere slike konkrete disposisjonar med tiltru til den lova som gjeld til einkvar tid. Utforminga av overgangsreglane bør også bli sett i samanheng med overgangsreglane knytt til endringane som er drøfta under punkt 3 og 5 i proposisjonen her.
Departementet meiner at overgangsreglane bør følgje tidlegare overgangsreglar, fordi teknisk likskap mellom overgangsreglane kvar gong reglane blir endra gir ein enklast mogeleg rettstilstand. Alle krav som er reist, kan likevel ikkje vernast av overgangsreglar, og overgangsreglane bør ta omsyn til eittårsfristen i lova § 36 første ledd for å fremje krav om innløysing. Hovudregelen i overgangsføresegnene bør vere at dei nye reglane bør gjelde for krav om innløysing som blir fremma på grunnlag av at innløysingstida er inne, eller festetida er ute, eitt år og to månader eller seinare etter at endringslova trer i kraft. Berre krav som gjeld innløysing i laupet av dei første 14 månadene etter ikraftsetjingsdatoen for endringslova bør altså bli verna mot å bli råka av dei nye lovreglane. Heller ikkje bør lovendringane gripe inn i endelege avtaler, skjønn eller rettsavgjerder som ligg føre når lova trer i kraft.
Når det gjeld Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark, tar departementet sikte på at iverksetjinga av reglane skal falle saman med iverksetjinga av finnmarkslova, om dette let seg gjere. Departementet ønskjer at endringa som gjeld Finnmark skal kunne setjast i verk også før endringsforslaget i § 34 elles, om det blir naudsynt. Det blir derfor gjort framlegg om at einskilde føresegner skal kunne setjast delvis i verk, jf. lovforslaget romartal V.