7 Økonomiske og administrative konsekvensar
7.1 Følgjer av at tidspunktet for innløysingsretten for bustadhus blir endra
Lovforslaget går ut på at festarar til tomt til bustadhus skal kunne krevje innløysing kvart anna år, mot kvart tiande i dag.
I høvet mellom bortfestaren og festaren får lov- og forskriftsendringar som gjeld tidspunktet for og retten til innløysing, dei økonomiske verknadene som følgjer direkte av lova. Så lenge festehøvet står ved lag, vil festaren betale festeavgift til bortfestaren. Når innløysing skjer, vil betalinga av festeavgifta stanse, og festaren betaler i staden innløysingssummen etter lov om tomtefeste § 37 første ledd. Når det gjeld administrative konsekvensar mellom partane, vil eit laupande festehøve medføre laupande administrering av dette, mens ei innløysing gjer at ein må ha kontakt og eventuelt tvisteløysing knytt til dette.
For større bortfestarar kan dette siste gi eit større press dei første åra etter ei innføring av innløysingsrett kvart anna år for bustadfeste, jf. særleg høyringsfråsegna frå Opplysningsvesenets fond foran under punkt 3.2. Justisdepartementet kan ikkje sjå bort frå at einskilde bortfestarar må omdisponere ressursane sine og gjere ei omprioritering i nokre av dei første åra for å følgje opp krav frå bustadfestarar. Dette vil gjelde dei som har mange bustadfestetomter (som Opplysningsvesenets fond), dersom dei får mange krav om innløysing. Korleis effekten av den konkrete lovendringa i praksis vil slå ut, kan ein likevel ikkje vite sikkert. Departementet vil her vise til høyringsfråsegna frå Oslo kommune under punkt 3.2 foran. Oslo kommune har røynsle for at festarane ikkje alltid viser interesse når dei blir gitt tilbod om innløysing med innløysingssum etter reglane i tomtefestelova § 37 første ledd. Desse reglane gjer departementet ikkje framlegg om å endre.
Når det gjeld Opplysningsvesenets fond, vil fondet ut frå regjeringspartia si Soria Moria-erklæring kunne bli instruert til å gå ut med eit tilbod til både bustad- og fritidsfestarar om innløysing til ein lågare sum enn etter tomtefestelova kvart anna år. Dette vil i tilfelle kunne føre med seg større interesse i å innløyse desse tomtene. Men effekten av dette kan ikkje tilskrivast lovendringa som departementet gjer framlegg om. Ein auke i innløysingssaker for Opplysningsvesenets fond vil ut frå dette ikkje berre ha bakgrunn i den lovendringa som departementet gjer framlegg om.
Ei innløysing får den meir langsiktige verknaden mellom partane at den set eit punktum for at økonomiske og administrative ressursar går med til å forvalte tomtefestekontrakten og løyse usemje knytt til den. Ein må vente at dei festarane som i særleg grad har opplevd konflikt og ei for dei uventa utvikling knytt til sine festehøve, vil vere av dei som nytter innløysingsretten mest.
Lovforslaget endrar tidspunktet då organ med ansvar for forvaltningsoppgåver og tvisteløysing i samband med innløysinga må gjere sine oppgåver, jf. lov om tomtefeste §§ 38 og 43.
Som det går fram foran under punkt 3.2, meiner Domstoladministrasjonen at hyppigare innløysingshøve kan gi fleire tvistar brakt inn for domstolane, og at færre saker truleg vil bli løyst ved friviljug avtale. Etter Justisdepartementet sitt syn kan ein vanskeleg seie noko sikkert om dette. Endringa kan like godt føre med seg totalt sett færre skjønnssaker og fleire friviljuge avtaler sett over ein lengre periode, fordi festarane ikkje får det same presset på seg til å få saka gjennom når det blir høve til å krevje innløysing på ny allereie etter to år, og ikkje berre kvart tiande år. Truleg kan det variere frå høve til høve korleis dette vil slå ut. På den andre sida er departementet samd med Opplysningsvesenets fond i at talet på innløysingskrav dei næraste åra kan gå opp som følgje av at festaren får innløysingsrett kvart anna år, og ser at dette kan gi visse praktiske vanskar i ulik lei. Departementet viser om dette til sine merknader under punkt 3.3, men ein kan ikkje i dag kjenne til det konkrete omfanget av denne effekten. Der det blir skjønnssak, tar staten inn gebyrinntekter.
Ut over verknader for skjønnsstyremaktene, altså domstolane, lensmenn, namsfutane og einskilde politistasjonssjefar, legg departementet til grunn at det kan kome meirarbeid over ein del år knytt til innløysing for tinglysingsstyremaktene (Statens Kartverk og framleis einskilde domstolar) som følgje av oppgåver etter tinglysingslova. For kommunane som forvaltar av plan- og bygningslova og delingslova kan det kome meirarbeid i dei høva der festetomta frå før ikkje er frådelt. Dette er i tilfelle først og fremst ei følgje av dei generelle oppgåvene som dei aktuelle instansane har etter den generelle lovgjevinga som regulerer deira oppgåver. Dette kan på den andre sida føre med seg ei auke av gebyrinntekter for staten og kommunane som står i høve til meirarbeidet.
Domstoladministrasjonen har også stilt spørsmål om ikkje nokre av endringsforslaga frå departementets høyringsnotat vil kunne føre med seg auka kostnadar og auka saksmengde for domstolane på grunn av eit auka tvistepotensiale. Domstoladministrasjonen har spesielt halde fram at dette gjeld «innføring av ny angrerettregel for den som ønsker å innløse en festetomt ... samt en innføring av et skille mellom tomter som er festet til bolighus og tomter som er festet til fritidshus når det gjelder innløsningsadgang». Justisdepartementet reknar med at det at det i nokre saker kan kome opp spørsmål om tomta er festa bort til bustadhus eller fritidshus, og at dette kan ta litt tid å vurdere. Denne verknaden må likevel sett under eitt vere nokså avgrensa. Når det gjeld forslaget om ein angrerett, jf. punkt 6.6 foran og 7.5 nedanfor, er departementet tvilande til at regelen vil ha særleg å seie for saksmengda for domstolane.
Justisdepartementet legg samla sett til grunn at lovendringa ikkje medfører budsjettmessige konsekvensar for domstolane, andre skjønnsstyremakter, tinglysingsstyremaktene og kommunane. Verknadene i form av meirarbeid og auka gebyrinntekter er uvisse. Om det viser seg større konsekvensar etter at lovendringa er sett i verk og har fått full effekt etter overgangsføresegnene, vil ein eventuelt kunne komme attende til dette i det årlege budsjettarbeidet.
7.2 Følgjer av unntaket frå innløysingsretten for fritidshus i statsallmenningar mv.
Innskrenkingane i innløysingsretten vil gjere at fjellstyra og eigaren av statsallmenningane vil oppehalde festeavgifta som ei varig og laupande inntektskjelde. Det same gjeld for Finnmarkseigedomen. Statskog SF har uttalt i høyringa at Statskog SF «ikke har noen inntekter fra fritidsfeste i statsallmenning, da inntektene her fordeles 50 % til vedkommende fjellkasse og 50 % til Grunneierfondet».
Organ med ansvar for forvaltningsoppgåver og tvisteløysing i samband med innløysing kan få mindre å gjere enn om endringane ikkje blir gjort. Dette får ikkje budsjettmessige verknader.
7.3 Følgjer av at unntaket frå innløysingsretten for fritidshus som høyrer til landbrukseigedomar, blir endra
Forslaget i proposisjonen gjeld endring av ein forskriftsheimel i lova, og dette har ikkje i seg sjølv økonomiske og administrative verknader.
Den føresette innskrenkinga i innløysingsretten i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 vil gjere at fleire av dei som driv landbruk, vil oppehalde festeavgifta som ei varig og laupande inntektskjelde. Organ med ansvar for forvaltningsoppgåver og tvisteløysing i samband med innløysing kan få mindre å gjere enn om dei føresette forskriftsendringane ikkje blir gjort. Dette får ikkje budsjettmessige verknader.
7.4 Følgjer av endringar i reglane om tvisteløysing
Tvisteløysinga skal halde god kvalitet og vere tilpassa det tvisten gjeld. Forslaga som gjeld tvisteløysing har innanfor denne ramma som formål å leggje til rette for mest mogleg rasjonell, effektiv og ressursinnsparande tvisteløysing for partane. Dette gjeld dei einskilde forslaga både kvar for seg og sett samla.
Framlegget om at tvist om retten til innløysing skal høyre under skjønnsstyremaktas kompetanse, jf. punkt 6.2 foran, har som formål å gi administrativ og økonomisk innsparing for partane og tvisteløysingsorgana. Det same gjeld framlegget om eit høve til å dele saka, jf. punkt 6.3.
Fleire tilbakemeldingar frå høyringsinstansane når det gjeld framlegget om å ta bort fristen for å reise krav om skjønn ved innløysing, jf. punkt 6.4 foran, taler for at forslaget gjer at færre skjønnssaker vil bli reist. Departementet vil tru at forslaget overvegande vil gi ressursinnsparing for partane og skjønnsstyremaktene.
Under punkt 6.5 foran foreslår departementet at det ikkje skal følgje av lova at skjønn etter lov om tomtefeste §§ 15 og 37 skal styrast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef, men av tingretten, dersom ikkje partane er samde om anna. Valfridomen for partane når det gjeld om eit skjønn skal vere rettsleg skjønn eller blir styrt av lensmannen mv., legg til rette for at partane kan velje når dei er samde om kva som er mest rasjonell tvisteløysing. For lensmannen mv. vil forslaget føre til færre skjønnssaker. For tingretten vil fleire saker kome inn til førsteinstanshandsaming, men færre til overskjønn. For lagmannsretten vil forslaget gi saker om overskjønn som elles ville gått til tingretten. For dei organa det gjeld vil dette likevel berre røre ved noko av det totale – og langt meir omfattande – ansvarsområdet dei har. Forslaga får i seg sjølv ikkje budsjettmessige verknader. Forslaget gjer at tingrettane og lagmannsrettane får attende dei sakskategoriane som dei var tillagde inntil endringane i lov om tomtefeste § 43 i 2004 og 2005, som heller ikkje i seg sjølv fekk budsjettmessige verknader for domstolane.
7.5 Følgjer av angrerett for festaren etter at innløysingssummen er endeleg
Forslaget seier at festaren kan seie frå seg kravet om innløysing seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd. For festaren kan dette ha mykje å seie økonomisk der innløysingssummen blei uventa høg. Dersom festaren vel å seie frå seg kravet, må bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet dekkjast. Dette skadebotansvaret gjer at bortfestaren ikkje får ein økonomisk risiko på grunn av regelen. Kvar av partane kan be om ein orskurd frå avgjerdsinstansen som avgjer beløpet. Avgjerdsinstansen kan derfor få noko meirarbeid. Men departementet reknar med at det objektive og absolutte ansvaret for å dekkje kostnadane, gjer at regelen truleg ikkje vil bli meir enn ei utveg for festaren i tilhøve der det er god grunn til å bruke regelen. Departementet er samd i det Norges Hytteforbund seier under punkt 6.6.2: at regelen truleg vil få mindre praktisk verknad, og forslaget er då heller ikkje meint slik at dette skal vere ei regel som ein for lett bør pårope. Regelen vil venteleg ikkje ha større økonomisk eller administrativ verknad for avgjerdsinstansane, mellom dette domstolane.