Forslag til lov om endringer i barneloven (felles foreldreansvar for samboende foreldre)
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endring:
§ 35 skal lyde:
Når foreldra ikkje er gifte eller har meldt at dei bur saman etter andre stykket, har mora foreldreansvaret åleine.
Sambuande foreldre får foreldreansvaret saman når farskap er vedgått i samsvar med § 4 og foreldra i melding til folkeregisteret erklærer at dei bur saman.
Foreldra kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.
Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.
§ 39 skal lyde:
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Når folkeregisteret får melding om at foreldra bur saman og at farskapen er vedgått i samsvar med § 4, skal dei registrera at foreldra har foreldreansvaret saman. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.
II
Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.