1 Proposisjonens hovudinnhald
I proposisjonen her fremmar Justisdepartementet forslag om å endre lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) § 28 for å få ei meir presis regulering av retten til å påklage klageinstansen sitt vedtak om å avvise ei klage.
Framlegget i denne proposisjonen har som målsetjing å sikre at avvisingsspørsmålet alltid kan bli prøvd to gonger, medan det ikkje skal opnast for prøving i tre instansar. Det blir difor gjort framlegg om at det ikkje skal vere klagerett over klageorganets avvisningsvedtak
når også underinstansen har avvist klaga (som i dag),
når underinstansen har prøvd avvisingsspørsmålet og kome til at dei formelle vilkåra for realitetshandsaming var tilstades,
når Kongen vil vere klageinstans,
når klagen er avvist av ei uavhengig klagenemnd.
Vidare blir det gjort framlegg om å lovfeste at fylkesmannen skal vere klageorgan når klaga er avvist av kommunalt eller fylkeskommunalt organ som klageinstans.