9 Merknader til lovutkastet
I forvaltningslova § 28 foreslår departementet at retten til å klage over klageinstansen sitt vedtak i klagesak blir regulert særskilt i eit nytt tredje ledd.
Tredje ledd første punktum svarar til noverande første ledd andre punktum med ei reint redaksjonell endring. Første ledd andre punktum vert difor oppheva.
Reglane om klage over klageinstansen sitt vedtak om å avvise ei klage vert tekne inn i tredje ledd andre og tredje punktum. Etter andre punktum er utgangspunkt at det er klagerett over klageinstansens vedtak om å avvise ei klage. Bokstav a til d gjer viktige unntak i denne klageretten.
Bokstav a er i samsvar med gjeldande rett. Når underinstansen har avvist ei klage og avvisinga vert stadfesta av klageinstansen, har avvisingsspørsmålet heilt klårt blitt handsama to gonger. Dette gjeld også om underinstansen og klageinstansen har ulik grunngjeving for å avvise. Om klageinstansen fremmer ei klage som underinstansen ville avvise, følgjer det alt av tredje ledd første punktum at ingen har klagerett vidare.
Både bokstav a og bokstav b kviler på det grunnsyn at avvisingsspørsmålet berre kan prøvast to gonger. Når underinstansen treff eit avvisingsvedtak, jf. bokstav a, er det ikkje tvilsamt at spørsmålet er prøvd. Når underinstansen sender ei klagesak vidare til klageinstansen, kan det vere vanskelegare å vite om avvisingsspørsmålet er prøvd, sjølv om det følgjer implisitt av forvaltningslova § 33 andre ledd tredje punktum at dei formelle klagevilkåra skal prøvast.
Klageretten fell berre bort når avvisingsspørsmålet er prøvd. I det ligg eit krav om ei reell prøving av dei formelle vilkåra som kan vere omstridde i den aktuelle sak, og denne prøvinga må vere synbar for parten og klageinstansen. Av det følgjer at underinstansen må gje frå seg skriftleg materiale, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav g, om spørsmålet til klageinstansen og at denne skriftlege meldinga også skal gå i kopi til klagaren, jf. nærare forvaltningslova § 33 fjerde ledd andre punktum. Unntaket her for opplysningar omfatta av forvaltningslova § 19, har neppe praktisk interesse i denne samanhang. Ved denne meldinga vil klagaren m.a. få signal om kva for formelle vilkår som det etter underinstansen sitt syn kan vere tvilsamt om er oppfylt, og slik få ein ekstra sjanse til å kome med argument.
Ved tvil om underinstansen har prøvd avvisingsspørsmålet tilstrekkeleg til at klageorganet har fått kompetanse til å vedta avvising med endeleg verknad, kan klageorganet alltid sende saka attende til underinstansen for vidare handsaming, jf. forvaltningslova § 34 fjerde ledd. Om dette ikkje vert gjort, og klageinstansen avviser klaga, må ein like etterpå ta stilling til om underinstansen har prøvd avvisningsspørsmålet eller ikkje. Det følgjer av forvaltningslova § 27 tredje ledd første punktum at klagaren skal ha informasjon om m.a. mogleg klagerett samstundes med underretning om vedtaket. Klageinstansen må difor ta førebels stilling til om bokstav b står i vegen for vidare klage til ein tredjeinstans når underretning om avvisingsvedtaket vert sendt ut.
Om klageinstansen vurderer å avvise ei klage fordi klagaren ikkje har rettsleg klageinteresse og ser at det frå underinstansen ikkje ligg føre noko som viser at dei formelle klagevilkåra er prøvd, vil det vere nok at underinstansen vert beden om å vurdere berre dette eine klagevilkåret. Vilkår som klårt er tilstades er det ikkje naudsynt at vert prøvd.
Om klageinstansen har grunn til å tru at det formelle vilkåret som kan gje grunnlag for avvising i ei aktuell sak er så vanskeleg at den aktuelle underinstansen - som ikkje har vurdert vilkåret - neppe heller vil vere i stand til å gje eit bidrag av særleg verdi, kan det vere betre at ein tredjeinstans blir klageorgan dersom den ordinære klageinstansen avviser saka.
Det må ligge ein realitet bak underinstansens prøving av avvisingsspørsmålet. Prøvingsplikta vil ikkje vere oppfylt ved t.d. å leggje inn i teksthandsamingsprogrammet ei setning som formelt viser at avvisingsspørsmålet er vurdert. Om klageinstansen har grunn til å tru at det ikkje ligg føre ei konkret vurdering av avvisingsspørsmålet i den aktuelle saka, er ikkje avvisingsspørsmålet vurdert slik lovendringa tek sikte på.
Etter bokstav c vil ein aldri kunne påklage eit avvisingsvedtak til Kongen, sjølv om klageretten ikkje har falle bort etter bokstav a eller b. Dette tyder likevel ikkje at underinstansar som førebur klager for eit departement kan sjå vekk frå prøvingsplikta etter forvaltningslova § 33 andre ledd tredje punktum. Og eit departement som mottek ei mangelfull klagesak frå ein underinstans og kjem til at avvising kan vere aktuelt, bør på same måte som andre klageorgan be underinstansen om nærare prøving av dei formelle sidene ved klageretten som gjev grunnlag for tvil.
Bokstav d gjeld uavhengige klagenemnder. Det har etter kvart blitt mange klagenemnder i stat og kommune, og det kan etter tilhøva nokre gonger vere uklart om dei er uavhengige eller ikkje. Det spørsmålet kan ikkje løysast her, for alle aktuelle nemnder. Dersom nemnda ikkje kan instruerast og det heller ikkje finst noko organ som kan omgjere vedtak frå nemnda etter forvaltningslova § 35, vil ein normalt kunne leggje til grunn at nemnda er uavhengig - med omsyn til dei relasjonane som er av interesse her. Typiske døme på uavhengige klagenemnder vil vere Utlendingsnemnda, jf. utlendingslova § 38 a, og Personvernnemnda, jf. personopplysningslova § 43. For sistnemnde gjeld likevel at somme vedtak fatta med heimel i personopplysningslova §§ 27 og 28 kan påklagast til Kongen, og klageretten vil difor ikkje falle bort etter bokstav d. Klageretten her fell derimot bort etter bokstav c. Tilsvarande unntak frå eit hovudsakleg sjølvstende finn ein for enkelte andre nemnder, og då kan det òg vere slik at klageretten heller ikkje fell bort etter bokstav c.
Tredje ledd tredje punktum fastset at fylkesmannen er rett klageorgan når avvisingsvedtaket er fatta av kommunalt eller fylkeskommunalt organ som klageinstans. Regelen gjeld sjølvsagt berre når klageretten ikkje allereie har falt bort etter bokstav a, b eller d.