10 Merknader til dei einskilde føresegnene
Til helsepersonelloven § 10 a
Fyrste leden gjev helsepersonell ei generell plikt til aktivt å vurdera kva oppfølging dei mindreårige borna til pasienten kan ha trong for, og om nødvendig medverka til å ta hand om desse behova. Døme på kva dette kan innebera følgjer av tredje leden.
For at plikta til oppfølging skal ta til å gjelda, er det eit vilkår at den pasienten helsepersonellet yter helsehjelp til har psykisk sjukdom, er rusmiddelavhengig eller har alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Med alvorleg somatisk sjukdom eller skade meiner ein til dømes kreft og store skadar etter alvorlege ulykker. Alvorleg psykisk utviklingshemming og alvorleg funksjonshemming er inkludert i dette sjukdomsomgrepet. Avgjerande for vurderinga vil vera om helsetilstanden til pasienten er slik at han gjev eller ein kan rekna med at han vil gje vesentlege konsekvensar for nær familie og borna til pasienten spesielt. Sjå nærare omtale under kapittel 4.5.3.
Det er ikkje alt helsepersonell som kjem i kontakt med pasienten som skal ta hand om interessene til barnet. Plikta er pålagd det helsepersonellet som yter helsehjelp til pasienten i samband med at han har psykisk sjukdom, er rusmiddelavhengig eller har alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Den som berre behandlar ein broten fot, som undersøkjer tannhelsa eller liknande til ein psykiatrisk pasient har difor ikkje plikter eller rettar etter føresegna.
Plikta til å ta hand om behova til borna gjeld fyrst og fremst for helsepersonell med ansvar for behandling av pasienten. Anna helsepersonell skal likevel når det trengst hjelpa til med å ta vare på barnet, melda frå om behov som vert fanga opp og ved tvil søkja å finna ut om situasjonen til borna er klårlagt.
Barnet må ha behov for informasjon og nødvendig oppfølging. Når helsepersonell skal ta stilling til om det ligg føre ei plikt til å undersøkja behova til borna nærare, vil ei viktig rettesnor for vurderinga vera i kva grad helsetilstanden til foreldra er eigna til å gjera barnet utrygt, sårbart, skapa meistringsproblem eller redsle hos barnet. Born vil kunne oppleva sjukdomen til foreldra ulikt. Helsepersonellet må difor ha ein låg terskel for å vurdera behova barnet har for informasjon og oppfølging.
Normalt bør helsepersonellet gjera noko dersom foreldra sjølve ikkje er eller ser seg i stand til å ta hand om behova til borna. Vidare skal røynsler delast med foreldra i tilfelle der foreldra søkjer råd om korleis dei bør bera seg åt overfor borna eller i tilfelle der dei tydeleg vil ha nytte av dette. Kva som skal til for å dekkja behova til borna må vurderast i det einskilde tilfellet. Mange born vil kunna få tilstrekkeleg oppfølging frå foreldra sine, og i desse situasjonane kan det vera nok å gje foreldra generell informasjon om tilbodet.
Omgrepet born til pasient bør i denne samanhengen tolkast vidt slik at born kan få hjelp jamvel om ein person som fyller foreldrerolla ikkje rettsleg sett er å rekna som forelder. Utgangspunktet må vera at born som treng oppfølging bør få tilbod om det, uavhengig av på kva måte omsorgssituasjonen er formalisert. Det avgjerande er om barnet med tanke på kjensler og omsorg kjenner seg svært nær knytt til pasienten. Omgrepet «barn av» omfattar difor både born som pasienten er forelder til og born som pasienten har eit omsorgsansvar for.
Lovforslaget omfattar alle born til personar som har rett til helsehjelp. Innsette i fengsel som vert behandla for psykisk sjukdom eller for å vera avhengige av rusmiddel vil også vera i kontakt med helsetenesta. I desse tilfella vil helsetenesta gå fram overfor borna på same måten som ved behandling av pasientar utanfor fengsel. Born til fengselsinnsette som vert behandla vil difor vera ei av målgruppene for reguleringa av helsetenesta. Det same gjeld born til asylsøkjarar.
Andre leden gjev helsepersonellet ei plikt til å søkja å avklåra om pasienten har born. Med omgrepet «søke å avklare» meiner ein at helsepersonellet med enkle tiltak skal gjera forsøk på å finna ut av om pasienten har born som bør følgjast opp. Normalt vil det vera nok å spørja pasienten eller eventuelt følgje. Det er etablert tilgang direkte mot sentralt folkeregister i dei fleste sjukehus slik at helsepersonellet når det trengst kan finna opplysningar om familie sjølv når det ikkje er mogleg å spørja foreldra. Epikrise og journal kan òg innehalda opplysningar om born og tidlegare samtalar med pasienten om behova deira. Departementet reknar ikkje med at helsepersonellet skal driva oppsporande verksemd ut over dette. Ved akutte innleggingar og andre situasjonar der pasienten ikkje kan følgja opp alle delar av omsorgsansvaret, bør helsepersonellet også søkja å avklara om andre tek vare på omsorga.
Tredje leden gjev viktige døme på kva oppfølging som kan vera aktuell for å ta hand om behova til borna. Ei slik opprekning er ikkje meint å vera fullstendig, men dekkjer dei situasjonane som departementet reknar for å vera mest aktuelle og relevante. Døma vil gje ein indikasjon på kor langt ein kan venta at helsepersonellet på generelt grunnlag kan hjelpa til. Det kan difor tenkjast situasjonar der det er naturleg at helsepersonellet hjelper born eller foreldre utan at tilfella uttrykkjeleg er omtala i lova.
Dersom helsepersonellet får klårlagt at borna har fått informasjon og vurdering tidlegare, og det ikkje er haldepunkt for å tru at barnet ynskjer eller har trong for noko som helsepersonellet kan medverka med, vil det normalt ikkje vera grunn for helsepersonellet til å ta opp saka. Dette kan undersøkjast mellom anna ved no og då å ta temaet opp med pasienten, andre omsorgspersonar eller, når tilhøva tilseier det, med barnet sjølv.
Etter bokstav a skal helsepersonellet samtala med pasienten om kva barnet treng av informasjon eller oppfølging og tilby informasjon og rettleiing om aktuelle tiltak. Spesielt ved innleggingar er det viktig å spørja om korleis borna vert tekne vare på.
Innanfor rammene av teieplikta skal helsepersonellet også tilby barnet og andre som har omsorg for barnet å vera med på ein slik samtale. Dersom det er tenleg kan samtalen vera med pasienten, barnet og annan omsorgsperson til stades samstundes. Helsepersonell og helsetenesta må leggja til rette for at barnet kan seia meininga si om eige behov, kontakt med andre tenester og andre hjelpetilbod, jf. barnelova § 31.
Omsorgspersonar kan vera den andre forelderen, pasientens ektefelle, sambuar eller andre som faktisk har omsorga over kortare eller lengre tid som følgje av sjukdomen til forelderen, såleis også besteforeldre, samværsforeldre som har steppa inn, sysken og vener til den sjuke. Det vil som oftast vera eit ynske frå pasienten si side at desse vert involverte i å følgja opp barnet. Omgrepet femner òg om barnevernet og andre når det har overteke omsorga. Så lenge helsepersonellet held teieplikta og baserer informasjonen på samtykke frå pasienten, er det i forholdet til pasienten uproblematisk at plikta til helsepersonellet omfattar ein så vid personkrins.
Helsepersonellet skal etter bokstav b ved behov be om samtykke til å kunna gjennomføra vidare oppfølging av barnet som helsepersonellet reknar som tenleg. Samtykket skal vera frivillig og ikkje koma til ved urimeleg press. Det kan vera aktuelt å drøfta moglege behov og tiltak og å motivera til og formidla kontakt med andre instansar.
Samtykke skal innhentast frå person med rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege forhold. Ein person med foreldreansvar vil ha slik rett og plikt, jf. barnelova § 30. Det same gjeld barnevernet dersom det er gjort vedtak om å ta over omsorga etter barnevernlova. Somme avgjerder om tiltak vil krevja samtykke frå begge foreldra dersom begge har del i foreldreansvaret, jf. barnelova §§ 30 og 37. Etter kvart som barnet utviklar seg og mognast, skal barnet høyrast før det vert gjeve samtykke.
Det følgjer av bokstav c at helsepersonellet skal medverka til at barnet og den andre forelderen eller andre som har omsorg for barnet, i samsvar med reglane om teieplikt, får informasjon om sjukdomstilstanden til pasienten, behandling og kva samvær som er mogleg.
Omgrepet «bidra til» vert brukt for å markera at det ikkje alltid er helsepersonellet sjølv som skal gje informasjonen. Det kan vera at informasjon vert gjeven til omsorgsperson som i sin tur informerer barnet.
Kva slags type informasjon som skal gjevast, i kva mengd og detaljeringsgrad vil koma an på ei konkret vurdering av kvart einskild tilfelle. Teieplikta må likevel haldast. Barnet vil ha rett til informasjon om tiltak helsetenesta har planlagt som har til føremål å ta vare på barnet sjølv. Slik informasjon vil vera nødvendig for at barnet kan seia meininga si i samsvar med barnelova § 31. Teieplikta gjeld ikkje opplysningar som barnet alt kjenner til, jf. helsepersonelloven § 23 nr. 1. Døme på informasjon som vil kunna gjevast etter føresegna er at borna ikkje sjølve kan lastast, at forelderen får god hjelp, moglegheiter for besøk dersom barnet alt veit kvar forelderen er, kva ein kan venta seg av behandlingsinstansen og korleis borna kan få hjelp til å meistra situasjonen. Dersom foreldra samtykkjer skal også borna få vita om helsetilstand, diagnose, behandling og annan konkret informasjon om pasienten. Born bør normalt ikkje få meir informasjon enn omsorgspersonane.
Informasjonen skal fyrst og fremst gjevast dersom barnet, pasienten eller ein omsorgsperson bed om det. Helsepersonellet skal likevel, uavhengig av dette, vurdera kva behov barnet har og om nødvendig oppfordra pasienten til å gje informasjonen eller innhenta samtykke til sjølv å gjennomføra ein samtale. Det kan også oppstå situasjonar der barnet er åleine med pasienten og det ikkje er mogleg å ta samtykke opp med pasienten, til dømes ved akutte innleggingar. I slike tilfelle bør helsepersonellet gje borna slik grunnleggjande og nødvendig informasjon som ikkje går ut over teieplikta som nemnd ovanfor.
Føresegna pålegg ikkje helsepersonellet ei plikt til alltid sjølv å gje barnet informasjonen. Det vil vera nok at helsepersonellet handlar på ein måte som medverkar til å ta hand om behova barnet har for informasjon. Det kan ofte vera tenleg at informasjonen vert gjeven til pasienten eller ein annan omsorgsperson, som i sin tur kan samtala med barnet når det fell naturleg. Alternativt kan helsepersonellet verta samd med dei vaksne om at det er helsepersonellet som skal føra samtalen med barnet eller at barnet skal delta på ein familiesamtale der pasienten også er til stades.
Informasjonen skal gjevast i ei form som er tilpassa dei individuelle føresetnadene til mottakaren, som alder, mogning, røynsle og kultur- og språkbakgrunn, jf. pasientrettighetsloven § 3-5. Informasjonen skal gjevast på ein omsynsfull måte. Helsepersonellet bør så langt som mogleg sikra seg at barnet har forstått innhaldet av opplysningane og kva dei har å seia. Ein kan ha bruk for tolk overfor framandspråklege born dersom det ikkje er naturleg at foreldra eller andre nærståande kan hjelpa til. Dette må vurderast konkret.
I fjerde leden vert det føreslått ein forskriftsheimel for å utdjupa innhaldet i pliktene til helsepersonellet etter dei andre ledane i føresegna.
Til lov om helsepersonell § 25 tredje og fjerde leden:
I samsvar med forslag til ny tredje led kan helsepersonell utan hinder av lovbestemt teieplikt, gje samarbeidande personell informasjon når det er nødvendig for å ta hand om behova til borna til pasienten, med mindre pasienten motset seg det.
Opplysningane skal gjevast berre så langt det er nødvendig for å ta hand om behova til borna. Dette vil normalt vera opplysningar om at pasienten har born, alderen til barnet, andre omsorgspersonar, generell informasjon om tilstanden til pasienten og andre opplysningar som er nødvendige for å koordinera det helseinstitusjonen gjer for å ta vare på borna. Det skal såleis normalt ikkje gjevast detaljert informasjon om behandlinga eller helsetilstanden til pasienten. Slik informasjon kan heller ikkje gjevast vidare med mindre det ligg føre heimel for å gjera unntak frå teieplikta.
Fjerde leden er ei vidareføring av tidlegare tredje leden og bestemmer at teieplikta til helsepersonell gjeld tilsvarande for anna personell som får informasjon etter dei andre ledane i paragrafen.
Til lov om spesialisthelsetjenesten § 3-7 a:
Føresegna pålegg helseinstitusjonar som er omfatta av spesialisthelsetenesta å ha tilstrekkeleg barneansvarleg personell med ansvar for å fremja og koordinera oppfølging av mindreårige born til psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar. Føresegna gjeld ikkje privatpraktiserande spesialistar.
Føremålet med ordninga er å sikra at behova til borna vert tekne hand om, at pasientar får tilbod om hjelp til å meistra foreldrerolla og gje grunnlag for betre koordinerte tenester mellom spesialisthelsetenesta og tenester i kommunane. Det krevst ikkje skipa ei eiga stilling for å ta seg av funksjonen.
Plikta til å medverka overfor kvart einskilt barn kviler i utgangspunktet på det helsepersonellet som har ansvaret for behandling av den sjuke forelderen, jf. forslaget til ny helsepersonelloven § 10 a. Dei barneansvarlege bør fyrst og fremst setja arbeidet i system, halda helsepersonellet oppdatert og fremja barnefokuset. Det vil vera opp til den einskilde helseinstitusjonen å vurdera nærare arbeidsoppgåvene til den barneansvarlege ut frå lokale forhold, men departementet får ein forskriftsheimel.
Det vert ikkje stilt særskilde kvalifikasjonskrav til rolla som barneansvarleg. Det er eit ansvar for arbeidsgjevar å finna fram til rett person på grunnlag av det ansvaret og dei oppgåvene som vert lagde til stillinga. Det er heller ikkje eit krav at den barneansvarlege har helsefagleg utdanning.
Til pasientrettighetsloven § 2-6 femte leden
Femte leden opnar for at det kan fastsetjast fristar for å setja fram krav etter regelverket for sjuketransport.