Tilråing
Helse- og omsorgsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om endringar i helsepersonelloven m.m. (oppfølging av born som pårørande).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjera vedtak til lov om endringar i helsepersonelloven m.m. (oppfølging av born som pårørande) i samsvar med eit vedlagt forslag.