3 Borna og tenestene
3.1 Borna
Det finst inga oversikt over kor mange norske born og unge som veks opp i familiar der ein eller begge foreldra har psykisk sjukdom, er rusmiddelavhengige, har alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Dei tala som ligg føre, er i all hovudsak basert på kor mange vaksne personar som er i kontakt med helsetenesta.
I Noreg er det truleg 130 000 familiar som til kvar tid lever med psykisk sjukdom og rusproblem. Meir enn 200 000 born har foreldre som rusar seg slik at borna reagerer. Born og unge som veks opp i familiar med rusproblem, har høgare risiko for å utvikla tilsvarande problem. Forsking viser at meir enn 50 prosent av pasientane som er i behandling som rusmiddelavhengige, har opplevd alvorlege rusmiddelproblem hos sine foreldre.
Tal frå SINTEF helse (2006) viser at ca. 15 000 born og unge lever i ein familiesituasjon med foreldre som får behandling i psykisk helsevern (spesialisthelsetenesta). Etter levekårsundersøkinga frå 2005 vil to av tre av desse utvikla psykiske problem, og ein av tre får alvorlege psykiske problem. Om lag ein fjerdedel av alle innleggingar i psykisk helsevern er tvangsinnleggingar av pasientar med alvorleg psykisk liding. Dette inneber at svært mange born og unge til kvar tid har ein forelder som er tvangsinnlagt i institusjon.
Ei stor gruppe born til psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre mottek tiltak frå barnevernet. Etter SSBs barnevernsstatistikk frå 2007 over nye born med barnevernstiltak, vart det sett i gang barnevernstiltak for i alt 11 731 born. Av desse hadde ca. 11 prosent grunnlag i den psykiske helsa til foreldra (454 born) eller rusmisbruken til foreldra (550 born). Det er truleg mørketal i statistikken ved at 5 566 born mottok tiltak i kategorien «forhold i hjemmet - særlige behov».
Somme andre særlege grupper som kan ha trong for informasjon og oppfølging frå helsetenesta, er born til foreldre med alvorlege og ofte dødelege sjukdomar som t.d. kreft, born til foreldre som får alvorlege varige hovudskadar, born til foreldre med alvorleg funksjonshemning, born der ein av foreldra skifter kjønn og born til eldre fedrar som tidleg vert ramma av Alzheimers sjukdom. Kreftforeningen fortel at ca. 1800 familiar med born kvart år opplever at nokon av dei næraste får kreft. Det vil seia at kvart år vert rundt 4000 born og ungdomar pårørande når foreldra eller syskena deira får kreft. Om lag 15000 born og ungdom under 18 år lever i dag med kreftsjukdom i nær familie eller med sorga etter at nokon døyr av kreft. I tillegg til kreft finst mange andre alvorlege somatiske sjukdomar der born er pårørande.
Det ligg føre fleire rapportar om levekår for born til psykisk sjuke eller rusmiddelavhengige foreldre. Det finst ikkje tilsvarande rapportar om levekår for born til alvorleg somatisk sjuke eller funksjonshemma foreldre.
Kreftforeningen har i møte med departementet peika på at dei fleste foreldra med kreft får behandling på sjukehus, og mange har fleire og langvarige opphald. Å vera skild frå sjuke foreldre er ei utfordring som er vanskeleg å meistra for born. Kreftsjukdom og behandling medfører store psykiske belastningar for pasientar og pårørande. Kvardagen til borna kan verta svært forandra og prega av angst og uro. Born til einslege forsørgjarar med lite sosialt nettverk er spesielt utsette. Desse utfordringane vil også kunna gjenfinnast der foreldre har ein annan alvorleg sjukdom eller skade.
Sirus-rapport 5/2005 «Barn innlagt sammen med foreldre som er i behandling for rusmiddelproblem» viste at det i 2004 var innlagt 161 born på 11 institusjonar som gjev tilbod om innlegging av born saman med foreldre. 93 prosent av borna var under 3 år, og 64 prosent var under eitt år. 25 prosent vart fødde medan mora oppheld seg på institusjonen. Berre 2 prosent av borna var over 6 år
Fafo-rapport nr. 429 frå 2004 «Levekår mellom innsatte» viste at to tredjedelar av innsette har hatt ein oppvekst prega av eitt eller fleire alvorlege problem. Dei er i langt høgare grad enn befolkninga elles plaga med psykiske problem og seks av ti innsette er rusmiddelavhengige. Kvinnene er meir rusbelasta enn mennene. Over halvparten av dei innsette har born, og fleirtalet har kontakt med borna kvar veke eller oftare.
Ei undersøking frå Foreningen for fangers pårørende i 2007, «Helse og livskvalitet mellom fangers pårørende», fann at 44 prosent av borna til innsette hadde fått dårlegare helse og sleit med søvnproblem og åtferdsendringar.
Anna forsking og behandlingslitteratur viser problem med hemmeleghald og å vera usynleg, at fleire born og unge utviklar eit dårleg sjølvbilete og at ein del born utviklar lite tenlege strategiar for å handtera problem i kvardagslivet.
3.2 Korleis tenestene tek vare på borna
3.2.1 Helsetenester
Kommunane har ansvaret for mange tenester som gjeld borns oppvekstvilkår, og har høve til på overordna nivå å leggja til rette for at alle born skal få nødvendig hjelp og støtte. Vaksne med psykisk sjukdom, alvorleg somatisk sjukdom eller som er rusmiddelavhengige kjem til vanleg fyrst i kontakt med kommunale tenester, og fyrst og fremst fastlækjaren. Pasientar med alvorlege og langvarige sjukdomsforløp vil som regel vera i kontakt både med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. I tilfelle der borna til pasienten har trong for oppfølging og hjelp, vil dette difor vera eit ansvar for begge nivåa. Fastlækjaren har ansvaret for tilrettelegging av allmennlækjartilbodetoverfor pasientane sine, og må difor halda seg orientert om kva tenester og behandlingstiltak pasienten mottek. Dette set fastlækjaren i stand til å ta initiativ til at born vert tekne vare på på rett måte ved å tilvisa til og samarbeida med andre tenester.
Jordmortenesta har moglegheit til å fanga opp behov for førebygging og behandling i samanheng med rusåtferd og psykiske problem hos gravide i samarbeid med fastlækjaren og andre instansar. Helsepersonellet har etter helsepersonelloven meldeplikt til sosialtenesta om gravide rusmiddelavhengige.
Helsestasjons- og skulehelsetenesta utfører helsefremjande og førebyggjande arbeid og er eit tilbod til born og unge 0-20 år og til gravide som går til svangerskapskontroll ved helsestasjon. Tenesta skal ha rutinar for samarbeid med fastlækjarane, andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er ein av fleire aktørar i kommunen som kan medverka i samarbeidet om å følgja opp born til psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg sjuke eller skadde.
Mange foreldre vil som følgje av alvorleg sjukdom ha trong for langvarige og koordinerte tenester, og dermed ha ein individuell plan. Det vil vera naturleg at behova borna til pasienten har vert tekne inn som ein del av den individuelle planen. I mange tilfelle vil det kunna vera tenleg at oppfølgingsansvaret for borna vert lagt til den som er utpeika som koordinator for den individuelle planen, dersom koordinatoren er helsepersonell. Sidan korkje kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta har noko sterkare plikt enn den andre til å ta på seg koordineringsansvaret, vil det variera kva tenestenivå som til kvar tid har oppfølgingsansvaret. Psykisk helseteam i kommunen, familiesenter (over 60 stykke) skal tilby lågterskeltilbod for dei med akutte problem og oppfølging av dei med meir langvarig og samansette behov. Familiesentra skal understøtta heile familien der det er psykososiale problemstillingar.
Psykisk helsevern for born og unge (BUP) har utgreiing og behandling av born som hovudoppgåve. BUP arbeider med familiesamspel, førebygging og behandling av born. I tillegg kan rettleiing av omsorgs- og støttepersonar i familie og nettverk vera aktuelt. Vidare skal BUP ta seg av ein naudhjelp-funksjon ved akutte kriser og dessutan gje rettleiing til kommunale tenester og instansar.
Dei ulike akuttenestene i helsevesenet vil av og til møta born i situasjonar der foreldra må innleggjast eller på annan måte takast hand om på grunn av psykiske problem, akutt somatisk sjukdom eller skade, sjølvmordsforsøk, utagering eller anna rusåtferd. Helsepersonellet bør forsikra seg om at borna har tilsyn av ein vaksen, eventuelt kontakta naboar eller slektningar som syter for tilsyn, eller kontakta barnevernet lokalt dersom det ikkje er mogleg å få i stand tilsyn. Ambulansepersonell, politi, brannvesen og liknande instansar kan ha ein viktig funksjon i å fanga opp born og borns behov i slike situasjonar.
Fleire pasient- og interesseorganisasjonar engasjerer seg for å hjelpa helsetenesta og borna. Organisasjonen Voksne for Barn har for eksempel samtaletilbod til born til psykisk sjuke, medan Kreftforeningen held kurs for helsepersonell, organiserer familiesamlingar, tilbyr rådgjeving, formidlar rettleiingar og lagar informasjonsmateriell retta mot familien og borna.
For å auka medvitet i helsetenesta om at pasientar også i mange tilfelle er foreldre til mindreårige born, har fleire sjukehus oppretta såkalla barneansvarlege på dei ymse postane innan psykisk helsevern for vaksne og på somatiske avdelingar med alvorleg sjuke pasientar. Føremålet er å betra arbeidet avdelingane gjer overfor familiar med born der ein eller begge foreldra har ein alvorleg sjukdom. Ei gjennomgåande røynsle er at mange born har fått mangelfull informasjon og for lita hjelp til å snakka om korleis dei har det når ein forelder vert alvorleg sjuk. Barneansvarlege har eit særleg ansvar for å fremja arbeidet med kartlegging og oppfølging rundt foreldreskap og born. Det vert lagt vekt på at behovet barnet har for kontakt med foreldra og nettverk skal takast med når ein planlegg behandling. Dei barneansvarlege samarbeider med behandlingsteamet rundt pasienten i einskildtilfelle, driv opplæring og har ei «pådrivarrolle». Barneansvarlege har som regel ansvaret for å betra samarbeidsrutinane mellom psykisk helsevern for vaksne, psykisk helsevern for born- og unge, barneverntenesta, kommunehelsetenestene og andre samarbeidspartnarar, som skule, barnehage, helsestasjonar, PP-teneste, og syta for at sjukehuset tilbyr samtalar med borna. Dei barneansvarlege er ofte sosionomar eller sjukepleiarar.
3.2.2 Sosiale tenester
Vaksne med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem kan ha trong for ulike sosiale tenester som praktisk hjelp, økonomisk støtte, støttekontakt, råd og rettleiing. Sosialtenesta sitt ansvar omfattar førebygging, hjelpetiltak i og utanfor institusjon og vurdering av eller tilvising til institusjonsbehandling, dessutan koordinering av tiltak. Ansvaret og tiltaka som er heimla i lov om sosiale tenester, gjeld i utgangspunktet einskildpersonar, men kan også gjelde familiar.
Personar med psykiske problem og/eller rusmiddelproblem vil ofte ha trong for langvarige og koordinerte tenester, og dermed rett til individuell plan. Sosialtenesta i kommunen skal samarbeida med andre tenesteytarar om planen for å medverka til eit heilskapleg tilbod for den det gjeld. Tradisjonelt har det oftast vore fokusert på konsekvensar for økonomien og bustaden til familien, men det er naturleg å lata dette ansvaret også inkludera konsekvensar for born. Sosialtenesta kan sjølv gje råd og rettleiing til born og familiar i målgruppa, og kan tilvisa til eller søkja hjelp frå andre tenester. Det kan vera aktuelt for sosialtenesta å gjennomføra for eksempel familiesamtalar. Alternativt bør ho forsikra seg om at dette er det andre kommunale tenester som tilbyd, rustenester eller psykisk helsevern.
3.2.3 Barneverntenesta
Hovudoppgåva til barnevernet er å sikra at born og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid, og å medverka til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Omsorg for og oppseding av born er i fyrste rekkje foreldra sitt ansvar. Foreldre kan likevel ha trong for hjelp i kortare eller lengre periodar, til dømes på grunn av ein vanskeleg livssituasjon. Her kan barnevernet koma inn for å hjelpa born og familiar slik at born vert sikra gode levekår og utviklingsvilkår.
Barneverntenesta har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest sårbare borna. Ho skal verna born mot omsorgssvikt og motverka at born lid fysisk og psykisk overlast. Barneverntenesta skal setja i verk hjelpetiltak for barnet og familien der barnet på grunn av forhold i heimen har særleg behov. Barneverntenesta kan i samarbeid med foreldra setja inn mange typar hjelpetiltak. Hjelpa kan gjevast i form av råd, rettleiing og andre tiltak. Vanlege tiltak er til dømes støttekontakt, avlastingstiltak i heimen og barnehageplass.
Barneverntenesta har også eit ansvar for å gripa inn dersom tiltak i heimen ikkje er nok for å sikra behova til barnet. Barneverntenesta kan då, for ein periode, i samråd med foreldra formidla plass i fosterheim, plass i institusjon eller tiltak for foreldre og born. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i fylkesnemnda etter forslag frå kommunen. Barneverntenesta vil i praksis ofte ha koordineringsansvar i det tverrfaglege arbeidet rundt born, unge og familiar som mottek barneverntiltak.
3.2.4 Barnehage og skule
Barnehagar og skular vil oppleva at born vert ramma av kriser som alvorleg sjukdom eller dødsfall i familien. Skulekvardagen til borna vil vera påverka av reaksjonen til eleven eller barnehagebarnet på familiesituasjonen. Lærarar og barnehagetilsette må ta omsyn til kjenslene og reaksjonane til borna og kan vera nyttige støttespelarar.
Mange skular har utarbeidd beredskapsplanar ved ulykker og bråe dødsfall, men det kan også vera trong for å førebu oppfølging av born med alvorleg sjukdom m.m. i familien. Kreftforeningen har til dømes utarbeidd ei lærarrettleiing om «Barn og ungdom i sorg og krise». Helsetasjons- og skulehelsetenesta har ansvar for å tilby førebyggjande psykososialt arbeid og er ein naturleg samarbeidspartnar. Helse- og omsorgsdepartementet har utarbeidd ei bok for born til rusavhengige foreldre som er send til alle barnehagane i landet. Barneboka «Hvem kan hjelpe Jesper?» er meint som utgangspunkt for samtale mellom barnehagetilsette og barnet og som hjelp for barnet til å setja ord på ting som er vanskelege. Borgestadklinikken har utarbeidd ein handlingsrettleiar som gjev råd om kva barnehagepersonell skal gjera når dei er uroa for om det er foreldre som er rusmiddelavhengige. Her er også oppgåvene til barnevernet tekne med. Helsedirektoratet arbeider med å gje ut rettleiaren «Fra bekymring til handling» som skal gje råd om ein er uroa for born og unge med byrjande rusproblem.
3.3 Behovet for tiltak i helsetenesta
Kunnskapsoppsummeringar viser at det ligg føre manglar i korleis tenestene følgjer opp born og unge til foreldre som er psykisk sjuke eller rusavhengige.
I rapport 8/2007 «Tjenestetilbud til personer med psykiske lidelser», der Statens helsetilsyn formidlar tilsynsrøynsler, vert det peika på at born til rusmiddelavhengige og psykisk sjuke foreldre er mellom dei gruppene som fell utanfor eller ikkje vert tekne godt nok vare på i det ordinære hjelpeapparatet. Dei fleste institusjonane i psykisk helsevern for vaksne har ikkje noko tilbod til born og pårørande. Etter tilsynet si røynsle har kommunane få gode svar på korleis dei syter for at desse borna vert fanga opp og korleis dei samhandlar for å ta hand om dei. Etter det Helsetilsynet fortel, er born til rusmiddelavhengige og born til psykisk sjuke foreldre som i tillegg har ein annan etnisk bakgrunn særleg sårbare og får eit mangelfullt tilbod.
Regionsenter for barn og unges psykiske helse i Helseregion Øst og Sør utarbeidde i 2005 rapporten «Tiltak for barn med psykisk syke foreldre» der det vert peika på at borna til pasientane ikkje vert rekna som pårørande i lovas forstand og vert dermed ikkje omfatta av dei lovføresegnene som gjev næraste pårørande rettar, til dømes i form av informasjon. Mange born fungerer, etter rapporten, som næraste pårørande til foreldra, særleg born til sosialt utsette mødrer med åleineansvar for borna. Rapporten peikar på at det vert gjort ein stor innsats frå einskildpersonar, organisasjonar og ved utvalde fagmiljø, men at hovudinntrykket er at innsatsen heller verkar tilfeldig, uføreseieleg og fragmentarisk. Rapporten konkluderer mellom anna med at det bør sjåast nærare på korleis born kan verta betre tekne hand om som pårørande generelt og særleg i dei situasjonane der pasienten gjer det vanskeleg å følgja opp borna.
Rapporten viser vidare til at det er store utfordringar når det gjeld samarbeid mellom dei ulike nivåa og instansane som direkte eller indirekte har eit ansvar overfor born i utsette livssituasjonar. Det er ikkje i tilstrekkeleg grad innarbeidd rutinar som sikrar samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og det kommunale nivået. Det er sjeldan vaksenpsykiatrien vender seg til helsesystrer, psykiatriteneste, barnevern og PPT i kommunane. Fastlækjarane som mottek epikrise frå poliklinikkar og sjukehus tek også sjeldan kontakt med instansane som har borna som sitt primæransvar.
Ein stor del av dei aktuelle borna har ikkje vore vurderte av barnevernet før dei kjem i kontakt med helsetenesta. Helsetenesta er difor eit viktig kontaktpunkt for å oppdaga born som har nok udekte behov til at samfunnet bør gjera ein innsats for å hjelpa foreldra.
Kreftforeningen har peika på at hjelp og støtte til familiar ved kreftsjukdom er varierande, tilfeldig og ofte mangelfull. Jamvel om det i dag er meir fokus på behova til familiane, må kompetansen styrkjast og rutinar må sikra at familien vert teken godt nok hand om når foreldra vert sjuke. Borna kan ha trong for hjelp heile tida medan foreldra vert behandla, men særleg sårbare fasar er ved diagnose, ved tilbakefall, i dei tilfella der aktiv behandling vert avslutta fordi det ikkje er meir som kan gjerast, i terminalfasen og i etterkant av eit eventuelt dødsfall.
Felles for rapportane er at dei konkluderer med at borna må sjåast og takast vare på på ein meir systematisk måte enn i dag. Etter gjeldande rett har helsepersonell og helsetenesta høve til å følgja rutinar som sikrar at borna vert oppdaga når foreldra kjem i kontakt med helsetenesta. Helsepersonell som får kunnskap om at det er mindreårige born i familien, kan ta opp med foreldra spørsmålet om korleis behova til borna kan takast hand om og be om samtykke til å gje barnet informasjon eller kontakta andre som kan hjelpa til. Spørsmålet er om det bør lovfestast at helsepersonellet skal gjera dette.
Dersom den sjuke forelderen ikkje gjev samtykke til å informera barnet eller at andre hjelparar vert kontakta, set gjeldande rett grenser for kva helsepersonellet kan gjera. Det kan difor også reisast spørsmål ved om det er trong for å endra regelverket slik at barnet og andre kan gjevast nødvendig informasjon utan omsyn til teieplikta.
3.4 Tiltak som er sette i gang
Som ledd i Regjeringas handlingsplan mot fattigdom vart det i St. prp. nr. 1 (2006-2007) for Helse- og omsorgsdepartementet løyvd 15 mill. kroner til tiltak for born til psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Barne- og likestillingsdepartementet har ei tilsvarande satsing på 14 mill. kroner. Begge departementa vidareførte satsinga i 2008, med ei styrking over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet med 5 mill. kroner. Løyvingane er vidareførte i 2009. Føremålet med satsinga er å gje tidlegare hjelp til borna, styrkja rettleiing og kompetanseheving både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, gje langsiktig oppfølging av borna, auka forskingsaktiviteten, spreia røynsler og stimulera frivillige organisasjonar til tiltak. Nokre av tiltaka vert skildra her.
Helse- og omsorgsdepartementet etablerte i 2007 eit nasjonalt kompetansenettverk for førebygging og behandling av problem hos born til psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre ved Sørlandet sykehus HF. Nettverket har som føremål å samla, systematisera og formidla kunnskap til tenestene, og har fått namnet BarnsBeste. Frå 2009 er mandatet utvida til å omfatta born som pårørande generelt.
Det er sett i gang forsøk med særskilte lågterskeltiltak i Helse Nord-Trøndelag og sykehuset Asker og Bærum HF. Det er etablert eit tilbod til foreldre med rus og/eller psykiske problem som strekkjer seg frå barnet er fødd og til det når skulealder. Målet er å unngå skadar hos barnet og medverka til ei god helseutvikling i familien. Begge modellane tek utgangspunkt i det danske Familieambulatoriet. Dette er eit lågterskeltilbod for gravide og oppfølging av born til foreldre med psykiske lidingar og/eller rusmiddelavhengige foreldre fram til skulestart.
Helsedirektoratet gav i 2008 ut rettleiaren «Pårørende - en ressurs - veileder om samarbeid med pårørende innen psykiske helsetjenester». Rettleiaren inneheld spørsmål som helsepersonell bør stilla når pasienten har mindreårige born eller sysken.
Helse- og omsorgsdepartementet har i 2007 og 2008 gjeve tilskot til Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring for å utvikla gruppetilbod for born som pårørande. Prosjektet S M I L handla om læring og meistring for born og unge som har foreldre som er psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige. S M I L er eit førebyggjande psykisk helsetiltak med borna i fokus, men orientert mot heile familien. Born som pårørande er utgangspunktet for utvikling og etablering av læringstilbod i grupper, der styrkt meistring i og av eigen kvardag står sentralt. To pilotprosjekt er etablerte i Oslo og Mo i Rana, der gruppetilbod er under utprøving.
Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet har støtta organisasjonen Voksne for Barn i utgjevinga av ei handbok for foreldre med psykiske problem «Hvordan hjelper jeg barnet mitt?» og ei handbok for ungdom som har foreldre med psykiske problem «Hva er det med foreldrene mine?». På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Voksne for Barn utarbeidd eit informasjonshefte for born «Når mamma eller pappa ruser seg» og barneboka «Hvem kan hjelpe Jesper?».
For å heva kompetansen i barneverntenesta har Barne- og likestillingsdepartementet oppretta seks stillingar, av desse fem i dei regionale fagteama i Barne-, ungdoms- og familieetaten og ein koordinator i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Desse skal hjelpa kommunar med utvikling av tiltak på individ-, gruppe- og nettverksnivå, hjelpa til med implementering av kartleggingsverktøy til bruk i det kommunale tenesteapparatet og delta i planlegging av opplæringstiltak mot høgskular og universitet. Arbeidsoppgåvene er også knytte til betring av samarbeidsrutinar på lokalt nivå, sikring av samarbeidet mellom statleg barnevern og psykisk helsevern for born, unge og vaksne og samarbeid med Regionsentraa for born og unges psykiske helse.
Barne- og likestillingsdepartementet har sett i gang modellkommuneforsøk i 26 kommunar. Målet er å utvikla gode tverretatlege samarbeidsmodellar for tidleg intervensjon og systematisk oppfølging av born til psykisk sjuke og rusmiddelavhengige foreldre - frå graviditet til skulealder. Kommunane har fått stimuleringsmidlar til fagutvikling og utveksling av røynsler på regionale og nasjonale nettverkssamlingar. Målet er å spreia kunnskap og informasjon til dei tenestene som kjem i kontakt med borna. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har ansvaret for organisering og oppfølging av ei evaluering i utvalde kommunar, bygd på ein kunnskapsbasert, systematisk og heilskapleg modell som vert gjennomført i nokre kommunar. Ein skal også registrera og samanlikna effektane i forhold til kommunar som ikkje bruker modellen. Denne oppgåva skal utførast av eit forskarmiljø.
Barne- og likestillingsdepartementet gjev også økonomisk støtte til Paal-André Grinderuds stiftelse for born til alkoholikarar. Stiftinga gjev råd, rettleiing og støtte til dei som ynskjer å setja i gang tiltak for born til foreldre med rusmiddelproblem i lokalmiljøet.
Rikshospitalet har utvikla undervisningspakken «Barn og ungdom som pårørende i somatiske sykehus» for å styrkja personellet si evne til å ta hand om borna og å kunna gje råd til foreldre i samarbeid mellom Kreftforeningen og Lærings- og meistringssenteret.
Som oppfølging av Nasjonal helseplan vart det i 2007 underteikna ein nasjonal rammeavtale for samhandling mellom helse- og omsorgstenestene i kommunane og spesialisthelsetenestene i helseføretaka. Avtalen er underteikna av Helse- og omsorgsdepartementet og KS. Rammeavtalen legg eksisterande overordna ansvars- og organisasjonsstrukturar til grunn. Partane er samde om å arbeida innanfor dei måla som er skisserte i avtalen førebels fram til 21. juni 2010. Målet for avtalen er m.a. å sikra brukarar eit heilskapleg og samanhengjande tenestetilbod. Mellom dei områda som er nemnde, er helsetenester til born og unge. Avtalen legg til rette for at det vert inngått lokale samhandlingsavtalar.