5 Særleg om informasjon og teieplikt
5.1 Gjeldande rett
5.1.1 Inga opplysningsplikt
Helsepersonell har i dag inga lovpålagt plikt til å samtala med borna til pasienten eller omsorgspersonen til barnet. Dersom pasienten gjev samtykke har helsepersonellet rett, men ikkje plikt, til å informera andre om sjukdomen, helsetilstanden, opphaldsstad osb. Helsepersonellet har heller inga plikt til sjølv å ta initiativ til slike samtalar.
5.1.2 Hovudregelen om teieplikt - samtykke krevst
Utan samtykke frå pasienten set teieplikta klåre avgrensingar for kva helsepersonellet har rett til å formidla av opplysningar. Hovudregelen om handtering av pasientinformasjon går fram av helsepersonelloven § 21, der det er bestemt at helsepersonell «skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til opplysninger om folks legems- eller sykdomsforhold eller andre personlige forhold som de får vite om i egenskap av å være helsepersonell».
Teiepliktreglane gjeld også mellom helsepersonell. Informasjon som kjem inn under teieplikta mellom helsepersonell kan berre utvekslast når det er nødvendig for behandling og oppfølging av pasienten, og pasienten ikkje motset seg det, eller der det ligg føre anna rettsleg grunnlag for å gje slik informasjon.
Føremålet med teieplikta for helsepersonell er å sikra at befolkninga skal ha tillit til helsetenesta og helsepersonell slik at personar ikkje unnlet å oppsøkja helsetenesta for å få helsehjelp i redsle for at uvedkomande skal få tilgang til opplysningane. Tillitsforholdet er viktig for at pasienten skal kjenna det trygt å gje informasjon som kan vera nødvendig for at helsepersonell skal kunna yta best mogleg helsehjelp. Pasienten skal difor kjenna seg trygg på at dei opplysningane som vert gjevne i samband med helsehjelpa ikkje vert utleverte eller kjem til uvedkomande.
Pasienten kan samtykkja i at informasjon vert gjeven vidare. Dersom han nektar samtykke, eller om pasienten ikkje er samtykkekompetent og ein kunne rekna med at han ville ha nekta om han hadde vore det, oppstår spørsmålet om helsepersonell likevel skal informera born, omsorgspersonar eller andre etatar. Det er gjort fleire unntak frå teieplikta som inneber at helsepersonell får ein opplysningsrett eller ei opplysnings- eller meldeplikt. Nedanføre vert berre dei unntaka som er relevante for situasjonen til borna omtala.
5.1.3 Informasjon til barnet
Detaljert informasjon om den medisinske tilstanden og behandlinga til forelderen er underlagt teieplikt og barnet har i utgangspunktet ingen sjølvstendig rett til slik informasjon. Om barnet ynskjer informasjon om foreldra for å kunna forstå sin eigen og familien sin situasjon, så kan helsepersonell normalt ikkje gje dette utan samtykke frå foreldra, dersom informasjonen kjem inn under teieplikta.
Barnet vil likevel ha rett til informasjon om tiltak helsetenesta har planlagt som har til føremål å ta vare på barnet sjølv. Slik informasjon vil vera nødvendig for at barnet kan seia si meining i samsvar med barnelova § 31. Teieplikta gjeld heller ikkje opplysningar som barnet alt kjenner til, jf. helsepersonelloven § 23 nr. 1.
Helsepersonelloven § 23 nr. 4 fastset at teieplikt etter § 21 ikkje er til hinder for «at opplysninger gis videre når tungtveiende private eller offentlige interesser gjør det rettmessig å gi opplysningene videre». Departementet legg til grunn at det vil vera vanskeleg for helsepersonell i anna enn naudrettslege situasjonar å kunna gje born opplysningar om foreldra som i utgangspunktet kjem inn under teieplikta med tilvising til helsepersonelloven § 23 nr. 4.
I somme tilfelle vil pasienten på grunn av medvitsløyse, psykisk liding eller anna ikkje vera i stand til å kunna gje eit samtykke eller tenkja gjennom konsekvensane av å gje eller nekta samtykke. I desse tilfella vil pasienten ikkje vera samtykkekompetent. Helsepersonellet kan då vurdera kva pasienten ville ha meint om saka. Pårørande vil ofte kunna kasta lys over pasientens vilje. Dersom det ikkje er noko haldepunkt for noko anna, vil det normalt vera rett å leggja til grunn at ein bør gje informasjon av omsyn til pasienten si eiga interesse av å dekkje behova til borna. I slike tilfelle ligg det føre eit presumert samtykke.
I kva grad det faktisk er mogleg for borna å få informasjon er også påverka av kva rett den andre forelderen eller andre omsorgspersonar har. Med heimel i pasientrettighetsloven § 3-3 skal dei næraste pårørande til pasienten ha informasjon om helsetilstanden til pasienten og den helsehjelpa som vert ytt dersom pasienten samtykkjer i det eller tilhøva tilseier det. Dersom pasienten tydeleg ikkje kan ta vare på interessene sine på grunn av fysiske eller psykiske forstyrringar eller psykisk utviklingshemming, har også den næraste pårørande rett til informasjon. Den andre forelderen vil ofte vera pasientens næraste pårørande og slik få tilgang til informasjon som kan delast med barnet. Det same vil kunna skje dersom besteforeldre eller andre nærståande følgjer utviklinga til den sjuke forelderen.
5.1.4 Situasjonen der foreldra til barnet lever kvar for seg
Ein forelder med foreldreansvar har rett til opplysningar om barnet sjølv om dei to foreldra bur kvar for seg. Det gjeld opplysningar som direkte har med barnets person å gjera, men i utgangspunktet ikkje opplysningar som fyrst og fremst gjeld den andre forelderen.
Barnelova § 47 regulerer rett til opplysningar om barnet for ein forelder som ikkje har del i foreldreansvaret. Denne har i utgangspunktet rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialteneste og politi. Retten gjeld berre på førespurnad og inneber ingen rett til å verta halden jamleg orientert om forhold som gjeld barnet. I det einskilde tilfellet kan ein nekta å gje opplysningar dersom det kan vera til skade for barnet. Fylkesmannen kan i samsvar til tredje leden i føresegna avgjera at den som ikkje har foreldreansvaret kan missa retten til opplysningar, dersom opplysningsretten er til skade for barnet.
5.1.5 Opplysningsplikt til barneverntenesta
Barneverntenesta har ansvar for å sikra at born som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. For å kunna ta hand om denne oppgåva er ho avhengig av å få opplysningar frå andre som i samband med arbeidet sitt får kunnskap om borns situasjon. Alle offentlege tenester og mange yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt har difor plikt til, av eige tiltak, å opplysa barneverntenesta om tilfelle der det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla i heimen, det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. barnevernlova § 6-4 og helsepersonelloven § 33.
Opplysningsplikta vert utløyst dersom barnet lever i ein situasjon der det er fare for at barnet kan ta vesentleg skade. Det er såleis ikkje tilstrekkeleg at foreldra til dømes har psykiske problem eller rusproblem; det er korleis problema verkar inn på barnet som er avgjerande, jf. Helsedirektoratets rundskriv IS-17/2006. I situasjonar som ikkje er så alvorlege at opplysningsplikta er oppfylt, vil opplysningar berre kunna gjevast til barneverntenesta dersom foreldra samtykkjer i dette.
5.1.6 Opplysningsplikt til sosialtenesta om gravide rusmiddelavhengige
Barneverntenesta og helsepersonell som yter helsehjelp har opplysningsplikt til sosialtenesta når det er grunn til å tru at ei gravid kvinne misbruker rusmiddel på ein slik måte at det er all grunn til å tru at barnet vil verta fødd med skade. Dette følgjer av helsepersonelloven § 32 andre leden og av barnevernlova § 6-7 tredje leden. Føresegnene viser til sosialtjenesteloven § 6-2 a, som gjev sosialtenesta høve til å gjera vedtak om å halda gravide rusmiddelmisbrukarar tilbake i institusjon i spesialisthelsetenesta utan samtykke. Føremålet med opplysningsplikta til sosialtenesta er å unngå at eit barn vert fødd med skade som følgje av at mor misbruker rusmiddel under svangerskapet.
5.2 Høyringsforslaget frå departementet
Departementet vurderte trongen for ei særskilt regulering av dei tilfella der den sjuke forelderen ikkje ynskjer å samtykkja i at barnet får informasjon. I desse tilfella vil helsepersonellet som hovudregel vera bunde av teieplikta i helsepersonelloven. Den interessa den sjuke forelderen sjølv har for å halda kontroll over eigen informasjon og forholdet til barnet, vart vege opp mot interessa barnet har av å få informasjon i vanskelege eller traumatiske situasjonar. Det vart lagt vekt på at eit minimum av informasjon kan vera til stor hjelp for barnet, utan at det utgjer eit stort inngrep i personvernet til foreldra og eigarskapen deira til eigen informasjon. Konklusjonen var at teieplikta ikkje kunne gjelda utan unntak.
Departementet føreslo at helsepersonell, utan hinder av lovbestemt teieplikt, skulle påleggjast plikt til å gje borna til pasienten strengt nødvendig og grunnleggjande informasjon om sjukdomstilstanden og behandlinga til forelderen. Foreldra skulle ikkje, med tilvising til foreldreansvaret, kunna nekta helsepersonellet å gje barnet informasjon. Terskelen for å informera barnet vart føreslått sett høgare i tilfelle der foreldra har nekta samtykke enn der samtykke ikkje var mogleg å innhenta. Dersom pasienten var samtykkekompetent skulle informasjon berre gjevast dersom helsepersonellet vurderte det slik at barnet kunne verta skadelidande utan denne informasjonen og tungtvegande omsyn til pasienten ikkje tala imot det.
Med strengt nødvendig og grunnleggjande informasjon meinte ein mellom anna kvar foreldra er, kor lenge dei skal vera der, alminneleg tilgjengeleg informasjon om sjukdomsforholdet, at sjukdomen til foreldra ikkje er noko som kan lastast borna og at dei vil verta tekne godt vare på. Dette er informasjon som direkte har noko å seia for tilværet til barnet og planlegging av omsorgssituasjonen i nær framtid. Detaljert informasjon om kor alvorleg tilstanden er, behandlingsopplegg og behandlingsutsikter burde foreldra likevel etter høyringsnotatet kunna halda for seg sjølve.
Departementet føreslo vidare at helsepersonell, uavhengig av teieplikta, skulle gje andre som har omsorga for barnet informasjon som er strengt nødvendig for å sikra barnet samvær med pasienten. Døme på slik informasjon er kvar den sjuke forelderen kan besøkjast, når og kva forholdsreglar barnet og den andre forelderen eventuelt bør ta. Føremålet var å syta for at barnet kunne ha samvær med pasienten sjølv om det låg føre ein konflikt mellom foreldra. Informasjonen skulle etter forslaget gjevast på førespurnad frå den som har omsorga for barnet medan pasienten er til behandling. Slik informasjon skulle berre gjevast dersom det var til barnets beste. I tilfelle der pasienten nektar samtykke, eller helsepersonellet har grunn til å tru at pasienten vil motsetja seg at informasjonen vart gjeven, rekna departementet at samvær uansett neppe kunne gjennomførast på ein positiv måte for barnet. Desse tilfella vart difor unnateke frå opplysningsplikta.
5.3 Høyringa
5.3.1 Borna sitt behov for informasjon
Mange høyringsinstansar er opptekne av at borna bør sikrast meir informasjon enn det dei får i dag. Ei gruppe for ungdomar med psykisk sjuke foreldre i Stavanger, som kallar seg Girlpower skriv dette:
«I gruppen vår har et gjentakende tema for diskusjon vært behovet for informasjon om den forelderen som er psykisk syk. Dette er et spørsmål som opptar oss mye: Hvilken diagnose har far eller mor? Hvilken type behandling får de? Når de er innlagt, hvordan har de det? Når vi har forsøkt å spørre helsepersonell om slik informasjon, har vi fått varierende grad av svar. Noen av oss har fått vite litt, mens andre opplever å bli avvist og får ingen informasjon i det hele tatt. Vi er klar over helsepersonells taushetsplikt, men vi mener at vi bør ha rett til mer informasjon enn slik det er i dag».
Sørlandet Sykehus HF gjev att denne kommentaren frå ei 18 år gammal jente med psykisk sjuk forelder som representativ for kva informasjon born sjølve ynskjer:
«Jeg syns det er veldig viktig at barna får informasjon om hvorfor forelderen er innlagt, hva sykdommen går ut på, og hvordan det kan hjelpe mamma/pappa å bli innlagt. Det med hvordan mamma/pappa skal få hjelp tror jeg er spesielt viktig. Når det er snakk om fysiske sykdommer vet de fleste at man kan operere osv, men det er nok mye vanskeligere for et barn å skjønne hva sykehuset kan gjøre for en sykdom som ikke "synes". Jeg syns også at barna skal få vite hvordan livet til forelderen kommer til å bli på sykehuset».
Rådet for psykisk helse meiner at hemmeleghald overfor born skaper fleire problem enn det løyser, og at fantasi eller forklaringar hos borna ofte har verre konsekvensar enn nøktern og alderstilpassa informasjon om sanninga. Døme på negative konsekvensar er at barnet får høyra sanninga av uvedkomande, at foreldra oppfører seg på uforklarleg og uventa måte, overdriven oppleving av fare for foreldra, ugrunna skuldkjensle og redsle for å få dei same problema som foreldra.
Helsetilsynet i Hordaland oppsummerer informasjonsbehovet på ein måte som synest å vera dekkjande for dei mange og detaljerte innspela frå fagmiljøa:
«Hvor forelderen fysisk oppholder seg, og hvor lenge oppholdet antas å vare. Når og hvor ofte forelderen kan besøkes, og når forelderen kommer hjem på eventuell permisjon. Helsepersonell må også kunne opplyse konkret om sykdommens karakter, uten nødvendigvis å opplyse om diagnose. Det må videre kunne opplyses om barnet bør ta noen forholdsregler når de besøker forelderen, f. eks. ved endret adferd hos pasienten. Helsepersonell bør også ha mulighet til å forberede barnet på helt konkrete fysiske endringer hos pasienten, som følge av medisiner og behandling».
Fleire fagmiljø presiserer også trongen for at helsepersonellet tilpassar informasjonen til kor gamle, mogne og utvikla borna er. Kreftforeningen viser til at førskuleborn treng forsikring om at dei ikkje er skuld i at mor eller far er sjuke og at kreft ikkje smittar. Foreininga meiner ungdom ynskjer klår tale, å få opne og ærlege svar på det dei spør om og at dei får vita sanninga «utan innpakking».
5.3.2 Informasjon utan konflikt med teieplikta
Mange av høyringsinstansane framhevar kor viktig det er at helsepersonellet fyrst skal søkja å innhenta samtykke frå pasienten ved å forklara føremålet med å gje barnet opplysningar om sjukdom og behandling og kva konsekvensar det vil kunna få dersom barnet ikkje får denne informasjonen. Det vert framheva at eit samarbeid med pasienten vil leggja til rette for ei god oppfølging av barnet over tid og hindra meir konfliktar i familien.
Fleire høyringsinstansar viser til at helsepersonellet ofte kan hjelpa borna med informasjon på ein måte som ikkje kjem i konflikt med teieplikta. Barneombodet legg vekt på at teieplikta ikkje gjeld opplysningar som barnet kjenner til frå før og at helsepersonell difor bør kunna følgja opp den kunnskapen som barnet alt har. Barneombodet understrekar at born, frå dei er svært unge, får med seg mykje meir av kva som skjer i omgjevnadene deira enn kva me vaksne ofte trur dei gjer. På bakgrunn av dette reknar ombodet at det bør vera mogleg å gje barnet nøytral informasjon om tilstanden til forelderen, som til dømes at åtferda og oppførselen til foreldra ikkje er uvanleg for ein person med same lidinga eller som er rusavhengig på same måten.
Telemark Sykehus HF, Psykiatrisk klinikk, framhevar at visse opplysningar om foreldra samstundes er opplysningar som også tilhøyrer barnet. Informasjon om korleis det kan opplevast å vera barn til psykisk sjuke foreldre, har ikkje med teieplikta å gjera, men handlar om korleis barnet betre kan meistra eige liv og ta vare på seg sjølv. Informasjon om tilstanden til foreldra treng heller ikkje seia brot på teieplikta meiner helseføretaket, dersom informasjonen vert gjeven på eit meir generelt grunnlag utan å gå detaljert inn på behandlinga og konsekvensar av sjukdomen. I mange tilfelle kan det til dømes vera nok å forsikra barnet om at forelderen vert teken godt vare på.
Landsforbundet mot stoffmisbruk er oppteke av kor viktig det er at vaksne ikkje nødvendigvis har «dei rette orakelsvara», men at dei lyttar til det som borna er opptekne av og hjelper dei til sjølve å finna svar.
5.3.3 Ynske om informasjon mot pasientens vilje
Høyringsinstansane er splitta i synet på om barnet likevel bør kunna gjevast informasjon som kjem inn under teieplikta når pasienten nektar å gje samtykke. Fleirtalet av høyringsinstansane stør ei lovendring som gjev helsepersonell plikt til å gje born nødvendig og grunnleggjande informasjon om foreldre som er pasientar, sjølv om pasienten skulle motsetja seg dette. Likevel vert det også gjeve uttrykk for skepsis til forslaget i ein del høyringsinnspel.
Ei 18 år gammal kvinne som er brukar av svartenesta til Morild ynskjer at borna bør få vita så mykje som mogleg og utdjupar dette på denne måten:
«Desto mer man skjuler, desto vanskeligere blir det for barnet å forstå og godta hva som skjer. Barnas oppførsel mot den syke forelderen kan jo da være annerledes, enn hvis man hadde visst at det kanskje var sykdommens "feil". Om foreldrene vil det eller ikke synes jeg er uinteressant, barna bør ha rett til å få vite det hele. Dog, litt i doser ut i fra alder. Det er likevel viktig å ikke undervurdere oss. Vi fleste er psykisk mye eldre og mer erfarne enn de fleste på vår alder».
Voksne for Barn framhevar at det er barnets beste og behov som skal vera utgangspunktet. Det er ynskjeleg at foreldra deltek aktivt, men foreininga er prinsipielt usamd i at dei vaksne i familien skal avgjera kva som skal seiast.
Helsetilsynet i Hordaland legg vekt på at det å gje noko informasjon kan grunngjevast i eit langsiktig, førebyggjande, helsefremjande perspektiv.
Sørlandet sykehus HF ved det nasjonale kompetansesenteret BarnsBeste, meiner at barnet i utgangspunktet alltid bør kunna få informasjon som kvar forelderen er, generelt om kvifor forelderen er pasient, kva hjelp som er aktuell og kva kontakt som er mogleg, også jamvel om pasienten motset seg det. For at informasjonen skal kunna haldast tilbake, må tungtvegande omsyn vega tyngre enn barnets beste. Døme på slike unntak bør etter det sjukehuset meiner vera dersom det er fare for helse og tryggleik for pasienten, som i familievaldstilfelle eller om pasienten har vore innlagd gong på gong og sjeldan har kontakt med borna og den daglege omsorgspersonen til borna.
Diakonhjemmet sykehus framhevar at det må vurderast om konsekvensen av ein konflikt mellom ynska til den sjuke forelderen og behova til barnet kan verta verre for barnet enn mangel på informasjon. Det å lata vera å gje informasjon til barnet, må difor etter det Diakonhjemmet sykehus meiner berre skje unntaksvis.
Rådet for psykisk helse meiner at forslaget frå departementet ikkje går langt nok og ynskjer ei obligatorisk føresegn som gjer det mogleg for det einskilde helsepersonellet å kommunisera at «samfunnet har bestemt at barna dine skal få vite det aller nødvendigste om at du er her og at det ikke er barnas skyld, fordi sånt trenger barn å vite om foreldrene sine». Rådet stiller dette spørsmålet:
«Finnes det virkelig situasjoner der barn ikke blir skadelidende av å få hemmeligholdt nødvendig og grunnleggende informasjon, og hvilke tungtveiende grunner ser man for seg at legitimerer et hemmelighold av hvor foreldre er og at de får hjelp? Er det ikke i alle disse tilfellene en overhengende fare for at barnet får kunnskap om dette for eksempel gjennom venner, erting eller forsnakkelser fra andre, og dermed løper betydelig risiko for en senere skade på sitt tillitsforhold nettopp til foreldrene? Vil ikke et slikt hemmelighold nettopp være et offentlig bidrag til å motvirke at familien holdes samlet, nemlig at man medvirker til å påføre en unødvendig avstand mellom barn og foreldre ved at barnet har merket at noe er galt med foreldrene, men holdes uvitende om elementære fakta om dette?».
5.3.4 Skepsis til unntak frå teieplikta
Helsedirektoratet, Datatilsynet, Rikshospitalet HF, Norsk Psykologforening og Advokatforeningen uttrykkjer skepsis til eit unntak frå teieplikta som opnar for at helsepersonell kan gje pasientopplysningar til borna mot foreldra sin vilje.
Helsedirektoratet meiner at utgangspunktet bør vera at det er foreldra som står for kommunikasjonen med born om sjukdom hos foreldre og at andre berre bør gripa inn dersom foreldra ikkje kan ta hand om kommunikasjonen med born dei har omsorg for. Forslaget er eit inngrep i foreldreansvaret. Direktoratet meiner at dialog om sjukdom hos foreldre primært bør skje med nære personar som barnet har eit trygt og godt forhold til og at det ikkje er sagt at helsepersonell, som barnet til vanleg ikkje vil vera særleg kjent med, er best eigna til å samtala med born om slike forhold.
Helsedirektoratet reknar vidare at ei plikt for helsepersonell til å informera borna utan samtykke frå pasienten vil kunna påverka tillitsforholdet mellom helsepersonell og pasient negativt, slik at pasienten held tilbake opplysningar eller vel å ikkje oppsøkja helsetenesta. Dette kan så få negative konsekvensar for barnet. Datatilsynet har framført liknande synspunkt.
Helsedirektoratet framhevar risikoen for misbruk av pasientopplysningane i familiekonfliktar. Opplysningar om sjukdomen til den eine forelderen vil kunna verta kjende for den andre forelderen som følgje av at barnet i samsvar med lovforslaget får kjennskap til helsetilstanden til denne forelderen. Skulle begge foreldra som har delt omsorg ha sjukdomar eller tilstandar som vert omfatta av lovforslaget, kan det etter det direktoratet meiner tenkjast situasjonar der den av foreldra som vedkjenner sitt behov for helsehjelp og oppsøkjer helsetenesta, verta den som seinare risikerer å få ei sak mot seg knytt til manglande omsorgsevne.
Datatilsynet ser at teieplikta til helsepersonellet skaper visse utfordringar når det gjeld å ta vare på dei rettane som born til pasientar har, men finn likevel ikkje å kunna støtta ei ordning som «innebærer en ytterligere uthuling av helsepersonellets taushetsplikt».
Norsk Psykologforening understrekar at utan samtykke vil ein potensielt utsetja born for meir skade ved at ein set i gang prosessar som foreldra teier om, avbryt eller på andre måtar ikkje greier å følgja opp når helsepersonell har avslutta arbeidet sitt. Foreininga viser også til at helsepersonell vert pålagt ei plikt det i praksis ikkje vil vera mogleg å gjennomføra: «Departementet skisserer for eksempel ikke hvordan man tenker at helsepersonell skal komme i kontakt med barn, få laget avtaler eller gjennomføre samtaler med barn når foreldrene motsetter seg dette». Norsk Psykologforening reknar også at «beskrivelsene av unntak fra taushetsplikt (i høyringsforslaget) er for vage, og vil derfor være vanskelig for helsepersonell å praktisere».
Advokatforeningen finn ikkje at det frå departementet si side er gjeve ei overtydande grunngjeving for at det er trong for nye unntak frå teieplikta. Foreininga reknar med at det er manglande tilbod, heller enn manglande høve til å formidla informasjon mot pasienten sitt eige ynske, som er den viktigaste årsaka til at behova til borna ikkje vert teke godt nok hand om i dag.
Dersom det viser seg umogleg for helsepersonell å få arbeidd seg fram til eit samtykke, og ein reknar med at barnet vil vera skadelidande utan informasjon, meiner Norsk Psykologforening og Advokatforeningen at ein kan setja fokus på om foreldra er i stand til å ta hand om omsorga for barnet og at helsepersonellet si meldeplikt til barnevernet difor vert aktualisert.
Advokatforeningen er positiv til at det vert gjeve føresegner med utgangspunkt i behova til borna, men vil likevel peika på einskilde problem med ei slik lovregulering:
«En side ved dette er at ved å gi informasjon til barnet, vil man også i mange tilfeller nødvendigvis gi informasjon til den andre forelderen. En annen side er at bestemmelsene gir helsepersonell en informasjonsplikt uavhengig av hva den andre forelderen mener. Det er betenkelig at enkeltstående helsepersonell skal overprøve foreldrenes vurdering av hva som er til barnets beste. Dersom man ikke når frem ved dialog, er det grunn til å spørre seg om en slik regel vil være til barns beste. Hvordan reglene skal virke i situasjoner hvor foreldrene ikke bor sammen, og eventuelt også er i konflikt om omsorgen for barnet, synes ikke gjennomtenkt. Advokatforeningen frykter derfor at reglene ikke vil bidra til løsninger i vanskelige konfliktsituasjoner, men heller bidra til uklarhet og ytterligere konflikt».
5.3.5 Særleg om informasjon til omsorgsperson
Eit stort fleirtal av høyringsinstansane stør departementet sitt forslag om at når ikkje-samtykkekompetent pasient motset seg det, skal helsepersonellet gje omsorgspersonen informasjon som gjev barnet høve til å få samvær med pasienten.
Mange av høyringsinstansane har uttala seg om kva slags informasjon omsorgspersonen til barnet bør ha. Så godt som alle, mellom andre Rikshospitalet HF, Landsforbundet mot rusmisbruk og Norsk Psykologforening, meiner at barnet ikkje bør ha meir informasjon enn den som tek hand om barnet. Ein åtvarar mot å gje born informasjon som det må halda hemmeleg for sine næraste.
Fleire av høyringsinstansane, mellom andre Legeforeningen, Helsetilsynet i Hordaland, Voksne for Barn, Barneombodet, RBUP Nord og Diakonhjemmet sykehus meiner at omsorgspersonane til barnet, av omsyn til at dei skal ta vare på barnet, bør få meir informasjon enn det som er nødvendig for å kunna gjennomføra samvær.
Fleire høyringsinstansar peikar på at det er ein spesielt krevjande situasjon når det har vore tilfelle med familievald, trugsmål og alvorlege problem dei vaksne i mellom. I slike tilfelle vil det vera unaturleg at omsorgspersonen får informasjon om opphaldsstaden og helsetilstanden til pasienten. Voksne for Barn meiner at fokus må setjast på at born skal ha tryggleik og vern, og informasjon i slike tilfelle bør gjevast til omsorgspersonar som har noko positivt å seia for barnet.
Voksne for Barn viser til at foreininga får ein del telefonsamtalar der det går fram at psykisk sjukdom og rusproblem vert nytta som argumentasjon i omsorgskonfliktar mellom foreldra etter skilsmål. Foreininga har likevel det synet at ein også i slike samanhengar skal gje informasjon, men leggja vekt på samarbeid med familievernet for å dempa konflikten. Foreininga understrekar kor viktig det er at alle relevante tenester i slike tilfelle gjer behova til barnet tydelege for foreldra.
5.3.6 Om manglande samtykkekompetanse
Kreftforeningen, Voksne for Barn og Diakonhjemmet sykehus meiner at barnet og omsorgspersonen bør få den same informasjonen når pasienten er samtykkekompetent som når pasienten ikkje er det. Grunngjevinga er at behova til barnet ikkje vert påverka av helsepersonellet si vurdering av samtykkekompetansen til forelderen.
Advokatforeningen og Bergen kommune viser til at det ikkje bør vera slik at helsepersonell skal ha ei plikt utan atterhald til å gje born informasjon om pasientar som manglar samtykkekompetanse. Helsepersonellet må i slike tilfelle vurdera om pasienten ville ha nekta samtykke eller om helsepersonellet handlar i pasienten si interesse ved å setja teieplikta til side. Bergen kommune opplyser om at dagens praksis i hovudsak er at mindreårige born får informasjon utan hinder av teieplikta når helsepersonell oppfattar situasjonen slik at dette er ynsket til den ikkje samtykkekompetente forelderen og det er til barnets beste.
5.4 Departementet sine vurderingar og forslag
5.4.1 Opplysningsplikt for å dekkje behovet borna har for informasjon
Høyringsinstansane stadfester at born ofte har behov for tilpassa informasjon om kva som skjer med foreldre som vert behandla i helsetenesta. Born vil òg ha god nytte av å kunna samtala med vaksne som kan informera og svara på spørsmål på ein måte som er tilpassa det utviklingsnivået barnet er på. Mangel på informasjon skaper utryggleik og grobotn for uheldige mistydingar. Særleg tydeleg er dette i dei fråsegnene som born og unge har kome med til departementet. Høyringsinstansane understrekar kor mykje det har å seia at helsetenesta kan medverka med å gje borna påliteleg og balansert informasjon.
Departementet meiner at helsepersonellet ikkje berre bør ha høve til å informera barnet om helsetilstand, behandling og andre forhold som har noko å seia for barnet, men at det også bør vera ei plikt.
Departementet føreslår på denne bakgrunnen å presisera i lov at helsepersonell skal medverka til at barnet og den andre forelderen eller omsorgsperson, i samsvar med reglane om teieplikt, får informasjon om sjukdomstilstanden til pasienten, behandling og kva samvær som er mogleg. Ei slik opplysningsplikt kan tolkast inn i forslaget om ei generell plikt til å medverka til å ta vare på borna, sjå kapittel 4.5 ovanfor og forslag til § 10 a fyrste leden. I høyringa rekna departementet at ei slik tolking ville vera tilstrekkeleg. Etter ei ny vurdering ser departementet at det trengst ei uttrykkjeleg lovføresegn som sikrar at helsepersonell tek sin del av ansvaret for å følgja opp informasjonsbehovet til borna.
Eit informasjonsansvar vil ikkje koma i konflikt med reglane om teieplikt dersom informasjonen er av generell art og ikkje er knytt til den konkrete situasjonen til pasienten. Døme på dette er informasjon om at borna ikkje sjølve kan lastast, at forelderen får god hjelp, høve til besøk dersom barnet alt veit kvar forelderen er, kva ein kan venta seg av behandlingsinstansen og korleis borna kan få hjelp til å meistra situasjonen. Teieplikta vil heller ikkje vera til hinder for å gje informasjon om tilstanden til foreldra, diagnose, behandling og annan konkret informasjon dersom pasienten samtykkjer i dette.
Informasjonen skal fyrst og fremst gjevast dersom barnet, pasienten eller ein omsorgsperson bed om det. Helsepersonellet skal likevel, uavhengig av dette, vurdera kva behov barnet har og om nødvendig oppfordra pasienten til å gje informasjonen eller innhenta samtykke til at helsepersonell kan gjennomføra ein samtale, jf. forslaget til ny § 10 a om den generelle plikta helsepersonell har til å ta vare på interessene til barnet. Det kan også oppstå situasjonar der barnet er åleine med pasienten, til dømes ved akutte innleggingar, og det ikkje er mogleg å ta samtykke opp med pasienten. I slike tilfelle bør helsepersonellet gje borna slik grunnleggjande og nødvendig informasjon som ikkje går ut over teieplikta som nemnt ovanfor.
Det kan ofte vera tenleg at informasjonen vert gjeven til pasienten eller ein annan omsorgsperson, som i sin tur kan samtala med barnet når det fell naturleg. Dette er i tråd med oppfatninga høyringsinstansane har om at det normalt vil vera best for barnet at pasienten, ein annan forelder eller ein omsorgsperson formidlar informasjonen om sjukdomen til forelderen. Alternativt kan helsepersonellet verta samd med dei vaksne om at det er helsepersonellet som skal føra samtalen med barnet eller at barnet skal vera med på ein familiesamtale der pasienten også er til stades. Departementet vil difor ikkje påleggja helsepersonellet ei plikt til alltid sjølv å gje barnet informasjonen. Det vil vera nok at helsepersonellet handlar på ein måte som medverkar til å ta hand om informasjonsbehova til barnet. Krava til kva helsepersonellet må gjera for å oppfylla plikta si til å formidla informasjon vil kunna utdjupast i forskrift og rettleiar.
Det er viktig å leggja til rette for at dei som best kjenner barnet får teke stilling til kva informasjon som bør gjevast. Desse forholda talar for at helsepersonellet fyrst og fremst bør gje den relevante informasjonen til pasienten eller ein annan som skal ha hand om barnet, og at vedkomande bør ha det avgjerande ordet.
5.4.2 Barnet bør ikkje få meir informasjon enn omsorgsperson
Det er høyringsinstansane si vurdering at det som eit klart utgangspunkt vil vera uheldig å gje born annan og meir informasjon enn det som vert gjeve til den andre forelderen eller omsorgspersonen. Ein kan ikkje be barnet om å halda informasjonen hemmeleg for sine næraste og barnet bør få tilfredsstilt behovet sitt for å snakka om temaet. Det er til sine næraste barnet vender seg for å kunna forstå nye omgjevnader og omveltingar i kvardagen. Dessutan er det uheldig om ein omsorgsperson som av omsyn til pasienten ikkje bør ha ein bestemt type informasjon, likevel skulle få det via barnet. Departementet deler desse synspunkta og legg til grunn at barnet ikkje bør få meir informasjon enn det som kan gjevast til den andre forelderen eller omsorgspersonen. I den vidare drøftinga vert det difor ikkje gjort eit skilje mellom informasjon til barnet og informasjon til omsorgsperson slik det vart gjort i høyringsforslaget.
5.4.3 Opplysningsplikt når pasienten ikkje ynskjer å samtykkja?
5.4.3.1 Pasientar med manglande samtykkekompetanse
Departementet har merkt seg at dei fleste høyringsinstansane som uttalar seg om dette, meiner at helsepersonell skal gje barnet og omsorgspersonen informasjon på dei same vilkåra som når pasienten har samtykkekompetanse. Departementet deler denne oppfatninga og legg avgjerande vekt på at interessene til ein pasient som ikkje er samtykkekompetent bør vera verna på same måten som interessene til ein samtykkekompetent pasient. Helsepersonellet bør, som i dag, vurdera kva ein ikkje-samtykkekompetent pasient ville ha ynskt, og ta stilling til om det ligg føre eit presumert samtykke før det vert teke avgjerder. Dersom ein kjem til at ein ikkje-samtykkekompetent pasient ville ha ynskt å halda informasjonen skjult for barnet, bør lova ikkje opna for å gje slik informasjon mot pasientens vilje i større grad enn dersom pasienten hadde vore samtykkekompetent.
Departementet vel på denne bakgrunnen ikkje å vidareføra forslaget om ei særskild regulering av opplysningsplikta for dei tilfella der pasienten manglar samtykkekompetanse.
I det følgjande behandlar ein difor dei tilfella der pasienten ikkje er samtykkekompetent på lik line med dei tilfella der pasienten er samtykkekompetent. Spørsmålet er då om, og eventuelt i kva grad, helsepersonell skal ha plikt til å gje born til pasientar og omsorgspersonane deira informasjon som kjem inn under teieplikta når pasienten set seg imot det.
5.4.3.2 Høve til å formidla informasjon som kjem inn under teieplikta
Helsepersonell skal søkja å innhenta samtykke frå pasienten til å gje opplysningar om sjukdom, behandlingsopplegg og anna som barnet kan ynskja å få vita om. Om nødvendig bør helsepersonellet snakka om føremålet med å gje barnet slik informasjon og kva konsekvensar det vil kunna få dersom barnet ikkje får gode forklaringar.
Dersom forelderen ikkje samtykkjer i å informera barnet om helsetilstanden, eller det ikkje kan presumerast eit samtykke frå pasientar utan samtykkekompetanse, vil helsepersonellet som hovudregel vera bunde av teieplikta i helsepersonelloven, sjå omtale i kapittel 5.1. Konkrete opplysningar som gjeld behandlingsstaden, sjukdomen og behandlinga til pasienten vil difor ikkje kunna gjevast til borna eller omsorgsperson.
Borna ynskjer likevel også konkrete svar, og det er eit ynske som truleg vert forsterka med alderen på barnet. Dette går fram av fråsegnene frå høyringsinstansane, og særleg fråsegnene frå borna og ungdomane.
I høyringsnotatet rekna departementet at omsynet til borna burde vega så tungt at helsepersonell burde gjevast opplysningsplikt utan omsyn til teieplikta når barnet hadde sterk trong for informasjon om kva som skjer med ein sjuk forelder. Dette vart nærare definert til å gjelda dersom barnet vart skadelidande utan denne informasjonen og tungtvegande omsyn til pasienten ikkje tala imot det. Bakgrunnen for forslaget var at born kunne ha trong for å snakka om og forstå meir av kva som skjer med foreldra. Tvangsinnlegging av ei mor eller far vart nytta som døme på ein situasjon som kan vera opprivande og skadeleg for barnet. I slike tilfelle talar omsynet til barnets beste for at dei får tilstrekkeleg informasjon om kva som skjer, slik at dei betre kan forstå konsekvensane for si eiga nære framtid.
Omsynet til borna må vegast mot omsynet til pasienten. Berre det faktumet at det finst eit snevert unntak som gjev helsepersonell høve til å gje barnet informasjon mot pasientens vilje, kan skapa frykt hos pasientar som går ut over tilliten til behandlaren. Pasienten kan då velja å lata vera å oppsøkja hjelp eller å halda informasjon tilbake, noko som vil gjera situasjonen verre for familien og barnet. Det vil dessutan vera ei tilleggsbør for pasienten å mista styringa over forholdet til borna og formidlinga av eigen informasjon. Desse forholda vart omtala i høyringsnotatet og førte til at departementet prøvde å avgrensa unntaket til å vera ein tryggleiksventil.
Høyringsinstansane er splitta i synet på om helsepersonell bør ha ei opplysningsplikt overfor borna for informasjon som kjem inn under teieplikta. Fleirtalet av høyringsinstansane ynskjer at helsepersonellet også utan samtykke skal kunne gje informasjon som kjem inn under teieplikta, dersom barnet kan verta skadelidande.
Andre høyringsinstansar, som Helsedirektoratet og Advokatforeningen, meiner at departementet ikkje har lagt tilstrekkeleg vekt på dei uheldige konsekvensane av at born og andre omsorgspersonar vert informerte mot pasienten sin vilje.
Departementet her særleg merka seg at Norsk Psykologforening har peika på at det kan vera til større skade for barnet at informasjon som kjem inn under teieplikta vert gjeven mot foreldra sin vilje enn at slik informasjon ikkje vert gjeven. Dei viser til at helsepersonellet bør byggja opp under samhaldet i familien framfor å medverka til splitting og auka konfliktnivå, av omsyn til både pasienten og barnet.
Høyringsinstansane har vidare aktualisert fleire forhold som viser at behovet for å fråvika teieplikta truleg vil vera aktuelt i få tilfelle. Advokatforeningen peikar på at problemet truleg meir er at det ikkje vert teke initiativ overfor pasienten til å snakka om behova til borna enn at pasienten nektar samtykke. Dette er også det inntrykket departementet sit att med etter å ha teke spørsmålet opp med helsepersonell i samband med møte og konferansar der forslaget har vore tema. På spørsmål er det svært få som viser til røynsler der pasientane har nekta å involvera borna når helsepersonellet har teke dette opp. I einskilde tilfelle tek det rett nok noko tid å få aksept for kor viktig det er å informera borna, men prosessen fram til eit samtykke kan i seg sjølv vera av stor verdi for det framtidige familieforholdet. Departementet har ikkje funne studiar som kan avsanna eller stadfesta desse opplysningane.
Departementet legg til grunn at samtalar med foreldra om behova til borna i dei aller fleste tilfella vil føra til at desse vert tekne hand om på ein god måte. Behovet for ei opplysningsplikt om informasjon som kjem inn under teieplikta synest difor å vera mindre enn det departementet rekna med då forslaget vart sendt på høyring.
Dagens lovgjeving vil, i samspel med forslaget til ny opplysningsplikt som omtala ovanfor i kapittel 5.4.1, i dei aller fleste tilfelle leggja til rette for at barnet kan gjevast tilstrekkeleg informasjon og støtte utan å ty til brot på teieplikta. Den andre forelderen eller andre med foreldreansvaret vil ofte vera "næraste pårørande" til pasienten med eigne rettar etter pasientrettighetsloven. I slike situasjonar kan helsepersonellet og pårørande saman medverka til at barnet får informasjon og nødvendig oppfølging innanfor ramma av teieplikta. Det er også mogleg å gje barnet generell informasjon utan at det kjem i konflikt med teieplikta, som at mor eller far vert teken godt vare på, at det ikkje er noko å lasta barnet og kva som kan gjerast for barnet. I meir akutte situasjonar der det ikkje er tid til å konferera med forelderen eller i tilfelle der pasienten ikkje er samtykkekompetent, vil helsepersonellet kunna gje barnet grunnleggjande informasjon dersom det kan presumerast eit samtykke frå pasienten. Helsepersonell kan også oppnå mykje ved å lytta til barnet. På denne bakgrunnen reknar departementet med at gjeldande regelverk og forslaget til å medverka til at barnet får informasjon innanfor ramma av teieplikta, vil vera tilstrekkeleg til å dekkja dei aller fleste tilfella der born spør etter informasjon.
Arbeidet med høyringa har vist at det er vanskeleg å stilla opp vilkår som på same tid gjev klåre avgrensingar, balanserer omsynet til borna og omsynet til pasienten og tek høgd for dei mange ulike situasjonane som kan oppstå. I høyringsrunden føreslo departementet at barnet skulle gjevast informasjon som kjem inn under teieplikta dersom barnet ville verta skadelidande utan slik informasjon. Vilkåret er ei direkte og nødvendig følgje av grunngjevinga for å gje barnet informasjon - å hindra at barnet tek skade. Fleire høyringsinstansar peikar likevel på at det er vanskeleg å sjå fysisk på born om dei tek skade av den situasjonen dei er i, men at røynsle tilseier at det ofte kan vera slik. Kva born tek skade av vil også kunna variera mellom born og endra seg med alderen. Konsekvensen av dette er at eit vilkår om at barnet vil kunna verta skadelidande kan tolkast på svært ulik måte, og slik anten omfatta dei aller fleste tilfella i eit førebyggingsperspektiv eller berre dei få tilfella der barnet tydeleg lid skade. Det vil difor vera vanskeleg både å etterprøva og å vita innhaldet av avgjerda til helsepersonellet på førehand. I tillegg vert vurderinga komplisert av at born, etter det somme av høyringsinstansane meiner, kan ta meir skade av å få opplysningar mot pasienten sin vilje enn om dei ikkje hadde fått den informasjonen.
Helsepersonellet vil også i praksis vera avhengig av samarbeid med pasienten eller den som tek hand om barnet for å kunna koma i kontakt med barnet. Det kan setja helsepersonellet og borna i ein svært vanskeleg situasjon dersom foreldra ikkje ynskjer at barnet skal få informasjon.
Departementet konkluderer med at helsepersonell ikkje bør påleggjast ei opplysningsplikt overfor borna og omsorgspersonen om informasjon som kjem inn under teieplikta mot pasienten sin vilje. Det er lagt avgjerande vekt på at det kan vera til større skade for barnet at informasjon som kjem inn under teieplikta vert gjeven mot foreldra sin vilje enn at slik informasjon ikkje vert gjeven, og at dei andre lovforslaga gjev gode høve til å ta vare på omsynet til borna på mindre inngripande måtar. Dei andre lovforslaga vil etter departementet si oppfatning kunna vega opp for manglande høve til å fråvika teieplikta. Dette gjeld særleg plikta helsepersonellet har til å ta opp situasjonen til borna og moglege tiltak med foreldra.
Departementet vil på nytt kunna ta stilling til trongen for ei lovfesting av ei plikt til å formidla informasjon som kjem inn under teieplikta mot pasienten sin vilje dersom røynslene med det nye regelverket tilseier dette.