9 Økonomiske og administrative konsekvensar
9.1 Generelt
Forslaget om å forplikta helsepersonell til å medverka til å ta hand om behova til borna vil setja større fokus på borna i alle delar av helsetenesta og gjera desse betre i stand til å takla ein vanskeleg kvardag. Mange helseføretak og kommunar arbeider med å få dette til alt i dag.
Forslaget inneber fyrst og fremst lovregulering av at ein systematisk skal identifisera og gje tilpassa oppfølging av ei utsett gruppe born. Slik kan lovgjevinga gje eit bidrag til å få fortgang i utviklinga og fremja likebehandling for denne gruppa.
Før lova tek til å gjelda skal Helsedirektoratet utarbeida ein rettleiar for helsepersonell om born som pårørande og skipa til regionale konferansar for å implementera lovendringane og rettleiaren. Det vil også verta utarbeidd informasjonsmateriell retta mot born. Utgiftene vert dekte innanfor budsjettramma til departementet.
Helsepersonell må bruka tid til å setja seg inn i det nye regelverket og orientera seg om nye plikter. Helsepersonelloven pålegg alt helsepersonell å halda seg oppdatert fagleg. Dette inkluderer også nytt regelverk. Arbeidsgjevar skal leggja til rette for at dette vert mogleg. Dette er ei plikt som alt ligg i lovverket og er meint å dekkja alle tilfelle av nytt regelverk.
9.2 Helseføretaka
Regionale helseføretak er i tidlegare oppdragsdokument bedne om å syta for at born til foreldre med psykiske lidingar eller som er rusmiddelavhengige får nødvendig oppfølging og hjelp. I oppdragsdokumenta for 2009 er dei regionale helseføretak styrkte med 1,0 mill kroner kvar til tiltak for born til foreldre med psykisk sjukdom, som er rusmiddelavhengige eller har alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Regionale helseføretak er bedne om å setja i verk tiltak for å identifisera born i denne gruppa.
I dagens takstsystem for vaksenpsykiatriske poliklinikkar og ruspoliklinikkar eksisterer det refusjonstakstar for oppfølgingsmøte med fyrstelinetenesta. Vidare eksisterer det refusjonstakstar for «Inntak og fyrstegongskonsultasjon» og «Utgreiing eller behandling» som kan krevjast også i dei tilfella der berre pårørande er til stades, også når desse er born. Lovfesting av ordninga med barneansvarlege i spesialisthelsetenestelova medfører at helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta får eit ansvar for å ha personell med ansvar for å følgja opp dei aktuelle borna. Dette inneber ikkje ei plikt til å etablera særskilde stillingar, men inneber ei tydeleg plassering av ansvar for oppgåva og ein ventar at ho vert løyst av eksisterande personell. Økonomiske og administrative konsekvensar for helseføretak reknar ein på denne bakgrunnen med vil verta heller små, og kan dekkjast innanfor gjeldande budsjett.
9.3 Kommunane
Med heimel i folketrygdlova kapittel 5 er det fastsett takstar som kan brukast når helsepersonell involverer pårørande til pasienten i behandlinga, også borna til pasienten. For private allmennlækjarar (fastlækjarar) og private lækjarspesialistar er det fastsett ein takst (612a) som gjeld nødvendig samtale med pårørande/føresett til pasient med psykiatrisk eller nevrologisk sjukdom, kronisk alvorleg sjukdom, terminal sjukdom eller rusmiddelproblem osb. Forslaget vil medføra ei auka mengd konsultasjonar med pårørande til pasienten for fastlegane, men det er svært vanskeleg å talfesta auken og i kva grad dei varetek behova til barna alt i dag. Eg legg til grunn at plikta til å tilby meir informasjon må sjåast som ein del av den naturlege svingninga i konsultasjonane til fastlegane.
Lovforslaget inneber at helsepersonell skal sjå til at born som måtte ha trong for det, vert viste til vurdering og oppfølging i dei ordinære tenestene. Ein reknar med at forslaget kan føra til at born som alt har eit behov for nødvendige tenester, mellom anna helsetenester, vil oppdagast tidlegare og i større omfang. I lys av dette kan forslaget innebera, særleg i ein startfase, ein viss auke i tilvisingar av born til vurdering eller behandling i helsetenesta eller for anna oppfølging i barnevern, skule osb. Dette vil vera eit resultat av at fleire born med reelle behov vert fanga opp av helsepersonell, og ikkje at forslaget i seg sjølv fører til eit større behov for oppfølging. Lovforslaget vil difor ikkje føra til meirkostnader i kommunesektoren.
9.4 Samhandling
Betre samhandling vil kunna gje borna eit betre tenestetilbod og ei meir effektiv ressursutnytting i dei involverte tenestene. Forslaget til ny regulering av pliktene til helsepersonellet i helsepersonelloven § 10 a inneber at helsepersonellet må skaffa seg oversikt over eksisterande tilbod lokalt og regionalt. Slik kunnskap fremjar samarbeid mellom helsetenesta og resten av hjelpeapparatet for born og foreldre i kommunar og frivillige organisasjonar. Opprettinga av fleire barneansvarlege i spesialisthelsetenesta vil også vera eit særleg verknadsfullt verkemiddel. Lovforslaget legg difor til rette for at borna og familiane deira får tilbod om individuelt tilpassa tiltak tidlegare og i større grad enn i dag. Dette kan i sin tur medverka til å førebyggja at born følgjer i spora til foreldra med omsyn til psykiske lidingar eller rusmisbruk.