1 Proposisjonens hovudinnhald
Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av fisk og fiskevarer (eksportlova). Formålet er å leggje til rette for å gjere om Eksportutvalet for fisk (EFF), til statleg aksjeselskap. I tillegg foreslår departementet at heimel for Kongen til å gje føresegner om opplysingplikt overførast til departementet.
EFF er oppretta med heimel i eksportlova. For å gjere EFF til aksjeselskap er det nødvendig med endringar i lova. Medan nokre av endringane er grunngjevne i at dei er nødvendige, vil andre delar av endringsforslaga vere dels grunngjevne i behovet for å gje tenlege rammer for det nye selskapet og dels i at dei er naturlege sett i samanheng med at EFF blir eit selskap og ikkje lenger er direkte underordna departementet.
Departementet sitt forslag inneber at det i eksportlova blir fastsett at EFF er eit aksjeselskap og at staten skal eige alle aksjane. Lov 13. juni 1997 nr. 14 om aksjeselskaper (aksjelova), skal gjelde om ikkje noko anna følgjer av eksportlova. Aksjelova gjer rom for individuelle tilpassingar, og i hovudsak vil dei særlege behova som gjer seg gjeldande for selskapet bli teke omsyn til gjennom vedtektene.
Departementet foreslår vidare at lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker, i all hovudsak ikkje skal gjelde for verksemda til EFF.
Departementet foreslår også endring i reglane om godkjenning av eksportørar. Eksportlova inneheld ei rekkje krav som kan stillast for godkjenning. Desse har i hovudsak ikkje blitt gjort gjeldande i praksis. Forslaget inneber at det berre skal kunne stillast krav om at årsavgift er betalt. Alle som søkjer og som betaler avgifta, skal ha krav på å bli registrerte. Andre forvaltingsoppgåver etter eksportlova overførast til Fiskeridirektoratet. Det vil i hovudsak seie kontrolloppgåver. EFF vil måtte overføre midlar til å dekkje kostnadene for oppgåver direktoratet blir pålagd.
Departementet foreslår reglar som skal sikre at eigedelar, rettar og forpliktingar følgjer med frå EFF til det nye selskapet. Overgansreglane sikrar óg at kreditorar og andre rettshavarar ikkje kan motsetje seg at det nye selskapet overtek EFF sine forpliktingar. Samtidig er føresetnaden at kreditorar ikkje skal lide tap som følgje av omgjeringa.
Fleire av føresegnene i eksportlova gjer heimel for departementet til å gje nærare føresegner. Dette gjeld med eitt unntak, der heimelen er lagt til Kongen, og gjeld heimel til å gje føresegner om opplysningsplikt for eksportørane. Departementet foreslår at også denne heimelen bør leggjast til departementet for å gje betre heilskap i lova.
I kapittel 2 blir det gitt ei nærare utgreiing om grunngjevinga for forslaget om omgjering av EFF til aksjeselskap og om prosessen. Høyringsnotat av 21. juni 2004 om forslag til ny tilknytingsform for EFF er teke inn som trykt vedlegg 1 til proposisjonen og tener som kjelde til utfyllande informasjon. Kapittel 3 gjer greie for prosessen med høyringa, medan kapittel 4 omhandlar kva departementet foreslo, høyringsinstansane sine fråsegner, og departementet sine vurderingar. Høyringsnotat av 20. januar 2005 om lovforslaga er teke inn som trykt vedlegg 2 til proposisjonen, og gjer på same måte som det første høyringsnotatet utfyllande informasjon om dei emna som er behandla. Kapittel 5 omtalar andre spørsmål som ikkje naturleg fell inn i kapittel 4. Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga er gjort greie for i kapittel 6, medan kapittel 7 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane.