5 Andre spørsmål
5.1 Personalrelaterte forhold
Både EFF og departementet sin intensjon er at EFF etter omgjering til aksjeselskap skal bestå mest mogleg likt som i dag. Det gjerast med andre ord ikkje endringar ut over det som er nødvendig for å møte dei formåla som er omtala i proposisjonen.
EFF har i høyringsfråsegna uttalt at omgjering til aksjeselskap vil ha marginale konsekvensar med omsyn til rekneskap og revisjon. Sjølv om det nye selskapet vil måtte drive verksemda si innanfor rammene som gjeld for norske aksjeselskap, er ei slik vidareføring av den eksisterande verksemda mogleg fordi EFF langt på veg har innretta verksemda tilsvarande som eit aksjeselskap. Såleis er arbeidsforholdet til dei tilsette i EFF regulert etter lov 4. februar 1977 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v og lov 5. mai 1927 om arbeidstvister. Dette vil på same måten som løns-, arbeids-, pensjons- og forsikringsavtalar, bli vidareført som i dag. Omgjering til aksjeselskap får derfor ingen innverknad på dei tilsette sitt arbeidsforhold med unntak av at dei får rett til plass i styret. Tilsettegruppa i EFF har i si høyringsfråsegn vektlagt at departementet i høyringsforslaget har slått fast at løns-, arbeids-, pensjons- og forsikringsavtalar for dei tilsette vidareførast. Det er såleis ikkje noka usemje om desse spørsmåla.