Ot.prp. nr. 88 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksporten av fisk og fiskevarer

Til innhaldsliste

3 Høyringa

3.1 Innleiing

Departementet har gjennomført to høyringar i denne saka. Den første høyringa er gjennomgått i kapittel 2 og gjaldt spørsmålet om EFF burde gjerast om til aksjeselskap, sjå vedlegg 1. Høyringa gav departementet grunnlag for å gå vidare med saka og den 20. januar 2005 sende departementet ut nytt høyringsnotat med forslag til endringar i eksportlova, sjå vedlegg 2. I tillegg til forslag om endringar i eksportlova, omfatta notatet enkelte andre spørsmål som høyringsinstansane blei bedne om å gje kommentarar til. Forslaga og grunngjevingane for desse, høyringsfråsegn og departementet si vurdering, er gjennomgått under kapittel 4, der kvart forslag er behandla for seg.

3.2 Høyringsinstansar

Høyringsfråsegner blei motteke frå følgjande høyringsinstansar:

Finansdepartementet

Utanriksdepartementet

Justis- og politidepartementet

Moderniseringsdepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

Fiskeridirektoratet

Toll- og avgiftsdirektoratet

Eksportutvalet for fisk

Eksportutvalet for fisk v/tilsettegruppa

Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

Norske sjømatbedrifters landsforening

Norges Fiskarlag

Norges Kystfiskarlag

Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd

Landsorganisasjonen i Noreg

Konkurransetilsynet

Tre av instansane opplyste at dei ikkje hadde merknader. Dei enkelte fråsegnene er omtalte i kapittel 4 i tilknyting til kvart enkelt forslag. I gjennomgangen av fråsegna er det berre dei høyringsinstansane som uttrykkeleg har gjeve fråsegn om vedkommande forslag som er tekne med.

Til forsida