11 Vurdering av iverksetting av eigedomsskattelova § 8 for anlegg for overføring og distribusjon av elektrisk kraft
11.1 Bakgrunn
Ved kraftskattereforma 1997 blei det vedteke at eigedomsskattelova § 8 skulle tre i kraft for kraftanlegg og anlegg for overføring og distribusjon av elektrisk kraft (heretter overføringsanlegg). Iverksettinga blei utsett fleire gonger for begge typar anlegg. Eigedomsskattelova § 8 tredde i kraft for kraftanlegg frå og med eigedomsskatteåret 2001. Iverksettinga for overføringsanlegg blei sist utsett til eigedomsskatteåret 2004 ved kgl.res. av 30. november 2001.
Eigedomsskattelova § 8 slår fast at «Eigedomsskattetaksten skal reknast ut etter verdet (taksten) som eigedomen vert sett til ved likninga året før skatteåret.», det vil seie formuesverdien av eigedomen. Ved kraftskattereforma blei det vedteke at formuesverdien i overføringsanlegg skulle setjast til «skattemessig verdi pr. 1. januar i ligningsåret», jf. skattelova 1911 § 37 bokstav a femte ledd, no skattelova § 18-5 åttande ledd. Bakgrunnen for dette vedtaket var mellom anna at ein meinte at verdsetting etter skattemessige verdiar ville treffe marknadsverdien av overføringsanlegg betre og at det ville føre til forenkling og kostnadsinnsparing for likningsmyndigheitene og kraftføretaka. Vidare meinte departementet at ei slik verdsetting ville føre til mindre bruk av skjønn og at det ville føre til færre tvistar om taksering for eigedomsskatteføremål.
I Ot.prp. nr. 78 (2000-2001) kapittel 8 varsla departementet at det var usikkert om dei føresetnadane som låg til grunn for vedtaket om iverksetting av eigedomskattelova § 8 med skattemessige verdiar som grunnlag for verdsetting, jf. skattelova § 18-5 åttande ledd, framleis var til stades. Bakgrunnen for dette var mellom anna at Norges vassdrags - og energidirektorat (NVE) har endra sine retingslinjer for fastsetting av maksimale tariffer og dom i Høgsterett av 12. februar 1999 om taksering av overføringsanlegg etter byskattelova § 5.
Den 6. november 2002 sendte departementet ut eit høyringsnotat med sine vurderingar, med høyringsfrist 18. desember s.å. I notatet konkluderte departementet med at føresetnadene for vedtaket om iverksetting av eigedomsskattelova § 8 ikkje lenger var til stades. Departementet kom derfor til at eigedomsskattelova § 8 ikkje bør tre i kraft for overføringsanlegg. Hovudgrunnen til dette er at det er ein føresetnad for ei slik iverksetting at det skjer ei felles verdsetting av overføringsanlegget hos selskapa. Føresetnaden for ei slik verdsetting er at det finnest reglar for fordeling av eigedomsskattegrunnlaget. Overføringsanlegga er delt inn i tre nettnivå, sentral-, regional- og distribusjonsnettet. I høyringsnotatet vurderte departementet fleire modellar for fordeling. I praksis vil det vera vanskeleg å få på plass reglar som både fører til enklare reglar i forhold til det takseringssystemet som gjeld i dag, gir ei rettferdig fordeling og ikkje aukar konfliktpotensialet mellom kommunane. Dei reglane for verdsetting som er vedteke i skattelova § 18-5 åttande ledd kan også føre til at eigedomsskattegrunnlaget i enkelte overføringsanlegg vil bli null, sjølv om overføringsanlegget framleis er i drift. Vidare er NVEs reguleringsregime for fastsetting av maksimale tariffar for nettselskapa endra frå å vera eit avkastningssystem til eit inntektsrammesystem etter kraftskattereforma 1997. Endringa gir nettselskapa høve til å oppnå ei meiravkastning ved effektiv drift, samstundes som den teknologiske utviklinga på området har gjort det mogleg å nytte overføringsanlegg som bærer av til dømes teleanlegg. På bakgrunn av disse forholda er det observert at overføringsanlegg har blitt omsett til høgare priser enn det ei objektiv vurdering av verdiane i anlegga skulle tilseie.
Departementet gjorde derfor framlegg om at kgl.res. 17.07.1998 nr. 613 om delvis ikrafttredelse av lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt, skal endrast ved kgl.res. slik at overføringsanlegg ikkje lenger er omfatta av iverksettingsføresegna.
11.2 Høyring
Ti høyringsinstansar ga realitetsutsegn til høyringsnotatet. Fleirtalet støttar departementet sine vurderingar og konklusjonen. Statnett SF og Energibedriftenes landsforening (EBL) går i mot forslaget med lik grunngjeving. Statnett og EBL viser i hovudsak til at dagens takseringssystem er ressurskrevjande og lite rasjonelt for nettselskapa. Dei skattemessige saldoverdiane gir eit tilnærma riktig uttrykk for salgsverdien til nettanlegga. Dersom nettselskapa også kan nytte disse verdiane i eigedomsskattesamanheng vil det føre til stor ressurs- og tidssparing for selskapa. I framtida vil det vere naudsynt med jevnlige investeringar i overføringsanlegga. Dette fører til at dei skattemessige verdiane vil vere stabile og slik sikre kommunane sine inntekter frå eigedomsskatt på overføringsanlegg. Statnett og EBL meiner at problema knytte til fordeling av eigedomsskattegrunnlaget for distribusjonsnettet i overføringsanlegg kan løysast ved at eigedomsskattegrunnlaget fordelast etter kor mange km. linje eller kor mange abonnentar det er i den einskilde kommunen. Statnett opplyser at selskapet har full oversikt over kommuneplasseringa av anleggsdelane i sine nettanlegg.
11.3 Departementet si vurdering
I dag gjeld eigedomsskattetakstane for 10 år av gongen, jf. byskattelova § 4. Når 10-årsperioden er over, kan det gjennomførast ny taksering eller det kan haldast kontortaksering etter lov 17. desember 1982 nr. 82. Kommunen skal dekke kostnadane ved begge typar taksering. Etter det departementet er kjend med fører ikkje takseringane til administrativt arbeid av særleg omfang for nettselskapa.
Som følgje av den teknologiske utviklinga kan overføringsanlegg nyttast som bærer av mellom anna teleanlegg. Anleggsdelar i overføringsanlegg nyttast også i teleanlegg. For eigedomsskatteføremål verdsettes teleanlegg ved takst etter dei generelle reglane i eigedomsskattelova. Utviklinga av tovegskommunikasjon mellom nettselskap og kunde aukar telekommunikasjonen sin innverknad på kraftforsyninga. Vidare er NVE sitt reguleringsregime endra etter vedtaket om iverksetting av eigedomsskattelova § 8 for overføringsanlegg. Disse forholda gjer at overføringsanlegg har blitt omsatt til til dels langt høgare prisar enn det var grunn til å tro på grunnlag av anleggsdelane sin isolerte verdi. Departementet sitt syn er derfor at skattemessige verdiar ikkje er eit godt nok uttrykk for anlegga sin marknadsverdi, for eigedomsskatteføremål.
På grunnlag av høyringsutsegna frå Statnett og EBL går departementet ut i frå at det ikkje vil vera kostbart eller tungvint å fordele eigedomsskattegrunnlaget mellom kommunane på ønska måte i sentral- og regionalnettet. Derimot finnest det ingen oversikt over kommuneplasseringa for anleggsdelar i distribusjonsnettet. Det er svært mange anleggsdelar i distribusjonsnettet, til dømes transformatorar, nettstasjonar mv. Ei fordeling etter kor mange km. linje eller kor mange abonnentar det er i den einskilde kommunen vil ikkje ta omsyn til plasseringa til disse anleggsdelane. Departementet meiner at ei slik fordeling vil kunne gi omfordelingsverknader som ikkje er i samsvar med eigedomsskattelova sitt system.
Departementet vil derfor halde fast på konklusjonen i høyringsnotatet om at eigedomsskattelova § 8 ikkje bør tre i kraft for overføringsanlegg. Det vil bli gjort framlegg om kongeleg resolusjon om at kgl.res. 17.07.1998 nr. 614 om delvis ikrafttredelse av lov av 6. juni 1975 om eigedomsskatt, endrast slik at overføringsanlegg ikkje lenger er omfatta av ikrafttredelsesføresegna.