3 Innføring av eit særskilt reindriftsfrådrag ved inntektslikninga
3.1 Innleiing
Finansdepartementet gjer framlegg om at det frå og med inntektsåret 2003 blir innført eit særskilt frådrag i næringsinntekt frå reindriftsverksemd.
3.2 Bakgrunn
Forslaget om eit eige inntektsfrådrag for reindriftsnæringa har bakgrunn i St.meld. nr. 33 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000-2001) om samepolitikken. Regjeringa meiner at reindrifta bør få liknande skattefordelar som andre primernæringar i Noreg.
I reindriftsavtalen 2003 er det lagt til grunn at det for reindriftsnæringa blir innført eit frådrag i positiv næringsinntekt på 36 000 kroner samt 19 prosent av overskytande inntekt opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.
3.3 Departementet sine vurderingar og forslag
Departementet gjer framlegg om at det ved fastsetting av næringsinntekt frå reindriftsverksemd, jf. § 14-82, blir gitt eit inntektsfrådrag etter dei same prinsippa som ein har i jordbruket, slik at det i positiv næringsinntekt frå reindrift blir gitt eit botnfrådrag på 36 000 kroner. Av overskytande inntekt blir det gitt eit frådrag på 19 prosent opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.
Som inntekt av reindrift blir etter etablert praksis rekna blant anna også inntekt frå sal av husflidsprodukt laga av biprodukt av rein og inntekt frå sanking av bær, snarefangst, samt fiske i elver og vatn. Inntekt frå jordbruk og fiske i sjøen, som blir drive ved sidan av reindrifta, blir rekna som eiga næring.
Normalt vil det i inntekta også inngå enkelte kapitalinntekter. Departementet meiner at frådraget etter føresetnaden skal bereknast på grunnlag av produksjonsinntekta, og at det ikkje skal vere høve til å ta kapitalinntekter inn i grunnlaget for frådraget. Dette vil også gi ein likningsteknisk enklare regel å praktisere.
Departementet vil i denne samanheng gjere merksam på at det i jordbruket i noko tilfelle er gitt frådrag i kapitalinntekter som ikkje har vore ledd i verksemda. Dette er ikkje i samsvar med føresetnadene for jordbruksfrådraget. Departementet har derfor til vurdering ei klargjering av høvet mellom slike kapitalinntekter og jordbruksfrådraget.
På same måte som når det gjeld jordbruksfrådraget, gjeld frådraget berre positiv næringsinntekt. Frådraget gjeld såleis berre i den grad dette ikkje gjer at årets inntekt frå reindrift blir negativ. Dette inneber både at frådraget ikkje blir aktuelt i anna inntekt same år, t.d. i lønnsinntekt eller i inntekt frå jordbruk, og at frådraget ikkje kan danne grunnlag for underskott som kan førast fram til frådrag i overskott seinare år.
For jordbruket er frådraget knytt til «driftsenheten», dvs dei bruka der omsetninga inngår i ei felles næringsoppgåve. Ein «driftsenhet» innan reindrifta kan bestå av fleire sjølvstendige reineigarar, jf. reindriftslova 9. juni 1978 nr 49 § 4. På bakgrunn av det som er uttalt i reindriftsavtalen, legg departementet til grunn at frådraget ikkje skal knytast til driftseininga, men at alle reineigarane i utgangspunktet skal få frådraget. For reindriftsfrådraget sin del vil derfor driftseininga ikkje ha noka sjølvstendig meining. For å få fram i lovteksten at det berre er den einskilde deltakaren i driftseininga som har krav på frådraget, er omgrepet «produsenten» tatt inn på same måte som for jordbruksfrådraget.
Departementet legg til grunn at berre personlege reineigarar skal kunne gjere krav på frådraget. Tamreinlaga, som normalt er organiserte som særskilt likna andelslag (AL), skal ikkje kunne krevje frådraget.
Ved bortleige (bortforpakting) i jordbruket skal leigaren levere eiga næringsoppgåve og kan gjere krav på jordbruksfrådrag. Bortleigar som leverer eiga næringsoppgåve, vil ikkje ha krav på frådraget med mindre han driv eigen aktivitet som oppfyller kravet til verksemd i skattelova. Også dette fylgjer av at frådraget blir gitt til «produsenten». I reindriftsnæringa finst det ikkje liknande tilfelle.
Når det gjeld jordbruksfrådraget, er det teke inn i lova ein regel om at kvar skattytar berre kan gjere krav på eitt heilt frådrag. Dette har samanheng med at jordbrukaren kan vere deltakar i fleire driftseiningar. For reindrifta kan reineigaren berre drive ei eining, slik at det ikkje vil vere behov for ein tilsvarande regel her.
Ektefellar i jordbruket kan til saman ikkje gjere krav på meir enn eitt frådrag sjølv om dei er deltakarar i kvar si driftseining. I reindrifta er det vanleg at ektefellane har kvar sin rein i eige merke. For ikkje å legge til rette for utilsikta tilpassingar meiner departementet at det også for reindrifta bør vere slik at ektefellar til saman berre har krav på eitt frådrag.
Dersom ugift son eller dotter som ikkje er fylt 20 år, har fått formue og/eller inntekt av reinsdyr i gåve frå foreldra, blir denne gåva likna saman med foreldra. Son eller dotter som er 17 år eller eldre, blir likevel likna sjølvstendig for formue og inntekt av eigen rein når vedkommande arbeider aktivt i reindrifta, og dette er vedkommandes hovudsysselsetjing. Vedkommande skal då levere eiga næringsoppgåve, og vil ha krav på det særskilte inntektsfrådraget.
Personar som deler inntekt frå same næringsoppgåve mellom seg, skal på same måte som når det gjeld jordbruksfrådraget, dele frådraget forholdsmessig.
Med omsyn til oppstartsår og avviklingsår er det for jordbruksfrådraget lagt til grunn at skattytaren berre har krav på frådraget dersom vedkommande har drive verksemd minst halvparten av inntektsåret. I utforminga av jordbruksfrådraget vurderte departementet ein regel som t.d. avkortar frådraget svarande til det talet på månader verksemda blir driven, som lite føremålstenleg. Departementet legg til grunn at det bør gjelde ei tilsvarande ordning for reindriftsfrådraget.
I tilfelle der skattytaren driv både reindrift og jordbruk eller skiferdrift, skal det ikkje kunne krevjast meir enn eitt heilt frådrag til saman, sjå forslag til nytt niande ledd.
Departementet bør ha høve til å gi forskrift til utfylling og gjennomføring av paragrafen.
Føresegna bør takast inn i skattelova § 8-1, som frå før også har enkelte andre skattereglar for reindrifta.
På same måte som for jordbruksfrådraget må eit særskilt frådrag for reindriftsnæringa innarbeidast i skattelova § 12-12 andre ledd bokstav f.
3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget vil truleg ha små administrative konsekvensar. Provenytapet er rekna til om lag 6 millionar kroner både påløpt og bokført i 2003. Føresetnaden er då at ein tek omsyn til frådraget i forskottsskatten. Det er lagt til grunn at kvar enkelt reineigar vil få frådrag. At ektefellar vil måtte dele frådraget, vil ikkje ha særlig mykje å seie for anslaget, fordi det er svært få ektefellar som i utgangspunktet ville kunne ha nytte av to frådrag.