5 Frådrag for fagforeiningskontingentar
I St.meld. nr. 2 (2002-2003) Revidert nasjonalbudsjett 2003 kapittel 3.3 gjer Regjeringa framlegg om å auke frådraget for betalt fagforeiningskontingent og kontingent til næringsorganisasjonar til 1 450 kroner frå og med inntektsåret 2003. Maksimalt frådrag er i dag 1 100 kroner. Det visast til vedlagt forslag til endring i skattelova § 6-19 andre ledd fjerde punktum og § 6-20 fjerde ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2003.