1 Bakgrunn
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utviding og finansiering av Bergensprogrammet, med tredje etappe av Bybanen m.m.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 118 (1984-85) slutta Stortinget seg til at det blei etablert ei bompengeordning i Bergen der hovudmålet var å byggja ut eit tenleg hovudvegnett. Ordninga blei etablert i 1986, og ordninga skulle halda fram til utgangen av 2000. Seinare har det vore fleire utvidingar av bompengeperioden. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 76 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 45 (2002-2003), slutta Stortinget seg til hovudlinjene i Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø. Det blei lagt opp til å redusera biltrafikken, styrka kollektivtrafikken med buss og bybane, rusta opp sentrumsområde som er blitt avlasta for biltrafikk og etablera eit samanhengande gang- og sykkelvegnett til og gjennom byen. I tillegg til bompengar var det lagt til grunn både kommunale, fylkeskommunale og statlege midlar. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 75 (2004-2005) slutta Stortinget seg til ei revidert bompengeordning for Bergensprogrammet. Rabattstruktur og innkrevjingsordning inkl. talet på bomstasjonar blei endra, og det blei gitt løyve til låneopptak for å sikra parallell utbygging av første etappe av Bybanen og rv 557 Ringveg vest. Det blei vidare gitt løyve til å nytta bompengar til finansieringa av Bybanen.
Gjennom behandlinga av Prop. 108 S (2009-2010) blei bompengeperioden utvida til 2025 for å sikra finansiering av m.a. andre etappe av Bybanen og Ringveg vest. Gjennom behandlinga av Prop. 113 S (2011-2012) blei det gitt løyve til auka låneopptak for å finansiera førebuande arbeid, inkl. prosjektering og grunnerverv, med sikte på anleggsstart for tredje etappe av Bybanen i 2013. I tillegg blei det lagt til grunn at delar av kostnaden eventuelt blir dekka gjennom midlar frå Belønningsordninga.
I perioden 1986-2011 er det gjennomført mange større prosjekt, jf. Prop. 108 S (2009-2010), side 1-2. I tillegg blei første etappe av Bybanen og Ringveg vest opna for trafikk i 2010, og Strandkaien/forlenging av Håkonsgaten blei opna for trafikk i 2011.
Etter gjennomføringa av forvaltningsreforma er det ikkje lenger riksvegmidlar i Bergensprogrammet. Finansieringa frå staten skjer gjennom rammetilskotet til fylkeskommunen og midlar frå Belønningsordninga.
Bergensprogrammet er omtalt i Prop. 1 S (2012-2013), side 94 – 96 og i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023, side 168.