3 Omtale av utbygginga
Figur 3.1 gir ei oversikt over aktuelle prosjekt i Bergensprogrammet.
Bybanen
Prosjektet skal utgjera hovudstamma i kollektivtransportsystemet i sørkorridoren i Bergen. Bybanen blir bygd med dobbeltspor og skal gå frå Kaigaten i sentrum til Nesttun og vidare til Rådal og Bergen lufthamn Flesland. Heile strekninga er om lag 20 km.
Første etappe omfattar den om lag 10 km lange strekninga frå sentrum til Nesttun og blei opna for trafikk i 2010. Andre etappe omfattar den om lag 3,6 km lange strekninga frå Nesttun til Rådal (ved Lagunen kjøpesenter) inkl. tiltak på eksisterande vegnett med m.a. trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar. Også terminal ved Rådal inngår. Andre etappe er planlagt opna for trafikk sommaren 2013.
Tredje etappe av Bybanen omfattar strekninga frå Rådal til Flesland på om lag 7 km. Det er planlagt seks tunnelar med ei samla lengde på i underkant av 3 km. Det skal etablerast tre gangbruer og tre bruer for banen. Mellom Rådal og Flesland er det planlagt sju haldeplassar og ein felles terminal for Bybanen og bussar. Planar for prosjektet omfattar også ny verkstad og depot for Bybanen nord for Flyplassvegen, inkl. vognhall.
Med tredje etappe vil Bybanen gi eit vesentleg betre kollektivtilbod for Bergen lufthamn Flesland. Haldeplassane er tilpassa eksisterande og framtidige konsentrasjonar av bustader og arbeidsplassar. Det blir også lagt opp til å byggja gang- og sykkelvegar som vil knyta saman dette området på ein langt betre måte enn i dag.
Reguleringsplan for tredje etappe av Bybanen blei vedtatt av Bergen bystyre i møte 17. oktober 2011. Reguleringsplan for verkstad/depot blei vedtatt av bystyret 14. mai 2012.
Det blir lagt opp til å starta anleggsarbeida for tredje etappe i 2013, med planlagt opning for trafikk i 2016. Grunnarbeida for verkstad og depotområde er planlagt starta opp i mai 2013 med midlar frå fylkeskommunen.
Kostnadsoverslag etter Anslagmetoden blei gjennomført hausten 2011. Styringsramma blei rekna til 3 610 mill. 2010-kr. Omrekna til 2011-prisnivå var styringsramma 3 690 mill. kr. I høve til finansieringsopplegget basert på ovannemnde planar var det ønskjeleg å redusere kostnadene med om lag 300 mill. kr. Fleire tiltak blei tatt ut av prosjektet, m.a. ny vognhall. Samla innsparing var 315 mill. 2011-kr. Dette ga ei styringsramme på 3 370 mill. 2011-kr inkl. verkstad/depot m.m. Dette blei lagt til grunn ved den lokale behandlinga av finansieringsopplegget.
Hordaland fylkeskommune har gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av kostnadsoverslaget i tråd med retningslinjene for den statlege ordninga, og der ein av konsulentane med statleg rammeavtale er nytta. Det er semje mellom Bybanen Utbygging og konsulenten om at konsulenten sitt kostnadsoverslag frå mai 2012 blir lagt til grunn. I tråd med dette er styringsramma fastsett til 3 280 mill. 2011-kr, og kostnadsramma er fastsett til 3 610 mill. 2011-kr. Omrekna til 2013-prisnivå er styringsramma 3 450 mill. kr og kostnadsramma 3 800 mill. kr.
Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for tredje etappe av prosjektet er rekna til om lag – 3,7 mrd. kr. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til – 0,9.
Tiltak innafor programområda
Tiltak innafor programområda i Bergensprogrammet omfattar i hovudsak mindre tiltak langs eksisterande vegar, miljøtiltak i sentrum, gang- og sykkelvegar og mindre kollektiv- og trafikksikringstiltak. I tillegg kjem midlar til planlegging av nye prosjekt/tiltak inkl. kostnader til vidare planlegging av Bybanen.
Forslaget inneber at midlar til programområda blir auka med om lag 50 mill. kr årleg. Eit av hovudmåla er å realisera eit hovudnett for sykkel. Opprusting av Totlandsvegen og Hjellestadvegen vil også bli finansiert innafor programområdet gang- og sykkelvegar. Etter dette er det i perioden 2012-2025 lagt til grunn ei gjennomsnittleg årleg ramme på om lag 210 mill. 2013-kr til tiltak innafor programområda, til saman om lag 3 050 mill. 2013-kr. Med unntak av planar om utviding av Busstasjonen i Bergen er ikkje andre tiltak nærare spesifiserte enno. Bergen kommune har ved behandlinga av bompengesøknaden i bystyret 20. februar 2012 lagt til grunn at tiltak i Birkelandskrysset og Sandslikrysset blir innarbeidde i prosjektportefølja. Desse kryssa er på riksvegnettet. Eventuelle statleg bidrag til desse prosjekta/tiltaka må vurderast i arbeidet med handlingsprogrammet for perioden 2014-2017 (2023).
Det er framleis lagt opp til at dei konkrete prioriteringane skal skje i samband med seinare revisjonar av handlingsprogram og årsbudsjett/årlege byggeprogram.
Ringveg vest
Prosjektet Ringveg vest omfattar bygging av om lag 10 km ny firefelts veg mellom rv 580 Flyplassvegen ved Birkeland i sør og Vestre Innfartsåre ved Liavatnet i nord. Av dette er om lag 8 km tunnel. Det vil bli fem kryss på strekninga, og det skal gjerast tiltak på eksisterande vegnett.
Første etappe omfattar den om lag 2,5 km lange strekninga Dolvik – Sandeide, av dette om lag 2,2 km i tunnel, samt utbetring av Ytrebygdsvegen mellom Kokstadkrysset og Birkelandskrysset. Første etappe blei opna for trafikk i 2010. Andre etappe omfattar den om lag 4,3 km lange strekninga Sandeide – Liavatnet i tunnel. Nytt toplanskryss ved Liavatnet, ramper i tunnel mot Sandeide og rundkjøring ved kollektivterminal på Sandeide inngår. Andre etappe er planlagt opna for trafikk i 2015. Tredje etappe omfattar strekninga mellom Flyplassvegen og Dolvik. Finansiering av tredje etappe inngår ikkje i denne proposisjonen.
Skansentunnelen
Prosjektet går ut på å byggja ein tunnel frå Bergen sentrum til området nord for Bryggen. Hovudmålet med prosjektet er å avlasta sentrum for biltrafikk, først og fremst over Torget og Bryggen. Prosjektet skal også redusera konfliktane med kulturminne, kulturmiljø og mjuke trafikantar. Skansentunnelen er såleis eit miljø- og byutviklingstiltak. Det er tidlegare utarbeidd konsekvensutgreiing og forslag til kommunedelplan. I Prop. 108 S (2009-2010) blei det førebels lagt til grunn om lag 500 mill. 2009-kr til prosjektet i perioden 2015-2025. Ved den lokalpolitiske behandlinga er det lagt til grunn om lag 700 mill. 2011-kr til Skansentunnelen. Det ligg ikkje føre godkjende planar med tilhøyrande kostnadsoverslag for prosjektet. Kostnadene er svært usikre. Bergen bystyre tilrådde i vedtaket av 20. februar 2012 at alternative trasear blir utgreidde. Sjølv om Skansentunnelen er ein del av Bergensprogrammet, legg Samferdselsdepartementet til grunn at prosjektet ikkje blir finansiert gjennom finansieringsopplegget i denne proposisjonen.