5 Trafikk- og inntektsgrunnlag
Statistikk frå Bergen Bompengeselskap AS viser at årsdøgntrafikken gjennom bomstasjonane var i underkant av 144 000 kjøretøy i 2011.
For å vurdera trafikkveksten fram til 2025 er transportmodellen for Bergensområdet, som er utleia av den regionale transportmodellen, nytta. Ved å dobla dagens bompengetakstar viser modellen at trafikkgrunnlaget blir redusert med om lag 18 pst. Det er ikkje tatt omsyn til verknadene av timesregel og månadleg passeringstak.
Det er gjennomført tilleggsvurderingar med utgangspunkt i faktisk trafikk i Bergen i perioden 1991-2011 inkl. endringar i takst- og rabattsystem. Vidare er effektane av takstendringar i Oslopakke 3 i 2008 og effektane ved innføring av bompengar i Vossapakken vurderte. Trafikken som passerer gjennom Bergen sentrum (gjennomgangstrafikk) viser ein vekst i perioden, medan sentrumsretta trafikk har gått ned. Den gjennomsnittlege veksten gjennom bomstasjonane i perioden 2001-2011 var på 1,3 pst. pr. år. Basert på prognosedata for folketal og arbeidsplassar vil trafikken i bomringen auka med om lag 1,5 pst. pr. år. Til samanlikning er fylkesprognosane for Hordaland som blei utarbeidde i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023, 1,9 pst. for perioden 2010-2014, 1,5 pst. for perioden 2014-2020, 1,4 pst. for perioden 2020-2030 og 1,0 pst. for perioden 2030 til 2040.
Som følgje av endringane i takst- og rabattsystemet er det lagt til grunn ein nedgang i årsdøgntrafikken på 12 pst. Vidare er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst. fram mot 2025 i tråd med Prop. 108 S (2009-2010). Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) som omfattar trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget. I tillegg inngår ei kvalitetssikring av den takstauken som er føresett som restriktivt verkemiddel for å oppnå mindre biltrafikk i Bergensområdet, jf. oppfølginga av avtalen om belønningsmidlar i perioden 2011-2014. Det er i all hovudsak semje mellom konsulenten og Statens vegvesen om føresetnadene for trafikkgrunnlaget og bompengeinntektene.
Det er utarbeida ei konseptvalutgreiing (KVU) for transportsystemet i Bergensregionen, som er eksternt kvalitetssikra (KS1). Tiltaka i Bergensprogrammet og KVU for Bergensregionen er til dels overlappande. Både i KS1 av Bergensregionen og KS2 av Bergensprogrammet tilrår konsulenten at det blir innført ein alternativ bomring, som vil kunne ha positive trafikale effektar i Bergen. Dette ligger ikkje inne i bompengeopplegget som er føreslått lokalt og som er lagt fram i denne proposisjonen. Samferdselsdepartementet viser òg til omtale av KVU for transportsystemet i Bergensregionen i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023. På grunn av uvisse knytta til Skansentunnelen lå ikkje prosjektet inne i kvalitetssikringa.