7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Bergensregionen er ein viktig økonomi-, kompetanse- og innovasjonsregion i sterk utvikling. Det er venta kraftig vekst i folketal og trafikk, samtidig om det i sentrale område er periodar med akutte forureiningsproblem. Hovudutfordringa er å handtera veksten gjennom eit tilpassa, effektivt og miljøvennleg transportsystem. Det er vidare nødvendig med ei arealutvikling som minimerer transportane i regionen.
Samferdselsdepartementet viser til KVU for vidare utvikling av transportsystemet i Bergensregionen, som omfattar 12 kommunar inkl. Bergen. Den eksterne kvalitetssikringa (KS1) er ferdig behandla, og Samferdselsdepartementet har fastlagt prinsipp for utviklinga av transportsystemet i Bergensregionen. Departementet legg til grunn at aktuelle prosjekt og tiltak må vurderast trinnvis, og at samfunnsøkonomisk lønnsemd vektleggjast ved prioritering av prosjekt. Rammeverket for heilskaplege bymiljøavtalar, som er presentert i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023, skal leggjast til grunn når Bergensprogrammet blir reforhandla etter 2013. Auka bruk av tiltak som verkar avgrensande på personbiltrafikken samt satsing på kollektivtransport vil vera ein føresetnad for eventuell tildeling av statlege midlar gjennom Belønningsordninga og bymiljøavtalen. Bergensregionen bør for framtida vurdera å samordna sine prosjekt og tiltak til ei samla pakke der rammeverket for heilskaplege bymiljøavtalar blir lagt til grunn.
Sjølv om utviklinga av transportsystemet i Bergensregionen ikkje baserar seg på ein regionpakke med felles organisering og finansiering no, meiner Samferdselsdepartementet at det er viktig at utvidinga av Bergensprogrammet underbygger måla for langsiktig utvikling av transportsystemet i Bergensregionen.
Den innkomne bompengesøknaden omfattar også fylkesvegprosjektet Skansentunnelen. Samferdselsdepartementet reknar Skansentunnelen som ein del av Bergensprogrammet. Prosjektet er kome kort i planlegging, og det ligg ikkje føre godkjende planar med tilhøyrande kostnadsoverslag. Kostnadene er svært usikre. Bergen bystyre har tilrådd at alternative trasear blir utgreidde. Det har difor ikkje vore tilstrekkelege avklaringar til at prosjektet har kunna gjennomgå ekstern kvalitetssikring (KS2). Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet ikkje blir finansiert gjennom finansieringsopplegget i denne proposisjonen. Departementet tilrår at det blir arbeida vidare med planlegging av tunnelen, jf. òg Bergen bystyre si tilråding. Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget når tilstrekkelege avklaringar ligg føre.