1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering og utbygging av ny rv 7 mellom Sokna og Ørgenvika i Buskerud fylke. Ny trasé reduserer avstanden mellom Oslo/Hønefossområdet og Hallingdal/Vestlandet med 20 km, sjå kartutsnitt i figur 1.1.
Prosjektet er omtala i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 side 242. Her er det lagt til grunn utbygging av rv 7 Sokna – Ørgenvika som eit delvis bompengefinansiert prosjekt med oppstart i planperioden 2010-2013 og fullføring i siste seksårsperiode. I samsvar med lokale vedtak legg Samferdselsdepartementet opp til ei forsering av prosjektet, med anleggsstart hausten 2011 og opning hausten 2014.