Prop. 157 S (2009–2010)

Finansiering og utbygging av rv 7 på strekninga Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke

Til innhaldsliste

5 Finansierings- og bompengeopplegg

I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn å starta prosjektet i perioden 2010-2013, med fullføring i perioden 2014-2019. Kostnadsoverslaget på 1400 mill. 2009-kroner er fordelt slik:

Statleg finansiering 2010-2013: 100 mill. 2009-kr

Statleg finansiering 2014-2019: 600 mill. 2009-kr

Anna finansiering: 700 mill. 2009-kr

I finansieringsplanen som no ligg føre, legg Samferdselsdepartementet til grunn 720 mill. kr i statlege midlar i tråd med St.meld. nr.16 (2008-2009). Dette inneber at det er lagt til grunn 800 mill. kr i bompengar til prosjektet. Med utgangspunkt i lokalt ynskje om forsering av prosjektet legg departementet opp til at bompengeselskapet får høve til å forskottera hovuddelen av statlege løyvingar i perioden 2014-2019, mot refusjon i perioden 2014-2019. Refusjon skjer utan kompensasjon for renter og prisstigning. Det er lagt opp til at prosjektet kan starta opp hausten 2011, med opning hausten 2014. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for rv 7 Sokna – Ørgenvika. Mill. 2010-kr

  200920102011201220132014-2019Sum
Statlege midlar3060630720
Bompengar1010110480510-320800
Sum10101105105703101520

Bompengeselskapet har forskottert 9 mill. kr i 2009 til reguleringsplanlegging. Krødsherad kommune har forskottert om lag 9 mill. kr i 2008 til rundkøyring i Noresund. Ein legg til grunn refusjon av desse midlane med bompengar i 2011 til Krødsherad kommune. Det er venta eit forbruk på om lag 10 mill. kr i bompengar i 2010 til førebuande arbeid. Alle desse midlane inngår i prosjektet si styrings­ramme.

Eventuell kostnadsauke skal dekkast slik at auke opp til kostnadsramma vert finansiert med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Auke ut over kostnadsramma er statens ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.

Bompengeopplegg

Finansieringsopplegget byggjer på tovegs innkrevjing gjennom ein automatisk bomstasjon, som vert sett i drift når prosjektet opnar for trafikk. Utstyret vert plassert på portalar og stolpar. Trafikk­føresetnadene går fram av kap. 4. Det er ikkje føresett innkrevjing langs eksisterande rv 7.

Følgjande takstar er lagt til grunn:

  • Lette køyretøy (totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 63 kr (2009-kr).

  • Tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg): 160 kr (2009-kr).

Abonnentar med AutoPASS-brikke får 10 pst rabatt. Takstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet vert svakare enn føresett, er det lagt til grunn at bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kan auka takstane med inntil 20 pst og forlenga innkrevjingsperioden med inntil 5 år. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 3,0 mill. kr.

  • Brikkebruk: 65 pst.

  • Trafikkvekst på 2,1 pst i 2010-2013, 1,1 pst i 2014-2019, 1,1 pst i 2020-2029 og 0,8 pst etter 2030.

Med desse basisføresetnadene er gjennomsnittleg inntekt pr. passering rekna til om lag 73 kr og innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Bompengane skal dekka renteutgifter på om lag 770 mill. kr og innkrevjingskostnader på 45 mill kr, i tillegg til utbyggingskostnader på 800 mill. kr. Brutto bompengeinntekter er følgjeleg venta å utgjera om lag 1615 mill. kr.

Det er i tillegg rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • 10 pst kostnadsauke.

  • Halvert trafikkvekst.

  • 10 pst redusert årsdøgntrafikk ved opninga.

  • 8 pst lånerente etter ti år.

  • 20 pst takstauke etter to år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til vel 19 år.

Bomstasjonen er basert på AutoPASS-systemet. Betaling vil skje ved bruk av ei elektronisk brikke eller ved etterskotsvis fakturering basert på videofotografering av registreringsnummer på bilen. For å sikra personvernretten til dei som ynskjer ei sporfri passering, vert det lagt opp til å kunna betala ved ein nærliggjande servicestasjon, t.d. ein bensinstasjon som har avtale med bompengeselskapet.