Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om finansiering og utbygging av rv 7 på strekninga Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjera vedtak om utbygging og finansiering av rv 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke i samsvar med eit vedlagt forslag.