7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Rv 7 saman med rv 52 over Hemsedal er eit viktig ledd i transporttilbodet mellom Austlandet og Vestlandet. Hallingdal og Hemsedal er samstundes eit viktig turist- og hytteområde dit dei fleste tilreisande kjem med bil via rv 7. Prosjektet Sokna – Ørgenvika gjev stor tidsgevinst for trafikantane, med 20 km nedkorta køyrelengde og 18 min nedkorta køyretid. Ein reknar og med at den nye vegstrekninga utan kryss og med midtmarkering og forbikøyringsfelt vil betra ulykkessituasjonen. Dagens rv 7 vert ein tryggare lokalveg etter omlegginga. Sokna sentrum vil få miljøgevinst gjennom tiltaka langs eksisterande veg. Saman med prosjektet Ramsrud – Kjeldbergsvingene, som no er under utbygging, vil ny veg mellom Sokna og Ørgenvika styrka rolla rv 7 har som eit viktig samband mellom Osloregionen og Vestlandet.
Samferdselsdepartementet har merka seg lokale styresmakter si vilje til å forsera prosjektet gjennom forskottering av statlege midlar. Bompengeselskapet får difor høve til å forskottera dei statlege løyvingane i perioden 2014-2019, noko som gjev ei forsering av prosjektet. Det er føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon 10 mill. kr i 2010 til førebuande arbeid.
Dei 6 kommunane i Hallingdal og Buskerud fylkeskommune har gjennom den lokale behandlinga slutta seg til bompengeopplegget, inkludert takst- og rabattsystem, med innkrevjing gjennom ein automatisk bomstasjon. Med dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn, vil prosjektet vera nedbetalt etter 15 år. Departementet sluttar seg til det skisserte opplegget for handtering av eventuell kostnadsauke og endra inntening. Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om lågare lånerente enn 6,5 pst for ein periode på minst 10 år. Departementet føreset at dokumentasjon på dette ligg føre før anleggsstart.