1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av dagens fylkesvegnett i Askøy kommune i Hordaland (Askøypakken).
Askøy kommune har vel 26 000 innbyggjarar og er i rask vekst. Næringslivet er i sterk utvikling med mange nye etableringar i kommunen. Askøy inngår i arbeids- og bustadmarknaden i Bergensområdet.
Vegnettet på Askøy har til dels svært dårleg standard. I hovudsak er det berre tilførselsvegane nærast Askøybrua som har tilfredsstillande vegbreidde. Det er behov for utbetringar og tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar. I tillegg er det behov for å styrka kollektivtrafikken og leggja til rette for meir miljøvennlege transportløysingar.
Askøy kommune ved Askøyveiene AS har søkt om delvis bompengefinansiering av ei Askøypakke som omfattar ti prosjekt og tiltak. I tillegg er det sett av ei ramme til kollektivtrafikktiltak og ei ramme til «andre tiltak» (bygging av gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar). Finansieringa er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar.