5 Finansieringsoppleg
Finansieringsplanen omfattar fylkeskommunale midlar og bompengar. I tråd med dei lokale vedtaka er det lagt til grunn at 15 pst. av utbyggingskostnadene blir finansierte med fylkeskommunale midlar og 85 pst. med bompengar. Denne fordelinga er basert på den gamle mva-ordninga.
Samla kostnadsoverslag for prosjekta er rekna til om lag 1 330 mill. 2013-kr basert på den gamle mva-ordninga. Det fylkeskommunale bidraget er på om lag 210 mill. kr, og bompengebidraget er på om lag 1 120 mill. kr. Opphevinga av vegfritaket er venta å gje ein auke i mva på om lag 210 mill. kr. Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen finansierer auken i meirverdiavgift. Fylkeskommunen får kompensasjon frå staten for betalt meirverdiavgift. Kostnadsoverslag inkl. full mva er 1 540 mill. kr. Fylkeskommunen dekkjer 420 mill. kr og bompengar 1 120 mill. kr.
Fylkeskommunale midlar
Hordaland fylkesting fatta i møte 15. mars 2011 vedtak om å førehandsprioritera 200 mill. kr til Askøypakken. Omrekna til 2013-prisnivå er dette om lag 210 mill. kr. Det blei føresett at endelege løyvingar og prioriteringar av prosjekt og tiltak blir gjort i samband med handsaminga av fylkeskommunen sin økonomiplan og årlege budsjett. Dei fylkeskommunale midlane er i utgangspunktet øyremerka kollektivtrafikktiltak.
I handlingsprogrammet for Regional transportplan for Hordaland 2013-2024 er det lagt til grunn 140 mill. kr i (løpande kr) i perioden 2018-2024. I 2013-prisnivå er dette om lag 120 mill. kr. I tillegg kjem midlar til refusjonar med om 49 mill. kr. Resten av dei fylkeskommunale midlane, om lag 40 mill. i 2013-prisnivå, er føresett løyvde etter 2024.
Fylkeskommunen har godkjent forskotteringssøknader frå Askøy kommune for følgjande prosjekt:
Del av prosjekt nr. 1 Fv 563 Florvåg – Erdal (Bakervågflaten): 30 mill. kr. Midlane er føresett refunderte i 2016 og 2017.
Prosjekt nr. 3 Fv 562 Strusshamnkrysset: 5 mill. kr. Midlane er føresett refunderte etter 2017.
Prosjekt nr. 4 Fv 562 Fromreide – Kjerregarden x fv 222: 65 mill. kr. Midlane er føresett refunderte etter 2017.
Prosjekt nr. 10 Fv 216 Skansen (Kleppe): 14 mill. kr. Midlane er føresett refunderte etter 2017.
Prosjekt nr. 3 fv 562 Strusshamnkrysset blei gjennomført i 2012. Dette er det einaste prosjektet i Askøypakken som er gjennomført.
Bompengar og bompengeopplegg
Tre alternative modellar til bomstasjonsopplegg har vore vurderte:
Alternativ 1 omfattar tre bomstasjonar tett opp til dei største vegprosjekta i Askøypakken slik at brukarane av det vegnettet som blir utbetra, vil betala når dei køyrer mot kommunesentret Kleppestø eller Bergen.
Alternativ 2 omfattar ein bomstasjon på Askøybrua med tovegs innkrevjing.
Alternativ 3 omfattar fire bomstasjonar med einvegs innkrevjing. Dei fire stasjonane vil utgjera ein bomring der all trafikk frå Askøy mot Bergen og all trafikk internt mellom soner på Askøy betalar bompengar.
I bompengesøknaden er dei tre alternativa drøfta opp mot fire kriterium: nytteprinsippet, trafikkmønsteret, den lokale forankringa og driftskostnadene. Etter ei samla vurdering er alternativ 3 lagt til grunn. Ved vurderinga er det lagt størst vekt på nytteprinsippet og lokalpolitiske mål om at flest mogleg trafikantar skal betala bompengar. I dei lokale vurderingane er det vist til at ved bompengeinnkrevjinga til Askøybrua som blei avslutta i 2006, var det i stor grad pendlarane som betalte bompengar. Det er eit mål å finna fram til eit bompengeopplegg som fordeler betalinga av bompengar på flest mogleg av trafikantane. Alternativ 3 omfattar følgjande bomstasjonar:
Bomstasjon nr. 1: Fv 562 Øvre Kleppe, nord for kryss med Kleppevegen, innkrevjing mot sør.
Bomstasjon nr. 2: Fv 562, like nord for Stongafjellstunnelen, innkrevjing mot sør.
Bomstasjon nr. 3: Fv 563, rampe frå Kleppestø inn mot Askøybrua.
Bomstasjon nr. 4: Fv 563, Florvågvegen, vest for tunnel v/ Strand, innkrevjing mot vest.
Vegnettet på Askøy er relativt omfattande. Bomstasjonsopplegget er innretta slik at trafikantane betalar for passeringar mellom sonene som er vist i figur 5.1. Det er fem soner: fire soner på Askøy samt ei for Bergen. Unntaka er lokaltrafikken mellom sone nord og sone aust som ikkje blir belasta med bompengar. Trafikk mellom sone vest og Kleppestø kan køyra via Strusshamn (Skarholmvegen) utan å betala bompengar, men dette er ei lengre strekning. Med timesregel og månadleg passeringstak er det ikkje venta vesentleg trafikklekkasje her. Dersom det likevel viser seg at det blir problem for trafikktryggleik og miljø, vil Askøy kommune i samråd med Statens vegvesen vurdera redusert fartsgrense, evt. fysiske tiltak.
Statens vegvesen viser til at retningslinjene for bompengeprosjekt føreset at det er samanheng mellom nytte og betaling. Nytteprinsippet inneber at dei som betalar bompengar skal ha nytte av vegprosjektet bompengane finansierer. Samstundes må dei som har nytte av prosjektet vere med og betala. For bompengepakker blir det ikkje stilt same direkte krav til samanheng mellom nytte og betaling. Slike pakker omfattar fleire prosjekt som påverkar heile transportinfrastrukturen i området. Nytteprinsippet er presisert i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014-2023, side 93.
Statens vegvesen har peika på at over tid vil trafikantane i Askøy kommune – som ved andre bompengepakker – få nytte av eit utbetra transportsystem. Det er ikkje gjennomgangstrafikk. Vidare er det lokalpolitisk tilslutning til bomstasjonsopplegget. Sjølv om dette vil føra til noko høgare driftskostnader enn dei andre alternativa, meiner Statens vegvesen at bomstasjonsopplegget i tråd med alternativ 3 er ei akseptabel løysing.
Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i automatiske, ubemanna bomstasjonar. Takstane er 22,50 kr for lette kjøretøy (tillat totalvekt t.o.m. 3 500 kg) og 45 kr for tunge kjøretøy (tillat totalvekt over 3 500 kg). Det er rekna med at gjennomsnittleg inntekt på 12,70 kr (rekna av alle passeringar i innkrevjingsretninga). Takstane er i 2012-prisnivå. Det er lagt til grunn 20 pst. rabatt ved kjøp av abonnement i Askøypakken og 10 pst. rabatt for andre som har brikke. Vidare er det lagt til grunn at trafikk som passerer fleire bomstasjonar i løpet av ein time berre skal betala ein gong (timeregel) og at det blir innført eit månadleg passeringstak på 30 passeringar pr. månad. Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga og at takst- og rabattsystemet er i tråd med gjeldande retningslinjer.
Statens vegvesen viser til at spørsmålet om forskotsbetaling for å oppnå 20 pst. rabatt ikkje blei tatt opp ved den lokalpolitiske behandlinga. Statens vegvesen vil ta opp evt. forskotsbetaling med fylkeskommunen og kommunen ved høyringa før det blir fatta takstvedtak. Statens vegvesen vil vurdera spørsmålet ut frå takstretningslinjene, uttale frå fylkeskommunen og kommunen og omtalen i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 96.
Det er lagt til grunn at bompengeperioden blir inntil 14 år.
Forslag til utbyggings- og finansieringsplan
For bompengepakker er den vanlege reguleringsmekanismen at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt/tiltak i pakka. Dette blir lagt til grunn for Askøypakken. Sidan Askøypakken omfattar ei rekkje prosjekt og tiltak, bør det ikkje vere problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.
I bompengesøknaden er det vist til at delar av midlane innafor ramma til «andre tiltak» er sette av til mindre utbetringstiltak. Desse tiltaka har lågast prioritet i Askøypakken og vil derfor bli tatt ut først ved evt. kostnadsauke for andre prosjekt/tiltak. Tidspunktet for når dei større prosjekta blir bygde ut, blir avklart ut frå ei samla vurdering av planstatus, omsynet til rasjonell anleggsdrift, storleiken på entreprisane og samanhengen mellom ulike prosjekt/tiltak. Ved evt. auka bompengeinntekter vil investeringane bli tilpassa bompengeperioden på inntil 14 år.
Det er lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på 20 565 kjøretøy pr. døgn, jf. kap. 3. Etter korrigering for timesregel, passeringstak, avvising av trafikk på grunn av bompengeinnkrevjing og kjøretøy som ikkje betalar («svinn»), er det i finansieringsanalysen lagt til grunn bompengeinntekter frå 12 750 passeringar pr. døgn som er 56 pst. av passeringane.
I grunnlaget for den lokalpolitiske behandlinga blei det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på om lag 5 år. Ut frå erfaringane i andre bompengepakker vurderer Statens vegvesen dette som ambisiøst. I denne proposisjonen er det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på 8 år. Det er føresett låneopptak. Det er rekna med at akkumulert gjeld vil vere størst i 2021. Denne er førebels rekna til om lag 800 mill. kr.
I denne proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 1 590 mill. kr i 2013-prisnivå. Om lag 1 120 mill. kr er føresett nytta til å dekkja investeringskostnader, om lag 330 mill. kr til å dekkja lånerenter og om lag 140 mill. kr til å dekkja innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Følgjande føresetnader er lagt til grunn:
Trafikkgrunnlag på 20 565 kjøretøy pr. døgn (ÅDT), med referanseår 2011.
Årleg trafikkvekst: 2,0 pst. til 2020, deretter 1,5 pst.
Takst- og rabattsystem i tråd med kap. 5.
Lånerente: 6,5 pst.
Årleg prisstigning: 2,5 pst.
Innskotsrente: 2,5 pst.
Årlege kostnader til innkrevjing og drift av bompengeselskapet: 10 mill. kr.
I tråd med fylkestinget sitt vedtak 12. desember 2012 vil det bli oppretta eit kontaktutval med deltaking frå Statens vegvesen, bompengeselskapet, Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune. Kontaktutvalet vil fungera som administrativ styringsgruppe. Mandatet er å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkeleg finansiering for prosjekt og tiltak i Askøypakken.