7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at Askøy kommune inngår i arbeids- og bustadmarknaden i Bergensområdet. Kommunen er i rask utvikling. Det er behov for utbetringar på vegnettet og tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar. I tillegg er det behov for å styrka kollektivtrafikken og leggja til rette for meir miljøvennlege transportløysingar.
Askøypakken er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt/tiltak i pakka. Samferdselsdepartementet føreset at det blir etablert gode rutinar for styring og rapportering i Askøypakken.
I Meld. St. 26 (2012–2013) er det satt ei øvre grense på 10 pst. rabatt i nye bompengeprosjekt. Samferdselsdepartementet legg til grunn 20 pst. rabatt ved kjøp av abonnement i Askøypakken. Dette er i tråd med det fylkeskommunale vedtaket frå 12. desember 2012, som blei fatta før Meld. St. 26 (2012–2013) blei lagt fram for Stortinget. Prosjekta er på det fylkeskommunale vegnettet, og rabatten vil vera i tråd med rabattane i Bergensprogrammet, jf. Prop. 143 S (2012–2013).
Samferdselsdepartementet viser vidare til KVU for vidare utvikling av transportsystemet i Bergensregionen, som omfattar 12 kommunar inkl. Askøy. Etter at den eksterne kvalitetssikringa blei behandla, har Samferdselsdepartementet fastlagt prinsipp for utviklinga i Bergensregionen, jf. Prop. 142 S (2012–2013). Samferdselsdepartementet meiner det er viktig at Askøypakken underbygger måla for langsiktig utvikling av transportsystemet i Bergensregionen.