Prop. 197 S (2012–2013)

Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland

Til innhaldsliste

2 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

I 2006 utarbeidde Askøy kommune i samarbeid med Statens vegvesen ei samferdselsutgreiing som dokumenterte behovet for å gjennomføra prosjekt og tiltak. Utgreiinga har vore grunnlaget for det vidare arbeidet med ei Askøypakke og er blitt følgt opp med eit forprosjekt for avklaring av m.a. planbehov.

Utbygginga som er lagt til grunn i forslaget til Askøypakke er blitt behandla som del av konseptvalutgreiinga for transportsystemet i Bergensområdet med tilhøyrande ekstern kvalitetssikring (KS1). Forslaget til Askøypakke har ei økonomisk ramme på 1 300 mill. 2012-kr, ekskl. auka meirverdiavgift som følgje av oppheving av vegfritaket frå 1. januar 2013. Omrekna til 2013-prisnivå er den økonomiske ramma om lag 1 330 mill. kr.

Hovuddelen av investeringane er føresett nytta til ti prosjekt/tiltak. Desse skal bidra til ei generell standardheving av vegnettet. Smale vegparti er planlagt utvida, svingar skal rettast ut, kryss skal utbetrast og trafikkfarlege avkjørsler vil bli stengde. På mange strekningar skal det etablerast fortau og/eller gang- og sykkelveg. For åtte av prosjekta/tiltaka ligg godkjent reguleringsplan føre. For dei to øvrige (prosjekt nr. 2 og prosjekt nr. 4 i tabell 2.1) er reguleringsplan under utarbeiding. Tre prosjekt er førebels kostnadsrekna til over 100 mill. kr. Dette er følgjande prosjekt:

Fv 562 Lavik – Haugland

Nåverande veg er smal med mange avkjørsler. Det er ikkje lagt til rette for fotgjengarar og syklistar. Årsdøgntrafikken er om lag 10 000 kjøretøy. Det er planlagt ny tofelts veg med gjennomgåande gang- og sykkelveg. Lengda på prosjektet er 3,3 km.

Fv 563 Strømsnes – Hop

Nåverande veg er smal og går gjennom område med mange bustader og avkjørsler. Det er ikkje lagt til rette for fotgjengarar og syklistar. Årsdøgntrafikken varierer mellom om lag 2 000 kjøretøy og om lag 4 000 kjøretøy. Vegen vil bli utbetra til tofelts veg, dels med fortau og dels med gang- og sykkelveg. I tillegg vil mange avkjørsler bli stengde. Lengda på prosjektet er 3,0 km.

Fv 212 Slettebrekka – Hetlevik

Vegen går mellom tettstadene Follese og Hetlevik. Nåverande vegstandard er dårleg. Det er planlagt omlegging av vegen til ny trasé. Etablering av dels fortau og dels gang- og sykkelveg inngår i prosjektet. Lengda på den nye traseen er 2,3 km, av dette er om lag 0,6 km tunnel.

I tillegg til dei ti prosjekta/tiltaka inngår ei ramme på om lag 200 mill. kr til kollektivtrafikktiltak og ei ramme på om lag 220 mill. kr til «andre tiltak». For tiltaka innafor desse rammene er arbeidet med reguleringsplanar i ei tidleg fase.

Det største kollektivtrafikktiltaket er etablering av ein kollektivterminal på Kleppestø. Terminalen får båtrute mot Bergen sentrum, oppstillingsplassar for buss og parkering for pendlarar. Det andre større kollektivtrafikktiltaket er etablering av kollektivfelt på fv 563 frå Kleppestø mot Askøybrua. Vidare er det lagt opp til å gjennomføra nokre mindre tiltak.

Det er føresett at delar av ramma til «andre tiltak» skal nyttast til å etablera eit samanhengande gang- og sykkelvegnett på Askøy. Det er òg aktuelt å nytta delar av ramma til mindre utbetringstiltak.

Forslaget til Askøypakke med aktuelle prosjekt/tiltak som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling framgår av tabell 2.1.

Tabell 2.1 Lokalt behandla forslag til prosjektliste

Mill. 2012-kr
Prosjekt/tiltakKostnader
1. Fv 563 Florvåg – Erdal53
2. Fv 562 Lavik – Haugland332
3. Fv 562 Strusshamnkrysset5
4. Fv 562 Fromreide – Kjerregarden x fv 22265
5. Fv 563 Strømsnes – Hop124
6. Fv 562 Fauskanger sør32
7. Fv 212 Lindhaugen – Slettebrekka 21
8. Fv 212 Slettebrekka – Hetlevik165
9. Fv 213 Skiftesvik – Marikoven53
10. Fv 216 Skansen (Kleppe)15
Ramme til kollektivtrafikktiltak200
Ramme til «andre tiltak»220
Planlegging5
Investeringar i innkrevjingsutstyr10
Sum1 300

Dei ti prosjekta/tiltaka i tabell 2.1 er vist på figur 2.1. Kostnadene er ekskl. auka meirverdiavgift som følgje av opphevinga av vegfritaket frå 1. januar 2013.

Figur 2.1 Kart som viser dei ti største prosjekta/tiltaka

Figur 2.1 Kart som viser dei ti største prosjekta/tiltaka