4 Lokalpolitisk behandling
Det har vore arbeidd med Askøypakken i lengre tid. Askøy kommunestyre fatta i møte 3. februar 2010 prinsippvedtak om bruk av bompengar som del av finansieringa ved utbygging av prioriterte vegstrekningar på Askøy.
Kommunestyret i Askøy behandla eit utkast til bompengesøknad i møte 15. juni 2011 og fatta følgjande vedtak:
«Kommunestyret i Askøy godkjenner søknaden om delvis bompengefinansiering av Askøypakken slik den foreligger pr. 02.06.11. Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å behandle den endelige søknaden nå denne foreligger oversendt fra Vegdirektoratet.
Innkreving av bompenger på enkelte strekninger kan over tid føre til utilsiktet endring av trafikkmønster. Enkelte veistrekninger uten bompenger kan få en høyere trafikkbelastning enn det de er beregnet for. Kommunestyret vil derfor evaluere trafikkbildet etter 3 år og vurdere tiltak dersom dette viser seg nødvendig for å dempe trafikken på enkeltstrekninger, av hensyn til trafikksikkerhet, bomiljø, myke trafikanter og trafikkavvikling.»
Endeleg bompengesøknad blei lagt fram for kommunestyret til møte 4. oktober 2012. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
«Kommunestyret i Askøy viser til sitt tidligere vedtak sak 13/10 vedr brukerbetaling av vegutbygging på Askøy, samt Kommunestyrets godkjenning av utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, sak 63/11. Med bakgrunn i de overnevnte vedtak, godkjenner Kommunestyret formuleringen i Søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken, dat. 27.09.2012.»
Fylkestinget i Hordaland behandla prinsippsak i møte 15. mars 2011 og fatta følgjande vedtak:
«1. Fylkestinget går inn for prinsippet om at prosjekta i Askøypakken kan delvis bompengefinansierast, i samsvar med det skisserte opplegget i «Utkast til søknad om delvis bompengefinansiering av Askøypakken», frå 01.02.2011. Fylkestinget gjer endeleg vedtak om å tilrå bompengefinansiering når endeleg søknad ligg føre og er lokalpolitisk handsama i Askøy kommune.
2. Fylkestinget går inn for at den fylkeskommunale delen av Askøypakken vert 200 millionar kr. Endeleg løyving og prioritering av tiltaka vert gjort i samband med handsaminga av fylkesbudsjett og økonomiplan.»
Fylkestinget i Hordaland behandla endeleg bompengesøknad i møte 12. desember 2012 og fatta følgjande vedtak:
«1. Fylkestinget godkjenner søknad om delvis bompengefinansiering av «Askøypakken» frå 27.09.2012, under føresetnad av at Samferdselsdepartementet tillet at Askøypakken kan gjennomførast uavhengig av ein eventuell komanande «regionpakke» for Bergensområdet.
2. Fylkestinget ber om at det vert etablert eit bompengeselskap for Askøypakken, der fylkeskommunen har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmer for fylkeskommunen.
3. Fylkestinget ber om at det vert oppretta eit kontaktutval med administrativ deltaking frå Statens vegvesen, bompengeselskapet for Askøypakken, Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune med mandat å sikra framdrift, gjennomføring og tilstrekkeleg finansiering for alle investeringsprosjekt/tiltak i Askøypakken.»