2 Programkategori 21.10 Administrasjon
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Staten sin eigarskap i Posten Norge AS blir forvalta av Samferdselsdepartementet. Samferdselsministeren er generalforsamling i selskapet. Postens dotterselskap ErgoGroup AS er fusjonert med EDB Business Partner ASA. I samband med fusjonsprosessen sommaren 2010 engasjerte Samferdselsdepartementet som eigar av Posten ein ekstern konsulent som rådgivar for departementet. Kjøpet av denne tenesta var nødvendig for at departementet som eigar i ein så vanskeleg og spesiell sak kunne gjennomføre ei forsvarleg saksbehandling. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1300, post 01 Driftsutgifter, med 2,25 mill. kr.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Kontingentane til dei internasjonale organisasjonane som Samferdselsdepartementet er medlem i, blir betalte i utanlandsk valuta. Frå kontingentane blei budsjetterte og fram til utbetalingstidspunktet har valutakursane blitt høgare for nokre organisasjonar. Vidare har det har vore ein reell auke i kontingentane til nokre organisasjonar. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1300, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 2,6 mill. kr.