4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 75 Kompensasjon til distrikta for skilnader i drivstoffprisar
Ved behandlinga av Prop. 1 S/Innst. 13 S (2009-2010) blei det løyvd 20 mill. kr til ei ny ordning med kompensasjon til distrikta for skilnader i drivstoffprisar. Organisering og regelverk var ikkje utgreidd da løyvinga blei vedteke. Ordninga er administrativt krevjande. Utforminga av ordninga er framleis ikkje ferdig. Før ordninga kan ta til å gjelde må også forholdet til statsstøtteregelverket avklarast. I Prop. 125 S (2009-2010) blei det gjort greie for arbeidet med å innføre ordninga og at ho kunne ta til å gjelde tidlegast 1. oktober 2010. Løyvinga blei derfor redusert med 15 mill. kr.
Utforminga av ordninga og avklaringa med ESA er framleis ikkje på plass. Ordninga vil derfor ikkje kome i gang i 2010. På denne bakgrunn foreslår departementet at løyvinga på kap. 1330, post 75 Kompensasjon til distrikta for skilnader i drivstoffprisar, blir redusert med 5 mill. kr, til kr 0.