5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350, post 02 Sal av utstyr og tenester mv., som er knytt til drift og vedlikehald, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 50 mill. kr, jf. omtalen av kap. 4350, post 02.
Kap. 1351 Persontransport med tog
Post 70 Kjøp av persontransport med tog
I tilknyting til kjøpsavtalen har det har vore ein del uoppgjorde saker mellom Samferdselsdepartementet og NSB AS som partane har avklart med eit nulloppgjer. Dette gjeld m.a. avvik mellom avtalt trafikkvolum og produsert togtrafikk, avvikskostnader på Jærbana i samband med bygginga av dobbeltsporet Sandnes – Stavanger og avklaring av resultatbasert tilskot for tidlegare år. Nulloppgjeret inneber at løyvinga for 2010 kan reduserast. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1351, post 70 Kjøp av persontransport med tog, med 51,1 mill. kr.
Kap. 4350 Jernbaneverket
Post 02 Sal av utstyr og tenester mv.
Jernbaneverket har inntekter frå sal av varer og tenester. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene varierer frå år til år, noko som gjer det vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa.
Sal av varer og tenester har i 2010 vore høgare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av budsjettet for 2010. Det auka salet har m.a. samanheng med høgare aktivitetsnivå i Jernbaneverket. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4350, post 02 Sal av utstyr og tenester mv., med 50 mill. kr.