6 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 1380 Post- og teletilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Ein gjennomgang av budsjettet for 2010 viser at Post- og teletilsynet har behov for færre medarbeidarar enn tidlegare lagt til grunn. Dette inneber at etaten vil ha lågare lønnskostnader, mindre vikarbruk og mindre overtidsbruk. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 6,9 mill. kr, jf. også omtale under kap. 4380, post 01 Diverse gebyr.
Kap. 4370 Posttenester (ny)
Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester
I 2009 blei det løyvd 518 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester, jf. St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 355 (2008-2009). Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette systemet viser eit faktisk behov i 2009 for 211 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 307 mill. kr lågare enn den vedteke løyvinga for 2009.
Tabellen nedanfor viser endringane.
Mill. kr | ||
---|---|---|
Løyving 2009 | Rekneskap 2009 | |
Meirkostnader posttenester | 345 | 308 |
Meirkostnader postkontornett/grunnleggande banktenester | 226 | 213 |
Sum meirkostnader ulønsame tenester | 571 | 521 |
- Einerettsoverskot | 53 | 310 |
Statleg kjøp | 518 | 211 |
Hovudårsaka til det reduserte behovet er at vinstane av kostnadseffektiviseringa kom tidlegare enn føresett og at Postens einerettsoverskot derfor auka. Det er òg nytta eit nytt og betre datagrunnlag for meirkostnadene for omdeling seks dagar i veka, og kostnader knytt til ekspedisjonsnettet. Raskare konvertering til Post i Butikk har òg gitt ein positiv effekt. Departementet legg opp til at Posten i 2010 betaler tilbake overkompensasjonen for 2009 på 307 mill. kr.
Det er naturleg at Posten betaler renter for den summen som selskapet har fått utbetalt for mykje. Posten fekk utbetalt halve løyvinga for 2009 pr. 1. juli 2009. Resten av løyvinga blei utbetalt i andre halvår 2009. Dette er lagt til grunn ved utrekninga av berekna rentebeløp på 10,53 mill. kr. Dette inneber at Posten i 2010 skal tilbakebetale i alt 317,53 mill kr som følgje av overkompensasjon ved statleg kjøp av post- og banktenester i 2009.
Departementet foreslår å løyve 317,53 mill kr på eit nytt kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.
Kap. 4380 Post- og teletilsynet
Post 01 Diverse gebyr
Post- og teletilsynet er sjølvfinansierande. Dette tilseier at løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, må reduserast med same beløp som løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, dvs. 6,9 mill. kr.
I samband med lønnsoppgjeret for 2010 er Post- og teletilsynet tildelt 2,05 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Som følgje av at etaten er sjølvfinansierande, skal løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, aukast tilsvarande, jf. praksis tidlegare år.
På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 4,85 mill. kr.