3 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Det har vore ekstraordinære utgifter på riksvegnettet knytt til utbetringar og reparasjon av skadar etter flaum og ras i Nord-Noreg tidlegare i år. Dette gjeld skadar som følgje av setningar og utvasking av delar av riksvegnettet og på Garrajohka bru på rv 93 i Alta kommune. Kostnadene er rekna til 25 mill. kr i 2010.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet m.m., med 25 mill. kr.
Realistisk budsjettering av inntekter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med 51 mill. kr, jf. omtalen under kap. 4320, post 03. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Statens vegvesen.
Oppsummering
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med i alt 76 mill. kr.
Post 30 Riksveginvesteringar
Nasjonal transportplan 2010-2019 og Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2010-2013 legg opp til ein vesentleg auke i rammene til riksveginvesteringar. Auken i ramma gjer at det er nødvendig med meir midlar til planlegging, slik at framdrifta i prosjekta kan halde fram.
For å setje Statens vegvesen i stand til å gjennomføre prosjekta i Nasjonal transportplan 2010-2019 er det nødvendig å auke løyvinga med 50 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 50 mill. kr.
Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester
Det er gitt fritak for den nye CO2-avgifta for gass til bruk i innanriks sjøfart. ESA har ikkje hatt innvendingar til dette fritaket. Innføringa av den nye CO2-avgiften medfører at energiavgifta på gass ikkje blir innført. I budsjettet for 2010 er det både over kap. 1320, post 72, og kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot, løyvd kompensasjon for energiavgift på gass. Dette er rekna til om lag 2,72 mill. kr over kap. 1320, post 72, og 0,1 mill. kr over kap. 572, post 60.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 72 Kjøp av ferjetenester, med 2,72 mill. kr.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap
Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap. Dette gjeld faktiske utgifter for skadar som køyretøy har påført m.a. vegutstyr. Refusjonane har ei tilsvarande utgiftsside. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.
Inntektene på post 03 er venta å utgjere om lag 80 mill. kr i 2010. Dette er 51 mill. kr meir enn det er budsjettert med. Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 51 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
E39 Hjartåberga i Møre og Romsdal - rassikring
Prosjektet er omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 232, Prop. 127 S (2009-2010), side 5, og Prop. 1 S (2010-2011), side 96 (tabell) og 97.
I Prop. 1 S (2010-2011) blei det opplyst at kommunestyret først kan behandle reguleringsplanen når kulturminnestyresmaktene har frigitt aktuelle kulturminne, truleg hausten 2010. I tabellen på side 96 blei styringsramma oppgitt til 482 mill. kr og kostnadsramma til 530 mill. kr, omrekna til 2011-prisnivå. Styrings- og kostnadsramma var usikker og førebels. Samferdselsdepartementet skulle kome tilbake til Stortinget så snart lokale avklaringar var på plass.
Volda kommunestyre godkjente reguleringsplanen i møte 14. oktober 2010. Vilkåra til kulturminnestyresmaktene er tekne inn i føresegnene til planen. Statens vegvesen har gått gjennom kostnadene etter godkjenninga av reguleringsplanen. Etter dette legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme på 469 mill. 2009-kr og ei kostnadsramme på 516 mill. 2009-kr. Omrekna til 2011-prisnivå er styringsramma 492 mill. kr og kostnadsramma 541 mill. kr.
Det blir lagt opp til anleggsstart i januar 2011. Prosjektet er planlagt opna for trafikk i 2013.
Fv 661 Straumsbrua i Skodje kommune i Møre og Romsdal
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 50 (2001-2002) gav Stortinget samtykke til å delfinansiere prosjektet rv 661 ny bru over Straumen i Skodje kommune i Møre og Romsdal med bompengar. Prosjektet var delt i fire byggetrinn for å spreie finansieringa over tid. Kostnadsoverslaget for heile prosjektet var rekna til 224 mill. 2002-kr, der 113 mill. kr eller om lag 50 pst. var føresett finansiert med bompengar. Omrekna til 2010-prisnivå blir opphavleg kostnadsoverslag 310 mill. kr, medan føresett bompengebidrag blir 156 mill. kr.
I St.prp. nr. 50 (2001-2002) var det lagt til grunn at bompengeselskapet skulle delfinansiere første byggetrinn, som omfattar ny bru over Straumen med tilførselsvegar til eksisterande veg og om lag 800 m ny veg på nordsida av brua. Resterande arbeid, dvs. andre, tredje og fjerde byggetrinn, var føresett finansiert ved statlege løyvingar innafor den fylkesfordelte ramma til øvrige riksvegar i Møre og Romsdal. I tillegg til å forskotere føresette statlege løyvingar til første byggetrinn, blei det også opna for at bompengeselskapet kunne forskotere statlege løyvingar til dei tre andre byggetrinna dersom økonomien i prosjektet skulle bli betre enn føresett.
Andre byggetrinn omfatta utbetring av dåverande rv 661 på strekninga mellom Straumsbrua og kryss med E39 på Digernesskiftet, inkl. nytt kryss og tunnel med tilførselsvegar. Tredje byggetrinn omfattar utbetring av dei gamle bruene som er av stor historisk verdi, medan fjerde byggetrinn omfattar miljø- og trafikktryggleikstiltak i Skodje sentrum.
Første og fjerde byggetrinn er ferdigstilte. Det er gjennomført nokre mindre tiltak knytt til andre byggetrinn (om lag 10 mill. kr). I St.prp. nr. 50 (2001-2002) var kostnadsoverslaget for første byggetrinn vurdert til 198 mill. kr, omrekna til 2010-prisnivå. I ettertid har det vist seg at kostnaden blei 141 mill. kr, noko som inneber ein reduksjon på 57 mill. kr. Kostnaden for fjerde byggetrinn blei 18 mill. kr, dvs. ein auke på 4 mill. kr. Samstundes er kostnadsoverslaget for andre byggetrinn auka med om lag 50 mill. kr, frå 84 mill. kr til 134 mill. kr. Kostnadsoverslaget for tredje byggetrinn er uendra og utgjer om lag 14 mill. kr. Totalkostnaden for alle fire byggetrinna er etter dette rekna til 307 mill. 2010-kr, dvs. ein reduksjon på 3 mill. kr samanlikna med overslaget i St.prp. nr. 50 (2001-2002).
Etter forvaltningsreforma har Møre og Romsdal fylkeskommune teke over ansvaret for dei strekningane som utbygginga omfattar. Ved behandlinga av handlingsprogram ”nye” fylkesvegar 2010-2013 for Møre og Romsdal har fylkeskommunen føresett at om lag 50 pst. av den samla utbygginga skal finansierast med bompengar. Attståande delar av andre og tredje byggetrinn er kostnadsrekna til 138 mill. 2010-kr. Fylkeskommunen har lagt til grunn at 55 mill. 2010-kr skal finansierast med bompengar. Dette vil gi eit samla bompengebidrag på 155 mill. kr, dvs. om lag som føresett til første byggetrinn i St.prp. nr. 50 (2001-2002). I tillegg kjem kostnader som følgje av forskotering av statlege og fylkeskommunale midlar.
Fylkeskommunen skal finansiere 83 mill. kr av den attståande utbygginga. I tillegg står det att å refundere 28,6 mill. kr til bompengeselskapet i 2011 og 2012. I 2010 blir det refundert 12,3 mill. kr. Vidare blei det refundert 12,3 mill. 2009-kr ved statlege løyvingar innafor den fylkesfordelte ramma til øvrige riksvegar for 2009. Statlege og fylkeskommunale midlar til prosjektet utgjer etter dette 137 mill. kr omrekna til 2010-prisnivå.
Med dei føresetnadene som låg til grunn for St.prp. nr. 50 (2001-2002), blei det rekna med ein bompengeperiode på 15 år. Med delfinansiering av andre og tredje byggetrinn som føresett av fylkeskommunen, er det rekna med at innkrevjinga kan avsluttast i mai 2011. Dette er om lag åtte år tidlegare enn opphavleg føresett. Ei viktig årsak til dette er at trafikken har vore vesentleg høgare enn rekna med då bompengesaka blei lagt fram for Stortinget i 2002. I tillegg kjem gunstige rentevilkår og reduserte kostnader ved første byggetrinn.
Lånet til bompengeselskapet, inkl. kostnader til riving av bomstasjonar og tilbakebetaling av aksjekapital, var nedbetalt i mars 2010, med unntak av den delen av gjelda som skal refunderast av fylkeskommunen i 2011 og 2012. Bompengeselskapet har no kravd inn om lag 20 mill. kr utover finansieringa av første byggetrinn. Disse pengane er kravd inn i strid med det som framgikk av St.prp. nr. 50 (2001-2002), der prosjektet blei presentert for Stortinget. Samferdselsdepartementet finn det uheldig at forslaget om utviding av bompengeopplegget til også å omfatte andre og tredje byggetrinn ikkje har blitt lagt fram for Stortinget tidlegare. Ein mellombels stans i bompengeinnkrevjinga no, i påvente av behandling i Stortinget, vil i alle høve ikkje vere rasjonelt, jf. at det sjølv med delfinansiering av andre og tredje byggetrinn er rekna med at innkrevjinga kan avsluttast i løpet av eit halvt års tid.
Samferdselsdepartementet tilrår at Stortinget sluttar seg til eit opplegg som inneber at også andre og tredje byggetrinn av prosjektet fv 661 Ny bru over Straumen i Skodje kommune blir delfinansiert med bompengar. Kostnadene ved attståande delar av utbygginga er som nemnd, rekna til 138 mill. 2010-kr og føresett finansiert med 83 mill. kr i fylkeskommunale løyvingar og 55 mill. kr i bompengar.
Departementet føreset at eventuelle kostnadsoverskridingar knytt til gjennomføringa av attståande delar av andre og tredje byggetrinn blir finansierte i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Følgjeleg skal kostnadsauke på inntil 10 pst. ut over ordinær prisstigning, finansierast av fylkeskommunen og bompengeselskapet etter same fordeling som i finansieringsplanen for den attståande utbygginga. Dette inneber at fylkeskommunen skal finansiere 60 pst. og bompengeselskapet 40 pst. av ein slik auke. Kostnadsauke ut over 10 pst. er fylkeskommunen sitt ansvar. Tilsvarande skal innsparingar på inntil 10 pst. fordelast mellom fylkeskommunen og bompengeselskapet etter same fordeling som i finansieringsplanen for den attståande utbygginga. Innsparingar ut over 10 pst. skal godskrivast fylkeskommunen.
NOx-kompensasjon for ferjer – presisering
NOx-kompensasjon til fylkeskommunane blei redusert i samband med Stortingets behandling av Prop. 125 S/Innst. 350 S (2009-2010). I omtalen i Prop. 125 S (2009-2010) blei det opplyst at av reduksjonen på 9,9 mill. kr til fylkeskommunane er 7,1 mill. kr ein reduksjon i kompensasjonen til Nordland fylkeskommune. Summen på 7,1 mill. kr gjeld reduksjon i NOx-kompensasjonen til Nordland fylkeskommune i tilknyting til fylkeskommunane sitt ansvar frå før forvaltningsreforma for lokale båtruter og fylkesvegferjer. I reduksjonen til fylkeskommunen på 9,9 mill. kr inngår det også ein reduksjon i NOx-kompensasjon til Nordland fylkeskommune på 0,871 mill. kr i tilknyting til ferjene i det nye fylkesvegnettet. Denne presiseringa var ikkje teken med i omtalen i Prop. 125 S (2009-2010). Samla reduksjon i NOx-kompensasjonen til Nordland fylkeskommune i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 blei derfor 7,971 mill. kr.