1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune. Prosjektet er første del av Vegpakke Saltens fase 2 (2a) og er mellom anna omtala i St.prp. nr. 61 (2006-2007), St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 og Prop. 1 S (2010-2011).
Prosjektet omfattar bygging av Tverlandet bru med tilførselsvegar. Eksisterande Hestsundet bru er nedklassifisert og stengt for trafikk, og det er bygd ei interimsbru for dagens trafikk. Lokalt er det ønskje om å gjennomføra prosjektet så raskt som mogleg. Det er derfor lagt opp til å byggja dette prosjektet før det blir tatt stilling til dei andre prosjekta i Vegpakke Salten fase 2 (2b).
Ny bru til Tverlandet med tilførselsvegar vil korta inn vegen mellom Løding og Bodø med om lag 2 km, og fjerna ei rasutsett strekning ved Hopshamran.
Det er rekna med anleggsstart på prosjektet sommaren 2011 og trafikkopning seint i 2013.