Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune i Nordland (Vegpakke Salten 2a) og om auke av fullmaktsgrensa for forskottering i 2011
I
Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av rv 80 Løding – Vikan. Vilkåra framgår av denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2011 kan inngå avtalar om forskottering av midlar til vegformål ut over gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringer, post 31 Rassikring, post 36 E16 Filefjell og post 37 E6 vest for Alta, likevel slik at samla, løpande refusjonsforpliktingar ikkje overstig 4 700 mill. kr. Forskotteringane skal refunderast utan kompensasjon for renter og prisauke.