7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Rv 80 mellom Fauske og Bodø er ei av dei mest trafikkerte riksvegstrekningane i Nordland, og vegen er viktig både for næringsliv og innbyggarar i regionen. Samferdselsdepartementet sluttar seg til dei lokale vedtaka og tilråding frå den eksterne kvalitetssikraren om val av vegstandard for brua, med dei føresetnadene som ligg til grunn.
Utbygging av rv 80 Løding – Vikan vil heva standarden og korta inn strekninga mellom Løding og Bodø sentrum med om lag 2 km. I tillegg vil utbygginga betra trafikktryggleiken ved at det rasutsette området i Hopshamran blir eliminert. Prosjektet vil og medføra at situasjonen for gåande og syklande blir kraftig forbetra, ved at det blir bygd 2,8 km sykkelveg på strekninga. Prosjektet vil gje samanhengande gang- og sykkelveg mellom Tverlandet og Bodø.
Dette inkluderer to undergangar for gåande og syklande. Vidare omfattar prosjektet bygging av ei ny busslomme på strekninga.
I det vidare arbeidet med Vegpakke Salten fase 2, må kollektivtilbodet viast spesiell merksemd.
Når det gjeld jernbanetiltak mellom Fauske og Bodø er det i St.meld. nr. 16 (2008-2009) NTP 2010-2019 lagt opp til å gjennomføra kapasitetsaukande tiltak og vurdera stasjonstiltak som opnar for ei vidare utvikling av Saltenpendelen. Dette er følgt opp ved at det er gjennomført sporomleggingar og plattformtiltak på Fauske stasjon, og det er gitt løyvingar til ombygging av godsterminalen i Bodø. Jernbaneverket arbeider med planar om forlenging av 3 nye kryssingsspor på strekninga Fauske-Bodø og etablering av haldeplassar på Tverrlandet og Reitan. Desse planane vil bli vurderte i samband med rullering av NTP 2014-2023. Prioriteringa av dei ulike tiltaka vil deretter bli vurderte i samband med dei årlege budsjettframlegga.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til lokale vedtak om rabattar på 10 og 20 pst. ved bruk av AutoPASS-brikke, avhengig av om det er inngått avtale om forskotsbetaling eller ikkje. Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen, er perioden med bompengeinnkrevjing rekna til 5 år. Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn føresett, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunna auka takstane med inntil 20 pst. utover ordinær prisstigning og forlenga bompengeperioden med inntil 5 år.
Samferdselsdepartementet har merka seg at både kommunen og fylkeskommunen føreset vidare utbygging av rv 80 gjennom ein andre del av Vegpakke Salten fase 2, og at bruk av både statlege midlar og bompengeinntekter blir vurderte i samband med utarbeiding av finansieringsopplegg for fase 2b og revisjon av Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023.