3 Kostnader, nytte og trafikkgrunnlag
Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring (KS) av prosjektet. Statens vegvesen er samd i tilrådingane i KS2-rapporten, og det er desse føresetnadene Samferdselsdepartementet legg til grunn her.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 515 mill. 2010-kr og ei kostnadsramme på 615 mill. 2010-kr. Omrekna til 2011-kr gir det ei styringsramme på 526 mill. kr og ei kostnadsramme på 629 mill. kr for prosjektet. Rammene er inkludert 5 mill. kr til etablering av bomstasjon. Samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet er rekna til -20 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,04 med netto nytte per budsjettkrone på -0,1.
Årsdøgntrafikken (ÅDT) i 2008 var på 8600 køyretøy, der tungtrafikken utgjorde 8 pst. Trafikkavvisinga er rekna til 6 pst. med ein takst på 20 kr for lette og 40 kr for tunge køyretøy. I opningsåret 2013 er det rekna med ein ÅDT på om lag 8600 køyretøy. Det vil seia at trafikkavvisinga med bompengar svarar til trafikkveksten frå 2008 til opninga av prosjektet. I innkrevjingsperioden er årleg trafikkvekst på Tverlandet bru rekna til 1,2 pst. Dette tilsvarar den forventa veksten i befolkninga i Bodø i perioden.