5 Finansieringsopplegg
5.1 Finansieringsplan
Prosjektet skal finansierast med statlege midlar og bompengar. Det er lagt opp til følgjande finansieringsopplegg:
Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan (Mill. 2011-kr)
2010-2013 | 2014-2019 | Sum | |
---|---|---|---|
Statlege midlar: | |||
- Post 30 Riksveginvesteringar | 124 | 90 | 214 |
- Post 31 Rassikring | 102 | 102 | |
Bompengar | 255 | -45 | 210 |
Sum | 481 | 45 | 526 |
5.2 Statlege midlar
I tråd med Statens vegvesen sitt handlingsprogram er det lagt til grunn 226 mill. kr i statlege løyvingar til prosjektet i perioden 2010-2013, fordelt med 124 mill. kr frå post 30 Riksveginvesteringar og 102 mill. kr frå post 31 Rassikring. I tillegg er det rekna med 90 mill. kr frå post 30 i perioden 2014-2019, inkludert 45 mill. kr som refusjon til bompengeselskapet for forskottering av delar av utbygginga.
Det vil bli inngått avtale om forskottering av 45 mill. kr som del av den ordinære avtalen med bompengeselskapet. Avtalen blir inngått før anleggsstart i 2011. Refusjon av dei 45 mill. kr skjer i 2014-2019.
Det vart løyvd 51 mill. 2011-kr til prosjektet over post 31 i 2010, og gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2010-2011) er det vedteke ei løyving på 40 mill. kr over post 31 for 2011. Prioriteringa av statlege midlar i 2010 og 2011 er under føresetnad av tilslutning til eit opplegg med delvis bompengefinansiering av prosjektet.
5.3 Bompengar
Det er lagt til grunn ein bompengeperiode på 5 år med etterskotsinnkrevjing frå seint i 2013 i ein automatisk bomstasjon ved Vikan, vest for Hopsfjorden. Det er lagt opp til innkrevjing i begge køyreretningar. Noverande rv 80 rundt Hopshamran vil bli stengt for gjennomkøyring.
I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt til grunn ein bompengetakst på 20 kr for lette køyretøy og 40 kr for tunge køyretøy i 2010-prisnivå. Bompengetakstane er føresett justerte i samsvar med prisutviklinga. Vidare er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke og avtale om forskottsbetaling. Det er føresett 10 pst. rabatt for alle passeringar med brikke utan avtale om forskottsbetaling. Vidare er det føresett fritak for betaling i samsvar med gjeldande retningslinjer.
Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som ligg til grunn for bompengevurderingane, vil trafikantane betala om lag 310 mill. kr i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 210 mill. kr gå til å dekkja anleggskostnader, om lag 15 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet og om lag 85 mill. kr til å dekkja finansieringskostnader.
Det er forventa eit bompengeuttak på om lag 80 mill. kr i 2011.
Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPass-løysing. Arbeidet pågår.
5.4 Eventuelle endringar i kostnader og/eller inntening
Eventuell kostnadsauke er føresett dekt i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Eventuell kostnadsauke opp til kostnadsramma skal finansierast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.
I vedtaket til Nordland fylkeskommune er det lagt til grunn at kostnadsauke ut over 10 pst. i forhold til styringsramma blir dekt av staten, jf. kapittel 4. Dette avvik frå dei gjeldande retningslinjene, der kostnadsramma set grensa for når kostnadsauke skal dekkast av staten. Kostnadsramma er i dette tilfellet nærare 20 pst. høgare enn styringsramma. Det blir lagt til grunn at Nordland fylkeskommune ikkje har innvendingar til at kostnadsendringar blir handterte i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt.
Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. tilkjem staten og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Kostnadsreduksjonar utover 10 pst. tilkjem staten.
Auka inntening eller lågare kostnader for bompengeselskapet enn opphavleg rekna med skal nyttast til å redusera innkrevjingstida. Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn føresett, vil bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kunna auka takstane med inntil 20 pst. utover ordinær prisstigning og forlenga bompengeperioden med inntil 5 år.
5.5 Andre føresetnader i finansieringsplanen
Følgjande føresetnader er lagt til grunn i finansieringsanalysen:
ÅDT på 8600 køyretøy i opningsåret
Årleg trafikkvekst på 1,2 pst.
2,5 pst. årleg prisstigning
Lånerente på 8 pst.
Innskottsrente på 4 pst.
Årlege innkrevjingskostnader på 3 mill. kr
Kostnad til etablering av bomstasjon på 5 mill. kr
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 5 år. Dersom det blir lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. og ei innskottsrente på 2,5 pst., er innkrevjingsperioden rekna til i underkant av 5 år. Med eit slikt rentenivå vil finansieringskostnadene bli reduserte med om lag 20 mill. kr, til om lag 65 mill. kr.
Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:
Kostnadsauke opp til kostnadsramma
ÅDT blir redusert med 10 pst. i opningsåret
Halvering av trafikkveksten
Innkrevjingskostnadene aukar med 50 pst.
Takstauke på 20 pst. utover prisstigning etter to år
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til vel 6 år.
5.6 Garantiar
Som det går fram av kapittel 4, har Bodø kommune og Nordland fylkeskommune fatta vedtak om garanti for ei lånegjeld på inntil 318 mill. kr. Den kommunale garantien er godkjend av fylkesmannen i Nordland. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantiane vil først komma til utbetaling dersom bompengelånet ikkje kan nedbetalast etter at takstane har auka med 20 pst. utover ordinær prisstigning, og bompengeperioden er forlenga med 5 år.