1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i Lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova). Det blir foreslått desse endringane:
I opplæringslova og i privatskolelova: Innføring av krav om at den som skal undervise, må ha relevant kompetanse i undervisningsfaget.
I opplæringslova og i privatskolelova: Lovfeste høve til å tilsetje nokon i undervisningsstilling på vilkår om at påbegynt utdanning blir fullførd.
I opplæringslova og i privatskolelova: Lovfeste høve til å organisere innføringstilbod til nykomne minoritetsspråklege elevar.
I opplæringslova og i privatskolelova: Innføring av ei eiga føresegn om opplæring ved behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
I privatskolelova: Innføring av føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar som tilbyr opplæring i små og verneverdige handverksfag.
Bakgrunnen for forslaga blir nærmare utdjupa i omtalen av dei enkelte forslaga i proposisjonen.
Departementet tek sikte på at lovendringane om kompetansekrav og tilsetjing på vilkår blir sette i verk 1. januar 2014. Departementet tek sikte på at forslaget om ei føresegn som gir høve til å godkjenne private skolar som tilbyr små og verneverdige handverksfag, blir sett i kraft 1. juli 2012. For forslaga elles tek departementet sikte på at dei skal bli sette i kraft 1. august 2012.