Forslag
til lov om endringer i barnelova
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:
§ 31 skal lyde:
§ 31 Rett for barnet til å vere med på avgjerd
Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.
Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd om personlege forhold for barnet, mellom anna om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.
§ 43 tredje ledd skal lyde:
Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for samvær. Dersom tilsyn blir sett som vilkår, kan retten utpeike ein person som skal føre tilsyn under samværet, eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene til tiltaka som er sett som vilkår for samvær etter denne føresegna.
Ny § 43 a skal lyde:
§ 43 a Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person
Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar for det, påleggje kommunal barnevernteneste eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn.
Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit.
Den kommunale barneverntenesta oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn.
Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barneverntenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast.
Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet med tilsynet og behovet til barnet.
Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka etter denne føresegna.
Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd.
Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.
§ 60 første ledd nytt fjerde punktum skal lyde:
Etter krav frå ein part skal retten i alle høve ta førebels avgjerd dersom det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.
§ 61 første ledd nr. 1 første punktum skal lyde:
1. Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det.
§ 61 første ledd nr. 3, 4 og 5 skal lyde:
3. Der det trengst, bør retten oppnemne sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av spørsmåla som saka reiser. Der det er satt fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding og saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst på anna måte, kan retten oppnemne ein sakkunnig.
4. Dommaren kan gjennomføre samtalar med barnet, jf. § 31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine. Der barnet har formidla meininga si, skal dommaren eller den dommaren peiker ut orientere barnet om utfallet av saka og korleis meininga til barnet har blitt teke omsyn til.
5. Retten kan i særlege høve, mellom anna når det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald eller på anna vis blir handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare, oppnemne ein advokat eller annan representant til å ta vare på interessene til barnet i samband med søksmålet. Den som er oppnemnd, kan samtale med barnet og skal gje slik informasjon og støtte som er naturleg. Advokaten eller representanten skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka. Når advokaten eller representanten er til stades i rettsmøta, kan han stille spørsmål til partar og vitne.
§ 61 andre ledd første punktum skal lyde:
Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første stykket nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 7.
Ny § 61 a skal lyde:
§ 61 a Fritak for teieplikt for barneverntenesta
Barneverntenesta kan uhindra av teieplikta etter barnevernloven § 6-7 gi opplysningar til domstolen i sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær.
§ 65 andre ledd skal lyde:
Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfyllinga av samværsretten er umogleg, mellom anna der det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre, tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.
II
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene til ulik tid.