Del 1
Innleiande del
1 Satsingsområde
1.1 Ein heilskapleg politikk for heile Noreg
Noreg er eit langstrakt land med store lokale forskjellar i samfunns- og næringsliv. Vi har eit velutvikla nasjonalt, regionalt og lokalt folkestyre og eit samfunn med høg tillit og relativt små forskjellar. Det er ein bærande idé i samfunnet vårt at innbyggarane, folket, skal kunne påverke utviklinga i samfunnet, nasjonalt, regionalt og lokalt. Det lokale folkestyret, både i kommunar og fylkeskommunar, gir innbyggarane innverknad på utviklinga av sine lokalsamfunn og si framtid. Motivasjonen for å delta i lokalpolitikken og i det lokale organisasjonslivet er ei gjensidig avhengigheit og solidaritet i samfunnet. Dei lokale folkevalte har òg den kunnskapen om dei lokale forholda som gjer det mogleg å tilpasse politikken til innbyggarane sine ønskjer og lokalsamfunnet sine føresetnader. Derfor er det viktig at einingane ikkje blir for store, og at dei omfattar eit geografisk område som er hensiktsmessig og som har lokal oppslutning. Dette fører til ein variasjon som er verdifull og som avspeglar ulike preferansar i befolkninga. Slik variasjon og mangfald er eit sjølvstendig mål.
Tenester nær folk i heile landet er eit grunnleggande mål for denne regjeringa. Kommunane har ansvar for mange av dei viktigaste velferdsoppgåvene, og bidrar til å sikre gode levekår og tilgang til grunnleggande tenester både i bygd og by i heile Noreg.
Det er kommunane som er best i stand til å vurdere kva som trengs mest i kommunen deira. Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart enkelt lokalsamfunn, tilpassa dei utfordringane ein står overfor. Derfor skal kommunesektoren i all hovudsak vere rammefinansiert og hovudsakeleg bli gitt frie midlar. Øyremerka tilskot skal som hovudregel berre gå til viktige nasjonale prioriteringsområde i ein oppstartsfase, eller finansiering av oppgåver som få kommunar har ansvar for. Regjeringa er oppteken av å gi kommunane handlingsrom til å løyse oppgåvene lokalt.
Rammefinansiering skal vere berebjelken i finansieringa av kommunesektoren. Inntektssystemet er viktig for å sikre eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. Regjeringa la i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 fram forslag om eit nytt inntektssystem for kommunane, jf. Innst. 440 S (2023–2024). Forslaget er mellom anna basert på NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene som vart levert i august 2022, innspel frå høyringa av NOU-en og måla i Hurdalsplattforma. Stortinget slutta seg til forslaget til regjeringa, og det nye inntektssystemet trår i kraft frå og med 2025.
Kommunane er ein berebjelke i velferdsstaten og inntektssystemet skal bidra til at kommunane kan løyse dei oppgåvene Stortinget har gitt dei. Derfor var det nødvendig med ei sterkare utjamning av inntektene gjennom inntektssystemet.
Endringane i inntektssystemet sikrar ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane, både gjennom endringar i skattegrunnlaga til kommunane og ved å auke utjamningsgraden i inntektsutjamninga. Det er òg gjennomført ei fagleg oppdatering av kostnadsnøklane i utgiftsutjamninga, samt endringar i dei regionalpolitiske tilskota for å sikre ei meir treffsikker fordeling av desse tilskota. I samband med omlegginga av inntektssystemet aukar regjeringa den økonomiske ramma til kommunesektoren. Av denne veksten vil 1,5 mrd. kroner bli fordelt særskilt slik at kommunar som både har låge skatteinntekter og låge inntekter utanfor inntektssystemet blir prioritert. I tillegg er kompensasjon til kommunar som tapar på endringane finansiert innanfor veksten.
Regjeringa foreslår ein vekst i frie inntekter på 6,8 mrd. kroner. Veksten blir fordelt med 5,15 mrd. kroner til kommunane og 1,65 mrd. kroner til fylkeskommunane. Kommunesektoren sine samla inntekter utgjer om lag 18,5 pst. av BNP for fastlands-Noreg. Om lag kvar femte sysselsette i landet er tilsett i kommunal sektor. Storleiken på kommunesektoren inneber at utviklinga i sektoren er av stor betydning for utviklinga i norsk økonomi, og sektoren sin samla ressursbruk har stor verknad på heilskapen i økonomien. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren er omtala i kapittel 2.
I møte med nye utfordringar skal offentleg sektor vere utviklingsorientert. Forsøksordninga for kommunar og fylkeskommunar, som regjeringa inviterte til i 2023, vil kunne bidra til å teste ut smartare organisering av kommunen sine oppgåver og verksemd.
Regjeringa vil fortsette å legge til rette for at omsynet til samane og dei nasjonale minoritetane blir i vareteke og at dei folkerettslege forpliktingane blir etterlevde. Det blir lagt til grunn at kommunar og fylkeskommunar på eige initiativ, og som del av lokaldemokratiet, følgjer opp forpliktingane sine overfor samar og nasjonale minoritetar.
1.2 Ein aktiv distriktspolitikk
Målet for distrikts- og regionalpolitikken er at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa arbeider for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur, og vil legge til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – Distriktspolitikk for framtida.
Regjeringa har tatt initiativ til å utforske bygdevekstavtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Ordninga har som føremål å legge til rette for styrkt utviklingskraft i utvalde distriktskommunar. Avtalene skal styrkje samordninga av offentlege aktørar på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Ved å bringe aktørane saman for å utforske nye løysingar på lokale utfordringar vil dette kunne kome fleire til gode. Dei fyrste avtalene vart signerte våren 2024.
Ein velfungerande bustadmarknad er ein føresetnad for nærings- og samfunnsutvikling i alle kommunar, og bustadmeldinga, som vart lagt fram våren 2024, inneheld derfor fleire tiltak for å styrkje bustadtilbodet og gjere det enklare å etablere seg i distrikta.
Forslag til nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet har ei tydelegare differensiering mellom regionar med større byar og distriktsområde. Kommunane skal ha handlingsrom til å kunne bestemme kvar nye bustader skal kunne byggast ut frå lokale føresetnader. I mindre tettstader og spredtbygde område skal det bli lagt til rette for å utvikle gode og attraktive lokalsamfunn med tilgang til bustader og tenester.
Eit variert og inkluderande kulturliv er òg viktig for å skape attraktive og levande lokalsamfunn. Regjeringa har som oppfølging av Hurdalsplattforma sett i gang arbeidet med å etablere regionale kulturfond, forvalta av fylkeskommunane og Oslo kommune. Desse fonda skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrkje samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv og bidra til høgare kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer, flyplassar, breiband og mobilnett bind Noreg saman og er viktig for busetting og arbeidsplassar i heile landet. Fylkesvegnettet er langt og samansett, og har ein avgjerande funksjon for samfunns- og næringsutviklinga. Regjeringa foreslår å styrkje ordninga med særskild fordeling til opprusting og fornying av fylkesveg med 300 mill. kroner i 2025. Midlane er ein del av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane, jf. kapittel 2. Auken er i tråd med prioriteringane i Nasjonal transportplan 2025–2036 og vil bidra til at fylkeskommunane kan forsterke innsatsen for å redusere etterslepet på fylkesvegane. Vidare foreslår regjeringa å avvikle tilskotet til fylkesvegar over budsjettet til Statens vegvesen (kap. 1320, post 65) og overføre midlane til rammetilskotet, med særskild fordeling til opprusting og fornying av fylkesvegnettet. Endringa vil gi større fridom til fylkeskommunane og redusere administrasjonskostnadane.
Regjeringa vil innføre krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester frå 2025. Som kompensasjon blir rammetilskotet til fylkeskommunane i 2025 auka med 50 mill. kroner som blir fordelt særskild. Regjeringa foreslår vidare å styrkje Hurtigbåtprogrammet i Miljødirektoratet med 200 mill. kroner i form av auka tilsegnsfullmakt i 2025 for å finansiere pilotstrekningar etter søknad og konkurranse.
Regjeringa har langt på veg sikra alle husstandar og verksemder i Noreg tilgang til høghastigheitsbreiband. For 2025 er det foreslått å løyve 415,6 mill. kroner til breiband i område utan grunnlag for kommersiell utbygging. Det skjer ei rask utbygging av femte generasjons mobilnett (5G), der den grunnleggande dekninga (basisdekning) har auka frå 23 pst. av befolkninga i 2021 til om lag 99 pst. i 2024.
Grøn omstilling og attraktive arbeidsplassar er viktig for framtida. Noreg treng næringar som gir landet verdiskaping og arbeidsplassar, som tek klimaomsyn og nyttar ressursane på ein berekraftig måte. Regjeringa vil legge til rette for at små og mellomstore verksemder i heile landet tek del i denne omstillinga. Ressursgrunnlaget som finst regionalt og lokalt er viktige føresetnader når nye og eksisterande næringar skal utviklast. Regjeringa meiner at det er viktig med lokal forankring for inntekter frå naturressursar, og varsla i Hurdalsplattforma at lokalsamfunn som stiller sine naturressursar til disposisjon for utbygging skal få meir igjen for det og sikrast ein rettmessig del av verdiskapinga. Grunnrenteskatt på havbruk og landbasert vindkraft er innført i 2023 og 2024, med fordeling til staten, vertskommunar, vertsfylke og kommunesektoren. I nytt inntektssystem blir dette følgt opp, ved at inntekter frå naturressursar som vasskraft, vindkraft og havbruk framleis blir halde utanfor inntektsutjamninga.
Næringsutvikling innafor dei grøne og blå næringane kjem heile landet til gode. Fylkeskommunane har ansvar for å legge til rette for verdiskaping og samfunnsutvikling i sitt fylke, og har ei viktig rolle knytt til utviklingsarbeid overfor kommunane og i regional kompetansepolitikk. Regjeringa er i gang med ei stortingsmelding om grønt industriløft. Departementa arbeider òg med å gjere ferdig regionvekstavtaler med pilotfylka Nordland og Rogaland, som begge har valt grønt industriløft som overordna tema for sine avtalar. Avtalane vil styrkje gjennomføringa av nasjonal politikk og forsterke rolla til fylkeskommunen som samfunnsutviklar.
Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for verdiskaping og sysselsetting i mange distriktskommunar. I Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket er auka sjølvforsyning eit viktig element i den samla satsinga på beredskap. I jordbruksavtala Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024) og i Reindriftsavtala (1. juli 2024–30. juni 2025) vart partane samde om ein vesentleg auke utover satsinga dei to siste åra. Regjeringa skal styrkje tilskot som bidreg direkte til å betre produsentøkonomien, og foreslår mellom anna eit tilskot til næringsmiddelverksemder i Troms og i Finnmark. Regjeringa styrkjar i tillegg si satsing på berekraftig matproduksjon og verdiskaping.
Det å styrkje berekrafta og lønnsemda i reiselivet er viktig for denne regjeringa. Eit anna viktig mål er aktivitet i heile landet, gjennom heile året. Regjeringa er opptatt av reisemål som både er attraktive og tek vare på natur og lokalsamfunn, og vil mellom anna gjennomføre eit pilotprosjekt med lokale besøksbidrag, der kommunane i samarbeid med næringslivet kan tilpasse innrettinga lokalt.
Regjeringa arbeider for å sikre kompetanse og gode velferdstenester i heile Noreg. God samfunnsplanlegging er ein føresetnad for utvikling av gode kommunale tenester. I Møre og Romsdal har statsforvaltar, fylkeskommunen og Distriktssenteret saman utarbeidd ein pilot for eit fagprogram om samfunnsplanlegging, retta mot folkevalte i utvalde distriktskommunar i fylket. Helse- og omsorgsdepartementet har tatt initiativ til eit samarbeid for utvikling av ein tilleggsmodul i programmet, om korleis planlegging i helse- og omsorgssektoren kan inngå i den heilskaplege, kommunale samfunnsplanlegginga.
Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet fremjar tiltak for utdanningar som spelar ei nøkkelrolle i samfunnet, slik som lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar. Ein av ambisjonane er auka bruk av praksisplassar, særleg i distrikta. I Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning legg regjeringa fram forslag til endringar i regelverk for opptak til høgare utdanning. Endringane skal få fleire raskare i gang med utdanning og bidra til auka rekruttering til lærar- og sjukepleiarutdanningane.
Regjeringa vil våren 2025 legge fram ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning, som mellom anna skal sjå på den kompetansepolitiske rolla til fylkeskommunen. I meldinga skal det vurderast korleis yrkesfagleg utdanning best kan møte kompetansebehova framover. Regjeringa satsar på desentralisert og fleksibel utdanning mellom anna gjennom studiesenter, som mobiliserer til utdanning lokalt og legg til rette for relevante utdanningstilbod.
Eit anna mål er å få fleire i arbeid. Kombinasjonen av høg etterspørsel etter arbeidskraft og færre folk i arbeidsdyktig alder i distrikta, gjer at tiltak for å få fleire utanfor arbeidslivet i jobb vil bli særleg viktig for distrikta framover. Regjeringa la i juni fram ei stortingsmelding om arbeidsmarknadspolitikken med eit konkret mål om at sysselsettingsdelen i Noreg innan 2030 skal vere 82 pst. i aldersgruppa 20–64 år.
Regjeringa ønskjer vidare ei meir balansert utvikling i landet. Lokaliseringspolitikken har som mål å sikre ei god fordeling av statlege arbeidsplassar over heile landet. Dette bidrar til å utvikle robuste arbeidsmarknadar i alle regionar og gir tilgang til statlege tenester. I si utgreiing omtalar Distriktsnæringsutvalet (NOU 2020: 12) utviklinga til offentlege arbeidsplassar i distriktskommunane. Utvalet viser til at samstundes som sysselsettinga i staten veks, så er den relative delen sysselsette i distrikta blitt lågare. Talet på statlege sysselsette, fordelt etter bustad, er betydeleg lågare i mindre sentrale kommunar enn i meir sentrale kommunar, som vist i kap. 16.4 i kommuneproposisjonen for 2025. Derfor ønskjer regjeringa å lokalisere fleire statlege arbeidsplassar utanfor dei største byane, og å legge betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Det kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen på kompetansearbeidsplassar i distrikta. Ambisjonen er auka bruk av stillingar i staten som blir lyste ut med høve til desentralisert arbeid.
Med pilot nærtenestesenter vil regjeringa i samarbeid med kommunane teste ut ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i område der innbyggarane har lang reiseveg til desse tenestene. Regjeringa har oppretta nye polititenestestader, passkontor og tingrettar.
Merkur-programmet er eit viktig verkemiddel for å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk av god kvalitet. Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår derfor å auke tilskotet i 2025.
I langtidsplanen for forsvarssektoren legg regjeringa opp til eit kraftig forsvarsløft for å styrkje evna til å forebygge, avverje og handtere krise og krig. Regjeringa vil satse på eit sterkt forsvar i heile landet ved å auke bemanninga og styrkje drifta, ikkje minst i nordområda og Finnmark. Langtidsplanen vil krevje store ressursar, fleire tilsette og store investeringar. Dette kan gi store verknader for busetting og næringsutvikling i lokalsamfunn over heile landet dersom forholda leggast til rette og handlingsrommet blir utnytta.
Regjeringa legg til rette for aktivitet og busetting i Nord-Noreg. Fleire ordningar tek omsyn til dei spesielle utfordringane i Nord-Noreg. Det er òg fleire tiltak som er retta mot landsdelen spesielt. Regjeringa har i regjeringsperioden styrkt dei personretta ordningane i innsatssona for Nord-Troms og Finnmark, og har mellom anna innført gratis barnehage, auka Finnmarksfrådraget og gjeldsletta for studielån. Det blir etablert ein «sonekalkulator» som skal synleggjere dei økonomiske fordelane ved å bu i denne delen av landet (sjå meir under del 3 Nordområdepolitikken).
Det er strategisk viktig for Noreg at det er aktivitet og busetting i Aust-Finnmark. Regjeringa arbeider for meir langsiktig og kontinuerleg samarbeid mellom departementa – og med regionale og lokale aktørar – om innsats for utvikling i Aust-Finnmark. Det er etablert tverrsektorielt arbeid for å vurdere utfordrings- og målbiletet, og behovet for samordna innsats i Aust-Finnmark. Regjeringa vil invitere Finnmark fylkeskommune, Sametinget og kommunane i Aust-Finnmark til jamleg politisk dialog. Regjeringa foreslår å løyve midlar til kommunale næringsfond og omstilling i kystkommunar i Finnmark som no opplever utfordringar som følgje av nedgangen i fiskekvotar.
Ei viktig ordning i distriktspolitikken er den differensierte arbeidsgivaravgifta, med nullsats i innsatssona i Nord-Troms og Finnmark og låg avgift i landsdelen elles. Provenytapet av dette tiltaket er estimert til om lag 24,3 mrd. kroner i 2025, sjå vedlegg 1. Regjeringa har auka fribeløpet kraftig innafor ordninga, frå 500 000 kroner til 850 000 kroner.
1.3 Ein heilskapleg bustadpolitikk
Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga – ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet. Målet for den fornya bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet.
Gjennom bustadpolitikken vil regjeringa legge til rette for velfungerande bustadmarknadar slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Bustadpolitikken skal bidra til å redusere og jamne ut sosiale og geografiske forskjellar og legge til rette for at bustadmarknaden gir minst mogleg miljø- og klimabelastning.
Dei fleste bur godt og trygt i Noreg i dag, og regjeringa meiner at den norske bustadmodellen i all hovudsak er vellukka. Fire av fem bur i ein bustad dei eig. Fram til starten av 2022 var det òg ei positiv utvikling i den bustadsosiale politikken. Færre vart vanskelegstilte på bustadmarknaden, og talet på bustadlause var historisk lågt.
Den siste tida har gitt ein meir krevjande bustadsituasjon for mange. Det er blitt dyrare å bu, og auka kostnader har gjort buutgiftene meir krevjande å handtere for mange. Det har vore ein nedgang i bustadbygginga, og presset i leigemarknaden er høgt fleire stader i landet. Det er òg indikasjonar på at talet på bustadlause aukar. Bustadmarknaden i byane og befolkningstette områder er prega av høge bustadprisar og stort press på leigemarknaden. Fleire slit med å få kjøpt eller leigd ein eigna bustad, fleire bur trongt, og det er større utfordringar med opphoping av dårlege buforhold og levekår. Bustadmarknadane i distrikta er ofte prega av eit einsidig tilbod av einebustader, låg omsetjingstakt, få nye bustader og lite fornying av bustadene.
I bustadmeldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken:
Fleire skal få høve til å eige eigen bustad.
Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg.
Ta vare på bustadane vi har, og bygge dei vi treng.
Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.
I meldinga foreslår regjeringa tiltak som gir fleire høve til å eige eigen bustad både i by og bygd. Regjeringa vil, mellom anna, gjere startlån meir treffsikkert, både i distrikt og i pressområde. Regjeringa vil setje i gang eit forsøk der kommunane kan gi startlån til husstandar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som kommunane gir startlån til i dag. Regjeringa sende våren 2023 på høyring eit forslag om å gjere endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova for å legge betre til rette for bruk av leige- til eigemodellar og andre bustadkjøpsmodellar, og for å styrkje forbrukaromsynet i slike modellar. Regjeringa tek sikte på å følgje det opp og legge fram ein stortingsproposisjon i 2025. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa òg eit nytt tilskot til etablering og tilpassing i distriktskommunar.
Byggenæringa har ei stund møtt utfordringar med høge byggekostnader og redusert sal av nye bustader. Når få ønskjer å kjøpe nye bustader, kan ikkje næringa starte opp nye prosjekt. Det gjer at bustadbygginga blir sterkt påverka av konjunkturane. Lån frå Husbanken går til å finansiere bustader som samfunnet treng, for eksempel utleigebustader til vanskelegstilte, miljøvennlege bustader og livsløpsbustader. I desse tider kan låna òg bidra til å halde hjula i næringa i gang, redusere talet på konkursar og til at byggenæringa kan halde på kvalifisert arbeidskraft. Regjeringa foreslår å vidareføre Husbanken si låneramme på 29 mrd. kroner frå saldert budsjett for 2024.
Regjeringa ser behov for forenklingstiltak i alle ledd i plan- og byggesaksprosessen og foreslår derfor ei rekke tiltak i 2025 for å gjere prosessane billigare og raskare. For å fremje klimavennleg byggeverksemd har regjeringa invitert byggenæringa til dialog om ein klimapartnarskapsavtale. Dette vil vere eit forpliktande trepartsamarbeid med arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar. Klimapartnarskapet skal vere ein arena for dialog om kva som skal til for å for å redusere klimafotavtrykket frå bygging. Samarbeidet skal bidra til felles forståing, føreseielege rammevilkår og legge til rette for at tiltak og verkemiddel fungerer etter intensjonen.
Regjeringa vil vidare gi kommunane betre føresetnader for å ta ei aktiv bustadpolitisk rolle og har hatt på høyring eit lovforslag om å gi kommunane høve til å stille krav om bustadsamansetning i nye bustadprosjekt.
Nær ein million leiger bustaden dei bur i. Regjeringa legg i budstadmeldinga fram ein fornya leigemarknadspolitikk og foreslår fire mål for leigemarknaden: trygge leigeforhold, eit tilstrekkeleg tilbod av utleigebustader, solid kunnskap om leigemarknaden og ein berekraftig kommunal utleigesektor. Det skal vere føreseieleg både å leige og leige ut bustad. Regjeringa fornyar husleigelova, forbetrar bustøtta og reduserer talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, vart bustøtta vesentleg styrkt gjennom ei rekke tiltak som regjeringa foreslår å vidareføre i budsjettet for 2025. Dei årlege buutgiftstaka er auka med 4 000 kroner og berekninga av eigendelen er forenkla. I tillegg vart det vedtatt at inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar ikkje skal telje med når bustøtta til ein husstand blir berekna. Alle mottakarar som ikkje har oppvarming inkludert i husleige eller fellesutgifter får eit årleg tillegg på over 7 000 kroner i buutgiftene når bustøtta blir utrekna. Regjeringa vil òg satse på forsking for å skaffe meir kunnskap om leigemarknaden og leigeprisar og vil gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden.
Regjeringa vil bidra til fleire rimelege utleigebustader og har gjennom boligdugnaden.no lagt til rette for at fleire private leiger ut. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, vart det einigheit om at regjeringa skal sende på høyring endra retningslinjer for tildeling av Husbanklån til studentbustader, slik at òg ideelle stiftelsar får rett til Husbanklån til bygging av studentbustader.
Husbanken har utvikla eit nytt digitalt fagsystem, Kobo, for å søkje, tildele og administrere kommunale utleigebustader. Kobo gjer det enklare for kommunane å finne rett bustad til kvar enkelt søkjar. Husbanken tilbyr Kobo til alle kommunar.
Regjeringa vil forsterke innsatsen for dei aller mest vanskelegstilte på bustadmarknaden. Staten vil støtte kommunane i deira bustadsosiale arbeid gjennom Husbanken. Mange får hjelp til ein betre busituasjon gjennom bustadsosiale verkemiddel som kommunale utleigebustader, startlån og bustøtte. Men for nokre er ikkje bustadsosiale tiltak og verkemiddel nok, og dei har behov for ytterlegare tiltak og innsats frå fleire sektorar og forvaltingsnivå.
1.4 Berekraftig samfunnsutvikling
Kommunar og fylkeskommunar er avgjerande for å realisere ei berekraftig utvikling, gjennom ansvaret deira for mellom anna samfunnsutvikling, tenesteyting og planlegging.
Regjeringa la i juni 2023 fram nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging for perioden 2023–2027. Regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla, nasjonale klima- og miljømål og lokalt folkestyre til grunn for samfunns- og arealplanlegginga, og legg til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet. Gode lokalsamfunn er grunnsteinane i ei berekraftig utvikling, og det er viktig å motverke sentralisering som svekker lokale tenester og tilbod. Levande distrikt er òg avgjerande for å sikre matproduksjon og at jordbruksareala blir halde i drift. Godt kommunalt og regionalt planarbeid er viktig for å få til ønska samfunnsutvikling. Målet er å praktisere ein differensiert arealpolitikk slik at den er tilpassa lokale og regionale forhold, og legge til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ befolkningsutvikling.
Kommunane har eit stort ansvar for berekraftig planlegging som tek omsyn til sosiale, miljømessige og økonomiske behov for innbyggarar, natur og næringsliv. Plan- og bygningslova gir fylkeskommunane og kommunane fleksibilitet til å tilpasse planlegginga til behovet. Det er viktig at dette handlingsrommet blir utnytta for å legge til rette for ønska utvikling, samstundes som planlegginga ikkje blir gjort meir omfattande enn nødvendig. Statlege og regionale styresmakter skal legge vekt på lokaldemokratiet når dei vurderer om det skal leggast fram ei motsegn. Statsforvaltaren skal ha god kjennskap til dei ulike kommunanes eigenart, samt styrkar, svakheiter og behov. Statsforvaltaren har ei viktig rolle som aktiv støttespelar for utvikling i kommunane og skal medverke til gode, lokalt tilpassa løysingar. Kommunane og lokalsamfunna står overfor svært ulike utfordringar. Det er stor forskjell mellom område med sterk befolkningsvekst og område med nedgang i befolkning. Kommunane har derfor ulike behov for bistand og rettleiing i utviklinga si.
Regjeringa vil legge fram nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet som skal erstatte Statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Dei nye retningslinjene har vore på høyring våren 2024. Arealpolitikken skal bli praktisert slik at den er tilpassa regionale og lokale forhold, og slik at det kan leggast til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folkesetnaden. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle små og store lokalsamfunn, og det skal leggast til rette for meir bustadbygging i område med lav befolkningstettleik. I område med lågt utbyggingspress, lågt folketal eller negativ befolkningsutvikling skal dei bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn og legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling. Det er ei tydeleg målsetting å styrkje jordvernet.
I forslaget til nye planretningslinjer står det at potensialet for fortetting og transformasjon skal kartleggast og bør utnyttast før det blir vurdert å ta i bruk dyrka eller dyrkbar jord til utbyggingsføremål. Arealbruken skal òg bidra til å redusere tapet av naturmangfald og friluftsområde. Fortettingspotensialet i fritidsbustadområde skal derfor kartleggast og bør utnyttast før det blir lagt til rette for utviding av eksisterande fritidsbustadområde og utbygging i potensielt nye område.
I dei store byområda er det vekst og press på areal og på transportsystema. I befolkningstette område skal retningslinjene derfor mellom anna bidra til effektiv arealbruk gjennom samordning av utbyggingsmønster og transportsystem.
Byvekstavtalene eit viktig verkemiddel for å sikre ei naudsynt samordning av transport- og arealutviklinga. Regjeringa prioriterer no nye avtalar i dei mellomstore byområda Nedre Glomma og Kristiansand-regionen, i tillegg til byvekstavtalen i Tromsø. Regjeringa samarbeider òg med dei mellomstore byane gjennom bypakkar og tilskot til ein miljøvennleg transportpolitikk
I arbeidet med byvekstavtaler i dei store byane skal hovudtyngda av vekst i bustader og arbeidsplassar kome i, eller i nærleiken av, større knutepunkt for å bygge opp under nullvekstmålet, med dei tilpassingane som følgjer av kvar enkelt avtale. Utbyggingsmønster og transportsystem må samordnast for å oppnå løysingar som er arealeffektive, samfunnsøkonomisk lønsame, og som legg til rette for miljøvennleg transport. Planlegginga skal bidra til å styrkje kollektivtransport, sykkel og gonge som transportform.
Kommunesektoren har ei viktig rolle i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, skal bidra til å tilpasse samfunnet til klimaendringane og ta vare på natur. Våren 2024 sendte regjeringa nye statlege planretningslinjer for klima og energi på høyring. Retningslinjene tydeleggjer korleis kommunane skal ta klimaomsyn og legge til rette for energiomstilling. Regjeringa planlegg å legge fram stortingsmeldingar om både klima- og naturpolitikken inneverande stortingsperiode. Sjå òg omtale i del III om klima- og miljøpolitikk.
Oslo, Stavanger og Trondheim kommunar har søkt og er valt ut av EU-kommisjonen til å delta i samfunnsoppdraget «Klimanøytrale og smarte byar». Regjeringa vil støtte opp om dette arbeidet.
I enkelte byar og område med ein konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Områdesatsingane er viktige for å bidra til gode bu- og levekår for alle. Regjeringa har derfor styrkt arbeidet med områdesatsingar, og satsar no på langt fleire område over heile landet, sjå nærare omtale under kap. 590, post 65.
Kommunal- og distriktsdepartementet støttar opp om planarbeidet i fylkeskommunane og kommunane gjennom kompetansetiltak, kunnskapsdeling og ved å utvikle nye verktøy. Det er over heile landet tilbod om rettleiing og etter- og vidareutdanning, i samarbeid med offentlege og private aktørar. Regjeringa oppmodar kommunane til samarbeid gjennom interkommunale plankontor og andre former for interkommunalt plansamarbeid for å styrkje kapasiteten og kompetansen til å drive samfunnsutvikling. Våren 2024 utarbeida departementet ein startpakke med rettleiing spesielt retta mot nytilsette planleggarar. Denne er tilgjengeleg på planlegging.no.
Det politiske ansvaret for dei bygde omgivnadene er fordelt på mange departement. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer den nasjonale arkitekturpolitikken, og leiar arbeidet med den vidare utviklinga av denne. Ei interdepartemental gruppe for arkitektur leverte i 2024 sin rapport med anbefalingar om nye verkemiddel for betre kvalitet i dei bygde omgivnadene. Målsettinga er ein samla og målretta nasjonal politikk for kvalitet i dei bygde omgivnadene som bidrar til berekraftig utvikling, og som gir samfunnet meirverdi.
Det er behov for å styrke sikkerheita knytt til det nasjonale eigedomsregisteret. I tillegg er det behov for å auke løyvinga til Kartverket for å sikre at fellesløysingane i den geografiske infrastrukturen for deling av kart og eiendomsdata blir heldt ved like. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Kartverket med til saman 80 mill. kroner. Eit sikrare eigedomsregister og ei effektiv forvalting og fordeling av geografiske data vil gi betre beredskap.
Det blir vist til omtale i del III pkt. 7 om oppfølging av berekraftsmåla i Kommunal- og distriktsdepartementet.
2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren
2.1 Kommunesektoren sine inntekter i 2024
I saldert budsjett for 2024 vart det lagt opp til ein realvekst i dei frie inntektene på 6,4 mrd. kroner rekna frå inntektsnivået i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Rekna frå anslag på rekneskap for 2023, der ein tok omsyn til auka skatteanslag i 2023 knytt til inntekt og formue på om lag 4,1 mrd. kroner, vart veksten rekna til 2,2 mrd. kroner.
I Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024 vart realveksten i dei frie inntektene til kommunesektoren i 2024 rekna til -1,0 mrd. kroner. Ein må sjå dette i samanheng med meirskattevekst knytt til inntekt og formue mot slutten av 2023 på om lag 3 mrd. kroner.
Realveksten i dei frie inntektene er no rekna til -4,0 mrd. kroner. Dette kjem av at skatteinntektene til kommunesektoren i 2024 er rekna til å bli 2,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2024. Samstundes er kostnadsveksten for 2024 justert opp frå 4,3 pst. i revidert nasjonalbudsjett 2024 til 4,4 pst. Dette trekker isolert sett inntektsveksten i 2024 ned med 0,5 mrd. kroner.
2.2 Kommunesektoren sine inntekter i 2025
Signal i kommuneproposisjonen
I kommuneproposisjonen for 2025 la regjeringa opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 6,4 mrd. kroner. Det vart lagt opp til at kommunane skulle få 5,0 mrd. kroner av den samla veksten i frie inntekter, medan fylkeskommunane skulle få 1,4 mrd. kroner av veksten. Vidare vart det varsla at dersom anslaga for kostnadane til demografi og pensjon skulle bli vesentleg annleis enn lagt til grunn i kommuneproposisjonen for 2025, kunne forslaget til vekst i frie inntekter i statsbudsjettet for 2025 bli annleis.
I kommuneproposisjonen for 2025 vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine demografikostnadar på 4,3 mrd. 2024-kroner. Av dette var 3,6 mrd. kroner knytt til tenester som blir finansiert av dei frie inntektene, tilsvarande 3,7 mrd. 2025-kroner, fordelt med 2,5 mrd. kroner på kommunane og 1,2 mrd. kroner på fylkeskommunane. Vidare vart det anslått ein vekst i kommunesektoren sine samla pensjonskostnader på om lag 0,2 mrd. kroner utover anslått lønnsvekst i 2025.
Nye anslag for meirkostnader til demografi og pensjon
Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) oppdaterte anslaget for demografikostnader i juni 2024. Det nye anslaget er uendra samanlikna med kommuneproposisjonen for 2025.
Departementet laga i august 2024 nytt anslag for veksten i kommunesektoren sine pensjonskostnader basert på oppdaterte tal frå pensjonsleverandørane. Anslaget viser ein negativ vekst utover anslått lønsvekst på om lag 0,5 mrd. kroner. Det er 0,7 mrd. kroner lågare enn anslått til kommuneproposisjonen for 2025. Anslaget inkluderer ikkje effekten av ny offentleg AFP som vert innført frå 1. januar 2025. Ny offentleg AFP vil inngå i pensjonspremiane som kommunesektoren skal betale i 2025.
I september 2024 fekk departementet informasjon som indikerer at effekten av ny offentleg AFP på pensjonskostnadene vil bli betydeleg. Informasjonen kom for seint til å kunne bli innarbeid i budsjettala, samstundes som det var uvisse rundt grunnlaget for berekning av kostnadene. Departementet har i rundskriv om berekningsføresetnader for pensjonskostnadene for rekneskapsåret 2025 av 10. september 2024 fastsett at ny offentleg AFP inntil vidare ikkje skal inkluderast i kommunesektoren sine pensjonskostnader for 2025. Departementet har i rundskrivet uttrykt at det kjem tilbake til implementeringstidspunktet for ny offentleg AFP.
Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 kome tilbake med oppdatert anslag for meirkostnadene til pensjon inkludert effekten av ny offentleg AFP. Regjeringa vil i revidert nasjonalbudsjett for 2025 sikre at kommunesektoren kan innarbeide ny offentleg AFP i sine pensjonskostnader i 2025. Regjeringa vil i sitt framlegg til revidert nasjonalbudsjett ta utgangspunkt i oppdatert anslag for meirkostnader til pensjon for å dekke ei auke i desse, men vil òg gjere ei samla vurdering av kommunesektoren sin økonomi. Departementet legg opp til å fastsetje revidert rundskriv om berekningsføresetnader for 2025 etter Stortinget si behandling av Revidert nasjonalbudsjett 2025.
Vekst i frie inntekter
Regjeringa legg no opp til ein realvekst i sektoren sine frie inntekter på 6,8 mrd. kroner, noko som svarer til ein realvekst på om lag 1,3 pst. Veksten er 0,4 mrd. kroner høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen. Samstundes er anslaget for meirkostnadene til pensjon om lag 0,7 mrd. kroner lågare. Til saman gir dette kommunesektoren eit handlingsrom som er 1,1 mrd. kroner høgare enn det som vart lagt til grunn i kommuneproposisjonen.
Regjeringa er kjent med at mange kommunar og fylkeskommunar opplever den økonomiske situasjonen som krevjande. Det tek regjeringa på alvor. I 2023 var driftsresultata for kommunesektoren under tilrådinga frå TBU, og i tillegg har forskjellen i driftsresultat mellom kommunane auka. For 2024 tilseier mellom anna lågare anslag for skatteinngang og høgare anslag for kostnadsvekst enn tidlegare lagt til grunn, at driftsresultata for kommunane kan bli svake. I arbeidet med 2025-budsjettet har det derfor vore viktig for regjeringa å gi sektoren eit større handlingsrom enn det som vart signalisert i kommuneproposisjonen.
Regjeringa foreslår at veksten på 6,8 mrd. kroner blir fordelt med 5,15 mrd. kroner til kommunane og 1,65 mrd. kroner til fylkeskommunane.
Innanfor veksten til kommunane er om lag 1,7 mrd. kroner grunngitt med omlegginga av inntektssystemet til kommunane, 250 mill. kroner er grunngitt med bemanning i barnehagar, medan 150 mill. kroner er grunngitt med opptrappingsplanen for psykisk helse. Satsinga på psykisk helse er ny samanlikna med kommuneproposisjonen.
Innanfor veksten til fylkeskommunane er 300 mill. kroner grunngitt med opprusting og fornying av fylkesvegnettet.
Med den foreslåtte veksten vil kommunesektoren få eit handlingsrom utover demografi og pensjon på 3,6 mrd. kroner, sjå tabell 2.1. Av dette vil kommunane få eit handlingsrom på 3,1 mrd. kroner, noko som er 0,8 mrd. kroner høgare enn handlingsrommet som vart lagt til grunn i kommuneproposisjonen. Fylkeskommunane vil få eit handlingsrom på 0,5 mrd. kroner, noko som er 0,3 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i kommuneproposisjonen.
Inntektsveksten er rekna frå inntektsnivået i 2024 slik det vart anslått etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2024. Lågare skatteinngang i 2024 på 2,5 mrd. kroner etter revidert nasjonalbudsjett vil derfor ikkje påverke nivået på frie inntekter i 2025.
Ved berekning av realvekst i kommunesektoren sine inntekter i 2025 er det lagt til grunn ein pris- og lønsvekst på 4,1 pst. frå 2024 til 2025.
Tabell 2.1 Auka handlingsrom for kommunesektoren i 2025. Mrd. 2025-kroner
Vekst i frie inntekter | 6,8 |
-Meirkostnader til demografi | 3,7 |
-Meirkostnader til pensjon | -0,5 |
Handlingsrom etter demografi og pensjon1 | 3,6 |
1 Innanfor veksten til kommunane er om lag 1,7 mrd. kroner grunngitt med omlegginga av inntektssystemet til kommunane, 250 mill. kroner er grunngitt med bemanning i barnehagar, medan 150 mill. kroner er grunngitt med opptrappingsplanen for psykisk helse. Satsinga på psykisk helse er ny samanlikna med kommuneproposisjonen.
Innanfor veksten til fylkeskommunane er 300 mill. kroner grunngitt med opprusting og fornying av fylkesvegnettet.
Nærare om realveksten i samla inntekter
I tabell 2.2 er realveksten i kommunesektoren sine samla inntekter på 10,2 mrd. kroner dekomponert.
Ved pålegg om nye eller utvida oppgåver for kommunesektoren, avvikling av oppgåver eller regelendringar som har økonomiske konsekvensar, blir kommunesektoren kompensert eller trekt i frie inntekter basert på endring i økonomisk belastning. Desse endringane blir halde utanom berekna vekst i frie inntekter, men inngår i veksten i samla inntekter. For 2025 utgjer desse endringane i løyvingane samla sett ein auke på 3 mrd. kroner. Endringane er mellom anna knytt til vidareføring av maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2025 og heilårseffektar av tiltak frå 2024 innan barnehage og SFO.
Realveksten i øyremerkte tilskot er anslått til -0,1 mrd. kroner. Det kjem mellom anna av auka løyving til investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar og ein reduksjon i løyvinga til Havbruksfondet samanlikna med revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Tabell 2.2 Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter i 2025
Mrd. kroner | |
---|---|
Frie inntekter | 6,8 |
Frie inntekter knytt til endringar i oppgåver1 | 3,0 |
Øyremerkte tilskot | -0,1 |
Gebyrinntekter | 0,5 |
Realvekst samla inntekter | 10,2 |
1 Desse midlane blir løyvd som frie inntekter, men er ikkje med i veksten i frie inntekter fordi dei er knytt til endringar i pålagte oppgåver. Midlane er rekna med i veksten i dei samla inntektene.
Nærare om realveksten i frie inntekter
Tabell 2.3 viser anslag på kommunesektoren sine frie inntekter i 2024 og 2025 i løpande prisar. Inntektsnivået i 2024 er anslag på rekneskap i denne proposisjonen. Det inneber at nedjusteringa av skatteanslaget knytt til inntekt og formue på 2,5 mrd. kroner er medrekna. Inntektsnivået i 2024 er korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av kommunesektoren sine oppgåver. Hensikta med å korrigere for oppgåveendringar mv. er å gjere inntektsnivået i 2024 samanliknbart med inntektsnivået i 2025. Det er gjort nærare greie for korreksjonar i programkategori 13.70, tabell 5.4.
I kommuneproposisjonen for 2025 vart det varsla at den kommunale skattøyren skal fastsettast ut frå ei målsetting om at skatteinntektene skal utgjere 40 pst. av dei samla inntektene for kommunesektoren. Anslaget på kommunesektoren sine skatteinntekter i 2025 bygger mellom anna på ein sysselsetjingsvekst på 0,7 pst. og ein årslønsvekst på 4,5 pst. frå 2024 til 2025.
I samband med Kommuneproposisjonen 2025 slutta Stortinget seg til at den kommunale skattøyren på formue skal halverast over to år, og at netto eigarinntekter blir teken ut av det kommunale inntektsskattegrunnlaget. Desse forslaga blir følgde opp i statsbudsjettet for 2025. Endringa i skattegrunnlaga saman med ein vidareført skattedel på 40 pst. inneber at skattøyren på alminneleg inntekt må aukast for å kompensera for bortfall av eigarinntekter og delar av formuesskatten. I fastsettinga av skattøyrane er det lagt vekt på at skatteveksten frå 2024 skal vere om lag lik for høvesvis kommunane og fylkeskommunane. Reduksjonen i den kommunale formuesskatten tilseier då at skattøyren på alminnelege inntekter må auke meir for kommunar enn fylkeskommunar. Forslag til kommunale og fylkeskommunale skattøyrar for 2025 er lagt fram i Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025. Det er foreslått at den kommunale skattøyren blir 12,75 pst., medan den fylkeskommunale skattøyren blir 2,65 pst.
Etter dette er det anslått at skatteinntektene vil utgjere om lag 40 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter i 2025.
Tabell 2.3 Kommunane og fylkeskommunane sine frie inntekter
Mill. kroner. Nominelle prisar1 | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunane2 | Fylkeskommunane2 | Kommunesektoren i alt | |||||||
20243 | 2025 | Pst. endr. | 20243 | 2025 | Pst. endr. | 20243 | 2025 | Pst. endr. | |
Skattar i alt | 236 600 | 253 638 | 7,2 | 42 600 | 45 800 | 7,5 | 279 200 | 299 438 | 7,2 |
Av dette skatt på inntekt og formue | 218 400 | 234 800 | 7,5 | 42 600 | 45 800 | 7,5 | 261 000 | 280 600 | 7,5 |
Rammetilskot4 | 179 197 | 186 441 | 4,0 | 49 169 | 51 898 | 5,6 | 228 366 | 238 339 | 4,4 |
Sum frie inntekter | 415 797 | 440 079 | 5,8 | 91 769 | 97 698 | 6,5 | 507 566 | 537 777 | 6,0 |
1 Pris- og lønsveksten i kommunesektoren i 2025 (deflator) er anslått til 4,1 pst.
2 Oslo er delt i ein kommunedel og ein fylkeskommunedel
3 Anslag på rekneskap korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar, jf. tabell 5.3 under programkategori 13.70
4 Omfattar ikkje kap. 571, post 21 Særskilde driftsutgifter.
Boks 2.1 Inntektene til kommunesektoren i 2025
Kommunesektoren sine samla inntekter er anslått til om lag 746 mrd. kroner i 2025. Tabell 2.4 viser samansettinga av inntektene i 2025 og nominell endring frå 2024. Veksten er rekna frå anslag på rekneskap 2024 i denne proposisjonen, korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.
Kommunesektoren sine skatteinntekter og rammetilskot er sektoren sine frie inntekter. Dei frie inntektene utgjer om lag 72 pst. av dei samla inntektene. Desse inntektene kan disponerast fritt innanfor ramma av lover og forskrifter, og gir kommunesektoren rom for lokal tilpassing av verksemda.
Skatteinntekter er kommunesektoren sin del av skatt på alminneleg inntekt frå personlege skatteytarar, formuesskatt og eigedomsskatt i kommunar som har innført det. Nokre kommunar har inntekter frå naturressursskatt frå vasskraftverk. Storleiken på skatteinntektene avheng mellom anna av utviklinga i skattegrunnlaga og av dei kommunale og fylkeskommunale skattøyrane. Rammetilskot blir løyvd på Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett, kap. 571 og 572.
Øyremerkte tilskot skal nyttast i tråd med føremålet som er angitt for løyvinga. Øyremerkte tilskot utgjer i underkant av 6 pst. av dei samla inntektene.
Gebyrinntektene er kommunale avgifter og eigenbetalingar for tenester som kommunane leverer til innbyggarane, til dømes tekniske tenester, helse- og omsorgstenester og barnehagar, og utgjer om lag 15 pst. av dei samla inntektene.
Meirverdiavgiftskompensasjonen er refusjon til kommunesektoren for anskaffingar som er meirverdiavgiftspliktige, og utgjer i underkant av 5 pst. av dei samla inntektene.
Tabell 2.4 Kommunesektoren sine inntekter i 2025
Mrd. kroner | Del av samla inntekter (pst.) | Endring frå 20241 (pst.) | |
---|---|---|---|
Frie inntekter | 537,8 | 72,1 | 6,0 |
Skatteinntekter | 299,4 | 40,1 | 7,2 |
Rammetilskot | 238,3 | 31,9 | 4,4 |
Øyremerkte tilskot2 | 41,9 | 5,6 | 11,9 |
Gebyr | 107,9 | 14,5 | 4,6 |
Meirverdiavgiftskompensasjon | 35,4 | 4,7 | 4,1 |
Andre inntekter | 23,3 | 3,1 | 0,0 |
Totalt | 746,3 | 100,0 | 5,9 |
1 Nominell endring. Berekningsgrunnlaget er anslag på rekneskap for 2024 korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og eingongsløyvingar.
2 Ekskl. tilskot til kommunane sitt arbeid med flyktningar, personar med opphald på humanitært grunnlag og asylsøkarar.
3 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2023–2024 | 1 | Endringar i partilova | Nei |
2023–2024 | 74 | Klimagassrekneskap | Nei |
2023–2024 | 92 | Krav til bustader i kommunale planar | Ja |
2023–2024 | 93 | Ikkje-kommersielle bustader | Ja |
2023–2024 | 94 | Forsøksordning for startlån frå Husbanken | Ja |
2023–2024 | 155 | Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser | Nei |
2023–2024 | 156 | Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushaldning | Nei |
2023–2024 | 162 | Lokalisering av statlege arbeidsplassar | Ja |
2023–2024 | 456 | Organisatoriske tiltak mot flaum | Nei |
2023-2024 | 756 | Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom | Nei |
2023-2024 | 757 | Forbod mot blankoskøyter | Nei |
2023-2024 | 784 | Styringsverktøy for områder med villrein | Nei |
2023–2024 | 797 | Gjeninnføre tilskot til utleigebustader | Nei |
2023–2024 | 813 | Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane | Nei |
2023–2024 | 814 | PU-kriteriet i utgiftsutjamninga i inntektssystemet | Ja |
2023–2024 | 815 | Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga | Nei |
2023–2024 | 816 | Kompensasjon for kommunar med størst negativ verknad første år | Ja |
2023–2024 | 909 | Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader | Nei |
2022–2023 | 24 | Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg | Nei |
2022–2023 | 88 | Husleigelovutval | Nei |
2022–2023 | 454 | Strategi for massehandtering | Nei |
2022–2023 | 455 | Digital marknadsplass for overskotsmassar | Nei |
2022–2023 | 667 | Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar | Ja |
2022–2023 | 780 | Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins | Nei |
2022–2023 | 820 | Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane | Ja |
2022–2023 | 821 | Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar | Nei |
2022–2023 | 823 | Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg | Ja |
2022–2023 | 824 | Evaluering av frikommuneforsøk | Nei |
2022–2023 | 930 | Bustøtte og trygdeoppgjer | Ja |
2022–2023 | 931 | Meir treffsikker bustøtteordning | Ja |
2022–2023 | 934 | Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 35 | Blankoskøyter og plikt til tinglysing | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 54 | Bustader for studentar i kommunale arealplanar | Nei |
2021–2022 | 726 | Energifleksibel oppvarming | Nei |
2020–2021 | 1252 | Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen | Ja |
2018–2019 | 55 | Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar | Nei |
2015–2016 | 646 | Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise | Nei |
Stortingssesjon 2023–2024
Endringar i partilova
Vedtak 1, 5. oktober 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til endring av partiloven som sikrer at reelle bidragsytere av bidrag over de beløpsgrenser som loven fastsetter, innberettes og offentliggjøres. Regjeringen bes om å komme tilbake til Stortinget på egnet måte etter at utredningen er gjennomført.»
Vedtaket vart fatta i samband med trontaledebatten 5. oktober 2023 og er framleis til vurdering. Regjeringa vil greie ut om partifinansieringa kan bli meir transparent. Ei eventuell endring av lova krev godt forarbeid og god dialog med dei politiske partia og brei høyring undervegs. Departementet meiner òg at det vil vere ein fordel å sjå denne problemstillinga i samanheng med dei ulike forslaga som den førre partilovnemnda har spelt inn til departementet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Klimagassrekneskap
Vedtak 74, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sikre at data fra klimagassregnskap, som det stilles krav om i TEK 17, samles inn slik at det kan bidra til en faglig utvikling av klimagassregnskapene og kravene som stilles i TEK 17.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Kravet i byggteknisk forskrift om at det skal utarbeidast klimagassrekneskap for bygging av bustadblokker og yrkesbygg har verknad frå 1. juli 2023, og gjeld for byggeprosjekt som søkjer om byggeløyve etter dette. Klimagassrekneskap kan ikkje ferdigstillast før eit byggeprosjekt er gjennomført, og det vil derfor ta tid før det finst data som kan bidra til fagleg utvikling som følgje av dette kravet.
Regjeringa vil vurdere korleis krav i byggteknisk forskrift kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert, og har i 2024 gitt Direktoratet for byggkvalitet i oppdrag å greie dette ut. Direktoratet skal òg greie ut og foreslå relevante tiltak knytt til standardisering, rapportering og deling av informasjon frå byggeprosjekt. Innsamling av data og vidareutvikling av klimagassrekneskap vil bli vurdert som ein del av desse arbeida.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav til bustader i kommunale planar
Vedtak 92, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen om å utvide den varslede høringen til plan- og bygningsloven til å også omfatte endring av plan- og bygningsloven for å åpne for at kommuner kan stille krav om en viss andel kommunale boliger i reguleringsplaner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Departementet har sendt på høyring forslag til endringar i plan- og bygningslova og kart- og planforskrifta, med frist 5. august 2024. Forslaget inneber at kommunane i arealplan kan gi planføresegner i utbyggingsområde om bruk av burettslag som organisasjonsform, om at ein del av bustadene skal vere utleigebustader eller bustadkjøpsmodellar, og eit nytt arealføremål for studentbustader. Forslaget inneber òg at utleigebustadene kan vere spesifisert som kommunalt disponerte eller eigde bustader.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Ikkje-kommersielle bustader
Vedtak 93, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen om å utrede hvordan ikke-kommersielle boliger, med pris- og omsetningskontroll, kan defineres, og komme tilbake på egnet måte innen 1. juli 2024.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Ikkje-kommersielle bustader er omtala i Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga, som vart behandla av Stortinget 29. mai. I meldinga blir det definert kva for modeller som kan falle inn under omgrepet ikkje-kommersielle bustader. Det blir òg vist til nokre døme frå Noreg og andre land. Det er naudsynt med meir kunnskap om slike løysingar. I tildelingsbrevet til Husbanken for 2024 står det at: «Husbanken skal vurdere hvordan de kan støtte opp om alternative boligmodeller som kommuner og andre aktører etablerer, blant annet gjennom tilskudd til boligtiltak.»
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Forsøksordning for startlån frå Husbanken
Vedtak 94, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen i forskrift om lån fra Husbanken om å inkludere startlån i forsøkshjemmelen i en tidsbegrenset periode, herunder også forsøk for unge og førstegangsetablerere. Regjeringen skal ta sikte på at hjemmelen skal tre i kraft fra 1. juli 2024, og forsøkningsordningen skal evalueres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Forskrift om lån frå Husbanken vart endra frå 1. juli 2024, og startlån er no inkludert i forsøksheimelen. Departementet vil evaluere forsøksordninga.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser
Vedtak 155, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at kravene til registreringen av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser til enhver tid er minimum like strenge som kravene for stortingsrepresentanter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).
Regjeringa arbeider med å utrede oppmodingsvedtaket. Utredninga er ein del av eit større arbeid knytt til å vurdere korleis anbefalingane som Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan, Group of States against Corruption (GRECO), gav Noreg i den femte evalueringsrapporten, FIFTH EVALUATION ROUND – Preventing corruption and promoting integrity in central governments (top executive functions) and law enforcement agencies, 29. oktober 2020 skal følgast opp.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushaldning
Vedtak 156, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til registrering av verv og økonomiske interesser for regjeringspolitikeres medlemmer av husholdningen, inkludert ektefeller og samboere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).
Departementet arbeider med å vurdere oppmodingsvedtaket i samband med oppfølging av Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan Group of States against Corruption (GRECO) sin femte evalueringsrapport til Noreg, FIFTH EVALUATION ROUND – Preventing corruption and promoting integrity in central governments (top executive functions) and law enforcement agencies, 29. oktober 2020.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lokalisering av statlege arbeidsplassar
Vedtak 162, 14. desember 2023
«Stortinget viser til vedtak nr. 667 (2022–2023) «Stortinget ber regjeringen i retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser om ikke å sidestille større byer og byområder med Oslo når det gjelder hvor nye og omlokaliserte statlige arbeidsplasser og virksomheter skal lokaliseres», og ber regjeringen endre retningslinjene i tråd med Stortinget sitt ønske.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida og Innst. 110 S (2023–2024).
Departementet har endra retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon i tråd med oppmodingsvedtaket.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Organisatoriske tiltak mot flaum
Vedtak 456, 16. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen tillate at kommuner kan bruke organisatoriske tiltak fremfor permanent sikring for å sikre ny bebyggelse mot flom, i tråd med anbefalingene fra NVE.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Innst. 161 S (2023–2024).
I 2023 fekk Direktoratet for byggkvalitet, saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, i oppdrag å gjere ein heilskapleg gjennomgang av krava til sikkerheit mot naturfarar i byggteknisk forskrift (TEK17). Ei av problemstillingane som skal vurderast, er om det kan opnast for organisatoriske sikringstiltak, og korleis dette eventuelt skal regulerast. Direktoratet skal levere sine tilrådingar i 2024, og vedtaket vil bli følgt opp i samband med dette arbeidet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom
Vedtak 756, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre obligatorisk registrering av eierskap i fast eiendom»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar – Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).
Regjeringa ser dette i samanheng med «Vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021», der «Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.», då vedtak 756 og 757 dekker mykje at den same problemstillinga. Ein eventuell innføring av pliktig eigedomsregistrering og eit forbod mot blankoskøyter må òg sjåast i samanheng med utforminga av dokumentavgifta. For at ei slik regelendring skal virke, må den òg koordinerast med anna arbeid knytt til kven som eig eigedom og selskap.
Departementet har bedt Kartverket utarbeide utkast til mandat og oppdragbeskriving for ei større utgreiing knytt til obligatorisk registrering av eigedom. Kartverket skal levere sitt forslag i oktober 2024.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Forbod mot blankoskøyter
Vedtak 757, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar – Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).
Regjeringa ser dette i samanheng med «Vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021», der «Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.», då vedtak 756 og 757 dekker mykje at den same problemstillinga. Ein eventuell innføring av pliktig eigedomsregistrering og eit forbod mot blankoskøyter må òg sjåast i samanheng med dokumentavgifta. For at ei slik regelendring skal virke, må den òg koordinerast med anna arbeid knytt til kven som eiger eigedom og selskap.
Departementet har bedt Kartverket utarbeide utkast til mandat og oppdragbeskriving for ei større utgreiing knytt til obligatorisk registrering av eigedom. Kartverket skal levere sitt forslag i oktober 2024.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Styringsverktøy for områder med villrein
Vedtak 784, 13. juni 2024
«Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein og Innst. 374 S (2023–2024).
Oppfølging av vedtaket vil sjåast i samanheng med dei andre oppmodingsvedtaka (783, 785, 786) knytt til stortingsmeldinga om villrein, og som Klima- og miljødepartementet har ansvar for. Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet startar dialogen om dette hausten 2024.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Gjeninnføre tilskot til utleigebustader
Vedtak 797, 14. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen gjeninnføre Husbankens tilskuddsordning for utleieboliger og tilhørende virkemidler for å gjøre det enklere å få tilgang på boliger i bosettingsarbeidet.»
Dokumenta som ligg til grunn er representantforslag frå stortingsrepresentantane Abid Raja, André N. Skjelstad, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Ola Elvestuen om ein tiltakspakke for å ruste norske kommunar i integreringsarbeidet, jf. Dokument 8:103 S og Innst. 382 S (2023–2024).
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane
Vedtak 813, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen evaluere det nye inntektssystemet for kommunene i løpet av 2029.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
PU-kriteriet i utgiftsutjamninga i inntektssystemet
Vedtak 814, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen endre navn på PU-kriteriet i utgiftsutjevningen i inntektssystemet for kommunene ved å fjerne begrepet «psykisk». Hvilke diagnoser som faller inn under kriteriet, ligger fast.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
Departementet vil frå og med statsbudsjettet 2025 for PU-kriteriet bruke omgrepet «personar med utviklingshemming».
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga
Vedtak 815, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen evaluere omleggingen av toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester og vurdere innslagspunktet for ressurskrevende tjenester i forbindelse med ordinære budsjettprosesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
Under budsjettkapittel 575 er omlegging av toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester omtalt. Omlegginga skjer med verknad frå 2025.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei evaluering av omlegginga på eigna tidspunkt.
Innslagspunktet blir vurdert i samband med dei årlege budsjettprosessane. For 2025 er innslagspunktet foreslått sett til 1 692 000 kroner. Dette er ein auke som svarer til den berekna lønsauken for 2024 på 5,2 pst., og er i samsvar med vanleg praksis.
Kompensasjon for kommunar med størst negativ verknad første år
Vedtak 816, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av en kompensasjon for de kommunene som utmerker seg med størst negativ førsteårsvirkning per innbygger som følge av endringene i inntektssystemet for kommunene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
I kommuneproposisjonen for 2025 vart det lagt fram eit nytt inntektssystem med ein fagleg oppdatert kostnadsnøkkel, ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane og endringar i dei regionalpolitiske tilskota. Endringane blir fasa gradvis inn gjennom overgangsordningar. Inntektsgarantiordninga gir kommunane ei heilskapleg skjerming mot brå nedgang i rammetilskotet frå eit år til eit anna. Når det gjeld skatteelementa blir opptrappinga av den symmetriske delen av inntektsutjamninga og halveringa av kommunane sin andel av formuesskatten fasa inn over to år.
I tillegg er om lag 1,7 mrd. kroner av veksten i frie inntekter i 2025 grunngjeve med omlegginga av inntektssystemet. 1,5 mrd. kroner blir gjeve med ei særskild fordeling som gjev mest til kommunane med låge skatteinntekter. Det blir òg innført ei eiga kompensasjonsordning på om lag 151 mill. kroner for kommunar med skatteinntekter, inkl. naturressursinntekter, under 105 prosent av landsgjennomsnittet per innbyggar som taper på dei samla endringane.
Etter overgangsordningane, vekst i frie inntekter og tapskompensasjon er det tre kommunar som er berekna å kome ut med negativ førsteårsverknad i 2025 på meir enn 3 000 kroner per innbyggjar. Dette er kommunar med eit høgt inntektsnivå som mellom anna får reduserte inntekter som følgje av målet om ei jamnare inntektsfordeling mellom kommunane.
Departementet viser til at eit av hovudmåla med det nye inntektssystemet er å sikre ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane. Kommunar med særleg høge skatteinntekter vil derfor nødvendigvis få reduserte inntekter, men dei vil framleis ha eit inntektsnivå godt over landsgjennomsnittet. Dei fleste høginntektskommunar har òg store disposisjonsfond som gjer det mogleg å tilpasse drifta til det nye inntektsnivået over fleire år.
Etter departementet si vurdering vil kommunane som får negativ førsteårsverknad med nytt inntektssystem vere i stand til å handtere inntektsreduksjonen utan at det går ut over dei sentrale kommunale tenestene. Omsynet til stabile og føreseielege inntekter kan likevel tale for ein særskild kompensasjon til kommunane med størst inntektsreduksjon det første året. Sidan kompensasjonen må finansierast av alle kommunar innanfor veksten i dei frie inntektene, bør den vere svært avgrensa både i tid og omfang, slik at finansieringsbyrden for andre, meir skattesvake kommunar ikkje blir for stor.
Departementet foreslår derfor ein avgrensa, eittårig kompensasjon til kommunane som har ein anslått negativ førsteårsverknad med nytt inntektssystem på 3 000 kroner per innbyggar eller meir. Kommunane vil få kompensert heile førsteårstapet ut over 3 000 kroner per innbyggar. Kompensasjonen er avgrensa til 2025, og vil bli gitt med ei særskild fordeling innanfor innbyggartilskotet (kap. 571, post 60). Kompensasjonen utgjer om lag 14 mill. kroner fordelt mellom tre kommunar. Kompensasjonen er finansiert innanfor kommunane sine frie inntekter.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader
Vedtak 909, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sende på høring endrede retningslinjer for tildeling av husbanklån til studentboliger, slik at også ideelle stiftelser er berettiget husbanklån til bygging av studentboliger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024 og Innst. 447 S (2023–2024).
Departementet tek sikte på å sende forslag til forskriftsendringar for tildeling av husbanklån til studentbustadar på høyring i løpet av 2024.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Stortingssesjon 2022–2023
Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg
Vedtak 24, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere å midlertidig eller tidsbegrenset unnta mindre solenergianlegg fra søknadsplikt etter plan- og bygningsloven, med unntak for fredede og verneverdige bygg, og fjerne kravet om nettinnmelding på anlegg under 7 kW.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).
Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg blir forvalta av Justis- og beredskapsdepartementet. Kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit for mellom anna solenergianlegg, blir nærare regulert i § 14 i forskrifta. Av tredje ledd i føresegna går det fram at denne meldeplikta i hovudregelen ikkje gjeld for anlegg med ytingar på 10 kW eller lågare. Anlegg med ytingar under 7 kW er allereie unntatt frå kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit. Justis- og beredskapsdepartementet meiner med dette at denne delen av oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Direktoratet for byggkvalitet har i 2024 i oppdrag å greie ut moglege endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å legge til rette for auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Den delen av oppmodningsvedtaket som gjeld søknadsplikt etter plan- og bygningslova vil bli følgt opp som ein del av dette arbeidet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Husleigelovutval
Vedtak 88, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).
Husleigelovutvalet vart sett ned i juni 2023. Utvalet skal levere arbeidet sitt i to leveransar. Fyrste leveranse, om kontraktslengde og oppseiingsvern, vart levert 31. januar 2024, og har vore på høyring. Den andre leveransen skal utvalet levere 18. oktober 2024.
Departementet ser behov for å sjå alle lovforslaga til utvalet i samanheng. Dette er viktig for å forstå verknadane dei har på marknaden og for butryggleika til leigarane. Ein samla lovproposisjon vil derfor bli lagd fram i neste stortingsperiode.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Strategi for massehandtering
Vedtak 454, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå relevant regelverk og utarbeide en tverrsektoriell strategi for massehåndtering i samarbeid med bygge- og anleggsnæringen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Departementet jobbar med å lage ein rettleiar for massehandtering. Arbeidet har kome langt, men det er noko arbeid som står att før rettleiaren kan publiserast. Departementet har lagt vekt på å få innspel til innhaldet frå både bransjen og ulike styresmakter.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Digital marknadsplass for overskotsmassar
Vedtak 455, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etableringen av en digital markedsplass for overskuddsmasser, etter modell fra Bærum ressursbank.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Departementet arbeider med å førebu ei utgreiing av korleis staten best kan legge til rette for auka gjenvinning av reine overskotsmasser gjennom etablering av digitale marknadsplassar, som kan fungere både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar
Vedtak 667, 15. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen i retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser om ikke å sidestille større byer og byområder med Oslo når det gjelder hvor nye og omlokaliserte statlige arbeidsplasser og virksomheter skal lokaliseres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ane Breivik om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, jf. Dokument 8:162 S (2022–2023) og Innst. 326 S (2022–2023).
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida og Innst. 110 S (2023–2024).
Departementet har endra retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon i tråd med oppmodingsvedtaket.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins
Vedtak 780, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at forhåndsstemmer og stemmer avgitt i en annen valgkrets enn der velger er manntallsført ved valgoppgjøret, fordeles på den krets der velgeren er manntallsført.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), Innst. 431 L (2022–2023) og Lovvedtak 96 (2022–2023).
Forslaget vil krevje endring i den nye vallova, og det må gjerast ei større utgreiing for å sjå på korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp. Departementet har merka seg at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 347 L (2023-2024) understrekar at det er viktig at Stortinget får ei sak om korleis dette kan gjerast i god tid før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2027.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane
Vedtak 820, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennom behandlingen av endringer i kommunenes inntektssystem sikre intensjonen om et inntektssystem for kommunene som er mer utjevnende enn dagens.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Regjeringa la i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 fram forslag om eit nytt inntektssystem for kommunane, jf. Innst. 440 S (2023–2024). Forslaget er mellom anna basert på NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene som vart levert i august 2022, innspel frå høyringa av NOU-en og måla i Hurdalsplattformen. Stortinget slutta seg til forslaget til regjeringa, og det nye inntektssystemet trer i kraft frå og med 2025.
Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. Eit av hovudmåla med endringane i inntektssystemet har vore å sikre ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane, både gjennom endringar i skattegrunnlaga til kommunane og ved å auke utjamningsgraden i inntektsutjamninga.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar
Vedtak 821, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av inntektssystemet for fylkeskommuner i forbindelse med fremleggelsen av kommuneproposisjonen våren 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka i samband med kommuneproposisjonen 2028, som blir lagt fram våren 2027.
Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg
Vedtak 823, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere om kommunene i Namdalen fortsatt skal sortere under distriktstilskudd Nord-Norge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Regjeringa la i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 fram forslag om eit nytt inntektssystem for kommunane, jf. Innst. 440 S (2023–2024). Forslaget er mellom anna basert på NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene som vart levert i august 2022, innspel frå høyringa av NOU-en og måla i Hurdalsplattformen. Stortinget slutta seg til forslaget til regjeringa, og det nye inntektssystemet trer i kraft frå og med 2025.
Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. I det nye inntektssystemet er det mellom anna gjort endringar i dei regionalpolitiske tilskota for å sikre ei meir treffsikker fordeling av desse tilskota. Inntektssystemutvalet foreslo at kommunar i Namdalen ikkje lenger skal inngå i distriktstilskot Nord-Noreg, men kan få distriktstilskot Sør-Noreg om dei fyller krava for det. Etter ei samla vurdering meiner regjeringa at ein ikkje bør gjere noka endring i kva for tilskot kommunane frå Namdalen inngår i. Stortinget slutta seg til dette i handsaminga av kommuneproposisjonen, og kommunane i Namdalen vil framleis inngå i distriktstilskot Nord-Noreg.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Evaluering av frikommuneforsøk
Vedtak 824, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av frikommuneforsøk på egnet tidspunkt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
I mai 2023 inviterte kommunal- og distriktsministeren, på vegne av regjeringa, kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk (frikommuneforsøk) – og dermed bli forsøkskommunar. 12 søknadar er valt ut til å gå vidare i forsøksordninga. Kommunal- og distriktsdepartementet og involverte fagdepartement vil følgje opp dei kommunane og fylkeskommunane som er med vidare i forsøksordninga, fram mot innsending av endeleg søknad. Forsøka som blir godkjende vil bli evaluert.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bustøtte og trygdeoppgjer
Vedtak 930, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at ingen mister bostøtte som følge av etterbetalingen for de årlige trygdeoppgjørene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
I budsjettet for 2024 vart det løyva midlar til bustøtta til varig skjerming av etterbetalingar frå trygdeoppgjera. Alle etterbetalingar frå NAV eller kommunar som kjem i juni og gjeld frå mai, blir no skjerma automatisk. Etterbetalingar frå trygdeoppgjeret som kjem frå andre kjelder eller i seinare månader, kan òg bli skjerma etter klage frå søkjaren.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Meir treffsikker bustøtteordning
Vedtak 931, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2024 fremme forslag om endringer i bostøtteregelverket som gjør ordningen mer treffsikker for husholdninger med lave inntekter og høye boutgifter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga. Der vart utfordringane ved dagens bustøtteordning drøfta. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning som gjer det enklare for husstandar med låge inntekter å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Departementet vil arbeide vidare med å forenkle og forbetre ordninga.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, vart regjeringa og SV samde om å styrkje bustøtta gjennom følgjande tiltak:
Forenkle eigendelskurven
Auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner
Skjerming av inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar i bustøtta
Kompensere for utgifter til oppvarming ved å legge inn ein sjablong for oppvarmingsutgifter i berekninga av bustøtte til alle mottakarar som ikkje har oppvarming inkludert i husleige eller fellesutgifter.
Tiltaka vil gjere bustøtteordninga meir treffsikker for hushaldningar med låge inntekter og høge buutgifter. Tiltaka blir foreslått vidareført i budsjettet for 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg
Vedtak 934, 16. juni 2023:
«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvår 2024 sende på høring et forslag med krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m2 utenfor LNF-områder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
I samband med handlingsplanen om energieffektivisering har regjeringa sett i gang eit arbeid med å gå gjennom energikrava i byggteknisk forskrift og relevante krav i byggesaksforskrifta. Det er lagt opp til ei brei utgreiing av moglege endringar som kan bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Då er det tenleg med ei heilskapleg tilnærming, irekna moglege krav om etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg. Fleire oppmodingsvedtak blir følgt opp gjennom dette arbeidet, òg vedtak nr. 726, 10. juni 2022 og vedtak nr. 24, 18. oktober 2022. Dette er eit stort og omfattande arbeid, som tar tid. Direktoratet for byggkvalitet har i 2024 fått i oppdrag å greie ut moglege endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som kan legge til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Departementet tar sikte på å sende forslag til endringar på høyring våren 2025.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Stortingssesjon 2021–2022
Blankoskøyter og plikt til tinglysing
Vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022 ).
Kommunal- og distriktsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Finansdepartementet har teke ei første vurdering av eventuell bruk av blankoskøyter og plikt til tinglysing ved eigedomskjøp. Departementa fann at det er behov for ei grundigare kartlegging av utfordringane knytte til skjult eigeskap til fast eigedom før det tas stilling til kva regelendringar eller andre verkemiddel som kan vere føremålstenlege. Departementa oppfattar det slik at det først og fremst er behovet for å motverke kriminalitet som kvitvasking og skatteunndraging gjennom skjult eigeskap til fast eigedom som gir grunn til å vurdere tiltak. Slike omsyn blir ivaretatt mellom anna med kvitvaskingslova, straffelova, skatteforvaltningslova og politilova, medan føremålet med tinglysingsreglane primært siktar seg inn mot å beskytte rettane til eigarar, panthavarar og andre som har rettar i fast eigedom.
Med denne bakgrunnen har Finansdepartementet gitt Skattedirektoratet i oppdrag å kartleggje og greia ut om problema ved skjult eigeskap til fast eigedom innanfor Skatteetatens ansvarsområde. Skattedirektoratets rapport, som vart levert i desember 2023, viser at det er eit stort behov for sikre opplysningar om eigarskap både til fast eigendom og aksjar. For fast eigendom sin del viser undersøkinga at grunnboka ikkje alltid er egna til å gi slike opplysningar. Grunnboka viser kunn kven som har heimel og det behøver ikkje å vere eigar av eigedomen. Vidare manglar grunnboka opplysningar som følge av at det er ein frivillig ordning for de som ønsker rettsvern.
Regjeringa ser oppmodingsvedtaket i samanheng med Vedtak 757, 12. juni 2024 om å vurdere «et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt».
Departementet viser til Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet – så åpent som mulig, så sikkert som nødvendig og til Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar – Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet, og til justiskomiteens Innst. 412 S (2023–2024). Departementet har bedt Kartverket utarbeide eit utkast til mandat og ei forklaring av oppdraget for gjennomføring av utredningar og tiltak innan 15. oktober 2024, irekna korleis man kan innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom, og kva konsekvens dette vil få for tilstøytane regelverk og for omsetning og utvikling av fast eigendom.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bustader for studentar i kommunale arealplanar
Vedtak 35 nr. 54, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet sendte forslag om at studentbustader skal vere eit eige arealføremål i kommunale arealplanar på høyring 15. april 2024, med frist for innspel 5. august 2024.
Med grunnlag i høyringsinnspel vil departementet vurdere endringar i plan- og bygningsloven.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte
Energifleksibel oppvarming
Vedtak 726, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å bygge opp ei kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiinger i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.
Direktoratet for byggkvalitet har i 2023 fått utført ei utgreiing om konsekvensane av moglege endringar i krava til energifleksibel oppvarming. I 2024 vil dei greie ut moglege endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som kan legge til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Vedtaket vil bli følgt opp i samband med dette arbeidet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Stortingssesjon 2020–2021
Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen
Vedtak 1252, 16. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av utredningen fra Inntektssystemutvalget vurdere lovverket slik at helsetjenester benyttet utenfor bostedskommunen i større grad kan belastes den kommunen tjenestemottaker betaler skatt til.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).
Vedtaket viser til lovverk om helsetenester. Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert denne delen av oppmodingsvedtaket. Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd slår fast at kommunen skal sørge for at alle som oppheld seg i kommunen får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Opphaldsprinsippet inneber at kommunen har eit ansvar for alle som oppheld seg i kommunen, uavhengig av om dei bur der eller er der i samband med arbeid, studiar eller feriereiser. Det følger av same lov at kostnadene for tenestene skal dekkast av den kommunen som er ansvarleg for å yte tenesta. Det er ikkje etablert nokon gjestepasientordning for kommunale- helse og omsorgstenester.
Opphaldsprinsippet har vore drøfta fleire gonger, sist i samband med utarbeidinga av lov om kommunale helse- og omsorgstenester, jf. Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven). Omsynet til ei lett tilgjengeleg og fleksibel helse- og omsorgsteneste tilsa at lovverket framleis skulle legge opphaldsprinsippet til grunn.
Kommunal- og distriktsdepartementet støttar Inntektssystemutvalet si vurdering om at rammetilskotet må fordelast til den kommunen der innbyggaren er folkeregistrert. Det tydeleggjer ansvaret som bustadkommunen har for heile tenestetilbodet, og sikrar samsvar mellom finansieringa og kor ein har stemmerett. Departementet meiner derfor at kommunar bør få rammetilskot for personar som er folkeregistrert som busett i kommunen, som i dag.
På bakgrunn av desse vurderingane, foreslo regjeringa i kommuneproposisjonen for 2025 ingen endringar i helselovgivinga eller inntektssystemet knytt til utgifter kommunane har til innbyggarar frå andre kommunar. Stortinget slutta seg til dette i handsaminga av kommuneproposisjonen.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Stortingssesjon 2018–2019
Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar
Vedtak 55, 27. november 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).
Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å utgreie forslaget. Arbeidsgruppa vart leia av Regjeringsadvokaten og hadde medlemmar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022.
Departementet arbeider med å vurdere oppmodingsvedtaket i samband med oppfølging av Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan Group of States against Corruption (GRECO) sin femte evalueringsrapport til Noreg, FIFTH EVALUATION ROUND – Preventing corruption and promoting integrity in central governments (top executive functions) and law enforcement agencies, 29. oktober 2020.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Stortingssesjon 2015–2016
Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise
Vedtak 646, 10. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).
Stortinget har i 2022 og 2023 vedteke mellombelse lovendringar i plan- og bygningslova for å handtera auka innkomstar av flyktningar som følgje av krigen i Ukraina. Lovendringane varer til 1. juli 2026. I 2023/2024 vart dei mellombelse beredskapsreglane evaluerte. Evalueringa gir eit viktig grunnlag for arbeidet med å følgje opp oppmodningsvedtaket om permanent beredskapsheimel for flyktningkriser.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
4 Oversikt over budsjettforslaget
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Administrasjon | |||||
500 | Kommunal- og distriktsdepartementet | 612 827 | 425 453 | 459 572 | 8,0 |
Sum kategori 13.00 | 612 827 | 425 453 | 459 572 | 8,0 | |
Distrikts- og regionalpolitikk | |||||
553 | Regional- og distriktsutvikling | 1 245 582 | 1 447 765 | 1 497 386 | 3,4 |
554 | Kompetansesenter for distriktsutvikling | 126 734 | 105 130 | 117 618 | 11,9 |
Sum kategori 13.50 | 1 372 316 | 1 552 895 | 1 615 004 | 4,0 | |
Samiske føremål | |||||
560 | Samiske føremål | 618 595 | 682 790 | 719 903 | 5,4 |
563 | Internasjonalt reindriftssenter | 13 879 | 9 754 | 10 062 | 3,2 |
Sum kategori 13.60 | 632 474 | 692 544 | 729 965 | 5,4 | |
Nasjonale minoritetar | |||||
567 | Nasjonale minoritetar | 60 055 | 73 630 | 80 435 | 9,2 |
Sum kategori 13.67 | 60 055 | 73 630 | 80 435 | 9,2 | |
Kommunesektoren mv. | |||||
571 | Rammetilskot til kommunar | 167 379 999 | 176 094 675 | 186 464 434 | 5,9 |
572 | Rammetilskot til fylkeskommunar | 45 874 895 | 48 709 482 | 51 897 770 | 6,5 |
573 | Kommunestruktur | 581 500 | 213 674 | -100,0 | |
575 | Ressurskrevjande tenester | 11 689 281 | 13 071 914 | 14 616 141 | 11,8 |
577 | Tilskot til dei politiske parti | 481 026 | 540 164 | 575 605 | 6,6 |
578 | Valdirektoratet | 102 266 | 61 265 | 126 860 | 107,1 |
579 | Valutgifter | 8 600 | 100,0 | ||
Sum kategori 13.70 | 226 108 967 | 238 691 174 | 253 689 410 | 6,3 | |
Bustad, bumiljø og bygg | |||||
581 | Bustad- og bumiljøtiltak | 5 297 526 | 4 185 575 | 4 095 496 | -2,2 |
585 | Husleigetvistutvalet | 39 383 | 40 150 | 43 080 | 7,3 |
587 | Direktoratet for byggkvalitet | 153 342 | 164 078 | 184 804 | 12,6 |
2412 | Husbanken | 21 096 243 | 24 664 339 | 27 893 189 | 13,1 |
Sum kategori 13.80 | 26 586 494 | 29 054 142 | 32 216 569 | 10,9 | |
Planlegging, byutvikling og geodata | |||||
590 | Planlegging og byutvikling | 211 462 | 224 047 | 221 111 | -1,3 |
595 | Statens kartverk | 1 303 479 | 1 359 584 | 1 481 201 | 8,9 |
Sum kategori 13.90 | 1 514 941 | 1 583 631 | 1 702 312 | 7,5 | |
Sum programområde 13 | 256 888 074 | 272 073 469 | 290 493 267 | 6,8 | |
Sum utgifter | 256 888 074 | 272 073 469 | 290 493 267 | 6,8 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
Distrikts- og regionalpolitikk | |||||
3554 | Kompetansesenter for distriktsutvikling | 342 | 0,0 | ||
Sum kategori 13.50 | 342 | 0,0 | |||
Samiske føremål | |||||
3563 | Internasjonalt reindriftssenter | 4 475 | 3 141 | 3 260 | 3,8 |
Sum kategori 13.60 | 4 475 | 3 141 | 3 260 | 3,8 | |
Kommunesektoren mv. | |||||
3571 | Tilbakeføring av forskot | 523 097 | 0,0 | ||
3572 | Tilbakeføring av forskot | 74 097 | 0,0 | ||
5616 | Kommunalbanken AS | 660 000 | 700 000 | 6,1 | |
Sum kategori 13.70 | 597 194 | 660 000 | 700 000 | 6,1 | |
Bustad, bumiljø og bygg | |||||
3585 | Husleigetvistutvalet | 3 207 | 3 271 | 3 366 | 2,9 |
3587 | Direktoratet for byggkvalitet | 36 608 | 42 820 | 40 990 | -4,3 |
5312 | Husbanken | 12 262 643 | 14 741 542 | 15 203 444 | 3,1 |
5615 | Husbanken | 4 766 213 | 5 602 000 | 7 636 000 | 36,3 |
Sum kategori 13.80 | 17 068 671 | 20 389 633 | 22 883 800 | 12,2 | |
Planlegging, byutvikling og geodata | |||||
3595 | Statens kartverk | 817 829 | 831 245 | 850 614 | 2,3 |
5635 | Electronic Chart Centre AS | 5 391 | 3 000 | 3 000 | 0,0 |
Sum kategori 13.90 | 823 220 | 834 245 | 853 614 | 2,3 | |
Sum programområde 13 | 18 493 902 | 21 887 019 | 24 440 674 | 11,7 | |
Sum inntekter | 18 493 902 | 21 887 019 | 24 440 674 | 11,7 |