Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 500–595 og 2412 Inntektskapittel: 3500–3595, 5312, 5615, 5616 og 5635

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettforslag

5 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 13 Kommunal- og distriktsdepartementet

Programkategori 13.00 Administrasjon

Utgifter under programkategori 13.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

500

Kommunal- og distriktsdepartementet

612 827

425 453

459 572

8,0

Sum kategori 13.00

612 827

425 453

459 572

8,0

Programkategorien omfattar utgifter til drift og administrasjon av Kommunal- og distriktsdepartementet og utgifter til felles forskings- og utgreiingsoppgåver innanfor departementet sine fagområde.

Departementet har ansvar for bustads- og bygningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, økonomiske og juridiske rammevilkår for kommunesektoren, gjennomføring av val, planlegging og kart- og geodata, og urfolk og nasjonale minoritetar.

Omtale av departementets arbeid på fagområdene inngår under programkategoriane 13.50–13.90.

Departementets organisering:

Figur 5.1 Organisasjonskart

Figur 5.1 Organisasjonskart

Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

463 324

296 275

305 434

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

84 052

53 144

58 545

50

Forskingssenter

63 151

73 741

10 400

70

Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21

2 300

2 293

2 293

72

Noregs forskingsråd, kan overførast

82 900

Sum kap. 500

612 827

425 453

459 572

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker i hovudsak løn, husleige og andre faste driftsutgifter i Kommunal- og distriktsdepartementet.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner til dekking av kostnadar knytt til Nasjonalt BEGRENSET nett.

I tillegg blir det foreslått nokon mindre endringar, mellom anna å flytte noko midlar knytt til løn frå post 21.

Samla blir det foreslått å løyve 305,4 mill. kroner.

Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3500, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga skal dekke departementet sitt behov for kjøp av statistikk, data, utgreiingar, evalueringar og formidling av kunnskap og gjennomføring av mellombelse tiltak og prosjekt.

Løyvinga vart i 2023 i hovudsak brukt til prosjekt innanfor områda planlegging og bypolitikk, regional- og distriktspolitikk, bustad- og bygningspolitikk, og urfolk og nasjonale minoritetar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner for å vidareutvikle og oppgradere det digitale fagsystemet Regionalforvaltning.no. Systemet blir hovudsakleg nytta av fylkeskommunar og kommunar i forvaltinga av tilskot til distriktspolitiske verkemiddel, og av Distriktssenteret ved forvaltinga av Merkur-programmet.

Det blir foreslått å flytte 8,6 mill. kroner knytt til departementets arbeid med val til kap. 579, post 01.

I tillegg blir det foreslått noko mindre endringar, mellom anna å flytte noko midlar knytt til løn til post 01.

Samla blir det foreslått å løyve 58,5 mill. kroner.

Post 50 Forskingssenter

Frå 2025 er midlar til Noregs forskingsråd foreslått flytta til post 72.

Attståande løyving blir brukt til direkte støtte til forsking ved statlege forskingsinstitusjonar. Løyvinga skal dekke departementet si langsiktige kunnskapsoppbygging på det bustad- og bygningspolitiske feltet, og går til Housing Lab og forskingssenteret BOVEL.

Housing Lab, som er tilknytt OsloMet, forskar på drivarane i bustadmarknaden, og samanhengar mellom bustadmarknaden, makroøkonomien og finansmarknadene. Senteret har i 2023 produsert fleire forskingsartiklar som er publisert i anerkjende tidsskrift, og fleire relevante forskingsprosjekt er under arbeid.

BOVEL ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA er eit nasjonalt senter for forsking om bustad og velferd. Det er eit samarbeid mellom fleire forskingsinstitusjonar tilknytt OsloMet. BOVEL skal bygge opp kunnskap om samanhengane mellom bustadmarknaden, låginntekt og buforhold, og kva bustad har å seie for andre velferdsområde. BOVEL skal auke interessa for forsking om bustad og velferd, og stimulere til samarbeid på tvers av forskingsinstitusjonar i heile landet. Senteret arbeider med fleire større forskingsprosjekt, mellom anna eit prosjekt om leigemarknaden og velferd. Senteret har òg eit pågåande registerdataprosjekt, som grunnlag for studiar av samanhengen mellom bustad og andre velferdsområde.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 66,1 mill. kroner som følgje av at midlar til Noregs forskningsråd blir foreslått flytta til post 72, jf. omtale nedanfor.

Det blir foreslått ei tildeling på 7,8 mill. kroner til forskingssenteret BOVEL ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA og 2,6 mill. kroner til Housing Lab.

Det blir foreslått å løyve 10,4 mill. kroner.

Post 70 Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga dekker kontingentar og enkelståande tilskot med namngitt mottakar, som ikkje høyrer naturleg inn under andre budsjettpostar.

Det vil bli sett av 1 mill. kroner til NHO Byggenæringen sitt arbeid med kunnskaps- og kompetansebygging om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Tilsvarande beløp vil bli sett av over Klima- og miljødepartementets budsjett. Midlane er knytt til klimapartnarskapsavtalen med byggenæringa. Sjå nærare omtale under programkategori 13.80.

Det vil òg bli sett av 750 000 kroner til tiltak mot antisemittisme og om jødisk liv ved Jødisk museum i Trondheim. Midlane er ei vidareføring av eit tiltak frå handlingsplanane mot antisemittisme.

Vidare skal løyvinga dekke Noregs årlege kontingent for medlemsskap i European Institute of Public Administration (EIPA), i Services of General Interest (SGI Europe) og i International Hydrographic Organization (IHO).

I tillegg skal løyvinga dekke noko mindre stipendutbetalingar til mastergradstudentar innanfor økonomi og juss på bustad-, bumiljø- og byggområdet.

Samla blir det foreslått å løyve 2,3 mill. kroner.

Post 72 Noregs forskingsråd, kan overførast

Tilskot til forskingsprogram under Noregs forskingsråd skal underbygge og gi eit godt grunnlag for faglege og politiske vedtak, og medverke til at det finst kompetente forskingsmiljø innanfor departementet sitt sektoransvar.

Midlane skal medverke til å utvikle kunnskapsgrunnlaget for eit sterkt og velfungerande demokrati med effektive, tillitsskapande og berekraftige kommunar, god planlegging og forvalting, næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknader i regionar og distrikt, samisk forsking og forsking som gjeld nasjonale minoritetar. Tildelinga skal mellom anna vidareføre valforskingsprogrammet (stortingsvalundersøkinga og lokalvalundersøkinga).

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne styringssignala frå departementa og har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd systemet for departementa si styring av Forskingsrådet. Sjå budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet for nærare omtale av overordna mål og samla måloppnåing for Forskingsrådet.

Nedanfor blir det gjort kort greie for tema som tidlegare vart finansiert over kap. 500, post 50, og som no skal finansierast over post 72.

Demokrati, styring og planlegging

Forskingsrådet sin årsrapport viser at det etter kvart er fleire resultat frå prosjekt som medverkar til kunnskapsgrunnlaget om demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvalting. Det er godt tilfang av relevante søknadar med høg kvalitet og samarbeid med relevante aktørar. Satsinga på planforsking, utgjer saman med innovasjonsprosjekt i kommunesektoren og prosjekt innanfor areal under press ei klar styrking av planforskingsfeltet. I 2023 vart eitt prosjekt om finansiering av kommunar ferdig. Prosjektet har gitt auka innsikt om korleis skattefinansiering og overføringar påverkar norske kommunar si politiske og økonomiske tilpassing.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i 2024 gitt Forskingsrådet i oppdrag å innhente kunnskapsgrunnlag om forsking på distriktsutfordringar og regional utvikling. Departementet vil ha dialog med Forskingsrådet for å konkretisere ei satsing på denne forskingstematikken, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida.

Kapasitetsløft

Forskingsrådet har i 2023 vidareført støtte og oppfølging av Kapasitetsløftsprosjekt i samsvar med inngåtte avtalar. Kapasitetsløft skal styrkje samarbeidet mellom forskings- og utdanningsmiljøa og næringslivet, og gi næringslivet tilgang til relevant utdanning og forsking i sin region på strategiske satsingsområde, i tråd med regionale planar og strategiar. Prosjekta skårar høgt på forskingskvalitet og medverkar til omstilling og innovasjon i dei aktuelle næringane i regionane. I 2023 vart tre prosjekt avslutta etter seks års aktivitet, med gode resultat.

Samisk forsking

Prosjekta i porteføljen for samisk samfunn og kultur medverkar til å utvikle ny kunnskap for at den samiske befolkninga skal sikre og utvikle sitt språk, kultur og samfunnsliv. Fleire prosjekt har betydeleg regional og distriktspolitisk relevans, særleg innanfor klima, miljø og næringsverksemd, og samanhengen mellom tradisjonell/lokal kunnskap for berekraftig næringsutvikling, forvalting og bruk av naturressursar.

Forsking som gjeld nasjonale minoritetar

Noregs forskingsråd finansierer forsking som gjeld nasjonale minoritetar med midlar frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Forskingsrådet tek sikte på ei ny utlysing hausten 2024.

Joint Programming Initiative Urban Europe (JPI Urban Europe)/Driving Urban Transitions (DUT)

Løyvinga til Joint Programming Initiative Urban Europe (JPI Urban Europe)/Driving Urban Transitions (DUT) finansierer norsk deltaking i JPI Urban Europe, som i perioden 2022 til 2028 vil drive det urbane partnarskapet Driving Urban Transitions under Horisont Europa. Partnarskapet har medfinansiering frå EU-kommisjonen og involverer i overkant av 65 deltakande organisasjonar frå 28 land.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

I 2025 skal løyvinga dekke forskingstema som er gjort greie for ovanfor.

Forskningsrådet er i dag ei nettobudsjettert verksemd med særskilte fullmakter til å overføre ubrukte midlar ved utgangen av eit budsjettår til eit anna. Stortinget har slutta seg til at Forskningsrådet frå og med 2025 skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024).

I den nye budsjettmodellen blir det brukt tre omgrep: løyving, tilsegnsfullmakt og tilsegnsramme. Det blir fremja forslag om to beløp, eit for løyving og eit for tilsegnsfullmakt, for kvart departement sine tilskotspostar til Forskingsrådet. Forslag til løyving er sett med utgangspunkt i anslått kontante utbetalingar i det aktuelle budsjettåret. Løyvinga vil bestå av anslåtte utbetalingar av tidlegare gitte tilsegn og utbetaling av nye tilsegn gitt i det aktuelle budsjettåret. Forslag til tilsegnsfullmakt angir samla beløp for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegn som kjem til utbetaling etter det aktuelle budsjettåret. Tilsegnsramma som løyvinga og tilsegnsfullmakta gir rom for,er summen av nye tilsegn som kan bli gitt i budsjettåret. For ein meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025).

Det blir foreslått ei løyving på 82,9 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 236,5 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Av løyvinga er det rekna at om lag 78 mill. kroner skal dekke tilsegn som Forskingsrådet har gitt tidlegare år, medan i underkant av 5 mill. kroner skal dekke utbetaling av tilsegn som blir gitt i 2025. Det er då lagt til grunn at departementet sine forskingsprogram har ein utbetalingsprofil på i gjennomsnitt sju år.

Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 46,8 mill. kroner i 2025. På grunn av syklisk utlysing av enkelte forskingsprogram vil den årlege tilsegnsramma variere ein del mellom budsjettåra.

Programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk

Utgifter under programkategori 13.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

553

Regional- og distriktsutvikling

1 245 582

1 447 765

1 497 386

3,4

554

Kompetansesenter for distriktsutvikling

126 734

105 130

117 618

11,9

Sum kategori 13.50

1 372 316

1 552 895

1 615 004

4,0

Inntekter under programkategori 13.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3554

Kompetansesenter for distriktsutvikling

342

0,0

Sum kategori 13.50

342

0,0

Innleiing

Distrikts- og regionalpolitikken skal skape grunnlag for at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar. Regjeringa arbeider for at folk skal ha tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nær der dei bur, og vil legge til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida.

Dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane under programkategori 13.50 er ein målretta innsats der utfordringane ikkje kan løysast av sektorpolitisk innsats aleine. Regjeringa foreslår at det blir løyvd om lag 1,6 mrd. kroner under programkategorien.

Ein vellykka distrikts- og regionalpolitikk føreset innsats på ei rekke politikkområde. Vedlegg 1 gir ei oversikt over verkemiddel under andre departement sine budsjett som er viktige for å nå distriktspolitiske mål. Samla foreslår regjeringa å løyve om lag 73,1 mrd. kroner til dette, ein vekst på 6,6 pst. frå 2024.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ei samordningsrolle i saker som har betyding for distrikts- og regionalpolitiske mål, og skal bidra til at regjeringa sin politikk i sum støttar opp under dette målet, sjå del I Ein aktiv distriktspolitikk. Departementet har òg ansvar for å samordne regjeringa sin nordområdepolitikk, den strategisk viktige innsatssona1 for Finnmark og Nord-Troms, satsing i Aust-Finnmark og internasjonalt samarbeid om regionalpolitikk. Departementet koordinerer regjeringa sitt arbeid med lokalisering av statlege arbeidsplassar, og arbeider for at EØS-regelverket for offentleg regionalstøtte gir handlingsrom for distrikts- og regionalpolitikken.

Fylkeskommunane har ansvar for å legge til rette for verdiskaping, for å betre samsvaret mellom etterspørsel etter arbeidskraft og tilbod på utdanning og kompetanse, og for samfunnsutvikling i eige fylke. Mesteparten av midlane under programkategori 13.50 blir overført til fylkeskommunane. Fylkeskommunane skal, ut frå regionale fortrinn, prioriteringar og kompetansebehov, gi oppdrag og fordele delegerte tilskot som skal mobilisere og utvikle verksemder og gründerar. Dei har òg ei viktig rolle knytt til utviklingsarbeid i kommunane, regional kompetansepolitikk og i å mobilisere fleire verksemder til å ta i bruk forsking.

Innovasjon Noreg og Siva forvaltar verkemidla på oppdrag frå fylkeskommunane og departementet. Innovasjon Noreg skal utløyse verksemds- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling og dei næringsmessige moglegheitene i regionane. Siva skal utløyse lønsam næringsutvikling i verksemder og regionale nærings- og kunnskapsmiljø. Kommunane skal vere pådrivarar for lokal samfunns- og næringsutvikling, og sikre velfungerande tenestetilbod tilpassa lokale behov og føresetnadar.

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) skal arbeide for at kommunane blir gode samfunnsutviklarar. Senteret skal bidra med å koordinere og målrette lokal utviklingsinnsats gjennom samarbeid, nettverksbygging og erfaringsutvikling. Distriktssenteret forvaltar òg Merkur-programmet, som skal sikre område med få innbyggarar tilgang til grunnleggande private tenester, med vekt på daglegvarer og drivstoffstilbod.

Det norske Barentssekretariatet har samarbeid og aktivitetar med dei nordlege finske og svenske regionane, irekna urfolkssamarbeid, der hensikta er å fremje samfunnsutvikling i Nord-Noreg.

Mål for programkategorien

  1. Næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknadar i regionar og distrikt

  2. Regional utvikling over landegrensene og i nordområda

  3. Styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta

Mål 1 Næringsutvikling, verdiskaping og attraktive arbeidsmarknader i regionar og distrikt

Regjeringa vil føre ein politikk for næringsutvikling og attraktive arbeidsmarknadar i heile landet.

Føresetnadene for næringsverksemd varierer mellom ulike regionar. Noreg treng næringar som gir landet verdiskaping og arbeidsplassar, og som tek klimaomsyn og nyttar ressursane på ein berekraftig måte. Regjeringa legg til rette for at næringslivet i distrikta får tilgang til kompetent risikokapital gjennom eit forvaltingssystem som kjenner dei utfordringane som næringslivet møter. Arbeidskraft med rett kompetanse er ein føresetnad for utvikling og verdiskaping i alle delar av landet. Utviklinga i arbeidsmarknaden er god. Sysselsettinga har auka og arbeidsløysa er framleis låg. Dei demografiske utfordringane, som er størst i distrikta, skapar kamp om arbeidskrafta.

Mangel på kompetent arbeidskraft gjer mobilisering til kompetanseutvikling og relevante tilbod på utdanning stadig meir nødvendig. Derfor er desentralisert utdanning viktig. Næringslivet i distrikta må òg omstille seg for å møte klimakrav og marknadsmoglegheiter i det grøne skiftet.

Eit viktig mål for regjeringa er ei meir balansert utvikling i landet. Derfor ønskjer regjeringa å lokalisere fleire statlege arbeidsplassar utanfor dei største byane, og å legge betre til rette for desentralisert arbeid i statlege verksemder. Det kan styrkje lokale kompetansemiljø og auke tilgangen på kompetansearbeidsplassar i distrikta. Ambisjonen er auka bruk av stillingar i staten som blir lyste ut med høve til desentralisert arbeid.

Regjeringa vil bidra til meir målretta og samordna innsats i distrikts- og regionalpolitikken ved hjelp av regionvekstavtaler. Regionvekstavtaler skal styrkje samordninga av ulike offentlege tiltak og verkemiddel, slik at den samla innsatsen treff betre. Regjeringa skal signere regionvekstavtaler med pilotfylka Nordland og Rogaland, som begge har valt grønt industriløft som overordna tema for avtalene.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 1 under kap. 553, postane 60, 61, 65, 67, 69 og 71.

Mål 2 Regional utvikling over landegrensene og i nordområda

Regjeringa vil legge til rette for eit aktivt internasjonalt samarbeid om sentrale distrikts- og regionalpolitiske samfunnsutfordringar i heile landet. Kommunal- og distriktsdepartementet utviklar regionalpolitikken gjennom internasjonalt regionalpolitisk samarbeid, og koordinerer regjeringa sin nordområdepolitikk.

Noreg deltek i fleire Interreg-program som legg til rette for grenseoverskridande samarbeid og kunnskapsutvikling om ulike samfunnsutfordringar. I prosjekta samarbeider norske deltakarar med partnarar i naboland og andre europeiske land om mellom anna utvikling av offentlege tenester, berekraftig forvalting av ressursane, grøn næringsutvikling, administrativ kapasitet m.m.

Kommunal- og distriktsdepartementet har òg ansvaret for ordningar som bidreg til ei positiv utvikling i Nord-Noreg, med trygge arbeidsplassar, tilgang på arbeidskraft, tenester nær folk og ein godt utvikla infrastruktur i heile regionen.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 2 under kap. 553, postane 63 og 76.

Regjeringa og departementet sin særskilde innsats i nordområda er omtalt i del III.

Mål 3 Styrkt utviklingskapasitet og velfungerande tenestetilbod i distrikta

Regjeringa er opptatt av at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og vil legge til rette for trygge, berekraftige og levande lokalsamfunn i heile landet gjennom desentraliserte løysingar. Regjeringa vil arbeide for at folk har tilgang på bustadar og gode tenester der dei bur.

Distriktskommunane står i betydelege utfordringar som følgje av spreidd busetting, auke i talet på eldre og nedgang i folketalet. Det stiller store krav til arbeid med utvikling av lokalsamfunnet og fornying i kommunen sine tenester og arbeidsformer, som igjen krev kompetanse og utviklingskapasitet.

Ordninga for bistand og rettleiing til distriktskommunar gir fylkeskommunane verktøy til å styrkje kommunanes kompetanse og kapasitet til strategisk arbeid med samfunnsutvikling.

Distriktssenteret skal i samarbeid med regionale aktørar støtte opp om utviklingskapasiteten og -innsatsen til distriktskommunane. Distriktssenteret skal òg gjennom Merkur-programmet støtte opp om tilgangen til grunnleggande private tenester, med vekt på daglegvarer og drivstofftilbod.

Bygdevekstavtaler skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i område med betydelege distriktsutfordringar. Det er i dag ti bygdevekstpilotar med til saman 35 kommunar i sju fylke.

Med pilot nærtenestesenter vil regjeringa teste ut ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege. Piloten skal vare i perioden 2024–2026.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 3 under kap. 553, postane 64, 65 og 66, og under kap. 554, postane 01 og 73.

Kap. 553 Regional- og distriktsutvikling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Kompetanse og arbeidskraft i distrikta

62 940

112 940

61

Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling

811 558

802 091

816 197

62

Kompetansepilotar, kan overførast

870

63

Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet

104 105

145 403

147 903

64

Pilot nærtenestesenter, kan overførast

5 000

5 126

65

Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar

81 689

120 559

126 266

66

Bygdevekstavtaler, kan overførast

3 315

76 931

73 963

67

Utviklingstiltak i Andøy kommune

20 000

30 000

69

Mobilisering til forskingsbasert innovasjon

59 869

66 332

66 332

71

Investeringstilskot for store grøne investeringar

102 136

101 528

100 000

74

Klyngjer og innovasjon

55 316

28 322

76

Nordisk og europeisk samarbeid, kan overførast

26 724

18 659

18 659

Sum kap. 553

1 245 582

1 447 765

1 497 386

Post 60 Kompetanse og arbeidskraft i distrikta

Posten omfattar a) Mobilisere til utdanning og kompetanseheving og b) Tilskot til studiesenter.

Mobilisere til utdanning og kompetanseheving

Mål for ordninga

Løyvinga skal betre tilgangen på kompetent arbeidskraft i distrikta.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga skal bli vurdert etter følgjande kriterium:

  • Økt mobilisering til utdanning og kompetanseheving for offentlege og private verksemder.

  • Styrkt regional koordinering og samarbeid om metodar for å kvalifisere fleire som i dag står utanfor arbeid, inn i arbeidslivet.

Tildelingskriterium

Fylkeskommunane har ansvar for forvalting av ordninga i eige fylke.

Føremålet med prosjekta skal vere i tråd med regionale planar for næringsutvikling og kompetanseutvikling. Fylkeskommunane skal prioritere dei prosjekta som i størst grad bidrar til måloppnåing. Fleirårige prosjekt kan støttast med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak. Midlane skal ikkje rettast mot enkeltpersonar eller enkeltverksemder, og skal ikkje finansiere ordinær drift av verksemder eller utdanningstilbod.

Fylkeskommunane oppmodast til å drøfte sine planlagde tiltak og utlysingar i regionale kompetansefora og liknande partnarskap.

Oppfølging og kontroll

Midlane blir forvalta av fylkeskommunane. Kriteria for måloppnåing blir følgt opp gjennom årleg rapportering til departementet. Det blir utforma ei forskrift for ordninga i samarbeid med fylkeskommunane som gjeld frå 2025.

Rapport

Ordninga var ny i 2024. Departementet vil få første rapportering frå fylkeskommunane våren 2025.

Tilskot til studiesenter

Mål for ordninga

Løyvinga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for folk i distrikta, og tilsette ved verksemder i distrikta som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadane.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga skal bli vurdert etter følgjande kriterium:

  • Auka innsats for etablering av fleire etterspurde, desentrale tilbod på utdanning.

  • Auka tal på studentar med etterspurt kompetanse ved studiestadane.

  • Fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling ved studiesentrera.

Tildelingskriterium

Midlane skal tildelast studiesenter. Eit studiesenter er ein fysisk møteplass utanfor etablerte studiestader som fagskular, høgskular og universitet. Eit studiesenter legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ, arbeidsliv og offentlege og private verksemder. Det er gjerne fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarlege for tilboda ved studiesentera.

Fylkeskommunane skal fordele midlane til studiesentera basert på prosjektsøknadar. Eit prosjekt er ein definert innsats for å oppnå eit bestemt mål innanfor ei planlagt tids- og ressursramme.

Føremålet med prosjekta skal vere i tråd med regionale planar for næringsutvikling og kompetanseutvikling. Fylkeskommunane skal prioritere dei prosjekta som i størst grad bidrar til måloppnåing. Prosjekta må ha regional medfinansiering. Prosjekta må gjere greie for at studiesenteret har kapasitet til å gjennomføre. Fleirårige prosjekt kan støttast med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak.

Fylkeskommunane oppmodast til å drøfte sine planlagde tiltak og utlysingar i regionale kompetansefora og liknande partnarskap.

Oppfølging og kontroll

Midlane blir forvalta av fylkeskommunane. Kriteria for måloppnåing blir følgt opp gjennom årleg rapportering til departementet. Det blir utforma ei forskrift for ordninga i samarbeid med fylkeskommunane som gjeld frå 2025.

Rapport

I statsbudsjettet for 2024 vart det varsla at regjeringa vil vurdere korleis den søknadsbaserte ordninga for studiesenter skal forvaltast framover, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida. Regjeringa har avgjort at ordninga skal forvaltast av Kommunal- og distriktsdepartementet. Regjeringa foreslår derfor å flytte 50 mill. kroner i tilskot til studiesenter frå Kunnskapsdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett frå 2025.Departementet vil få første rapportering frå fylkeskommunane på tilskot til studiesenter våren 2026.

For rapportering av korleis løyvinga for 2023 vart nytta, sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet, kap. 272, post 72.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å auke løyvinga med 50 mill. kroner då ansvaret for ordninga «Tilskot til drift av studiesenter» blir overført frå Kunnskapsdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Det blir foreslått å løyve 112,9 mill. kroner. Minimum 50 mill. kroner vil vere tilskot til studiesenter. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til fylkeskommunane.

Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av kva år løyvinga vart gitt.

Post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling

Midlane blir tildelt fylkeskommunane, som gir oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for ei portefølje av verkemiddel retta mot verksemder, sjå boks 5.1. Fylkeskommunane har òg moglegheit til å gi oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for mobiliseringsarbeid, inkludert regionale oppdrag for Invest in Norway.

Mål for ordninga

Ordninga skal mobilisere verksemder til innovasjon og utvikling, og føre til vekst i verdiskaping, sysselsetting og nyskaping i regionane. Vidare skal ordninga bidra til å utløyse ny aktivitet i næringslivet i distriktsområde som ikkje blir tatt vare på gjennom nasjonale verkemiddel. Ordninga skal òg bidra til grøn omstilling av næringslivet i regionane og distrikta.

Kriterium for måloppnåing

Innsatsen blir målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:

  • Utviklinga i verdiskaping, omsetning2, sysselsetting og nyskaping for verksemdene som deltar i programma, samt status og utvikling i programma. Kriteria varierer mellom verkemidla.

  • Del av verkemidla som når fram til verksemder med kvinneleg leiar eller eigar, eller som blir definert som «kvinneretta»3.

  • Del av løyvinga som går til prosjekt med positiv miljøeffekt.

Boks 5.1 Verkemiddel

Distriktsretta ordningar fylkeskommunen kan bruke, forvalta av Innovasjon Noreg1:

  • Distriktsretta risikolån kan bli gitt til toppfinansiering av forventa lønsame investerings- og utviklingsprosjekt som er vanskelege å finansiere i den private kredittmarknaden. Låna kan bli gitt til nyetableringar og etablerte verksemder.

  • Distriktsretta garantiar for driftskreditt, og unntaksvis for lån, kan bli gitt til verksemder som manglar pantesikkerheit for lånefinansiering i bank.

  • Investeringstilskot kan bli gitt til fysiske investeringar som produksjonslokale eller produksjonsutstyr, og blir primært gitt til små og mellomstore verksemder.

  • Bedriftsutviklingstilskot kan bli gitt til rådgivingstenester, kompetansetiltak og forprosjekt, primært til små og mellomstore verksemder.

  • Distriktsretta oppstartstilskot kan bli brukt til finansiering av innovative prosjekt med vekstpotensial i ein regional eller nasjonal marknad.

Landsdekkande ordningar fylkeskommunen kan bruke, forvalta av Innovasjon Noreg:

  • Landsdekkande oppstartstilskot 1 til marknadsavklaring skal støtte gründerar som har idéar med stort vekstpotensial. Tilskotet kan bli brukt til å utvikle eigen kompetanse, kjøpe kompetansetenester av andre, tilpasse produktet eller tenesta til marknaden eller som sikkerheit for å innhente meir kapital.

  • Mentortenesten for gründerar skal gi auka kunnskap om forretningsutvikling og vurdering av marknadsmoglegheiter. Verksemder må vere i utviklings- eller marknadsintroduksjonsfasen og ha ambisjonar om vekst utover sin lokale marknad.

  • Bedriftsnettverk er eit tilbod til små og mellomstore verksemder med vekstambisjonar, som ønskjer å etablere strategiske og marknadsretta samarbeidsprosjekt for å styrkje innovasjon og konkurransekraft.

Finnmark fylkeskommune kan bruke følgande ordning for dei ni kommunane i Aust-Finnmark2:

  • Utviklingstilskot for Aust-Finnmark forvaltast av Innovasjon Noreg og gir finansiering til investeringsprosjekt og bedriftsutviklingsprosjekt i regionen. Prosjekta si betyding for lokalsamfunna vil vektleggast. Det er krav til bedriftsøkonomisk lønsemd, men ikkje til innovasjonshøgde.

Landsdekkande ordningar fylkeskommunen kan bruke, forvalta av Siva:

  • Inkubasjonsprogrammet har som visjon å utvikle framtidas berekraftige verksemder. Hovudmålet er å bidra til auka nasjonal verdiskaping og eksport i verksemder med internasjonalt vekstpotensial, gjennom effektivt å identifisere, kommersialisere og vidareutvikle innovative idéar til nye vekstverksemder, og utløyse vekst i etablerte verksemder. Målgruppa er verksemder med innovative idéar og vekstpotensial med internasjonalt eller nasjonalt potensial. Siva bidrar med tilskot, kompetanse og nettverk til inkubatorane i programmet.

  • Næringshageprogrammet har som visjon å utvikle berekraftige og framtidsretta næringsliv i distrikta, og er eit viktig distriktspolitisk verkemiddel. Hovudmålsettinga er å føre til auka verdiskaping basert på regionale fordelar, gjennom å legge til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige verksemder. Siva bidrar med tilskot, kompetanse og nettverk til næringshagane i programmet. Målgruppa er små og mellomstore verksemder og nyetableringar, hovudsakleg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstønad.

1 Dei distriktsretta ordningane kan berre bli brukt innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte. Verkeområdet for distriktspolitisk investeringsstøtte er fastsette av departementet og godkjend av ESA i samsvar med EU sine retningslinjer om regionalstøtte. I kommunane omfatta av området kan det gis økonomisk stønad til verksemder med bakgrunn i distriktspolitiske omsyn.

2 Kommunane Sør-Varanger, Vardø, Vadsø, Lebesby, Gamvik, Berlevåg, Tana, Nesseby og Båtsfjord.

Tildelingskriterium

Fylkeskommunane har ansvaret for å utforme og finansiere oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva i sitt fylke. Bruken av tilskotsmidlar skal vere forankra i regionale mål og planar, og i forpliktande partnarskap med næringslivet og regionale og lokale aktørar.

Departementet utreknar fordeling av midlane mellom fylka basert på ein distriktsdel og ein regionaldel. Den distriktsretta delen skal utjamne geografiske forskjellar ved å kompensere for ulemper i distriktsområde. Den regionale delen skal legge til rette for vekst og utvikling i heile landet ved at kvart fylke realiserer sitt potensial. I tillegg dekker tilskotet Innovasjon Noreg, Siva og fylkeskommunane sine gjennomføringskostnadar.

Departementet tildeler løyvinga til kvart fylke som ein samla sum, utan føringar for korleis den skal fordelast av fylkeskommunen mellom verkemiddelaktørane eller verkemidla.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir følgt opp gjennom årleg rapportering, effektmålingar og eksterne evalueringar. Departementet har laga retningslinjer for posten i samråd med fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Siva, der oppgåvene og ansvarsområda til aktørane er omtalt.

Rapport

I saldert budsjett for 2023 vart det løyvd 763,7 mill. kroner til ordningane på posten. I 2023 vart det òg vedtatt ei tilleggsløyve til Troms og Finnmark fylkeskommune på til saman 30 mill. kroner for å bidra til omstilling og utvikling av næringslivet i Aust-Finnmark som vart råka av sanksjonar mot Russland, jf. Innst. 490 S (2022–2023).

10 mill. kroner av tilleggsløyvinga vart fordelt av Troms og Finnmark fylkeskommune til kommunale næringsfond, Linken næringshageprogram og Orinor inkubatorprogram.

20 mill. kroner av tilleggsløyvinga vart fordelt av Troms og Finnmark fylkeskommune til Innovasjon Noreg. Desse midlane inngjekk i Innovasjon Noregs tilgjengelege midlar for det regionale oppdraget i 2023. Desse midlane er overførbare mellom år i likskap med dei ordinære løyvingane over posten.

Rapporteringa under viser mottakarane sitt forbruk4 for 2023. Den inkluderer løyvinga frå fylkeskommunane for 2023, i tillegg til akkumulerte midlar under ordningane.

Fylkeskommunane har gitt oppdrag til Innovasjon Noreg, med følgjande rapportering for 20235:

Bedriftsutviklings- og investeringstilskot (418,2 mill. kroner)

Verksemder som har fått investeringstilskot og/eller bedriftsutviklingstilskot har ei signifikant betre årleg økonomisk utvikling (omsetning, verdiskaping og produktivitet) enn kontrollgruppa. Av tilskotet gjekk 43 pst. av innvilga beløp til prosjekt med innovasjon på internasjonalt nivå, og 23 pst. til prosjekt med innovasjon på nasjonalt nivå.

Kundeeffektundersøkinga for 2023 viser at støtta frå Innovasjon Noreg i stor grad var utløysande for at prosjekta vart gjennomført.

28 pst. av tildelingane gjekk til verksemder yngre enn tre år og 71 pst. av tildelingane gjekk til verksemder med under 20 tilsette. Kvinneretta prosjekt utgjorde 30 pst. av tildelte beløp.

Distriktsretta risikolån og garantiar for driftskreditt (239,6 mill. kroner)

Lån og garantiar frå Innovasjon Noreg har ein positiv økonomisk effekt hos mottakarane, samanlikna med kontrollgruppa av verksemder som ikkje fekk slike lån. Mottakarar av lån har i gjennomsnitt høgare årleg meirvekst, spesielt på omsetning og verdiskaping, enn mottakarar av tilskot.

I 2023 gjekk 34 pst. av tildelingane for nye lån og garantiar til gründerar, og 66 pst. til vekstkraftige verksemder. 83 pst. av tildelte saker (lån og garantiar) gjekk i 2023 til verksemder med inntil 20 tilsette. Kvinneretta prosjekt utgjorde 34 pst. av tildelt beløp.

Oppstartstilskot (45,5 mill. kroner)

Distriktsretta oppstartstilskot 1 og landsdekkande oppstartstilskot 1 har gitt mottakarane ein årleg meirvekst i omsetning, verdiskaping og sysselsetting. Kundeeffektundersøkinga for 2023 viser at dei aktuelle prosjekta i liten grad ville blitt gjennomført utan støtta frå Innovasjon Noreg.

Landsdekkande oppstartstilskot vart gitt til prosjekt med innovasjon på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Kvinneretta prosjekt utgjorde 27 pst.

For distriktsretta oppstartstilskot vart 68 pst. av midlane innvilga til prosjekt på nasjonalt eller internasjonalt innovasjonsnivå. Kvinneretta prosjekt utgjorde 40 pst.

Bedriftsnettverk (43,6 mill. kroner)

18 nye bedriftsnettverk, med til saman 300 verksemder, vart tatt inn i programmet i 2023. Totalt var det 84 bedriftsnettverk i programmet ved utgangen av året, med til saman 900 verksemder. Nettverka har god geografisk spreiing, og omfattar verksemder i alle næringsgrupper. Kundeeffektundersøkinga viser at 89 pst. av respondentane meiner ordninga er utløysande for prosjekta.

Mentortenesten for gründerar (3,4 mill. kroner)

87 verksemder fekk tildelt mentor i 2023. Ordninga kan vise til svært høg del deltakarar med internasjonalt innovasjonsnivå. Ei evaluering frå Menon Economics i 2018 viser at tenesta tilbyr skreddarsydd kompetanse tilpassa behova til gründerar og har lite overlapp med andre tenester.

Miljøeffekt6

Innovasjon Noreg rapporterte at talet på tilsegn med positiv miljøeffekt for 2023 er 58 pst. for bedriftsutviklings- og investeringstilskot, 53 pst. for distriktsretta risikolån, og 19 og 31 pst. for høvesvis distriktsretta og landsdekkande oppstartstilskot.

Fylkeskommunane har gitt oppdrag til Siva, med følgjande rapportering for 2023:

Nedanfor gis det eit statusbilde for verksemdene i programma i 2023. Det nye tiårige næringshageprogrammet og inkubasjonsprogrammet starta opp 1. januar 2023. Det er første gong Siva rapporterer på dei nye programma, og dei har derfor ikkje mål på vekst/endring på desse programma. Dette vil bli omtalt i Prop. 1 S (2025–2026).

Næringshageprogrammet (101,7 mill. kroner)

I 2023 var det 2 544 målverksemder7 som tok imot rådgivings- og utviklingstenester frå 39 næringshagar. Troms og Finnmark, Trøndelag og Innlandet fylker hadde flest målverksemder i næringshageprogrammet.

Målverksemdene i næringshagane hadde i 2023 totalt 30 689 tilsette. Gjennomsnittleg tal på tilsette var 12,2, og medianen var fire tilsette.

35 pst. av målverksemdene i næringshageprogrammet hadde kvinneleg leiing i 2023. Det var flest kvinnelege leiarar i stillinga som dagleg leiar, medan det var færrast kvinner i rolla som styreleiar.

Inkubasjonsprogrammet (138,5 mill. kroner)

I 2023 var det 35 inkubatorar og totalt 2 061 inkubatorverksemder som nytta seg av inkubatorprogrammet. Mesteparten av verksemdene i inkubatorprogrammet held til i Vestland, Nordland, Oslo og Trøndelag.

32 pst. av dei aktive inkubatorverksemdene hadde kvinner i leiande stillingar i 2023. Flesteparten av kvinnene hadde i 2023 rolla som gründer, mens det var færrast kvinner i rolla som styreleiar.

Miljøeffekt

Siva brukar skalaen sustainability readiness level (SRL) for måling av berekraft i begge programma. SRL-skalaen angir modenheitsnivået til verksemdene når det gjeld å integrere berekraft i deira forretningsmodell.

Som følgje av ny programperiode har ikkje Siva endringstal, men dei rapporterer at majoriteten av verksemdene i begge programma ligg på dei tre lågaste nivåa av modenheit. Ei mogleg forklaring på låg grad av modenheit kan vere at det er nye program, og at det er første gong Siva har innført krav om rapportering på modenheitsnivå. I tillegg er størstedelen av verksemdene i inkubasjonsprogrammet tidleg i utviklingsløpet, og ein kan derfor anta at bevisstheita kring berekraft som del av forretningsmodellen har vore låg. Siva oppgir at det same gjeld for næringshageprogrammet, kor det er mange små verksemder med avgrensa ressursar.

Siva bruker òg EU sin taksonomi8 for berekraftsmåla, med eigenrapportering av kva for miljø/klimarelaterte mål dei oppnår. Metoden er under utvikling. Departementet vil innhente rapportering frå 2024.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Midlane brukast i hovudsak til dei ordinære verkemidla i Innovasjon Noreg og Siva.

Det blir foreslått å løyve 17 mill. kroner for å adressere den utfordrande situasjonen i fiskeria i Finnmark. Midlane skal nyttast av Finnmark fylkeskommune til kommunale næringsfond med 1 mill. kroner kvar til kommunane: Sør-Varanger, Vardø, Vadsø, Lebesby, Gamvik, Tana, Nesseby, Båtsfjord, Hasvik, Måsøy, Loppa og Nordkapp. 5 mill. kroner skal nyttast til kommunalt næringsfond i Berlevåg kommune.

Samla blir det foreslått å løyve 816,2 mill. kroner, inkludert administrasjons- og gjennomføringskostnadar til Innovasjon Noreg og Siva.

Departementet overfører midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Fylkeskommunane kan dermed disponere midlane uavhengig av året løyvinga blir gitt.

Post 62 Kompetansepilotar, kan overførast

Programmet Kompetansepilotar har vore finansiert i perioden 2020–2022 og er no avslutta. Målet var å identifisere ulike behov for kompetansehevande tiltak i små verksemder, mobilisere studentar og kople og legge til rette for tilbod på etter- og vidareutdanning tilpassa behova i Distrikts-Noreg. Utprøving av nye modellar og metodar for å nå måla har vore sentralt. Ordninga skulle bygge opp under den kompetansepolitiske rolla til fylkeskommunane.

Det vart løyvd til saman 95,7 mill. kroner i perioden 2020–2022. Sluttevalueringa9 peikar på at eit hovudmål er nådd ved at fylkeskommunane har fått god praksis i å utvikle og teste ulike metodar og modellar for arbeidet. Kompetansepilotane har bidratt til varige endringar i fylkeskommunane sitt arbeid med å mobilisere til kompetanseutvikling lokalt, samt å legge til rette for relevante tilbod. Arbeidet har betra tilbodet av kompetent arbeidskraft i distrikta.

Pilotane har auka innovasjonskrafta og ført til nyttig læring på tvers av fylka. Samarbeidet mellom dei ulike kompetanseaktørane i fylka har blitt sterkare. Ordninga har demonstrert at det krev målretta innsats å mobilisere til kompetanseutvikling i små verksemder i distrikta.

Post 63 Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet

Posten omfattar tilskot til Noreg si deltaking i grenseregionale Interreg-program, tilskot til Arktis 2030, tilskot til det norske Barentssekretariatet, sekretariat for Regionalt nordområdeforum i Vadsø, og Nordkalottens grensetjeneste i Skibotn. Tilskot til transnasjonale og heil-europeiske Interreg-program blir omtalt under post 76.

I inneverande Interreg-periode (2021–2027) deltek Noreg i programma Øresund-Kattegat-Skagerrak, Sverige-Noreg og Interreg Aurora (post 63), samt Nordlig Periferi og Arktis, Nordsjøen, Østersjøen, Interreg Europe, URBACT, ESPON og Interact (post 76).

Prosjekta fremjar regional utvikling, utveksling av kunnskap, berekraftig økonomisk vekst og grøn omstilling. Grensekommunar er ofte distriktskommunar. Samarbeid over landegrensene gir høgare kapasitet og kompetanse hos aktørane for å løyse regionale og distriktspolitiske utfordringar og bygge ned grensehinder. Programma er i tråd med prioriteringane frå fylkeskommunane.

Grenseregionale Interreg-program

Mål for ordninga

Målgruppene er lokale, regionale og nasjonale styremakter, aktørar frå lokalsamfunn og urfolk, privat næringsliv, forskings- og utviklingsaktørar og frivillige organisasjonar.

Ordninga skal:

  • bidra til regional utvikling gjennom samarbeid over landegrensene,

  • bidra til a) eit smartare Europa, b) eit grønare Europa, c) eit meir samanknytt Europa, d) eit meir sosialt Europa og e) eit Europa nærare borgarane. Eit eige Interreg-spesifikt mål (ISO 1) om å styrkje kapasiteten i grenseoverskridande samarbeid kjem i tillegg. Innsatsen til Noreg vektlegg måla a, b, c og ISO 1,

  • gi deltakarar tilgang på verktøy, kompetanse, erfaring og økonomiske verkemiddel til utviklingsprosjekt, og

  • støtte opp under EU sin grøne giv, berekraftsmåla og EU sitt nye europeiske Bauhaus.

Kriterium for måloppnåing

Indikatorar for å vurdere måloppnåing blir fastsette i programdokumenta for kvart enkelt Interreg-program.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium blir fastsette i tråd med EU sitt regelverk og formulert i programdokumenta for kvart program, til dømes om det bidrar til grenseregional meirverdi, kapasitet til gjennomføring, resultatorientering, berekraftig utvikling og til å nå målet med programmet. Midlane blir lyste ut og skal utløyse minimum 50 pst. regional medfinansiering/eigenfinansiering.

Oppfølging og kontroll

Forvaltinga av midlane er delegert til fylkeskommunane, som rapporterer til departementet. Oppfølging og kontroll skjer i overvakings- og styringskomiteane til programma, der departementet og fylkeskommunane deltar saman med dei andre programlanda. Krava til oppfølging og kontroll blir fastsette gjennom EU sitt regelverk og i programdokumenta for kvart program.

Rapport

Fylkeskommunane fekk til saman 51,1 mill. kroner i 2023 til deltaking i grenseregionale Interreg-program. Dei norska midlane utgjer ein mindre del av programbudsjettet, som i stor grad er finansiert av EU sitt regionale utviklingsfond. Det gir norske deltakarar tilgang til større ressursar og kapasitet i programma, som bidrar til å løyse samfunnsutfordringar på norsk side.

Ny programperiode for 2021–2027 starta prosjektutlysingar i 2022. Programma har sett i gong midtvegsevalueringar som vil føregå i programperioden, og sluttrapportering vil vere klart etter avslutta programperiode. Programsekretariata rapporterer om høg etterspørsel av prosjektmidlar i 2023, og tilskot til 82 prosjekt med norske deltakarar.

Øresund-Kattegat-Skagerrak (ØKS) (14,4 mill. kroner)

Innsatsen var retta mot utviklingsprosjekt innan innovasjon, grøn økonomi, sysselsetting og transport, berekraftsmål om god helse og livskvalitet, rein energi til alle og anstendig arbeid og økonomisk vekst. Programmet omfatta fylka Viken, Oslo, Vestfold og Telemark og Agder, og svenske og danske regionar i tilgrensande kystområde.

Sverige-Noreg (23,8 mill. kroner)

Innsatsen var retta mot samarbeid om innovasjon, utvikling av små og mellomstore verksemder, natur og kulturarv og berekraftig transport. Programmet omfatta grenseregionane på norsk og svensk side frå Viken til Trøndelag.

Interreg Aurora (12,8 mill. kroner)

Innsatsen var retta mot forsking og innovasjon, entreprenørskap, klima og miljø, kultur og arbeidsmarknad. Programmet omfatta Nordland, Troms og Finnmark, regionar i Nord-Finland og Nord-Sverige. Programmet har eit delprogram, Sápmi, som dekker heile det samiske området frå Innlandet til Finnmark, og alle samiske område i Sverige og Finland.

NEXT Kolarctic

NEXT Kolarctic (2021–2027) er stoppa, og midlane er fordelte til dei andre programma på posten. Pågåande prosjekt i Kolarctic CBC 2014–2020 avsluttast i 2024, utan russiske partnarar. Arbeidet har i 2023 vore retta mot å fremje resultat og vidareføre det gode samarbeidet gjennom andre samarbeidsstrukturar som Interregprogram og det norske Barentssekretariatet10.

Programmet omfatta fram til Russland sin invasjon av Ukraina: Nordland, Troms og Finnmark, Norrbotten (Sverige), Lappland (Finland) og Murmansk, Arkhangelsk og Nenets (Russland).

Arktis 2030

Mål for ordninga

Arktis 2030 skal ivareta norske interesser i nord og Noreg si rolle som ein ansvarleg og sentral polarnasjon. Programmet skal bidra til ein heilskapleg nordområdepolitikk i tråd med ambisjonane til regjeringa.

Innsatsen skal bli målt etter følgjande kriterium for måloppnåing innanfor fire innsatsområde:

  • Kunnskap: Auka kunnskap om polare strøk og samfunn, kompetansebehov, forvalting og miljø og naturressursar i nordområda.

  • Infrastruktur: Auka kunnskap om og tilrettelegging for å møte infrastrukturbehov som følgje av auka aktivitet i nordområda.

  • Miljøvern, sikkerheit, beredskap og klimaendringar: Auka kunnskap om og kapasitet til førebygging og handtering av forureining og ulykker i nordområda. Auka kunnskap om klimaendringar, konsekvensar av dette og grøn omstilling.

  • Næringsliv: Auka økonomisk aktivitet, næringsutvikling og verdiskaping i nordområda.

Tildelingskriterium

Det kan bli gitt tilskot til prosjekt som skal bidra til operativ bruk av nyutvikla kunnskap, teknologi og/eller kompetanse om nordområda. Prosjekt og tiltak skal legge FN sine berekraftsmål til grunn. Ved vurdering av prosjekta skal det bli lagt vekt på situasjonen for urfolk. Midlane kan både gå til forprosjekt og større fleirårige strategiske prosjekt. Både næringsliv, interesseorganisasjonar, offentlege aktørar og kunnskapsmiljø kan søkje om tilskot. Søkjarar treng ikkje vere lokaliserte i Nord-Noreg, men må tydeleg vise at resultata av aktivitetane som blir finansierte vil kome nordområda til gode. Fylkeskommunane kan finansiera tiltak og program i eigen regi.

Oppfølging og kontroll

Troms fylkeskommune har ansvaret for organisering av arbeidet, i nært samarbeid med Nordland og Finnmark fylkeskommunar. Direkte verksemdretta tilskot skal bli forvalta av Innovasjon Noreg Arktis gjennom oppdragsbrev frå fylkeskommunen. Departementet har utarbeidd ei forskrift for ordninga: Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskuddsmidler til Arktis 2030.

Rapport

I 2023 vart det løyvd 47,5 mill. kroner til ordninga. Troms og Finnmark fylkeskommune rapporterer at dei tildelte prosjektstøtte for 6,8 mill. kroner til elleve forprosjekt, og 25 mill. kroner til åtte hovudprosjekt. Prosjekta hadde god spreiing på dei fire innsatsområda og stor geografisk spreiing. 26,4 mill. kroner gjekk til verksemdsretta tilskot gjennom Innovasjon Noreg, der 21 prosjekt fekk støtte. Alle verksemdene er heimehøyrande i Nordland, Troms og Finnmark eller Svalbard. Prosjekta som fekk støtte var mellom anna biogass, romfart, industripark-satsing, regionale økosystem og innovative energiløysingar.

Det norske Barentssekretariatet

Mål for ordninga

Barentssekretariatet skal fremje og finansiere samarbeidsprosjekt, og vere eit ressurs- og kompetansesenter for grensekryssande- og nordområdesamarbeid. Målet med ordninga er god samfunnsutvikling i nord, mellom anna gjennom kunnskapsheving.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for tilskotsordninga skal vurderast etter desse kriteria:

  • Prosjektet har gitt meir/betre samarbeid mellom norske, finske og/eller svenske aktørar i nord, ev. òg med aktørar frå andre regionar i Arktis.

  • Prosjektet bidrar til samfunnsutvikling i Nord-Noreg.

Tildelingskriterium

Tilskotsordninga blir forvalta av Barentssekretariatet. Sekretariatet kan gi tilskot til prosjekt som er innretta mot internasjonalt samarbeid mellom aktørar i Nord-Noreg og aktørar i finske og svenske regionar i nord, inkludert urfolkssamarbeid.

Delar av løyvinga går til drift av sekretariatet og til utviklingsoppgåver i tråd med oppdraget. Sekretariatet skal arbeide med å hente inn og samordne kunnskap frå aktørar i regionen. Dei skal hjelpe fylkeskommunane i Nord-Noreg i samfunnsutviklingsrolla deira, gjennom å fremje, utvikle og styrkje samarbeid med aktørar, først og fremst i finske og svenske regionar.

Oppfølging og kontroll

Barentssekretariatet er eit interfylkeskommunalt selskap. Eigarfylkeskommunane, Nordland, Troms og Finnmark, har ansvar for dagleg drift av selskapet gjennom ein selskapsavtale. Departementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krav og vilkår som er sette i regelverk og i oppdragsbrev. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans.

Rapport

Barentssekretariatet vart overført frå Utanriksdepartementet i 2024. Det vart løyvd 42 mill. kroner til sekretariatet i 2024. Av dette går inntil 16 mill. kroner til drift og forvalting. Sekretariatet har omstilt seg godt til sitt nye oppdrag, og det er god søking til ordninga. For rapportering for 2023 sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet.

Sekretariat for Regionalt nordområdeforum

Regionalt nordområdeforum er ein arena for politisk dialog som skal styrkje situasjonsforståinga mellom nasjonalt- og regionalt nivå og Sametinget, om spørsmål som er særleg relevante for utviklinga i nord. Dei faste medlemmane i forumet er den politiske leiinga i Kommunal- og distriktsdepartementet, Utanriksdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, fylkeskommunane i Nord-Noreg og Sametinget. Forumet drøftar forslag og tiltak som er aktuelle i nordområda.

Forumet har i 2023 jobba med å utarbeide ein strategi for betre samordning mellom nordområdepolitikken og anna nasjonal og regional innsats i nord. Innsatsen er retta mot temaområda busetting, tenester og tilgang på arbeidskraft, beredskap og sikkerheit, og berekraftig utvikling av næringsliv og samfunn. Forumet skal òg bidra til at ungdom og unge vaksne i større grad blir involverte i arbeidet med å utvikle nordområdepolitikken.

Det vart i 2020 etablert eit sekretariat for forumet i Vadsø, som er lagt til Finnmark fylkeskommune. I 2023 vart det løyvd 1,6 mill. kroner til drift av sekretariatet.

Nordkalottens grensetjeneste

Nordkalottens grensetjeneste i Skibotn i Storfjord kommune har som mål å legge til rette for grenseoverskridande aktivitetar for enkeltpersonar, verksemder, organisasjonar og styresmakter, og arbeider aktivt for auka mobilitet på tvers av landegrensene i Finland, Sverige og Noreg. I dette inngår rettleiing, informasjon, tilrettelegging og kontaktformidling, som skal gi den enkelte betre føresetnader for å kunne fungere på alle sider av grensene. Informasjon blir gitt på svensk, finsk, norsk og samiske språk.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått 47,5 mill. kroner til Arktis 2030. På grunn av den krevjande situasjonen i fiskerisektoren, som særleg påverkar lokalsamfunn i Finnmark, vil departementet be dei tre fylkeskommunane om å bruke ordninga til å bidra til omstilling og utvikling av sjømatnæringa i Nord-Noreg.

Det blir foreslått til saman 54,3 mill. kroner til norsk deltaking i dei tre Interreg-programma. Programma følgjer dei fastlagde programplanane med innsatsområde, som gjeld for inneverande programperiode, som varar ut 2027.

Vidare blir det foreslått 42 mill. kroner til det norske Barentssekretariatet, av dette inntil 16 mill. kroner til drift og forvalting.

I tillegg blir det foreslått 1,6 mill. kroner til Regionalt nordområdeforum til å drifte sekretariatet i Vadsø, og 2,5 mill. kroner til å drifte Nordkalottens grensetjeneste i Storfjord kommune.

Samla blir det foreslått å løyve 147,9 mill. kroner.

Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane og Barentssekretariatet som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 64 Pilot nærtenestesenter, kan overførast

Mål for ordninga

Målet med pilot nærtenestesenter er å teste ut ulike modellar for korleis statlege publikumstenester kan tilbydast i område der innbyggarane har lang reiseveg til desse tenestene. Forvaltingsansvaret skal ikkje endrast. Piloten går ut på at statlege tenester blir tilbode på same stad som kommunane tilbyr sine publikumstenester, til dømes ved at etatane møter opp på ein avtalt stad til avtalte tidspunkt. Det konkrete innhaldet i kvar pilot skal vidareutviklast i perioden og må bli vurdert i lys av kapasitet i etatane og lokale behov.

Føremålet er å betre tilbodet på statlege publikumstenester, ikkje å flytte statlege arbeidsplassar. Piloten kan òg omfatte tiltak der kommunen gir bistand til innbyggarane sine slik at dei kan ta i bruk digitale offentlege tenester. Det kan omfatte både digital kompetanse og rettleiing i korleis finne digitale offentlege tenester.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir mellom anna vurdert på grunnlag av om innbyggarane opplever å ha fått betre tilgang til statlege publikumstenester, enten desse er oppmøtetenester eller tilgjengelege digitalt.

Tildelingskriterium

Kommunar som deltek i piloten kan søkje om tilskot til tiltak i tråd med innhaldet i piloten. Fleire kommunar kan søkje i samarbeid, men éin kommune må stå som søkjar på vegner av samarbeidet.

Oppfølging og kontroll

Departementet kan føre kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadane som er fastsett ved Stortinget si behandling, og spesifisert i regelverk og tilskotsbrev. Ordninga vil bli evaluert.

Rapport

Pilot nærtenestesenter vart lyst ut som ei tilskotsordning hausten 2023. Piloten skal vare i perioden 2024–2026.

Det kom inn 19 søknadar. Kommunal- og distriktsdepartementet har i samråd med fem andre departement og underliggande statlege verksemder vurdert søknadane og vedtatt kva kommunar som kan delta i pilot med nærtenestesenter, samt støttebeløp. Kommunane Tokke, Lebesby, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy (inkl. Røst, Flakstad og Moskenes), Gamvik og Vanylven deltar i piloten.

Budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 5,1 mill. kroner.

Post 65 Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar

Posten omfattar ordningane bistand og rettleiing til distriktskommunar med særlege utfordringar med strategisk utviklingsarbeid, tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad, og tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsettinga over relativt kort tid.

Pilot Statens hus og pilot for eit kystutviklingssenter i Aust-Finnmark har vore løyva over posten, jf. rapportering. Som ein del av tiltakspakka for Aust-Finnmark, vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvd 11 mill. kroner til Finnmark fylkeskommune. 3 mill. kroner gjekk til tiltak for å styrkje plankapasiteten i kommunane i regionen, og 8 mill. kroner gjekk til Sør-Varanger kommune for utvikling av næringsareal i kommunen.

Bistand og rettleiing til distriktskommunar

Mål for ordninga

Auka utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, mellom anna gjennom nye måtar å løyse oppgåver, og styrkt strategisk samfunnsplanlegging.

Kriterium for måloppnåing

Fylkeskommunen bidrar til å styrkje kommunanes kompetanse og kapasitet til strategisk arbeid med samfunnsutvikling.

Tildelingskriterium

Fordeling av midlane mellom fylkeskommunane tar utgangspunkt i folketalet i kommunane som skårar lågast på distriktsindeksen.

Fylkeskommunane har ansvar for arbeidet i eige fylke i dialog med kommunar med behov for bistand og rettleiing. Fylkeskommunane skal gi ekstra bistand og rettleiing over tid til distriktskommunar med særlege utfordringar med strategisk utviklingsarbeid. Både fag- og prosessbistand, prosjekt og målretta tiltak er aktuelt. Fylkeskommunen skal invitere aktørar som statsforvaltaren, Distriktssenteret, statlege etatar og verkemiddelaktørar der det er føremålstenleg. Rettleiing og bistand kan mellom anna bli knytt til plan- og strategiprosessar i kommunane. Ordninga kan nyttast saman med dei andre ordningane på posten.

Oppfølging og kontroll

Midlane blir forvalta av fylkeskommunane. Departementet fastsette regelverk for ordninga 12. desember 2023.

Tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad

Mål for ordninga

Styrkje kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad. Auka attraktivitet for busetting og næringsliv.

Kriterium for måloppnåing

Auka utviklingsevne i kommunen og auka attraktivitet for busetting og for næringsliv.

I 2024 har Innovasjon Noreg, to fylkeskommunar, sju kommunar og Distriktssenteret utvikla eit sett med indikatorar for å måle styrkt utviklingsevne. Samfunn med stor utviklingsevne har 1) ein utviklingskultur prega av sterkt samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv og kommunen, tydeleg felles visjon, høg tillit, open kommunikasjon, stoltheit og vilje til læring og utvikling og 2) ressursar for å drive fram utvikling. Ressursar handlar mellom anna om kapasitet, kompetanse, arena for samarbeid og kommunikasjon. Det har vore gjennomført pilotar som har testa dei nye indikatorane. Kriteria skal bli rapportert på, og i kva grad ein oppnår måla skal bli vurdert gjennom evaluering av det enkelte omstillingsprogrammet etter omstillingsperioden.

Tildelingskriterium

Fordeling av midlane mellom fylkeskommunane tar utgangspunkt i folketalet i kommunane som skårar lågast på distriktsindeksen. Fylkeskommunane skal legge følgjande kriterium til grunn ved tildeling: kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad. Fylkeskommunen kan òg legge vekt på i kva grad kommunen har utfordringar med forsørgjarbyrde, og del av befolkninga som står utanfor arbeidslivet. Kommunen skal få ein forsterka innsats over tid for å snu ei negativ utvikling.

Oppfølging og kontroll

Fylkeskommunane har ansvar for arbeid i eige fylke, og behandlar søknadar frå kommunane. Departementet har fastsett ei forskrift for ordninga 3. april 2024: Forskrift om tilskuddsordninger til omstilling og utvikling i områder med særlige distriktsutfordringer.

Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid

Mål for ordninga

Styrkje næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar eller regionar som opplever vesentleg nedgang i sysselsettinga over relativt kort tid.

Kriterium for måloppnåing

Kriteria for å vurdere måloppnåing er styrkt utviklingsevne i området i løpet av omstillingsperioden, og talet på arbeidsplassar som blir etablerte eller sikra.

Sjå omtale av arbeid med indikatorar for å måle utviklingsevne ovanfor.

Tildelingskriterium

Regional omstilling: Fylkeskommunane har ansvar for omstillingsarbeidet i eige fylke, og behandlar søknadar frå kommunane. Departementet har i fylkesfordelinga av ramma lagt til grunn fylkeskommunane sine innspel om kommunar og regionar der det er stor reduksjon i talet på sysselsette i hjørnesteinsverksemder/-næringar.

Fylkeskommunane skal legge følgjande kriterium til grunn ved tildeling av omstillingsprogram: a) omfanget av reduksjonen i sysselsettinga i kommunen/regionen, b) i kva grad det er mogleg å pendle til andre arbeidsmarknader, c) den generelle arbeidsløysa i kommunen/regionen og d) eventuelle andre tilhøve som kan spele inn.

Ekstraordinær statleg omstilling: I heilt spesielle tilfelle kan staten løyve ekstraordinære statlege omstillingsmidlar direkte til ein kommune. Kriteria for dette er at reduksjonen i den direkte sysselsettinga i kommunen bør vere betydeleg over ein treårsperiode, og reduksjonen bør som hovudregel utgjere minst 15 pst. av den totale sysselsettinga. I absolutte tal bør nedlegginga som eit minimum ligge på 150 tilsette. Vidare blir det lagt vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsettinga, i kva grad det er mogleg å pendle i den aktuelle bu- og arbeidsmarknadsregionen, og den generelle arbeidsløysa i kommunen/regionen.

Oppfølging og kontroll

Midlane blir forvalta av fylkeskommunane og Innovasjon Noreg. Departementet har fastsett ei forskrift for ordninga 3. april 2024: Forskrift om tilskuddsordninger til omstilling og utvikling i områder med særlige distriktsutfordringer.

Rapport

I 2023 følgte Innovasjon Noreg opp 23 omstillingsområde. Rapporteringa viste 521 nye arbeidsplassar, 655 sikra arbeidsplassar og 58 nye verksemder i 2023. I 2023 var det fem omstillingsområde som var ferdige med sine omstillingsperiodar: Andøy, Dyrøy, Indre Fosen, Kragerø og Eigersund. Oxford Research AS har sluttevaluert omstillingsprogramma i Indre Fosen og Andøy.

Evalueringa av omstillingsprogrammet i Andøy (2017–2023) viste at ein har oppnådd gode resultat. Programmet har vore godt organisert og drifta, og har bidratt til å skape og/eller sikre 302 arbeidsplassar. Evalueringa peika på at næringsstrukturen i Andøy har blitt meir mangfaldig i omstillingsperioden, og programmet har forbetra verksemdene si evne til å utvikle seg. Samstundes viste evalueringa at det tidvis var asymmetri mellom omstillingsprogrammet sine ressursar og kommunes ressurssituasjon. Oxford vurderte at ein kunne oppnådd enda betre resultat dersom ein hadde prioritert dei strategiske prosjekta sterkare, då særleg knytt til romverksemd, reiseliv og fiskeri.

Pilot Statens hus

Mål for ordninga

I pilot Statens hus samarbeider statlege etatar, kommune, fylkeskommune og statsforvaltar om å skape større statlege fagmiljø. Målet er å bidra til å styrkje samarbeidet i kompetanseklyngjer og eventuelt samlokalisere mindre einingar av statlege etatar i same bu- og arbeidsmarknadsregion. Føremålet er å styrkje det samla faglege, offentlege kompetansemiljøet i regionen, og gjere det lettare å halde på og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane som finst på pilotstadane. Pilot Statens hus skal gi kunnskap som dannar grunnlag for vidare utvikling av lokaliseringspolitikk for mindre stadar.

Rapport

I 2021 vart pilotprosjektet Statens hus sett i gang i kommunane Lyngdal, Stad, Orkland og Narvik, jf. Prop. 1 S (2021–2022). Prosjektet har føregått i perioden 2021–2024. Alle dei fire pilotkommunane har valt å forlenge pilotperioden til og med juni 2025.

Agder, Vestland, Trøndelag og Nordland fylkeskommunar fekk tildelt 4 mill. kroner kvar i 2021, som skulle dekke utgiftene for heile prosjektperioden. Dei fire pilotane har konkretisert måla sine gjennom ulike lokale delprosjekt. Pilotane har mellom anna mål om samlokalisering, kontorfellesskap for desentralisert arbeid, tenesteinnovasjon, førebyggande innsats retta mot unge, arbeid knytt til berekraftig landbruk, og samarbeid om analyse, kompetanseutvikling og rekruttering.

Oxford Research AS følgjeevaluerer pilotane. Som følgje av tilbakemeldingane frå Oxford Research AS har fleire av pilotane justert ned talet på delmål. I 2024 har det blitt lagt vekt på pilotane sine konkrete resultat så langt, og på pilotane sitt arbeid for resultat som kan vidareførast òg etter at pilotperioden er avslutta.

Oxford Research AS skal levere sluttrapport 31. desember 2024. Pilotane skal òg levere kvar sin sluttrapport innan 30. juni 2025.

Pilot kystutviklingssenter

For å styrkje omstillinga av næringsliv og auke bustadsattraktiviteten i Aust-Finnmark, fekk Troms og Finnmark fylkeskommune i 2023 eit overordna ansvar for å utvikle eit pilotprosjekt «kystutviklingssenter» med utgangspunkt i Kirkenes, i samarbeid med andre relevante aktørar og miljø i området. Fylkeskommunen gav Sør-Varanger Utvikling AS oppdraget med å gjennomføre pilotprosjektet, som avsluttast ved utgangen av 2024. Finnmark fylkeskommunen skal så vurdere erfaringane frå piloten, og ha dialog med Sør-Varanger Utvikling AS om vidare innsats. Finnmark fylkeskommune disponerer attståande midlar frå løyvinga til kystutviklingssenter i 2023, som kan nyttast på aktivitetar i pilotprosjektet ut 2024.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Fylkeskommunane disponerer løyvinga fritt mellom ordningane bistand og rettleiing til distriktskommunar, tilskot til kommunar med langvarig nedgang i befolkning og sysselsetting av særleg omfattande grad og tilskot til omstilling i kommunar/regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid. Det er lagt opp til at innsatsen over tilskotsordningane blir samfinansiert av stat, fylkeskommune og kommune.

Innovasjon Noreg følgjer opp omstillingsområda, vidareutviklar verktøy og medfinansierer mellom anna programma SMB Utvikling, Næringsvennleg kommune, Kompetanseprogram for handel og service og Vegen vidare etter omstillingsperioden. Innovasjon Noreg bestiller og finansierer sluttevalueringar av alle omstillingsprogram. Ein del av løyvinga går til Innovasjon Noreg til råd, verkemiddel, rettleiing og kvalitetssikring i omstillingsprosjekt.

Det blir foreslått å løyve 126,3 mill. kroner. Den krevjande situasjonen i fiskerisektoren påverkar særleg lokalsamfunn i Finnmark. Departementet vil derfor ved fylkesfordeling av løyvinga sette av midlar til nye omstillingsprogram i Finnmark.

Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.

Post 66 Bygdevekstavtaler, kan overførast

Mål for ordninga

Det overordna målet for bygdevekstavtaler som distriktspolitisk verkemiddel er å bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg. Staten har våren 2024 inngått fem bygdvekstavtaler i Trøndelag og Finnmark, med særskilde mål definert for den enkelte avtale, og utforskar fem nye avtalar i fem nye fylke. Avtaleperioden for pulje 1 er 2024–2027, og for pulje 2 er avtaleperioden 2025–2028.

Ordninga skal mellom anna støtte pilotane i arbeidet, og bidra til auka bruk og samordning av verkemiddel og aktørar innanfor gjeldande økonomiske rammer, jf. Prop. 115 S (2021–2022). Avtalene skal òg gi rammer for relevante samarbeidspartar til å utforske behov og handlingsrom for nye løysingar som kan kome fleire distriktskommunar til gode.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing blir utarbeidd i samarbeid med kvar enkelt pilot for den enkelte avtale. SINTEF er valt ut som følgjeforskar til prosjektet, og skal mellom anna bidra inn i utviklinga av eit heilskapleg evalueringsdesign.

Tildelingskriterium

Målgruppa for ordninga er dei minst sentrale distriktskommunane, det vil sei kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. I tillegg kunne kommunar i sentralitetsklasse 4 søkje i samarbeid med kommunar i sentralitetsklasse 5 og/eller 6.

Departementet har oppfordra til samarbeid mellom kommunar. Tilskotsordninga skal støtte ulike delar av prosessen før ein eventuell bygdevekstavtale er inngått (fase 1 av ordninga). Dersom det blir inngått ein avtale med staten, vil deltakande kommunar kunne søkje om midlar til gjennomføring av bygdevekstavtalene (fase 2 av ordninga).

Det er lagt opp til at staten og kommunane er hovudpartar i bygdevekstavtalene. I arbeidet med utviklinga av bygdevekstavtaler har fylkeskommunen ei avgjerande rolle. Derfor har departementet invitert fylkeskommunane til å samarbeide med pilotane om utvikling og gjennomføring av avtalene, samt å delta som hovudpart.

Kriteria søknadane vart vurdert etter var a) betydinga innsatsen kan ha for busetting, rekruttering av arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling, b) kor viktig innsatsen vil vere for den generelle samfunnsutviklinga lokalt, c) kor nærliggande resultata kan vere i tid, d) gjennomføringsevne i deltakarkommunane og e) i kva grad søknaden adresserer tverrsektorielle utfordringar.

Innsatsen blir konkretisert gjennom handlingsplanar for den enkelte avtalen. Handlingsplanane må oppfylle følgjande kriterium for å kunne få statleg medfinansiering av tiltak:

  • Handlingsplanen er utarbeidd i samråd med samarbeidspartar som har skrive under på innhaldet i planen.

  • Tiltaka bidrar til å utvikle og teste tiltak og nye løysingar.

  • Tiltaka er tilpassa lokale utfordringar.

  • Tiltaka har overføringsverdi til andre distriktskommunar.

  • Tiltaka bidrar til aktuelle delmål i den enkelte bygdevekstavtale.

  • Tiltaka kan gjennomførast innanfor anslått løyving.

Oppfølging og kontroll

Pilotane er gjennom bygdevekstavtalene forplikta til å rapportere til departementet på tema og måla nedfelt i avtalene og dei oppfølgande handlingsplanane. Kommunane må levere årsrapportar og rekneskapsrapportar. Kommunal- og distriktsdepartementet vil årleg invitere hovudpartane til politisk dialog om framdrift og status i avtalene. Her vil det bli lagt til rette for dialog med andre departement om saker til politisk vurdering. Ordninga blir evaluert av SINTEF.

Rapport

I 2022 og 2023 vart det lyst ut 25 mill. kroner til utprøving av bygdevekstavtaler som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Regjeringa har sett i gang ti pilotprosjekt, i totalt 35 kommunar, i sju ulike fylke (fase 1).

Dei fem første pilotane, tre i Finnmark og to Trøndelag, har no inngått bygdevekstavtaler med staten. Avtalene gir rammer for samarbeid mellom partane, avklarar forventningar og skapar føreseielege vilkår for korleis samarbeidet skal skje. Innsatsen blir konkretisert gjennom handlingsplanar for den enkelte avtale (fase 2).

Handlingsplanane for 2024 viser at pilotane er godt i gang med gjennomføringa av delmåla i den enkelte bygdevekstavtalen. I 2024 prioriterer pilotane mellom anna samarbeid om samfunnsutvikling og planlegging, tiltak relatert til auka bustadbygging og utvikling av nye bustadtilbod, samt rekruttering av relevant arbeidskraft.

Staten utforskar bygdevekstavtaler med fem nye pilotar, som vart valt ut 9. januar 2024:

  • Trysil, Våler, Åmot og Engerdal i Innlandet,

  • Smøla og Aure i Møre og Romsdal,

  • Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje i Telemark,

  • Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen i Troms,

  • Solund og Fedje i Vestland.

Pilotane leverte 30. juni 2024 eit førsteutkast til kva ein avtale med staten kan innehalde. Endeleg forslag til avtale skal vere ferdig innan 29. november 2024.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å følgje opp ti bygdevekstavtaler i 2025. Løyvinga skal bli brukt til:

  • Utvikle og teste tiltak og nye løysingar, nedfelt i handlingsplanar som er utvikla i samarbeid mellom aktuelle samarbeidspartnarar. Tiltaka skal vere lokalt tilpassa utfordringsbiletet i den enkelte pilot og ha mogleg overføringsverdi til andre distriktskommunar.

  • Mindre tilleggsoppdrag til aktuelle aktørar for regional koordinering og oppfølging av avtalene, og bidra med kompetanse og rettleiing.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4,9 mill. kroner mot ei tilsvarande auke av løyvingane til fleire statlege etatar. I 2025 auka talet på kommunar som inngår avtaler med staten frå 17 til 35. Dette vil auke ressursbehovet, og det vil gjennom heile avtaleperioden bli gitt oppdrag til statsforvaltar, Husbanken og Distriktssenteret. Statsforvaltar skal vere ein ressurs for kommunane i handlingsplanarbeidet samstundes som dei har eit koordineringsansvar i å følgje opp avtalene, i samarbeid med fylkeskommunane. Husbanken skal som samarbeidspart hjelpe kommunane med kapasitet og kompetanse i bustadspørsmål, og bidra konkret inn i handlingsplanarbeidet. Distriktssenteret har ei viktig rolle både for prosessarbeid, som støttespelar for pilotane, og for å bidra til erfaringsoverføring. Regjeringa har òg bedt fylkeskommunane om å vere ein ressurs for kommunane i bygdevekstarbeidet. Som resultat av handlingsplanarbeidet kan det bli gitt oppdrag til andre aktørar.

Det blir foreslått å løyve 74 mill. kroner. Regjeringa legg opp til å vidareføre tilsvarande løyving ut avtaleperioden. Løyvinga vil fordelast mellom dei ti pilotane, samt til samarbeidsaktørar.

Post 67 Utviklingstiltak i Andøy kommune

Målet med tilskotet er å bidra til fleire arbeidsplassar, utvikling og meir aktivitet i Andøysamfunnet, gjennom til dømes tilrettelegging av næringsutvikling, kapitalverkemiddel til næringslivet, kompetanseutvikling, og å bygge attraktive bu- og etableringsstadar for næringsliv og innbyggarar.

Kriteria for måloppnåing er styrkt næringsutvikling, sysselsetting, bustadsattraktivitet og utviklingsevne.

Kommunen skal sende departementet ein årsrapport innan 15. april påfølgande år. Årsrapporten skal følgje den overordna planen for Andøyfondet.

Rapport

Det vart løyva 100 mill. kroner i tilskot til utviklingstiltak (Andøyfondet) til Andøy kommune i 2021. Ei arbeidsgruppe med Nordland fylkeskommune, Kommunal- og distriktsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Siva og Innovasjon Noreg har samarbeidd med Andøy kommune om innretting av Andøyfondet. Kommunen vedtok ein plan for fordeling av midlane i juni 2023, innanfor dei fastsette kriteria i tilskotsbrevet frå departementet.

Andøy kommune har sendt ein årsrapport som viser fordeling og mellombels bruk av midlar frå Andøyfondet i 2023. Det vart mellom anna tildelt midlar til Norwegian Space Cluster, bustadbygging, mobilitet, kultur og frivilligheit, friluftsliv og besøksforvalting, rehabilitering av Andenes Idrettshall, finansiering av næringsstyret, eigenandel breibandutbygging, Masterplan Andøy Havn og The Whale.

I 2024 vart det løyva 20 mill. kroner til museums- og opplevingssenteret The Whale til Andøy kommune gjennom Andøyfondet. Samla er det lagt opp til ei løyving på 75 mill. kroner fordelt over tre år.

Budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 30 mill. kroner øyremerkt til The Whale.

Post 69 Mobilisering til forskingsbasert innovasjon

Posten omfattar ordningane Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION) og FoU-program innan marin bioteknologi i Nord-Noreg (Mabit).

Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION)

Mål for ordninga

FORREGION skal få fleire verksemder til å bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt. Programmet skal mobilisere næringslivet til å bruke andre verkemiddel for forsking, som Forskingsrådets nasjonale program eller internasjonale ordningar.

Kriterium for måloppnåing

Innsatsen blir målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:

  • Talet på verksemder som samarbeider med forskingsmiljø gjennom FORREGION.

  • Talet på verksemder som søkjer midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program.

  • Talet på verksemder som blir tildelt midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program.

Tildelingskriterium

Midlane til FORREGION blir fordelte til fylkeskommunane med utgangspunkt i tilskotsprofilen i 2021, som var basert på folketal, befolkningstettleik, aktivitetsnivå og særskilde behov. Fylkeskommunane forvaltar tilskotet og tildeler midlar til verksemder etter følgjande kriterium: kvalitet, relevans for utlysinga, forventa verknadar, effektar og gjennomføring av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

Departementet følgjer opp ordninga gjennom årleg rapportering frå fylkeskommunane.

Departementet har i samråd med fylkeskommunane oppdatert forskrift for ordninga 22. mai 2024: Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskudd til Forskningsbasert innovasjon i regionene FORREGION forvaltet av fylkeskommunene.

Rapport

Som ein del av mobiliseringsdelen av programmet har over 1 400 verksemder tatt imot kompetansemekling i 2023. Det har mellom anna resultert i underkant av 500 søknadar frå verksemder, med bidrag frå kompetansemekling, til regionale, nasjonale og internasjonale program for forskingsfinansiering. Vidare har det vore gjennomført 245 forprosjekt og ei rekke nettverksmøte og annan mobiliseringsaktivitet som bidrar til å auke deltakinga til næringslivet i FoU-prosjekt, i nærast alle fylke.

FoU-program innan marin bioteknologi i Nord-Noreg (Mabit)

Mål for ordninga

Mabit skal bidra til auka verdiskaping i fiskeri- og havbruksnæring og i bioteknologisk industri, bidra til å styrkje forskingsdriven næringsutvikling og industrielle aktivitetar og styrkje relevant fagkompetanse i desse næringane og fagmiljøa i Nord-Noreg.

Kriterium for måloppnåing

Innsatsen blir målt etter følgjande kriterium for måloppnåing:

  • Talet på verksemder som samarbeider med forskingsmiljø gjennom Mabit.

  • Talet på næringsaktørar som søkjer midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program gjennom Mabit.

  • Talet på næringsaktørar som blir tildelt midlar frå regionale, nasjonale og internasjonale program gjennom Mabit.

  • Talet på nyetableringar, lisensar og patent.

Tildelingskriterium

Følgjande kan søke om tilskot:

  • Nordnorske verksemder innanfor bioteknologi, fiskeri eller havbruk.

  • Næringsaktørar som har forskings- og utviklingsprosjekt i Nord-Noreg.

  • Næringsretta forskings- og utviklingsmiljø i Nord-Noreg.

  • Næringsretta forskings- og utviklingsmiljø utanfor Nord-Noreg i samarbeid med nordnorske næringsaktørar.

Følgjande kriterium skal bli vektlagt i tildelinga av midlar:

  • kvaliteten på prosjektet,

  • relevansen for prosjektet sett i forhold til utlysinga,

  • forventa verknader og effektar av prosjektet, under dette skal òg berekrafta for prosjektet bli vurdert,

  • gjennomføringsevne,

  • forsking og innovasjonshøgde.

Frå 1. januar 2024 fekk Troms fylkeskommune oppdragsgivaransvaret for Mabit-programmet. Fylkeskommunen skal forvalte midlane i nært samarbeid med Nordland og Finnmark fylkeskommunar.

Oppfølging og kontroll

Kriterium for måloppnåing vil bli følgt opp gjennom årleg rapportering frå Troms fylkeskommune.

Departementet har i samråd med fylkeskommunane i Nordland, Troms og Finnmark fastsett ei forskrift for ordninga: Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskudd til FoU-program innen marin bioteknologi i Nord-Norge (Mabit). Troms fylkeskommune oppnemner eit styre for ordninga som skal gi faglege vurderingar og strategiske føringar for arbeidet med Mabit-programmet. Troms fylkeskommune har inngått avtale med Norinnova AS som forvaltar av ordninga.

Rapport

Ordninga vart overført til Kommunal- og distriktsdepartementet 1. januar 2022. Rapportering for 2023 ligg ikkje føre, fordi forvaltar av ordninga ikkje var klar før hausten 2023.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Fylkeskommunane skal forvalte midlane i tråd med regionale mål og planar. Fylkeskommunane skal samarbeide, planlegge og koordinere arbeidet med mobilisering til forskingsbasert innovasjon med Forskingsrådet og andre verkemiddelaktørar.

Det blir foreslått å løyve 66,3 mill. kroner, høvesvis 60,2 mill. kroner til FORREGION og 6,1 mill. kroner til Mabit. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til fylkeskommunane.

Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.

Post 71 Investeringstilskot for store grøne investeringar

Mål for ordninga

Ordninga skal bidra til grøn omstilling, verdiskaping og sysselsetting i distrikta. Føremålet er å samle finansielle ressursar til store, berekraftige industriprosjekt i distrikta som fylkeskommunane ikkje har kapasitet til å finansiere gjennom eigne midlar.

Kriterium for måloppnåing

Ordninga blir målt på kriteria omstilling, berekraft, verdiskaping, sysselsetting og nyskaping.

Tildelingskriterium

Investeringstilskotet er organisert som ei nasjonal ramme forvalta av Innovasjon Noreg, og er retta mot større investeringsprosjekt i distrikta med fokus på berekraft og klimatilpassing.

Målgruppa for ordninga er industriverksemder lokalisert i distrikta med berekraftige investeringsprosjekt med totalbudsjett over 100 mill. kroner. Løyvinga kan berre bli brukt innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.11 Innovasjon Noreg skal avlaste risiko og vere utløysande for at prosjekt blir gjennomført.

Tilskot kan bli gitt til fysiske investeringar som til dømes produksjonslokale eller produksjonsutstyr, og til utviklingsarbeid for teknologi og verdikjeder. Ved behandling av søknadar skal Innovasjon Noreg legge vekt på berekraft, klimatilpassing, sysselsetting og regional næringsutvikling, samt verksemdene si rolle i grøne og sirkulære verdikjeder.

Oppfølging og kontroll

Investeringstilskot for store grøne investeringar blir forvalta av Innovasjon Noreg. Innovasjon Noreg følgjer opp ordninga etter eige kriterium og standardar for oppfølging og kontroll, og med jamleg rapportering til departementet. Måloppnåing blir vurdert på bakgrunn av årleg rapportering, effektmålingar og eksterne evalueringar.

Rapport

I 2023 gav Innovasjon Noreg tilsegn til 5 prosjekt på til saman 69,6 mill. kroner under ordninga for grønt investeringstilskot. Midlane gjekk til verksemder innan prosessindustri, mekanisk industri og energi, med prosjekt for resirkulering og fornybare energiløysingar.

Innovasjon Noreg rapporterer at ordninga i 2023 bidrog til å utløyse investeringsplanar på over 900 mill. kroner. Prosjekta hadde høg innovasjonsgrad, målt av Innovasjon Noreg gjennom kriteriet innovasjonshøgde. Fleire av prosjekta fekk òg støtte gjennom regionale midlar (post 61), og låneordningar.

Budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 100 mill. kroner. Dette inkluderer gjennomføringskostnadar til Innovasjon Noreg.

Departementet tildeler midlane til Innovasjon Noreg som tilskot utan krav om tilbakebetaling, jf. forslag til romartalsvedtak. Det inneber at Innovasjon Noreg kan disponere midlane uavhengig av året løyvinga vart gitt.

Post 74 Klyngjer og innovasjon

Posten omfattar tilskot til Norwegian Innovation Clusters (klyngjeprogrammet) hos Innovasjon Noreg. Klyngjeprogrammet skal bidra til auka verdiskaping og styrkt evne til innovasjon i deltakande verksemder gjennom samarbeid i klyngjer.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil ikkje lengre samfinansiere ordninga frå og med 2025, men vil kunne ha verkemiddel og tildelingar til klyngjeverksemder over andre postar/ordningar.

Rapport

Programmet ga tilskot til prosjekt for totalt 153,2 mill. kroner i 2023. Av dette er 34,2 mill. kroner finansiert over posten, og resten er finansiert over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

34 klyngjer har tatt imot tenester frå programmet i 2023, i form av finansiering, rettleiing, nettverk, profilering, kompetanse og verktøy. Nye nettverk og tidlegare klyngjer har òg tatt imot bistand. Rammene i programmet har i heilskap gått til å dekke lovnader ovanfor klyngjene som allereie er i programmet.

Klyngjeprogrammet involverer verksemder i alle fylke i landet, innan mellom anna fiske og oppdrett, industri, bygg og anlegg, helse, maritim og energi. Klyngjeprogrammet er viktig for innovativ omstilling i heile landet, og verksemdene deltar i hovuddelen av søknadar som når opp i «Grønn plattform». Fleire av klyngjene deltar òg i eksportretta ordningar. Klyngjeverksemdene brukar meir forskings- og innovasjonsverkemiddel enn andre verksemder i næringslivet.

Verksemdene får auka verdiskaping og auka sysselsetting gjennom deltaking i programmet. Målingar viser at klyngjeverksemder har sterkare vekst i verdiskaping enn samanliknbare verksemder dei første tre åra dei er med i klyngja, og forskjellen varar ved.

I 2023 og 2024 vart det under klyngjeprogrammet utlyst midlar til samarbeidsprosjekt med midlar frå tidlegare kap. 552, post 72. Denne utlysinga kom i tillegg til den ordinære løyvinga og drifta av programmet. Det planleggast tilsvarande utlysing i 2025.

Post 76 Nordisk og europeisk samarbeid, kan overførast

Mål for ordninga

Posten omfattar tilskot til Noreg si deltaking i transnasjonale og interregionale Interreg-program som dekker større europeiske regionar, og anna internasjonalt samarbeid.

Grenseregionale Interreg-program blir omtalt under post 63 Interreg, Arktis 2030 og det norske Barentssekretariatet.

Kriterium for måloppnåing

Indikatorar for å vurdere måloppnåing blir fastsette i programdokumenta for kvart enkelt Interreg-program.

Tildelingskriterium

Tildelingskriterium blir fastsett i tråd med EU sitt regelverk og formulert i programdokumenta for kvart program, til dømes grenseregional meirverdi, gjennomføringskapasitet, resultatorientering, berekraftig utvikling og bidrag til målet til programmet.

Oppfølging og kontroll

Forvaltinga av midlane er lagt til ulike styresmaktsorgan i landa innanfor programområda. Midlane blir disponerte av nasjonale og regionale representantar frå programlanda. Departementet kontrollerer at midlane er brukt i samsvar med føresetnadene gjennom overvakingskomiteen til programma.

Rapport

I 2023 har det vore aktivitet knytt til både Interreg-programma for perioden 2014–2020 og dei nye programma for perioden 2021–2027. Det vart gitt tilsegn på om lag 18,7 mill. kroner frå posten i 2023. Av dette er det gitt tilsegn for om lag 1,2 mill. kroner til OECD sitt program Local Economic and Employment Development (LEED) og Nordisk Atlantsamarbejde (NORA). Det vart ikkje gitt tilsegn til kontaktpunkta i 2023.

Interreg Nordlig Periferi og Arktis, Interreg Nordsjøen og Interreg Østersjøen har jobba innanfor områda økonomisk vekst, berekraftige lokalsamfunn, forsking, innovasjon og entreprenørskap, og konkurransekraft, klima, energi og miljø, berekraftig ressursforvalting og grøn/smart transport og mobilitet.

Interreg Europe og URBACT har jobba med å styrkje høvesvis regionale og lokale styresmakter kapasitet og kompetanse i arbeidet med å utvikle og gjennomføre strategiar og program for regional utvikling og byutvikling.

ESPON har jobba med å få fram samanliknbare fakta, analysar og scenario for utviklings-føresetnadene i europeiske regionar og byar gjennom ulike forskingsprosjekt.

Budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 18,7 mill. kroner, høvesvis om lag 16,9 mill. kroner til Interreg, 500 000 danske kroner til driftstilskot til Nordisk Atlantsamarbejde (NORA) og 33 000 euro til ein nasjonal kontingent for deltaking i OECD LEED. Løyvinga til Interreg-programma inkluderer òg gjennomføringskostnadar og midlar til Nordland fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Agder fylkeskommune og Østlandssamarbeidet, som er kontaktpunkt for dei ulike programma.

Kap. 554 Kompetansesenter for distriktsutvikling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

36 029

35 599

38 045

73

Merkur, kan overførast

90 705

69 531

79 573

Sum kap. 554

126 734

105 130

117 618

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke løn og andre driftsutgifter for Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret).

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter for lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar. Distriktssenteret sitt samfunnsoppdrag handlar om å samle, utvikle og dele kunnskap om korleis distriktskommunar og distriktsbutikkar kan utvikle seg og sine lokalsamfunn. Distriktssenteret skal arbeide for at distriktskommunane blir gode samfunnsutviklarar. Senteret skal bidra til å styrkje utviklingskapasitet og utviklingsinnsats i kommunane, i samarbeid med nasjonale og regionale aktørar. Senteret skal òg gi faglege innspel til nasjonal politikkutvikling.

Distriktssenteret arbeider med kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling. Dei samarbeider med fylkeskommunane og andre samarbeidspartar, og prioriterer kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.

Rapport

Distriktssenteret har dei siste åra brukt mykje ressursar på å legge til rette for at metodar og verktøy er tilgjengelege digitalt på distriktssenteret.no. Dei har lagt stor vekt på brukartesting hos kommunalt tilsette, for å sikre at dette er nyttige verktøy i kommunane òg utan rettleiing. Evna til å bruke slike verktøy på eiga hand vil variere med kommunen sin kapasitet og kompetanse.

Distriktssenteret samarbeider med alle fylkeskommunar som har kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6. Det er stor variasjon mellom fylkeskommunane når det gjeld kor mykje og tett samarbeid ein har med Distriktssenteret. I enkelte fylke er samarbeidet avgrensa til gjensidig informasjonsutveksling og konkret fagleg bistand på førespurnad. I andre fylke samarbeider dei i tillegg om å gi felles og samordna bistand til lokalt utviklingsarbeid i enkeltkommunar eller grupper av kommunar.

Ein av dei største leveransane frå Distriktssenteret i 2023 var nettstaden enkelplanlegging.no. Den er eit konkret resultat av læringa frå det fleirårige prosjektet Distriktskommune 3.0. Det er behov for ei lettfatteleg innføring i bruk av plansystemet for å drive strategisk kommuneplanlegging som fungerer for den nytilsette planleggaren, men som òg dei folkevalde har nytte av. Arbeidet med enkelplanlegging.no er eit godt døme på korleis aktørar med ulike rettleiingsroller for kommunane kan samarbeide.

Distriktssenteret har òg levert kunnskap som har gitt meirverdi for nasjonal politikkutvikling. Sjå årsmeldinga for 2023 for meir informasjon om resultata av arbeidet deira i fjor.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

I 2025 skal Distriktssenteret:

  • Prioritere arbeidsmåtar og innsats som gjer at mange kommunar i område med særlege distriktsutfordringar drar nytte av arbeidet.

  • Utvikle kunnskap og arbeidsformer som bidrar til at distriktskommunar tar i bruk gode løysingar for lokal samfunns- og tenesteutvikling.

  • Bidra til å styrkje kapasitet og kompetanse i distriktskommunane på innovasjon, fornying og omstilling.

  • Bidra til bustadutvikling i distriktskommunar, i samarbeid med Husbanken.

  • Forvalte og utvikle Merkur-programmet, for å sikre eit best mogleg tenestetilbod i bygdene der butikkane ligg.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til Distriktssenterets arbeid med bygdevekstavtaler.

Det blir foreslått å løyve 38 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 3554, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 73 Merkur, kan overførast

Mål for ordninga

Merkur-programmet er eit utviklings- og kompetanseprogram for utkantbutikkar. Merkur-programmet skal sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet, med tilleggstenester som aukar omsetning, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Programmet skal bidra til at daglegvaretilbodet held fram i område med spreidd busetting og liten marknad, og å styrkje samarbeidet mellom kommunar og butikkar, for å gi eit betre og samla tenestetilbod i desse områda. Programmet skal bidra til å styrkje den butikkfaglege kompetansen, auke talet på tilleggstenester i butikkane og styrkje grunnlaget for lønsam bokhandeldrift i distrikta.

Merkur-programmet består av fem ulike tilskotsordningar. I tillegg kjem eit eige kompetanseprogram som mellom anna inneheld tilskota til Merkur Utvikling, Oppfølgingsordninga og Nær innovasjonsprogram.

Merkur Utvikling

I Merkur Utvikling går midlane i hovudsak til kurs, nettverkssamlingar, oppfølging frå Merkur-konsulentar og kundeundersøkingar.

Butikkar som oppfyller eitt av følgjande punkt kan vere med i kompetansedelen av Merkur-programmet: a) har ein nærmarknad på under 200 husstandar, b) er lokalisert til stadar utan fast vegforbindelse eller c) har lang avstand, normalt 10 kilometer, til næraste alternative innkjøpsstad. Distriktssenteret kan unntaksvis godkjenne andre butikkar.

Investeringstilskot til daglegvarebutikkar

Målet er å bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønsame og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Det blir gitt investeringsstøtte til fysiske investeringar i butikkane.

Kriteria for måloppnåing er omsetningsutvikling og overlevingsrate blant Merkur-butikkar. For mange butikkar er det viktig å finne fleire tilleggstenester som kan gi inntekter og som styrkjer butikken.

Ordninga gjeld heilårsopne daglegvarebutikkar i område med få innbyggarar som har eit varetilbod som dekker det alminnelege ernæringsbehovet og andre grunnleggande behov for daglegvarer, og som oppfyller krav til omsetningstal, kundegrunnlag og avstand til alternative innkjøpsstadar, jf. Forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) for utfyllande regelverk.

Servicetilskot til dei minste daglegvarebutikkane

Målet er å bidra til at dei minste daglegvarebutikkane tilbyr tilleggstenester til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Det skal bidra til å oppretthalde drifta.

Det blir gitt tilskot til å dekke utviklings- og driftskostnadar, og mindre investeringar som bidrar til å nå målet med ordninga.

Kriteria for måloppnåing og tildelingskriteria er dei same som for investeringsstøtta.

Investeringstilskot til drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved daglegvarebutikkar

Målet er å sikre drivstofftilgangen i distrikta.

Kriteria for måloppnåing er at talet på butikkar som har drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil held seg / aukar, og at omsetningsutviklinga for butikken er positiv.

Ordninga gjeld i all hovudsak opprusting og etablering av drivstoffanlegg/ladestasjon for elbil ved Merkur-butikkar. Hovuddelen av støtte til ladestasjonar for elbil er gjennom støtte frå ENOVA. Anlegget skal vere avgjerande for å sikre lokalbefolkninga tilgang på drivstoff. Salsvolumet skal ikkje overstige 500 000 liter drivstoff per år.

Utviklingstilskot til bokhandlarar

Målet er å bidra til å styrkje grunnlaget for lønsam bokhandeldrift i distrikta.

Kriteriet for måloppnåing er at butikken har auka omsetning.

Ordninga gjeld Merkur-bokhandlarar. Det kan bli gitt tilskot til bokhandlarar som er den einaste bokhandelen på tettstaden, og som har ei omsetning på mindre enn 7 mill. kroner i året. Utviklingsstøtta skal bli brukt til tidsavgrensa tiltak, som skal utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Det blir gitt støtte til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.

Oppfølging og kontroll

Distriktssenteret forvaltar Merkur-programmet, og fører tilsyn med at krava i Forskrift om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) av 1. juni 2018 og tilskotsbrev til butikkane blir oppfylte.

Rapport

Distriktssenteret betalte ut 90,7 mill. kroner frå Merkur-programmet i 2023. Dei er fordelte med 21,6 mill. kroner til kompetanseprogrammet og 69,1 mill. kroner til støtteordningane. I tillegg vart det betalt ut nær 10 mill. kroner i ekstraordinær straumstøtte.

I 2023 vart det gitt 227 tilsegn på i snitt 259 000 kroner. Det har vore ein liten nedgang i talet på tilsegn om ordinær støtte, men det blir gitt meir støtte per søknad. Auka i støtte per tilsegn er markant, og skuldast truleg interessa for investering i ny teknologi. Totalt 59 butikkar fekk innvilga støtte på mellom 500 000 og 600 000 kroner. 88 pst. av dei ordinære støttemidlane i 2023 gjekk til investeringsstøtte, 8 pst. til servicestøtte og 4 pst. til drivstoffstøtte. I 2023 vart tilsegn tilsvarande 7,9 mill. kroner tilbakebetalt, enten fordi prosjekt ikkje vart gjennomført, eller at dei vart rimelegare enn venta.

At det vart utbetalt noko meir enn det som vart gitt i tilsegn, skuldast at det har tatt tid å fullføre investeringane.

Ni Merkur-butikkar vart lagt ned i 2023 utan at det hausten 2024 er opna ny butikk på staden. Fleire stadar bidrar Merkur-konsulentane med initiativ til å starte opp att desse butikkane. Dei fleste som legg ned gjer dette på grunn av dårleg inntening. Flest butikkar er lagt ned i Innlandet.

Besøksordninga er frå 2023 gjort om til oppfølgingsordninga. Gjennom denne følgjer Merkur-konsulentane opp butikkane for å tilføre kompetanse og gi rettleiing som skal styrkje butikkane si omsetning og bidra til betre lønsemd. Denne oppfølginga legg grunnlaget for deltaking i Merkur utvikling og omstillingsprosjekt.

Sidan den første pilotbutikken med ny teknologi med høve til delvis sjølvbetent butikk opna våren 2020, har over 70 Merkur-butikkar investert i slik teknologi. Desse butikkane har hatt ei svært positiv omsetningsutvikling og styrkt si evne til overleving.

I arbeidet med å forvalte og utvikle Merkur-programmet har Distriktssenteret lagt stor vekt på korleis dei kan bruke programmet til å stimulere og legge til rette for at det òg i framtida eksisterer eit godt utbygd nettverk av nærbutikkar. Butikkane er viktige bidragsytarar for å skape attraktive lokalsamfunn. Distriktssenteret er opptatt av å utvikle butikkane til ein god møteplass med ulike tenester for folk i lokalsamfunna.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil sende på høyring forslag til endringar i Merkur-forskrifta hausten 2024, med sikte på at endringar kan tre i kraft frå 1. januar 2025. Bakgrunnen er behov for å endre omsetningsgrensene for stønadar og stønadsnivå i Merkur-ordninga, for å spegle prisutvikling m.m. Vi viser òg til oppmodingsvedtak nr. 826, 13. juni om terskelbeløpet i Merkur-ordninga, jf. Prop. 1 S (2023–2024). I tillegg legg departementet opp til at høyringa skal innehalde justeringar som definerer Merkur-butikkane til å yte tenester av allmennøkonomisk interesse. Det betyr at den øvre grensa for kor store tilskot ein Merkur-butikk kan ta i mot over tre år blir auka betydeleg, til inntil 500 000 euro.

Kommunal- og distriktsdepartementet har avgjort å avvikle ordninga med eige styre for Merkur-programmet. I staden vil departementet etablere eit dialogforum med butikkjedene, Kommunal- og distriktsdepartementet og Distriktssenteret – Fagleg forum Merkur – der butikkfaglege strategiske råd og vurderingar knytt til forvalting og utvikling av Merkur-programmet kan drøftast.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Hovuddelen av midlane til Merkur skal bli brukt til kompetansetiltak overfor butikkane, til utviklingsprosjekt som skal styrkje butikkane si lønsemd og til konkrete investeringar i butikkane som sikrar vidare drift. Dei minste butikkane i dei mest perifere områda skal bli prioriterte.

Det har vore høg etterspørsel etter støtte, spesielt til investeringar, og Distriktssenteret forventar at etterspørselen vil halde seg høg. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 7,4 mill. kroner. Midlane skal prioriterast til nødvendige fysiske investeringar i Merkur-butikkane, for eksempel investeringsstøtta. Dei skal òg bidra til å finansiere ein auke i servicetilskotet til Merkur-butikkane.

Det blir foreslått å løyve 79,6 mill. kroner.

Kap. 3554 Kompetansesenter for distriktsutvikling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Diverse inntekter

342

Sum kap. 3554

342

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene gjeld refusjon frå Forskingsrådet for offentleg støtte til eit doktorgradprosjekt som vart avslutta våren 2023.

Programkategori 13.60 Samiske føremål

Utgifter under programkategori 13.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

560

Samiske føremål

618 595

682 790

719 903

5,4

563

Internasjonalt reindriftssenter

13 879

9 754

10 062

3,2

Sum kategori 13.60

632 474

692 544

729 965

5,4

Inntekter under programkategori 13.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3563

Internasjonalt reindriftssenter

4 475

3 141

3 260

3,8

Sum kategori 13.60

4 475

3 141

3 260

3,8

Innleiing

Samane er anerkjente som urfolk i Noreg. I tråd med Grunnlova § 108 har regjeringa som mål å legge til rette for at det samiske folket, som urfolk, kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt. Noreg har òg folkerettslege forpliktingar som legg føringar for samepolitikken, mellom anna ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, og FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27.

Sametinget er det folkevalde organet til samane og regjeringa sin viktigaste premissleverandør og dialogpartnar i samepolitiske spørsmål. Regjeringa bygger vidare på dei institusjonelle og rettslege rammene som allereie er lagte for samepolitikken.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for å samordne statleg politikk som gjeld samane i Noreg, og skal arbeide for heilskap og samanheng i politikken, på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Kvart fagdepartement har ansvar for å følgje opp statleg politikk overfor samane innanfor eigen sektor.

Det er staten sitt ansvar å sikre at omsynet til samane blir ivaretatt og at dei folkerettslege forpliktingane blir etterlevde. Samstundes legg staten til grunn at kommunar og fylkeskommunar på eige initiativ, og som del av lokaldemokratiet, òg følgjer opp forpliktingane sine overfor dei samiske innbyggarane. Til dømes har kommunane eit ansvar for opplæring i samisk.

Mål for programkategorien

  1. Samane kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt

  2. Samane deltek i offentlege avgjerdsprosessar

  3. Samane får gode og likeverdige tenester

Mål 1 Samane kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt

Å styrkje samiske språk og samiske institusjonar er viktig for å sikre og utvikle samisk kultur og samfunnsliv. Sametinget er den sentrale aktøren i dette arbeidet. Sametinget tar imot hovudløyvinga si over kap. 560, post 50, som dekker løyvingar til å styrkje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Auka kunnskap i befolkninga om samar og samiske forhold kan òg motverke hatefulle ytringar, diskriminering, stereotypiar og negative haldningar. Kommunal- og distriktsdepartementet støttar derfor fleire tiltak som gir auka kunnskap om samiske forhold, mellom anna gjennom ordninga med samiske vegvisarar over kap. 560, post 55.

Endringar i samelovas språkreglar trådde i kraft 1. januar 2024. Forvaltningsområdet for samiske språk er no delt inn i tre ulike kommunekategoriar, der rettane for språkbrukarane er ulike. Dei nye kategoriane er betre tilpassa behova i dei ulike kommunane i forvaltingsområdet. Kommunane som er innlemma i dag er innplasserte i ein av dei to kategoriane som har det høgaste nivået av rettar. Den tredje kategorien senkar terskelen for at nye kommunar kan søkje om innlemming i forvaltingsområdet.

Mål 2 Samane deltek i offentlege avgjerdsprosessar

Det er eit sentralt politisk mål at samane skal ha reell innverknad på avgjerder som gjeld dei sjølve. Når det gjeld tiltak som er omfatta av kap. 560, post 50, som saker om bevaring og revitalisering av samiske språk og arbeid med å samle inn og sikre samisk tradisjonell kunnskap, er det naturleg at Sametinget tar avgjerdene. I andre saker står statlege styresmakter for avveging av interesser og tek ei endeleg avgjerd. Då er det viktig å sørgje for reell involvering før avgjerda blir fatta.

Reglane i samelova om konsultasjonar med samiske interesser har vore i kraft sidan juli 2021. Reglane legg til rette for meir effektive og betre konsultasjonar mellom offentlege styresmakter og Sametinget, eller andre samiske interesser. Lova forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltingsnivå, òg kommunar og fylkeskommunar. Lovfestinga av konsultasjonsplikta endrar ikkje på det kommunale sjølvstyret.

Mål 3 Samane får gode og likeverdige tenester

Målet om at samane får gode og likeverdige tenester gjeld tenester frå staten, fylkeskommunane og kommunane. Det betyr at offentlege tenester må vere tilpassa behova til målgruppa for tenestene, mellom anna slik at samiske brukarar eller pasientar blir møtte av saksbehandlarar og personale med tilpassa språk- og kulturkompetanse. Det gjeld til dømes i møte med instansar som barnevernet, psykisk helsevern, familievernkontor, politi eller sjukeheim.

Regjeringa arbeider langs fleire linjer for å auke kunnskapen og kompetansen i samisk språk og kultur blant tilsette i det offentlege tenesteapparatet. I dei nye reglane i samelova som tok til å gjelde 1. januar 2024, er det no klart at det er høve til å stille krav til samiskkunnskapar ved utlysing av stillingar, der det er behov for slik kompetanse. Retten til løna utdanningspermisjon for alle tilsette i offentlege organ som har behov for samiskspråkleg kompetanse er òg utvida. Det overordna målet med Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høgare utdanning, er at fleire skal velje samisk barnehagetilbod og samisk i heile grunnopplæringa, og at fleire ønskjer å ta ei samisk profesjonsutdanning eller anna samisk høgare utdanning.

Kap. 560 Samiske føremål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

50

Samisk språk, kultur og samfunnsliv

604 521

661 721

697 514

51

Divvun

8 174

12 919

13 410

55

Samisk høgskule

5 900

8 150

8 979

Sum kap. 560

618 595

682 790

719 903

Post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv

Sametinget er eit folkevalt, politisk organ. Det er eit sentralt politisk mål at samane skal ha reell innverknad på avgjerder som gjeld dei sjølve. I sakar som gjeld samane er det derfor naturleg at Sametinget fattar avgjerdene. Regjeringa er ikkje ansvarleg for Sametingets politiske verksemd eller vedtaka som Sametinget gjer som politisk organ.

Rapport

Regjeringa legg årleg fram ei framoverskodande melding om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Meld. St. 12 (2023–2024) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Folkehelse og levekår i den samiske befolkningen vart lagt fram for Stortinget 19. mars 2024. Sametingets årsmelding er særskild vedlegg til meldinga. Sametingets bruk av midlar som er løyva over statsbudsjettet kjem fram av årsmeldinga.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Løyvinga blir forvalta i heilskap av Sametinget. Sametinget gjer sjølvstendige prioriteringar som folkevald, politisk organ. Vedtaka til Sametinget kan lesast på sametinget.no.

Løyvinga blir foreslått auka med 3 mill. kroner til styrking av samiske språksenter og med 4 mill. kroner til Sametingets meirkostnader til gjennomføring av Sametingsvalet i 2025. Styrking av samiske språksenter har vore høgt prioritert frå Sametinget si side. Ei satsing på språksenter er òg ei naturleg oppfølging av fleire av forslaga i Hjertespråket (NOU 2016: 18).

Det samlokaliserte prosjektet med nybygg i Kautokeino opna i 2024. Nybygget Čoarvemátta vart oppført som del av husleigeordninga i staten, og omfattar nye lokale for Det samiske nasjonalteateret Beaivváš. Det blir foreslått å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner til dekking av husleige for Beaivváš i 2025.

Samla blir det foreslått å løyve 697,5 mill. kroner.

For ei samla oversikt over løyvingar til Sametinget og andre samiske føremål blir det vist til publikasjonen Løyvingar til samiske føremål i statsbudsjettet 2025 på regjeringen.no.

Post 51 Divvun

Løyvinga skal brukast til drift av Divvun-gruppa, som er ei språkteknologisk eining ved UiT Noregs arktiske universitet. Divvun utviklar samisk språkteknologi og driftar mellom anna retteprogram for samiske språk til bruk på ulike dataplattformer.

Rapport

Språkverktøya frå Divvun blir brukte av stadig fleire, både til forsking og praktiske føremål. Divvun har lansert grammatikkontrollar på nord-, lule- og sørsamisk. Desse og andre program er under stadig forbetring. Divvun har eit omfattande internasjonalt samarbeid. I lag med relevante språkmiljø har dei laga stavekontrollar for fleire minoritetsspråk, mellom anna for andre samiske språk i Norden, og for kvensk. Divvun lanserte i 2024 talesyntese på lulesamisk. I samband med dette prosjektet har Divvun òg eksperimentert med talegjenkjenning, med lovande resultat. Divvun-gruppa har òg arbeidd med ein sørsamisk talesyntese, som blir lansert kring månadsskiftet oktober-november 2024.

Divvun prioriterer publikumsretta aktivitet, og har kontakt med brukarar både gjennom sosiale medium og ved besøk på institusjonar. Dei er med i ei standardiseringsgruppe i Standard Norge for å sikre at både nasjonale og internasjonale relevante standardar dekker samisk på ein god måte. Divvun-gruppa er òg aktivt med i arbeidet med det internasjonale urfolksspråkstiåret, og har eit sterkt fokus på tekniske rammevilkår for språkteknologi for urfolksspråk.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Divvun skal arbeide vidare med å oppdatere, halde ved like og forbetre språkverktøya, og å forenkle installering av verktøya. Vidare skal Divvun oppdatere og vidareutvikle tekst-til-tale-systema, med fleire stemmer, språk og dialektar. Arbeid med talegjenkjenning bør gå vidare, i lag med arbeid for å samle inn data for taleteknologi. Divvun skal òg arbeide vidare med å informere aktuelle brukarar om verktøya, og auke tilgjengelegheita si på sosiale medium. Samarbeidet med relevante nasjonale og internasjonale miljø skal førast vidare.

Det blir foreslått å løyve 13,4 mill. kroner.

Post 55 Samisk høgskule

Løyvinga skal dekke drift av Fagleg analysegruppe for samisk statistikk og drift av ordninga med samiske vegvisarar.

Rapport

Vegvisarordninga opplever stor pågang, og ordninga vart utvida frå fire til seks vegvisarar hausten 2024. Samisk høgskule har arbeidd vidare med å fylle nettsida samiskeveivisere.no med fagleg innhald og med synleggjering og publisering på sosiale medium.

Analysegruppa gir kvart år ut publikasjonen Samiske tall forteller – Kommentert samisk statistikk. I 2024 vart den sekstande utgåva gitt ut.

Som medlem i analysegruppa inngår Samisk høgskule, UiT Noregs arktiske universitet, Nord universitet, Statistisk sentralbyrå og OsloMet – storbyuniversitetet. Samisk høgskule har sekretariatsansvar for gruppa.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Dei samiske vegvisarane skal halde fram arbeidet med å bidra til auka kunnskap om samar og samiske forhold blant unge i Noreg, under dette halde fram drifta og vidareutviklinga av nettsida samiskeveivisere.no som ein informasjonskanal. Informasjonsarbeidet til vegvisarane har som mål å motverke hets, hatefulle ytringar og fordommar mot den samiske befolkninga. Som følgje av auka etterspørsel frå skular om besøk frå vegvisarane har talet på vegvisarar blitt auka frå fire til seks, frå skuleåret 2024/2025. Løyvinga i 2025 blir foreslått auka med 500 000 kroner for å dekke heilårsverknaden.

Analysegruppa skal innan 15. november kvart år legge fram ein rapport til Kommunal- og distriktsdepartementet og Sametinget. Rapporten skal gi ei situasjonsskildring og analyse av utvalde, sentrale utviklingstrekk i det samiske samfunnet i Noreg.

Det blir foreslått å løyve 9 mill. kroner.

Kap. 563 Internasjonalt reindriftssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

6 467

6 613

6 802

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

7 412

3 141

3 260

Sum kap. 563

13 879

9 754

10 062

Post 01 Driftsutgifter

Internasjonalt reindriftssenter i Kautokeino er ein fagleg sjølvstendig institusjon som vedtar eigne mål og resultatkrav innanfor dei rammene som departementet fastsett.

Senteret arbeider for berekraftig reindrift i nordområda, å styrkje samarbeidet mellom reindriftsfolk, å spreie kunnskap om verdas reindrift, ivaretaking av tradisjonell kunnskap og kunnskapsutvikling, og å støtte Verdensforbundet for reindriftsfolk og dei internasjonale aktivitetane deira.

Rapport

Internasjonalt reindriftssenter vidareutvikla i 2023 urfolkssamarbeidet sitt med institusjonar, organisasjonar og reindriftsfolk i Mongolia, Kina, Grønland, Nord-Amerika og Norden. Gjennom folk-til-folk-samarbeid i nordområda har senteret saman med Verdensforbundet for reindriftsfolk initiert prosjekt for lokal kompetansebygging med eit særskild fokus på klimatilpassing. Senteret rapporterer om store endringar i urfolkssamfunn i Arktis på grunn av klimaendringar, globalisering og industriell utbygging.

Senteret har vidareutvikla institusjonssamarbeidet sitt med universitet og forskingsmiljø i Nord-Amerika og EU, og i partnarskap med desse miljøa har senteret starta opp utdanningsprogram i leiing, resiliens og klimatilpassing for urfolksungdom i nordområda. Senteret har òg kurs for urfolksungdom i utviklingsland. Senteret har òg jobba vidare med urfolks matkultur, mellom anna i samarbeid med FAO (FNs organisasjon for ernæring og landbruk), og med konseptet «NOMAD Indigenous FoodLab». FoU-prosjektet «Peatlands/Reindeer Herders and Resilience» er i hovudprosjektfasen. Senteret har tatt aktivt del i Arktisk råds utvikling av metodar for deltakande miljøobservasjonar, mellom anna i samspel med aktørar i Alaska, og bidratt til forsking på klimatilpassing.

På grunn av krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland har senteret sett alt institusjonelt samarbeid med Russland på pause, og styret til senteret har ikkje lenger medlemmar frå Russland.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Styret for senteret gjer eigne prioriteringar. Senteret har planar om å arbeide med nye kunnskapsstrategiar for urfolkssamarbeid i nordområda og å halde fram med arbeidet med berekraftsmåla og engasjement av urfolksungdom, med særleg fokus på klimatilpassing og resiliens. Senteret skal halde fram arbeidet med urfolk sine matsystem, tradisjonell kunnskap og verdiskaping, og intensivere arbeidet med pastoralisme internasjonalt, inkludert FNs år for utmark og pastoralistar (IYRP) i 2026.

Det blir foreslått å løyve 6,8 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten dekker utgifter knytt til eksternt finansierte prosjekt og har tilsvarande inntekter på kap. 3563, post 02.

Det har vore større ekstern prosjektaktivitet enn stipulert, mellom anna på grunn av oppstart av det nye prosjektet «Peatlands/Reindeer Herders and Resilience» støtta av Det Globale miljøfondet og FNs miljøprogram.

For rapportering av gjennomførte aktivitetar dekka over posten, sjå omtale under kap. 563, post 01.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Styret for senteret gjer sine eigne prioriteringar, jf. omtalen under post 01. Post 21 blir brukt til eksternt finansierte aktivitetar.

Det blir foreslått å løyve 3,3 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3563, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 3563 Internasjonalt reindriftssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

02

Diverse inntekter

4 475

3 141

3 260

Sum kap. 3563

4 475

3 141

3 260

Post 02 Diverse inntekter

På posten blir det ført inntekter knytt til eksternt finansierte prosjekt i regi av Internasjonalt reindriftssenter. Tilhøyrande utgifter blir ført på kap. 563, post 21.

Det blir foreslått å løyve 3,3 mill. kroner.

Programkategori 13.67 Nasjonale minoritetar

Utgifter under programkategori 13.67 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

567

Nasjonale minoritetar

60 055

73 630

80 435

9,2

Sum kategori 13.67

60 055

73 630

80 435

9,2

Innleiing

Etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til eit land blir rekna som nasjonale minoritetar. Jødar, kvener/norskfinnar, romar, romanifolk/taterar og skogfinnar er anerkjende som nasjonale minoritetar i Noreg. Når det gjeld spørsmål om kven som høyrer til ein nasjonal minoritet, skal styresmaktene legge vekt på sjølvidentifiseringa til den enkelte.

Noregs politikk overfor nasjonale minoritetar bygger på prinsippet om likeverd og ikkje-diskriminering, og er forankra i internasjonale menneskerettskonvensjonar som FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar og Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for å samordne statleg politikk som gjeld nasjonale minoritetar og skal arbeide for heilskap og samanheng i politikken, på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Kvart departement har ansvar for å følgje opp den statlege politikken innanfor sin sektor. Det er staten sitt ansvar å sikre at omsynet til nasjonale minoritetar blir ivaretatt. Staten legg til grunn at kommunar og fylkeskommunar følgjer opp aktuelle forpliktingar.

Mål for programkategorien

  1. Dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka sine og kulturen sin

  2. Dei nasjonale minoritetane deltek i offentlege avgjerdsprosessar

  3. Dei nasjonale minoritetane får gode og likeverdige tenester

Mål 1 Dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka sine og kulturen sin

Det er eit mål at dei nasjonale minoritetane deltek aktivt i samfunnet og kan uttrykke og vidareutvikle språka og kulturen sin. Verkemiddel i språk-, kultur- og opplæringspolitikken er sentrale for å nå dette målet. Kunnskap om nasjonale minoritetar og kulturuttrykka deira kan motverke diskriminering, stereotypiar og negative haldningar. Kommunal- og distriktsdepartementet støttar derfor tiltak som kan gi større innsikt i situasjonen til dei nasjonale minoritetane.

Mål 2 Dei nasjonale minoritetane deltek i offentlege avgjerdsprosessar

Målet er avleidd av Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoritetar artikkel 15, der det står at «partane skal skape dei føresetnadane som er nødvendige for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, er sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og i offentlege saker, særleg dei som gjeld dei sjølve». Det skjer mellom anna gjennom tilskot til organisasjonane til dei nasjonale minoritetane, og gjennom å etablere arenaer for dialog mellom sentrale styresmakter og desse organisasjonane.

Mål 3 Dei nasjonale minoritetane får gode og likeverdige tenester

Nasjonale minoritetsgrupper har historisk erfaring med statleg diskriminering. Dette kan prege forholdet gruppene har til offentlege styresmakter i dag og påverke om, og korleis, dei oppsøkjer offentlege tenester. Kommunane har ansvar for å sikre innbyggarane gode og likeverdige tenester innanfor til dømes barnehage, grunnopplæring og ulike helse- og velferdstenester. Det er derfor viktig at kommunane har kjennskap til nasjonale minoritetar.

Kap. 567 Nasjonale minoritetar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Romar, kan overførast

6 091

6 937

7 208

70

Nasjonale minoritetar, kan overførast

8 122

10 117

12 001

72

Dei jødiske samfunna i Noreg

10 936

14 806

16 369

73

Kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, kan overførast

9 789

17 679

18 351

74

Kultur- og ressurssenter for norske romar

17 535

18 266

20 460

75

Romanifolket/taterane, kan overførast

7 582

5 825

6 046

Sum kap. 567

60 055

73 630

80 435

Post 60 Romar, kan overførast

Målet for ordninga er å betre levekåra til norske romar, særleg gjennom tiltak i skulen.

Kriteria for måloppnåing er at romar deltek i tiltak og får moglegheit til å bidra i utforminga av dei.

Midlane på posten skal dekke tiltak under skulelosordninga i Oslo kommune og tiltak retta mot romar i Lørenskog kommune. Dei fleste romar i Noreg bur i dag i desse kommunane. Tilskotet gjeld òg oppfølging av romske elevar i nærliggande kommunar.

Departementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.

Rapport

Skulelosane har arbeidd med å styrkje læringsutbyttet til elevar med rombakgrunn, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa.

Skulelostenesta har eit prøveprosjekt med tospråkleg førskuletilbod. Føremålet er å styrkje tospråklegheita til barna og den romske identiteten deira, og å lette overgangen til skule.

Skulelostenesta har i 2024 ulike utviklingsprosjekt i samarbeid med Romano Kher og romar.

Lørenskog kommune sette i 2022 i gang tiltak for å redusere utfordringane som romar opplever i møte med det kommunale tenesteapparatet og i nærmiljøet. I 2024 har kommunen vore oppteken av å nå barn og unge med tiltaka og legge til rette for god tilknyting til skulen.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

I 2025 skal skulelosordninga, som blir drifta av Oslo kommune, halde fram med å hjelpe romske elevar og familiane deira og skular for å bidra til at fleire elevar fullfører skulen.

Samarbeidet mellom Oslo og Lørenskog kommunar held fram. Mange romske familiar har flytta til Lørenskog dei siste åra. Det er viktig at elevane, familiane og skulane der får nødvendig oppfølging.

Skulelosordninga vidarefører samarbeidet med Romano Kher.

Det blir foreslått å løyve 7,2 mill. kroner.

Post 70 Nasjonale minoritetar, kan overførast

Målet for ordninga er å styrkje nasjonale minoritetar sin kultur, språk og eigenorganisering. Det er eit særleg mål at organisasjonane til dei nasjonale minoritetane sjølve kan fremje interessene sine overfor ulike styresmakter.

Kriterium for måloppnåing for driftstilskotet er grada av eigenorganisering hos dei nasjonale minoritetane, om språk og/eller kultur blir styrkt, og grada av deltaking i offentlege avgjerdsprosessar.

Kriterium for måloppnåing for prosjekttilskotet er talet på arrangerte prosjekt, kurs og aktivitetar som fremjer føremålet, talet på personar som deltek eller blir nådde gjennom prosjekta, grad av kontakt mellom organisasjonane, og talet på barn og unge som blir nådde.

Tildelingskriterium

Tilskot over ordninga kan bli gitt både som driftstilskot til organisasjonane som representerer dei nasjonale minoritetane, og som prosjekttilskot.

For å få driftstilskot er det krav om at organisasjonen har som føremål å fremje interessene og ivareta rettane til nasjonale minoritetar i Noreg. Tilskot blir gitt ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering, mellom anna basert på talet på medlemmar, talet på lokallag og aktivitetar i organisasjonen.

Prosjekttilskot skal bidra til å styrkje språket, kulturen og identiteten til dei nasjonale minoritetane. Det er eit særleg mål å styrkje språk og identitet hos barn og unge. Tilskot blir gitt til frivillige organisasjonar, kommunar, institusjonar og føretak som har verksemd knytt til nasjonale minoritetar.

Oppfølging og kontroll

Kulturdirektoratet gir tilskot etter søknad og følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i forskrift om tilskot til nasjonale minoritetar, og eventuelle retningslinjer fastsette av Kulturdirektoratet og i tilskotsbrev. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans. Kulturdirektoratet har ansvar for å evaluere ordninga.

Rapport

Av ei total ramme på om lag 8,6 mill. kroner i 2023 fordelte Kulturdirektoratet om lag 6 mill. kroner i driftsstøtte til åtte organisasjonar og 2,5 mill. kroner til 20 ulike prosjekt. Driftsmidlane bidrog til at organisasjonane kunne gjennomføre faste møter og arrangement, og delta i offentlege avgjerdsprosessar. Prosjekttilskota bidrog til å styrkje språket og kulturen til minoritetane, og til auka barne- og ungdomsarbeid blant minoritetane.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det vil bli gitt tilskot til drift av organisasjonar og til prosjekt som bidreg til å styrkje språka, kulturen og identiteten til dei nasjonale minoritetane.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner for å kunne gi større tilskot mellom anna til prosjekt for synleggjering og ivaretaking av dei nasjonale minoritetanes språk og kultur.

Det blir foreslått å løyve 12 mill. kroner.

Post 72 Dei jødiske samfunna i Noreg

Målet for tilskotet er å bidra til å motverke antisemittisme og støtte opp om synleg jødisk kultur, identitet og samfunnsliv i Noreg.

Eit kriterium for måloppnåing er at personar som får informasjon gjennom tiltaka, opplever å ha fått auka medvit og kunnskap om jødar, jødedom og antisemittisme. Vidare er det eit måloppnåingskriterium at aktivitetar som fremjar jødisk kultur, identitet og samfunnsliv blir haldne oppe og gjort synlege i det norske samfunnet.

Tildelingskriterium

Tilskotet blir tildelt til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo (DMT) og Det jødiske samfunn i Trondheim (DJST).

Oppfølging og kontroll

Kommunal- og distriktsdepartementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.

Rapport

I 2023 vart DMT tildelt 10,5 mill. kroner, mellom anna til oppfølging av informasjonstiltak i handlingsplanen mot antisemittisme, og andre tiltak og aktivitetar i deira regi. Midlane har mellom anna finansiert ordninga med jødiske vegvisarar. I 2024 vart DJST inkludert som mottakar av tilskot over posten. DJST vart tildelt 1,5 mill. kroner i 2024.

Ei ekstern evaluering frå 2023 av innsatsen mot antisemittisme i perioden 2016–2023 viser at det har vore positivt med ein brei innsats mot antisemittisme over fleire år, men at det framleis er nødvendig med særskilte tiltak mot antisemittisme.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Regjeringa skal legge fram ein ny handlingsplan mot antisemittisme i 2024. Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) publiserte i mai 2024 ei ny kartlegging av den norske befolkningas haldningar til jødar, som viser at negative haldningar til jødar har auka sidan 2022. I kjølvatnet av krigen i Midtausten er det sett inn auka tryggingstiltak rundt jødiske institusjonar i Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet vil gi tilskot til DMT og DJST til tiltak for å motverke antisemittisme og til aktivitetar som gjer jødisk kultur, identitet og samfunnsliv meir synleg i Noreg.

Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner til styrkt innsats mot antisemittisme.

Det blir foreslått å løyve 16,4 mill. kroner.

Av dette skal 14,6 mill. kroner gå til DMT og 1,8 mill. kroner til DJST. Midlane kjem i tillegg til tilskot på 750 000 kroner til Jødisk museum i Trondheim, som blir foreslått på kap. 500, post 70.

Post 73 Kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, kan overførast

Målet for ordninga er å bidra til å revitalisere kvensk språk og fremje kvensk/norskfinsk kultur. Ordninga skal spesielt fremje kvensk språk og kvensk/norskfinsk identitet hos barn og unge. Kriterium for måloppnåing er talet på arrangerte prosjekt, kurs og aktivitetar som fremjer føremålet, og talet på deltakarar på dei ulike tiltaka.

Tildelingskriterium

Frivillige organisasjonar, privatpersonar, kommunar og institusjonar kan søkje om prosjektstøtte til kulturføremål og tiltak som bidreg til å styrkje kvensk språk og identitet. Nærare tildelingskriterium er fastsette i forskrift.

Over tilskotsordninga kan det òg søkjast om midlar til etablering og drift av kvenske språk- og kultursenter, og til drift av kvensk avis og Norske kveners forbund.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsordninga blir forvalta av Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet gir tilskot etter søknad og følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane. Dette skjer etter dei krava og vilkåra som er sett i forskrift om tilskot til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur, og eventuelle retningslinjer fastsett av Kulturdirektoratet og i tilskotsbrev. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans.

Rapport

Av ei total ramme på 11,2 mill. kroner i 2023 tildelte Kulturdirektoratet totalt 5,1 mill. kroner til drift av fire kvenske språksenter og eitt kvensk kultursenter, og 930 000 kroner i støtte til avisa Ruijan Kaiku. Det vart òg tildelt totalt om lag 5,1 mill. kroner til om lag 30 ulike språk- og kulturprosjekt. Dette inkluderer overførte midlar frå 2022.

Tilskota til drift av språksenter har bidrege til at det er gjennomført ei rekke språkkurs og kulturaktivitetar for kvenske barn og unge. Prosjekttilskota har bidratt til språk- og kulturutvikling på fleire nivå.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det vil bli tildelt driftsmidlar til kvenske språk- og kultursenter og til kvensk avis. Det vil bli gitt prosjekttilskot etter søknad, til tiltak som bidrar til å oppfylle føremålet med tilskotsordninga. Det vil òg bli gitt eit særskilt tilskot på 2 mill. kroner til Norske kveners forbund.

Det blir foreslått å løyve 18,4 mill. kroner.

Post 74 Kultur- og ressurssenter for norske romar

Føremålet med tilskotet er å vidareutvikle og drifte Romano Kher, eit kultursenter for romar, som mellom anna skal legge til rette for å formidle, bevare, styrkje og utvikle romsk språk og kultur i Noreg. Kultursenteret skal òg vere ein stad der romar og majoritetsbefolkninga kan møtast. Ressurssenteret skal arbeide for at romar får likeverdige offentlege tenester og bidra til å auke romanes deltaking og innverknad i samfunnet.

Måloppnåinga blir vurdert gjennom deltaking og tilgang til offentlege tenester. Norske romar skal delta i avgjerdsprosessar som gjeld innhald og drift av kultursenteret. Ressurssenteret skal bidra til å betre livssituasjonen for fleire norske romar.

Tildelingskriterium

Tilskotsmottakar er Kirkens Bymisjon. Kirkens Bymisjon har etablert og driv senteret i samarbeid med norske romar. Løyvinga på posten dekker tilskot til drift og aktivitetar knytte til Romano Kher. Kultursenteret er eit resultat av den kollektive oppreisinga frå staten til norske romar. Ressurssenteret er ei styrking av brubyggartenesta som vart flytta frå Oslo kommune då Romano Kher vart oppretta. Bymisjonen har opparbeidd seg relevant erfaring som er nødvendig for at tiltaka skal lukkast. Bymisjonen har derfor blitt vurdert som einaste aktuelle mottakar av tilskotet.

Oppfølging og kontroll

Departementet følgjer opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sette i regelverk og i tilskotsbrev.

Rapport

Romano Kher har i 2023 arbeidd med ulike kulturelle aktivitetar og med rettleiings- og rettsarbeid. Det har mellom anna vore tilbod og aktivitetar for born og unge, og det vart opna ei utstilling om romsk historie. Kirkens Bymisjon har erfart at norske romar ikkje får likeverdige offentlege tenester, og derfor er det i samarbeid med romane avgjort å skilje ut og styrkje ressursdelen.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Drifta til Romano Kher som kultursenter blir vidareutvikla etappevis med mellom anna kulturarbeid, tiltak retta mot barn og ungdom, arbeid for å motverke diskriminering og antisiganisme og enkelte arbeidsretta tiltak.

Ressurssenteret skal gi individuell rettleiing og arbeide med rettar, mellom anna bistand til romane i kontakt med det offentlege. Senteret skal òg arbeide for å motverke diskriminering og antisiganisme, og for å sikre likeverdige tenester til gruppa.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til senterets arbeid med å betre levekår for romske barn og unge.

Det blir foreslått å løyve 20,5 mill. kroner til kultur- og ressurssenteret. Det blir vidare føreslått ei tilsegnsfullmakt på 4,3 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 75 Romanifolket/taterane, kan overførast

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til å utvikle og synleggjere kulturen, språket og historia til romanifolket/taterane.

Gjennom prosjektrapporteringa blir det vurdert i kva grad prosjektet har oppnådd dei måla som er sette i søknaden, om prosjektet har nådd målgruppa og kva resultat prosjektet har ført til i form av aktivitetar eller tiltak.

Tildelingskriterium

Privatpersonar, private og offentlege institusjonar, organisasjonar og andre verksemder kan søkje om tilskot. Prosjekt som får tilskot skal bidra til å synleggjere, styrkje og føre vidare kulturen og historia til romanifolket/taterane, til å styrkje språket romani, til dokumentasjon, formidling av kunnskap om romanifolket/taterane sin situasjon, eller til haldningsskapande arbeid.

Oppfølging og kontroll

Den kollektive oppreisinga til romanifolket/taterane blir forvalta av Kulturdirektoratet som ei tilskotsordning, i samsvar med eiga forskrift. Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans. Kulturdirektoratet har ansvar for å evaluere ordninga.

Rapport

Kulturdirektoratet tildelte i 2023 tilskot på om lag 4,3 mill. kroner til 27 nye prosjekt over tilskotsordninga til romanifolket/taterane. I tillegg er det utbetalt midlar til fleirårige prosjekt.

Prosjekt av ulike omfang, med ulike føremål og med ulike målgrupper fekk støtte, mellom anna musikk- og teaterframsyningar, filmprosjekt, bøker, samlingsstader, informasjons- og sjølvhjelpsprosjekt og ulike arrangement.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Romanispråk skal framleis styrkast, og det vil bli etablert kulturarenaer og møteplassar i tråd med ein femårsplan Kulturdirektoratet utarbeidde i 2021, i samarbeid med ei faggruppe med medlemmar som er utnemnde av interesseorganisasjonane og fagpersonar på feltet.

Det vil bli prioritert å bevare, dokumentere, formidle og vidareføre romanifolket/taterane sin materielle og immaterielle kulturarv, som tradisjonar, fortellingar, handverk og musikk, i tråd med femårsplanen.

Enkeltaktørar vil få tilskot etter søknad til tiltak som bidrar til å oppfylle målet for ordninga.

Det blir foreslått å løyve 6 mill. kroner.

For at ubrukte løyvingar frå tidlegare år skal gå til det tiltenkte føremålet, blir det foreslått at departementet får fullmakt til å overføre udisponert beløp på posten frå 2025 til 2026, jf. forslag til romartalsvedtak.

Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.

Utgifter under programkategori 13.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

571

Rammetilskot til kommunar

167 379 999

176 094 675

186 464 434

5,9

572

Rammetilskot til fylkeskommunar

45 874 895

48 709 482

51 897 770

6,5

573

Kommunestruktur

581 500

213 674

-100,0

575

Ressurskrevjande tenester

11 689 281

13 071 914

14 616 141

11,8

577

Tilskot til dei politiske parti

481 026

540 164

575 605

6,6

578

Valdirektoratet

102 266

61 265

126 860

107,1

579

Valutgifter

8 600

100,0

Sum kategori 13.70

226 108 967

238 691 174

253 689 410

6,3

Inntekter under programkategori 13.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3571

Tilbakeføring av forskot

523 097

0,0

3572

Tilbakeføring av forskot

74 097

0,0

5616

Kommunalbanken AS

660 000

700 000

6,1

Sum kategori 13.70

597 194

660 000

700 000

6,1

Innleiing

Kommunar og fylkeskommunar er sjølvstendige, folkevalde forvaltingsnivå som har ansvar for oppgåver som tenesteytarar, samfunnsutviklarar, myndigheitsutøvarar og demokratiske arenaer for innbyggarane. Kommunane har mellom anna ansvar for barnehage, grunnskule, barnevern, helse-, omsorgs- og sosialtenester, tekniske tenester og kulturoppgåver. Fylkeskommunane har mellom anna ansvar for vidaregåande opplæring, lokal kollektivtransport, fylkesvegar, tannhelse, regional utvikling og kulturoppgåver.

Departementa har sektoransvar for respektive område av kommunesektoren sitt tenestetilbod, mellom anna forvalting og utvikling av lov- og regelverk og finansiering av reformer og nye tiltak.

Kommunal- og distriktsdepartementet skal bidra til at staten si styring av kommunesektoren er samordna, heilskapleg og konsistent. Departementet har eit særleg ansvar for at kommunesektoren har eit godt og framtidsretta lov- og regelverk, i første rekke gjennom utvikling og forvalting av kommunelova. Departementet skal legge til rette for at landet har ein føremålstenleg kommunestruktur.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i samarbeid med Finansdepartementet ansvaret for kommunesektoren sine inntektsrammer. Vidare har departementet ansvar for inntektsfordelinga mellom kommunar og mellom fylkeskommunar gjennom utvikling og drift av inntektssystemet for kommunesektoren. Departementet har òg ansvaret for Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) og for forvaltinga av statleg eigarskap i Kommunalbanken AS.

Kommunal- og distriktsdepartementet har det overordna ansvaret for valordninga og valregelverket. Valdirektoratet har det operative ansvaret på statleg nivå for gjennomføring av stortings- og lokalval. Kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for den praktiske valgjennomføringa. Departementet er òg ansvarleg for tilskot til dei politiske partia.

Mål for programkategorien

  1. Eit velfungerande demokrati

  2. Eit velfungerande lokalt sjølvstyre

  3. Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar

Mål 1 Eit velfungerande demokrati

Frie og hemmelege val er grunnleggande i demokratiet vårt. Tilliten til val og demokratiet som styreform er høg, og det er viktig at den blir oppretthalde. Dette føreset at veljarane forstår korleis val blir gjennomført, og at teknologien som blir brukt ved val er sikker. I tillegg må det demokratisk representative systemet og sjølve valordninga ha legitimitet, og regelverket må vere i tråd med internasjonale forpliktingar.

Høg valdeltaking, representative folkevalde organ og gode kanalar for innbyggarmedverknad òg mellom val, er viktige føresetnader for eit velfungerande demokrati.

Det er mange ulike aktørar som har viktige roller og oppgåver for å kunne oppretthalde eit velfungerande demokrati. Dei politiske partia må ha rammevilkår for å gjere oppgåva si, kommunar og fylkeskommunar må ha handlefridom til å fylle rolla, og borgarane må få informasjon og vere trygge på å utøve dei demokratiske rettane sine. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle for å legge til rette for dette.

Stortinget vedtok i juni 2023 ei ny vallov, som vil få verknad første gong ved stortingsvalet i 2025. Departementet har sendt forslag til ny valforskrift med nærare krav til gjennomføringa av val på høyring.

Budsjettkapitla 577 Tilskot til dei politiske parti, 578 Valdirektoratet og 579 Valutgifter støttar opp under mål 1.

Mål 2 Eit velfungerande lokalt sjølvstyre

Kommunesektoren forvaltar ein stor del av fellesskapet sine ressursar og har omfattande offentleg mynde. Kommunelova legg juridiske rammer for all kommunal verksemd og det kommunale sjølvstyret. Prinsippa for statleg styring av kommunesektoren, som til ei viss grad følgjer av kommunelova, legg til grunn økonomisk og juridisk rammestyring og dialog mellom forvaltingsnivåa. Staten si styring må balanserast mellom nasjonale omsyn som til dømes eit likeverdig tenestetilbod og rettstryggleik, og omsynet til lokal handlefridom. Det er den enkelte kommunen som er best i stand til å vurdere kva løysingar som skal til for å møte utfordringane i eigen kommune, og eit velfungerande lokalt sjølvstyre skal gi rom for lokale løysingar, innovasjon og utvikling. Lokale prioriteringar mellom ulike føremål er eit uttrykk for lokale preferansar og gir derfor meir velferd samla sett.

Ein føresetnad for at det kommunale sjølvstyret skal vere reelt, er at kommunesektoren i hovudsak er finansiert gjennom frie inntekter, som er skatteinntekter og rammetilskot. Dei frie inntektene er anslått å utgjere om lag 72 pst. av kommunesektoren sine samla inntekter i 2025.

Budsjettkapitla 571 Rammetilskot til kommunar og 572 Rammetilskot til fylkeskommunar støttar opp under mål 2.

Mål 3 Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar

Rammefinansiering av kommunesektoren gjennom skatteinntekter og rammetilskot gir rom for lokale prioriteringar og legg til rette for effektiv bruk av offentlege ressursar. Inntektsrammer som står i forhold til oppgåvene kommunesektoren er sett til å løyse, og ei rettferdig inntektsfordeling mellom kommunar, er føresetnader for eit likeverdig tenestetilbod i heile landet. I del I, kapittel 2 er det gjort greie for regjeringa sitt forslag til inntektsrammer for kommunesektoren i 2025.

Regjeringa la i Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 fram forslag om eit nytt inntektssystem for kommunane, jf. Innst. 440 S (2023–2024). Forslaget er mellom anna basert på NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene som vart levert i august 2022, innspel frå høyringa av NOU-en og måla i Hurdalsplattforma. Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa, og det nye inntektssystemet trår i kraft frå og med 2025. Eit av hovudmåla med endringane i inntektssystemet er å sikre ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane, både gjennom endringar i skattegrunnlaga til kommunane og ved å auke utjamningsgraden i inntektsutjamninga. Det er òg gjennomført ei fagleg oppdatering av kostnadsnøklane i utgiftsutjamninga. I tillegg er det gjort endringar i dei regionalpolitiske tilskota for å sikre ei meir treffsikker fordeling av desse tilskota.

Generalistkommuneutvalet la fram si utgreiing, NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet – likt ansvar – ulike forutsetninger i mars 2023. Utgreiinga var på høyring til 1. oktober 2023. Utvalet meiner at generalistkommunesystemet er under aukande press, mellom anna fordi skilnadene mellom føresetnadene i ulike kommunar til å ivareta ansvaret sitt truleg vil bli større framover. Samstundes er utvalet tydeleg på at generalistkommuneprinsippet bør bli vidareført. I Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 er det presentert ulike verkemiddel som kan styrke kommunane og kommunesystemet.

Regjeringa vil legge til rette for auka kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon og samarbeid mellom kommunar, bruke inntektssystemet til å jamne ut økonomiske skilnader mellom kommunar og bidra til godt samsvar mellom inntekter og faktiske oppgåver. I 2025 foreslår regjeringa å auke inntektene til kommunane, og vil sørgje for ei betre og meir rettferdig omfordeling av inntektene mellom kommunane gjennom endringane i inntektssystemet.

Auka effektivitet i oppgåveløysinga vil gi kommunane større handlingsrom som mellom anna kan brukast til å styrkje velferdstenestene. God økonomistyring, lokal tilpassing og nyskapande løysingar må til for at kommunar og fylkeskommunar skal gi eit godt og likeverdig tilbod til innbyggarane i heile landet. Nye digitale løysingar skal gi betre og meir heilskaplege tenester, og vil kunne frigjere ressursar til å løyse andre oppgåver.

I møte med nye utfordringar må offentleg sektor vere utviklingsorientert. Forsøksordninga for kommunar og fylkeskommunar, som regjeringa inviterte til i 2023, vil kunne bidra til å teste ut smartare organisering av kommunen sine oppgåver og verksemd.

Budsjettkapitla 571 Rammetilskot til kommunar, 572 Rammetilskot til fylkeskommunar og 575 Ressurskrevjande tenester støttar opp under mål 3.

Kap. 571 Rammetilskot til kommunar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

29 278

23 165

23 165

60

Innbyggartilskot

161 503 218

170 591 756

181 234 164

61

Distriktstilskot Sør-Noreg

837 275

874 619

833 224

62

Distriktstilskot Nord-Noreg

2 331 395

2 429 852

2 576 545

64

Skjønstilskot

1 516 561

1 000 000

1 000 000

65

Regionsentertilskot

212 149

221 555

66

Veksttilskot

173 901

282 395

137 115

67

Storbytilskot

635 647

671 333

660 221

90

Forskot på rammetilskot

140 575

Sum kap. 571

167 379 999

176 094 675

186 464 434

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga går til forsking og utgreiing om kommuneøkonomi, kommunelova og anna juridisk rammeverk for kommunesektoren, lokaldemokrati og statlege tiltak retta mot kommunesektoren. Løyvinga omfattar òg drift og utvikling av inntektssystemet og driftsmidlar til Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU). Løyvinga kan vidare finansiere større utviklingsprosjekt, inkludert utgreiingsstillingar i departementet knytt til tidsavgrensa prosjekt.

I 2023 vart løyvinga nytta til utgreiingar og forsking, mellom anna innan områda kommuneøkonomi, interkommunalt samarbeid og demokrati, og til utval som Teknisk berekningsutval og Generalistkommuneutvalet. Posten har òg finansiert Kartverket sitt arbeid med etablering av ny teknisk løysing for deling av kommunar og fylkeskommunar i matrikkelen (Ny Marty) og drift av database for kommunale organisasjonsdata.

Det blir foreslått å løyve 23,2 mill. kroner. Dette inkluderer midlar til mellom anna utvalsarbeid, forsking på kommuneøkonomi, lokaldemokrati, juridisk rammeverk for kommunesektoren og statlege tiltak retta mot kommunesektoren.

Post 60 Innbyggartilskot

Hovuddelen av rammetilskotet til kommunane blir fordelt gjennom innbyggartilskotet. Innbyggartilskotet blir i utgangspunktet fordelt med eit likt beløp per innbyggar, før det blir omfordelt gjennom utgiftsutjamninga, overgangsordninga og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular. Sjå Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2024–2025) Grønt hefte (H-2558 N) for ei nærare omtale av innbyggartilskotet, utgiftsutjamninga og kostnadsnøkkelen for kommunane.

Det blir foreslått å løyve 181 234,2 mill. kroner. Dette er ein auke på 10 642,4 mill. kroner frå saldert budsjett for 2024. Auken må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren, jf. nærare omtale i del I, kapittel 2.

Post 61 Distriktstilskot Sør-Noreg

Tildeling av tilskotet tar utgangspunkt i distriktsindeksen, som er eit uttrykk for graden av distriktsutfordringar i ein kommune. Ved tildeling av distriktstilskot Sør-Noreg i 2025 blir Kommunal- og distriktsdepartementet sin distriktsindeks frå 2023 nytta.

Distriktstilskot Sør-Noreg blir tildelt kommunar i Sør-Noreg (utanom kommunar i Namdalen, som blir tildelt Distriktstilskot Nord-Noreg) som oppfyller følgjande kriterium:

  • har under 3 200 innbyggarar eller ein distriktsindeks på 58 eller lågare

  • har samla inntekter frå skatt og naturressursar per innbyggar dei fire siste åra som er under 140 pst. av gjennomsnittet i landet. Utsira kommune får distriktstilskot uavhengig av inntektsnivået til kommunen, jf. merknad frå kommunal- og forvaltningskomiteen i Innst. 440 S (2023–2024).

Kommunar med færre enn 3 200 innbyggarar får eitt tilskot per kommune. Satsane er differensiert etter kommunen sin verdi på distriktsindeksen. Høgaste sats blir gitt til kommunar med distriktsindeks på 45 eller lågare. Kommunar med ein høgare verdi på distriktsindeksen får tilskot etter lågare sats, slik at kommunar med distriktsindeks over 58 får halvparten av høgaste sats.

Kommunar med 3 200 innbyggarar eller fleire får tilskot både per innbyggar og per kommune. Kommunar med distriktsindeks på 45 eller lågare får tilskot per innbyggar og per kommune med høgaste sats. Kommunar med høgare verdi på indeksen får tilskot med høvesvis 80, 60, 40 og 20 pst. av høgaste sats. Kommunar med distriktsindeks over 58 får ikkje tilskot. Satsane for distriktstilskot Sør-Noreg i 2025 er prisjustert og vist i tabell 5.1.

Det blir foreslått å løyve 833,2 mill. kroner.

Tabell 5.1 Satsar for distriktstilskot Sør-Noreg 2025

Kommunar med 3 200 innbyggarar eller fleire

Kommunar med under 3 200 innbyggarar

Distriktsindeks

Sats per kommune (1 000 kr)

Sats per innbyggar (kroner)

Sats per kommune (1 000 kr)

Indeks 0-45

1 471

1 332

6 794

Indeks 46-48

1 179

1 066

6 116

Indeks 49-51

884

799

5 435

Indeks 52-54

587

533

4 756

Indeks 55-58

296

268

4 076

Indeks over 58

0

0

3 398

Post 62 Distriktstilskot Nord-Noreg

Distriktstilskot Nord-Noreg blir fordelt med eit kronebeløp per innbyggar til alle kommunar i Nord-Noreg og Namdalen. Kommunar med færre enn 3 200 innbyggarar får i tillegg eit småkommunetillegg etter dei same kriteria og satsane som distriktstilskot Sør-Noreg. Kommunar i Finnmark og innsatssona i Nord-Troms som får småkommunetillegg, får tilskot etter ein høgare sats. Frå og med 2025 vil òg øykommunane Værøy, Røst og Træna få same, høgare sats på småkommunetillegget som kommunane i innsatssona i Nord-Troms og Finnmark.

Ved tildeling av småkommunetillegget i distriktstilskot Nord-Noreg i 2025 blir Kommunal- og distriktsdepartementet sin distriktsindeks frå 2023 brukt. Satsane for distriktstilskot Nord-Noreg i 2025 er prisjustert og vist i tabell 5.2.

Det blir foreslått å løyve 2 576,5 mill. kroner.

Tabell 5.2 Satsar for distriktstilskot Nord-Noreg 2025

Kommunar i:

Sats per innbyggar (kroner)

Nordland og Namdalen

2 096

Troms utanfor innsatssona

4 019

Innsatssona i Troms

4 737

Finnmark

9 814

Småkommunetillegg til kommunar med under 3 200 innbyggarar

Distriktsindeks

Småkommunetillegg per kommune, kommunar utanfor innsatssona (1 000 kr)

Småkommunetillegg per kommune, kommunar

i innsatssona og kommunane Værøy, Røst og Træna (1 000 kr)

Indeks 0-45

6 794

14 715

Indeks 46-48

6 116

13 240

Indeks 49-51

5 435

11 772

Indeks 52-54

4 756

10 299

Indeks 55-58

4 076

8 829

Indeks over 58

3 398

7 357

Post 64 Skjønstilskot

Kommunal- og distriktsdepartementet fordeler kvart år ein del av rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar etter skjøn. Føremålet med skjønstilskotet er å kompensere kommunar og fylkeskommunar for lokale tilhøve som ikkje blir fanga opp i den faste delen av inntektssystemet, og bidra til fornying og utvikling. Når det gjeld skjønstildeling til kommunane, fastset departementet tilskotsrammer til kvart enkelt statsforvaltarembete. Statsforvaltaren fordeler tilskotet til kommunane etter retningslinjer gitt av departementet. Det blir halde igjen ein felles reservepott for uventa hendingar som kan gå til både kommunar og fylkeskommunar.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Regjeringa foreslår ei samla skjønsramme for 2025 på 1 000 mill. kroner i tråd med Stortingets behandling av Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025. Heile ramma blir foreslått løyvd på kap. 571, post 64.

Det blir foreslått å setje basisramma for kommunane til 800 mill. kroner, det same som i 2024. Statsforvaltarembeta har fordelt delar av basisramma til kommunane, og fordelinga er vist i Grønt hefte 2025.

Basert på erfaringane frå tidlegare år blir det halde tilbake 180 mill. kroner av skjønstilskot til uventa hendingar (reservepotten). Midlane skal hovudsakleg nyttast til å kompensere kommunar og fylkeskommunar som har meirutgifter som følgje av naturskade eller andre kritiske, uventa hendingar. Både kommunar og fylkeskommunar kan søkje om kompensasjon frå reservepotten.

Vidare blir det foreslått 20 mill. kroner til utviklings- og fornyingsprosjekt (prosjektskjøn). Prosjektskjønet dekker mellom anna driftsutgifter og medlemskontingent i Foreningen for god kommunal regnskapsskikk (GKRS) med til saman 450 000 kroner. GKRS er ei ideell foreining og eit uavhengig organ som skal fremje og utvikle god kommunal rekneskapsskikk. Medlemer er Kommunal- og distriktsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, KS, NKRF – kontroll og revisjon i kommunene og Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund. Ein nærare omtale av kriterium for løyving av prosjektskjønsmidlar i 2025 er gitt i kommuneproposisjonen for 2025.

Nærare omtale av skjønsramma for 2025 og rapportering om bruk av skjønstilskot i 2023 er gitt i kommuneproposisjonen for 2025.

Post 65 Regionsentertilskot

Regionsentertilskotet vart innført i 2017 og har gått til kommunar som slo seg saman i samband med kommunereforma, og som etter samanslåinga fekk over om lag 8 000 innbyggarar. Regionsentertilskotet utgjer 221,6 mill. kroner i 2024. Som ein del av omlegginga av inntektssystemet blir regionsentertilskotet avvikla frå og med 2025. Tilskotsmidla blir foreslått overført til post 60 Innbyggartilskot.

Post 66 Veksttilskot

Veksttilskotet blir gitt til kommunar med særleg høg auke i folketal. For 2025 blir det foreslått tilskot til kommunar som gjennom siste treårsperiode har hatt ein gjennomsnittleg årleg vekst i folketalet som er høgare enn 1,4 pst. og skatteinntekter under 140 pst. av landsgjennomsnittet. Tilskotet blir gitt med ein sats per innbyggar over vekstgrensa.

Som ein del av omlegginga av inntektssystemet foreslår departementet at satsen per innbyggar utover vekstgrensa blir sett til 23 364 kroner per innbyggar, om lag 1/3 av den prisjusterte satsen i 2024.

Det blir foreslått å løyve 137,1 mill. kroner.

Post 67 Storbytilskot

Storbytilskot blir i 2025 foreslått tildelt Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Drammen. Som ein del av omlegginga av inntektssystemet foreslår departementet at tilskotet blir gitt med ein sats på 414 kroner per innbyggar, noko som er ein reduksjon på 28 kroner per innbyggar før prisjustering.

Det blir foreslått å løyve 660,2 mill. kroner.

Post 90 Forskot på rammetilskot

Inntektsutjamninga i inntektssystemet omfordeler inntekter gjennom rammetilskotet og blir berekna fortløpande basert på dei siste opplysningane om skatteinngangen. Sidan endeleg skatteinngang for 2025 ikkje er kjent før i februar 2026, kan departementet i den løpande skatteutjamninga ha behov for å utbetale forskot på rammetilskotet for 2026 i 2025. I forslag til romartalsvedtak blir det bedt om at det kan utbetalast opp til 500 mill. kroner i 2025 som forskot på rammetilskot til kommunane for 2026.

Kap. 3571 Tilbakeføring av forskot

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

90

Tilbakeføring av forskot

523 097

Sum kap. 3571

523 097

Post 90 Tilbakeføring av forskot

Ved behandlinga av Prop. 1 S (2023–2024) fekk Kommunal- og distriktsdepartementet fullmakt til å utbetale opp til 500 mill. kroner i forskot i 2024 på rammetilskot for 2025 til kommunar, jf. Innst. 5 S (2023–2024). Det er framleis uvisse om skatteinngang og inntektsutjamning for siste utbetalingstermin i 2024, og ein kan derfor ikkje oppgi storleiken på utbetalt forskot på rammetilskot i 2024 og tilsvarande tilbakeføring av forskot i 2025 enno. Det blir derfor ikkje fremja forslag om løyving for 2025.

Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Innbyggartilskot

44 756 956

47 936 308

51 085 676

62

Nord-Noreg-tilskot

735 939

773 174

812 094

64

Skjønstilskot

382 000

Sum kap. 572

45 874 895

48 709 482

51 897 770

Post 60 Innbyggartilskot

Hovuddelen av rammetilskotet til fylkeskommunane blir fordelt gjennom innbyggartilskotet. Innbyggartilskotet blir i utgangspunktet fordelt med eit likt beløp per innbyggar, før det blir omfordelt gjennom utgiftsutjamninga, overgangsordninga og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular. Sjå Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2024–2025) Grønt hefte (H-2558 N) for ei nærare omtale av innbyggartilskotet, utgiftsutjamninga og kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane.

Det blir foreslått å løyve 51 085,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 3 149,4 mill. kroner frå saldert budsjett for 2024. Auken må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren, jf. nærare omtale i del I, kapittel 2.

Post 62 Nord-Noreg-tilskot

Tilskotet blir utbetalt med eit likt beløp per innbyggar til fylkeskommunane i Nord-Noreg. I 2025 er satsen prisjustert og utgjer 1 665 kroner per innbyggar.

Det blir foreslått å løyve 812,1 mill. kroner.

Post 64 Skjønstilskot

Posten vart avvikla frå 2024. Basisramma i skjønnstilskotet vart overført til innbyggartilskotet (post 60). Midlane til dekning av utgifter ved uventa hendingar (reservepotten), vart samla under kap. 571, post 64.

Post 90 Forskot på rammetilskot

Inntektsutjamninga i inntektssystemet omfordeler inntekter gjennom rammetilskotet og blir berekna fortløpande basert på dei siste opplysningane om skatteinngangen. Sidan endeleg skatteinngang for 2025 ikkje er kjent før i februar 2026, kan departementet i den løpande inntektsutjamninga ha behov for å utbetale forskot på rammetilskotet for 2026 i 2025. I forslag til romartalsvedtak blir det bedt om at det kan utbetalast opp til 200 mill. kroner i 2025 som forskot på rammetilskot til fylkeskommunane for 2026.

Kap. 3572 Tilbakeføring av forskot

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

90

Tilbakeføring av forskot

74 097

Sum kap. 3572

74 097

Post 90 Tilbakeføring av forskot

Ved behandlinga av Prop. 1 S (2023–2024) fekk Kommunal- og distriktsdepartementet fullmakt til å utbetale opp til 200 mill. kroner i forskot i 2024 på rammetilskot for 2025 til fylkeskommunar, jf. Innst. 5 S (2023–2024). Det er framleis uvisse om skatteinngang og inntektsutjamning for siste utbetalingstermin i 2024, og ein kan derfor ikkje konkret angi storleiken på utbetalt forskot på rammetilskot i 2024 no og tilsvarande tilbakeføring av forskot i 2025. Det blir derfor ikkje fremja forslag om løyving for 2025.

Tilskot gjennom inntektssystemet i 2024 og 2025

Tabell 5.3 viser rammetilskot på kapittel og post til kommunar og fylkeskommunar i 2024 og 2025. Anslag på rekneskap 2024 er lik vedtatt løyving ved framlegging av denne proposisjonen. I korrigert anslag på rekneskap 2024 er det tatt omsyn til endringar frå 2024 til 2025 i oppgåvefordelinga mellom forvaltingsnivåa, regelendringar, innlemming av øyremerkte tilskot mv. Det gjer tala for 2024 og 2025 samanliknbare. Sjå tabell 5.4 med tilhøyrande omtale av korreksjonane.

Tabell 5.3 Tilskot gjennom inntektssystemet i 2024 og 2025

(nominelle prisar i 1 000 kroner)

Kap.

Post

Anslag på rekneskap 2024

Korrigert anslag på rekneskap 2024

Forslag 2025

Faktisk vekst 2024–2025 (pst.)

Korrigert vekst 2024–2025 (pst.)

571

60

Innbyggartilskot

170 591 756

173 717 635

181 234 164

6,2

4,3

571

61

Distriktstilskot Sør-Noreg

874 619

874 619

833 224

-4,7

-4,7

571

62

Distriktstilskot Nord-Noreg

2 429 852

2 429 852

2 576 545

6,0

6,0

571

64

Skjønstilskot

825 000

1 000 000

1 000 000

21,2

0,0

571

65

Regionsentertilskot

221 555

221 555

0

-100,0

-100,0

571

66

Veksttilskot

282 395

282 395

137 115

-51,4

-51,4

571

67

Storbytilskot

671 333

671 333

660 221

-1,7

-1,7

Sum kommunar

175 896 510

179 197 389

186 441 269

6,0

4,0

572

60

Innbyggartilskot

48 041 308

48 395 673

51 085 676

6,3

5,6

572

62

Nord-Noreg-tilskot

773 174

773 174

812 094

5,0

5,0

Sum fylkeskommunar

48 814 482

49 168 847

51 897 770

6,3

5,6

Sum kommunesektor

224 710 992

228 366 236

238 339 039

6,1

4,4

Endringar i oppgåver mv.

Regjeringa foreslår ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 6,8 mrd. kroner i 2025, jf. nærare omtale i del I, kapittel 2. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltingsnivåa, regelendringar, innlemming av øyremerkte tilskot, eingongsløyvingar mv. Tabell 5.4 viser endringane som veksten er korrigert for, med påfølgjande omtale. Korreksjonane blir gjort i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar. Sjå òg Berekningsteknisk dokumentasjon til Prop. 1 S (2024–2025) Grønt hefte (H-2558 N).

Tabell 5.4 Endringar i rammetilskotet som følgje av endringar i oppgåver mv.

(i 1 000 2025-kroner)

Kommunar

Fylkeskommunar

Statlege og private skular – endring i elevtal

-130 749

-57 861

Gevinstar ved nytt prøvegjennomføringssystem i skulen

-5 621

Gratis deltidsplass på SFO på 3. trinn – heilårseffekt av endring i 2024

1 111 984

Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2024

1 707 146

Nominell vidareføring av maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2025

191 840

Ny opplæringslov – heilårseffekt av endring i 2024

60 700

Overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar

8 534

Pensjon for fosterforeldre

63 500

Vaksinasjonsprogram mot covid-19 og pneumokokk

198 300

Auka behov for sosialhjelp ved endringar i engongsstønaden

31 230

Auka minstesats i kvalifiseringsprogrammet – heilårseffekt av endring i 2024

17 177

Trekk i skjønnstilskotet – eingongstiltak i 2024

182 175

Landslinjer – opptrapping av tilskot til landslinje i flyfag i Trøndelag

-2 740

Overføring av klagebehandling frå fylkeskommunane til statsforvaltarane i samband med ny opplæringslov

-3 500

Krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester

50 000

Innlemming av tilskot til fylkesveg

431 500

Tannhelse – eingongsløyving i 2024

-109 305

Auka CO2-avgift – kompensasjon til fylkeskommunane

60 800

Sum

3 436 215

368 894

Kommunane og fylkeskommunane

Statlege og private skular – endring i elevtal

Som følgje av auken i talet på elevar i statlege og private skular blir rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane redusert med høvesvis 130,7 mill. kroner og 57,9 mill. kroner. Sjå Grønt hefte (H-2558 N) for nærare omtale av trekk- og korreksjonsordninga for elevar i statlege og private skular.

Kommunane

Gevinstar ved nytt prøvegjennomføringssystem i skulen

Nytt prøvegjennomføringssystem aukar graden av digitalisering og gir òg gevinstar for kommunesektoren. Gevinstane heng i stor grad saman med digitalisering av kartleggingsprøvar i kommunane. Denne gevinsten er vurdert til 5,6 mill. kroner i 2025, og rammetilskotet blir redusert tilsvarande. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Gratis deltidsplass på SFO på 3. trinn – heilårseffekt av endring i 2024

Det er frå hausten 2024 innført 12 timar gratis SFO på tredje trinn. Som følgje av dette aukar rammetilskotet med 856,3 mill. kroner i 2024. Tiltaket får heilårseffekt i 2025, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 1 112,0 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for grunnskule. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Reduksjon i maksimal foreldrebetaling i barnehagen – heilårseffekt av endring i 2024

Frå 1. august 2024 vart maksimalprisen i barnehagen redusert til 2 000 kroner per månad. I kommunar i sentralitetssone 5 og 6 vart maksimalprisen redusert ytterlegare til 1 500 kroner per månad. Som kompensasjon vart rammetilskotet auka med 1 632,4 mill. kroner i 2024. Tiltaket har heilårsverknad i 2025, og rammetilskotet aukar derfor med ytterlegare 1 707,1 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage og med særskilte fordelingar (tabell C) til kommunane i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms der barnehage er gratis og til kommunar i sentralitetssone 5 og 6 der maksimalsatsen er lågare. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Nominell vidareføring av maksimal foreldrebetaling i barnehagen i 2025

Maksimal foreldrebetaling i 2025 blir vidareført på same nominelle nivå som hausten 2024. Som kompensasjon blir rammetilskotet auka med 191,8 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage og med særskilte fordelingar (tabell C) til kommunane i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms der barnehage er gratis og til kommunar i sentralitetssone 5 og 6 der maksimalsatsen er lågare. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Ny opplæringslov – heilårseffekt av endring i 2024

Ny opplæringslov trådde i kraft 1. august 2024. Rammetilskotet til kommunane vart i 2024 auka med 41,7 mill. kroner som kompensasjon for meirkostnadar ved innføring av rett til opplæring i eiga skriftspråkgruppe på eige hovudmål for elevar på ungdomstrinnet. Som kompensasjon for heilårseffekten blir rammetilskotet i 2025 auka med ytterlegare 60,7 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for grunnskule. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar

I budsjetta for 2022 og 2023 vart kommunane kompensert for barnevernsreforma. Som følgje av overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar blir kommunane kompensert for berekna meirutgifter i 2025 gjennom ein auke i rammetilskotet på 8,5 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnevern. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Pensjon for fosterforeldre

Regjeringa har våren 2024 hatt på høyring forslag som vil gi fosterforeldre meir føreseielege rammer, mellom anna ved at alle fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. For å leggje til rette for at kommunane tilpassar seg før lovendringa trer i kraft den 1. januar 2026, blir kommunane kompensert for delar av kostnaden allereie i 2025 gjennom ein auke i rammetilskotet på 63,5 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnevern. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Vaksinasjonsprogram mot covid-19 og pneumokokk

Rammetilskotet til kommunane blir auka med 198,3 mill. kroner for å dekke kostnadar til gjennomføring av vaksinasjon mot covid-19 og pneumokokk i kommunane i samband med etablering av vaksinasjonsprogram for vaksne og risikogrupper. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Auka behov for sosialhjelp ved endringar i eingongsstønaden

Endringar i folketrygdlova gjer at ein må ha vore medlem i folketrygda i tolv månadar samanhengande for å få rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Dette vil auke kommunane sine kostnader til økonomisk sosialhjelp. Som kompensasjon blir rammetilskotet til kommunane auka med 31,2 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosiale tenester. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Auka minstesats i kvalifiseringsprogrammet – heilårseffekt av endring i 2024

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2024 vart rammetilskotet auka med 17 mill. kroner som kompensasjon for ein auke i minstesatsen for deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Endringa får heilårseffekt i 2025, og rammetilskotet aukar med ytterlegare 17,2 mill. kroner. Midlane blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosiale tenester. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Trekk i skjønstilskotet – eingongstiltak i 2024

I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart skjønstilskotet til kommunane redusert med 175 mill. kroner som eit eingongstiltak i 2024. Reduksjonen gjaldt Kommunal- og distriktsdepartementet sine tilbakehaldne skjønsmidlar, og vart sett i samanheng med overførte midlar frå 2023. Som følgje av dette blir rammetilskotet auka med 182,2 mill. kroner.

Fylkeskommunane

Landslinjer – opptrapping av tilskot til landslinje i flyfag i Trøndelag

Ny landslinje i flyfag i Trøndelag starta opp frå hausten 2023 ved Fosen vidaregåande skole. Nye landslinjer blir finansiert med eit tilsvarande trekk i rammetilskotet til fylkeskommunane. Rammetilskotet blir redusert med 2,7 mill. kroner som følgje av at tilskotet til landslinja blir trappa opp i 2025-budsjettet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

Overføring av klagebehandling frå fylkeskommunane til statsforvaltarane i samband med ny opplæringslov

Som følgje av ny opplæringslov og forskrift til lova, som trådde i kraft frå hausten 2024, er diverse klagebehandling flytta frå fylkeskommunane til statsforvaltarane. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir derfor redusert med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1520, post 1 på Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet sitt budsjett. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet.

Krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester

Regjeringa vil innføre krav til nullutslepp i offentlege anbod for ferjer og ferjetenester som blir lyst ut frå 2025. Krava vil bli innført med nærare bestemte unntak. Som kompensasjon blir rammetilskotet til fylkeskommunane i 2025 auka med 50 mill. kroner som blir fordelt særskilt (tabell C). Kompensasjonen vil bli justert årleg for å reflektere meirkostnadane ved innføring av kravet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Samferdselsdepartementet.

Innlemming av tilskot til fylkesveg

Som varsla i Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036 blir tilskotet til fylkesvegar på kap. 1320, post 65 på Samferdselsdepartementet sitt budsjett innlemma i rammetilskotet. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir derfor auka med 431,5 mill. kroner i 2025. Midlane blir fordelt særskilt (tabell C). Auken kjem i tillegg til at 300 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane er grunngitt med opprusting og fornying av fylkesvegnettet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Samferdselsdepartementet.

Tannhelse – eingongsløyving i 2024

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart rammetilskotet til fylkeskommunane auka med 105 mill. kroner knytt til rett til tannbehandling til redusert pris for 25- og 26-åringar. Løyvinga blir ikkje vidareført, og rammetilskotet blir derfor redusert med 109,3 mill. kroner i 2025.

Auka CO2-avgift – kompensasjon til fylkeskommunane

Regjeringa foreslår å auke CO2-avgifta med 16 pst. ut over prisjustering i 2025. Meirutgiftene for fylkeskommunale hurtigbåtar, ferjer og bussar i 2025 er anslått til i alt 60,8 mill. kroner. Det er korrigert for kontraktar som har gått ut og som har blitt kompensert i tidlegare år, noko som fører til ein auke med høvesvis 29,7, 15,6 og 15,5 mill. kroner i rammetilskotet knytt til ferjer, hurtigbåtar og bussar. Rammetilskotet til fylkeskommunane blir derfor auka med 60,8 mill. kroner. Sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2025.

Kap. 573 Kommunestruktur

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

62

Delingskostnader

581 500

213 674

Sum kap. 573

581 500

213 674

Post 62 Delingskostnader

Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 113 LS (2021–2022) og Prop. 127 S (2021–2022) å dele Ålesund kommune og fylkeskommunane Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark og Viken med verknad frå 1. januar 2024. Direkte og nødvendige delingskostnader er kompensert gjennom ei søknadsordning basert på ei nøktern tilnærming. Det vart løyvd totalt 581,5 mill. kroner til dette i 2023 og ytterlegare 213,7 mill. kroner i 2024. Tilskotet til Ålesund og delar av tilskotet til fylkeskommunane vart utbetalt i 2023. Den resterande delen av tilskota til fylkeskommunane vart utbetalt i 2024.

Kap. 575 Ressurskrevjande tenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Toppfinansieringsordning, overslagsløyving

11 606 481

12 983 505

14 523 930

61

Tilleggskompensasjon

82 800

88 409

92 211

Sum kap. 575

11 689 281

13 071 914

14 616 141

Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving

Mål for ordninga

Ordninga skal legge til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Kommunane har ansvar for å gi helse- og omsorgstenester til dei som har krav på dette i samsvar med helse- og omsorgstenestelova. Tenestene blir finansiert i hovudsak gjennom dei frie inntektene til kommunane (skatteinntekter og rammetilskot). Behovet for ressurskrevjande tenester varierer mykje mellom kommunar. Det har førebels vore vanskeleg å finne objektive kriterium i inntektssystemet som kan fange opp denne variasjonen i kostnadar. Ordninga støttar opp om mål 3 Berekraftige, nyskapande og omstillingsdyktige kommunar.

Tildelingskriterium

Kommunane får refundert delar av utgiftene til tenester til menneske som får omfattande helse- og omsorgstenester. Dette kan mellom anna gjelde personar med psykisk utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, personar med rusmiddelproblem og menneske med psykiske lidingar. For 2025 blir det foreslått at kommunane på landsbasis får kompensert 80 pst. av eigne netto lønsutgifter i 2024 til helse- og omsorgstenester ut over eit innslagspunkt på 1 692 000 kroner.

Netto lønskostnader er løn til tilsette og tilhøyrande sosiale kostnadar, minus øyremerkte tilskot og tilskot gjennom inntektssystemet. Tilskotsordninga gjeld for tenestemottakarar til og med det året dei fyller 67 år. For eldre over 67 år blir delar av utgiftene fanga opp gjennom dei ordinære kriteria i kostnadsnøkkelen for kommunane som ligg til grunn for fordelinga av rammetilskot til kommunane.

Endring i modell for tildeling av tilskot

Inntektssystemutvalet (NOU 2022: 10) tilrådde at ein legg om toppfinansieringsmodellen slik at den i større grad tek utgangspunkt i kommunen sine utgifter målt per innbyggar enn utgiftene for den einskilde mottakar. Det har samanheng med at i gjeldande modell vil to kommunar med ulikt innbyggartal og like høge utgifter til ressurskrevjande tenester, få like stort tilskot. Dette til tross for at utgiftene til ein mindre kommune normalt vil vere ei større belastning for kommuneøkonomien enn for ein større kommune. Frå 2025 blir det foreslått å legge om toppfinansieringsordninga slik at den i større grad tek omsyn til den økonomiske utgiftsbelastninga målt per innbyggar.

Tilskotsmodellen som vart nytta i perioden 2004–2007 hadde ein lik eigendel per innbyggar for utgifter over innslagspunktet. Modellen hadde gode fordelingsverknader ved at kommunar som hadde høge utgifter per innbyggar kom godt ut. Samstundes hadde modellen svak insentivverknad då kommunane kunne få kompensert 100 pst. av utgiftene på marginen. Gjeldande modell kompenserer 80 pst. av utgiftene over innslagspunktet til kvar einskild tenestemottakar. Noko av svakheita med modellen er at den ikkje tek spesielt omsyn til den samla belastninga på kommunen sin økonomi målt per innbyggar. Dette er til ei viss grad teke omsyn til i samband med ordninga med tilleggskompensasjon for mindre kommunar med høge utgifter. Tilleggskompensasjon blir gitt til kommunar med høge utgifter per innbyggar, som har færre enn 3 200 innbyggarar og som dei tre siste åra har hatt lågare skatt enn 120 pst. av landsgjennomsnittet.

Regjeringa la i kommuneproposisjonen for 2025 fram forslag til ein ny modell som er ein hybrid av modellen frå perioden 2004–2007 og gjeldande modell. Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa. Den nye toppfinansieringsmodellen vil først berekne ein eigendel utover innslagspunktet med eit likt beløp per innbyggar. Denne er berekna til 358 kroner per innbyggar for 2025. Eigendelen vil vere ein variabel og bli endeleg berekna etter at dei samla krava er sendt inn frå kommunane våren 2025. Deretter vil det bli berekna ein eigendel på 10 pst. av kommunen sine samla utgifter over innslagspunktet etter at eigendelen per innbyggar er trekt frå. Denne eigendelen vil bli fast. Summen av dei to eigendelane utgjer det same som eigendelen i gjeldande modell (20 pst.), slik at samla eigendel på landsbasis blir om lag uendra samanlikna med i dag. Kompensasjonsgraden for den einskilde kommune vil kunne variere frå null til rundt 90 pst. Modellen blir noko meir komplisert då den har to eigendelar over innslagspunktet. Regjeringa legg likevel meir vekt på dei positive sidene ved modellen. Fordelen med modellen er at den i større grad tek omsyn til belastninga på den enkelte kommune sin økonomi ved å yte ressurskrevjande tenester og at den har gode insentiveffektar, noko modellen frå perioden 2004–2007 ikkje hadde.

Kommunane og staten fører rekneskap etter ulike prinsipp. Toppfinansieringsordninga er ei etterskotsvis refusjonsordning. Kommunane skal føre inntektene det året utgiftene oppstår. Det inneber at endringa i modellen for toppfinansieringsordninga i 2025 får verknad på kommunane si inntektsføring i 2024. Endringa i modellen har ikkje konsekvensar for kommunane si innrapportering til Helsedirektoratet.

Nedvekting av kriteriet for «personar med utviklingshemming 16 år og over» i inntektssystemet

I forslaget til nytt inntektssystem er kriteriet «personar med utviklingshemming 16 år og over» vekta ned, jf. nærare omtale i kommuneproposisjonen for 2025, kapittel 18. Nedvekting av kriteriet påverkar toppfinansieringsordninga. Verdien av kriteriet blir trekt frå når kommunane skal berekne netto lønsutgifter i tilskotsordninga. Ved lågare vekt, blir det trekt frå mindre i toppfinansieringsordninga, og difor blir tilskotet isolert sett høgare. Endringane i inntektssystemet gir auka netto lønsutgifter i toppfinansieringsordninga med om lag 1 mrd. kroner. For å nøytralisere denne effekten er det foreslått å auke innslagspunktet med om lag 165 000 kroner basert på utbetalingane i 2024. Då vil den samla budsjetteffekten vere nøytral.

Sidan kommunane og staten fører rekneskap etter ulike prinsipp, skal kommunane føre inntektene det året utgiftene oppstår. Det inneber at endringane i verdien for kriteriet «personar med utviklingshemming 16 år og over» i inntektssystemet 2025, først gir effekt for kommunane si utbetaling i 2026 då kommunane kan søke refusjon for utgifter i 2025. Innslagspunktet vil derfor først bli auka i statsbudsjettet for 2026. Kommunane skal i 2025 budsjettere med tilskot dei vil få i 2026. Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2026 kome attende med storleiken på auken i innslagspunktet.

Oppfølging og kontroll

Kommunen skal sende innrapporteringsskjema med dokumentasjon til kommunerevisor, som gir ei revisjonsfråsegn til kravet frå kommunen.

Kommunen skal deretter sende endeleg innrapporteringsskjema og revisjonsfråsegna til Helsedirektoratet gjennom Altinn. Kommunal- og distriktsdepartementet, Helsedirektoratet og Riksrevisjonen kan føre kontroll med innrapporteringa til kommunane.

Rapport

Tilskotet for 2024 refunderer utgiftene til kommunane for 2023. Tilskotet til dei kommunane som tilfredsstilte kriteria for tilskot, vart fordelt av Helsedirektoratet i mai 2024. Det vart kravd til saman 13 509 mill. kroner i refusjon. Etter at det vart trekt nærare fem mill. kroner i for mykje utbetalt tilskot tidlegare år, vart det utbetalt 13 504 mill. kroner. Dette er 520 mill. kroner eller 4 pst. høgare enn saldert budsjett for 2024. Utbetalingane i 2024 auka med 1 898 mill. kroner eller 16,4 pst. nominelt samanlikna med utbetalingane i 2023. Realauken var på 10,4 pst. etter at ein tek omsyn til lønsauken i 2023. Tala frå Helsedirektoratet for 2024 viser at 8 665 ressurskrevjande tenestemottakarar var omfatta av ordninga. Dette er ein auke på 4,4 pst. samanlikna med 2023.

Budsjettforslag for 2025

Forslaget til løyving for 2025 tar utgangspunkt i faktiske krav for 2024 på 13 508,8 mill. kroner. Krava i 2024 er framskrivne til 2025 på grunnlag av gjennomsnittleg underliggande vekst i ordninga frå 2021 til 2024 som var på om lag 2,2 pst. Det gir isolert sett ein auke på 297,2 mill. kroner. Til slutt blir det korrigert for lønsauken i kommunane i 2024 på 5,2 pst., noko som utgjer om lag 717,9 mill. kroner. Innslagspunktet blir foreslått sett til 1 692 000 kroner. Dette er ein auke som svarer til den berekna lønsauken for 2024 på 5,2 pst.

Det blir foreslått å løyve 14 523,9 mill. kroner.

Post 61 Tilleggskompensasjon

Mål for ordninga

Tilleggskompensasjonen skal legge til rette for at mindre kommunar som har spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester, kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester.

Tildelingskriterium

Følgjande kriterium gjeld for at kommunar skal kvalifisere for tilskotet:

  • kommunen har høge utgifter til ressurskrevjande tenester per innbyggar

  • kommunen har færre enn 3 200 innbyggarar

  • kommunen har gjennomsnittlege skatteinntekter dei siste tre åra som er lågare enn 120 pst. av landsgjennomsnittet.

Med utgifter til ressurskrevjande tenester meiner ein her den delen av rapporterte nettoutgifter i toppfinansieringsordninga som ikkje blir dekt av toppfinansieringstilskotet, det vil seie «eigendelar»/utgifter opp til innslagspunktet, og dessutan dei to eigendelane over innslagspunktet. Dei kommunane som oppfyller kriteria i dei to siste strekpunkta over, får kompensert 80 pst. av utgiftene over ein terskelverdi per innbyggar. Terskelverdien er berekna til 5 500 kroner per innbyggar for 2025. Den faktiske terskelverdien vil bli berekna i samband med Helsedirektoratet si tildeling av tilskotet sommaren 2025, og kan avvike frå denne berekninga.

Oppfølging og kontroll

Kommunal- og distriktsdepartementet, Helsedirektoratet og Riksrevisjonen kan føre kontroll med innrapporteringa til kommunane.

Rapport

I 2024 vart det utbetalt 88,4 mill. kroner til 29 kommunar. Terskelverdien vart berekna til 5 691 kroner per innbyggar.

Budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 92,2 mill. kroner.

Kap. 577 Tilskot til dei politiske parti

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

6 266

7 891

8 106

70

Sentrale organisasjonar

332 185

364 019

389 852

71

Kommunale organisasjonar

35 102

39 201

40 691

73

Fylkesorganisasjonar

76 922

85 668

88 923

75

Fylkesungdomsorganisasjonar

21 656

31 036

32 215

76

Sentrale ungdomsorganisasjonar

8 895

12 349

15 818

Sum kap. 577

481 026

540 164

575 605

Regjeringa foreslår ein reell auke av tilskota til dei politiske partia med i alt 15 mill. kroner. Auken blir fordelt med 12 mill. kroner til dei sentrale organisasjonane og 3 mill. kroner til dei sentrale ungdomsorganisasjonane.

Mål for ordninga

Tilskot til politiske parti skal bidra til å nå målet om at dei registrerte politiske partia har økonomiske midlar til å løyse sine kjerneoppgåver. Ordninga støttar opp om mål 1 Eit velfungerande demokrati.

Tildelingskriterium

Følgjande politiske parti får tilskot:

  • Alle registrerte politiske parti som har søkt og fyller krava i partilova, får i utgangspunktet økonomisk stønad.

  • Statleg partistønad blir gitt til registrerte politiske parti på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå som fekk stemmer ved førre val.

  • På grunnlag av moderpartiet sin del av stemmene, blir det òg gitt stønad til dei politiske partia sine ungdomsorganisasjonar på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå.

Oppfølging og kontroll

Etter partiloven § 10 skal ikkje styresmaktene føre kontroll med korleis partia disponerer stønaden. Det skal heller ikkje setjast vilkår til offentleg partistønad som kan kome i konflikt med sjølvstendet og uavhengigheita til dei politiske partia.

Kapittel 5 i partiloven gir Partilovnemnda myndigheit til å kontrollere at partia overheld føresegnene om finansiering i lova. Ved brot på føresegnene i kapittel 4, kan nemnda avkorte stønaden heilt eller delvis for eitt år av gongen. Nemnda kan bruke sitt særskilde ekspertorgan, Partirevisjonsutvalet, i kontrollen av partia. Dei administrative oppgåvene i forbindelse med partiloven blir forvalta av Kommunal- og distriktsdepartementet og Statsforvaltaren i Vestland (SFVL). Statistisk sentralbyrå (SSB) samlar inn, behandlar og offentleggjer informasjon om partia sine finansielle forhold. Partilovnemnda har det overordna myndigheitsansvaret for enkeltsaker etter lova.

Rapport

Partilovnemnda heldt i 2023 fram med ei streng handheving av partia si plikt til å rapportere om sin økonomi. 67 partiledd som ikkje rapporterte mista partistøtta i 2024, medan 24 partiledd fekk formell åtvaring for brot på fristen. I løpet av 2023 og våren 2024 har nemnda fatta 36 vedtak om formell åtvaring og 12 vedtak om avkorting i partistøtta for brot på den lovbestemde plikta til å rapportere bidrag i valåret 2023.

To parti fekk vedtak om avkorting for brot på revisjonsplikta.

På grunnlag av Partirevisjonsutvalet sin kontroll med 35 tilfeldig utvalde parti og partiledd i mellomvalåret 2022, fatta Partilovnemnda våren 2023 tre vedtak om avkorting i partistøtta og seks vedtak om formell åtvaring.

Per 1. juni 2024 hadde 3005 av i alt 3177 rapporteringspliktige parti og partiledd rapportert om sin økonomi for 2023 til SSB. Dette svarer til 95,2 pst. av alle som er omfatta av partiloven, mot 97,2 pst. i 2022. Årsaka til nedgangen er mellom anna at det i 2023 vart etablert mange nye partiledd for dei mindre partia ute i kommunane.

Departementet lanserte IKT-prosjektet «Partiregnskap» i 2022. Systemet skal gjere det enklare og meir effektivt for parti og partiledd å oppfylle pliktane etter partiloven. «Partiregnskap» er utvikla vidare slik at det frå og med 1. januar 2023 vart brukt til å registrere og rapportere bidrag i valår. Frå 2024 vart òg systemet brukt til å levere den årlege økonomirapporten til SSB.

Departementet, Partilovnemnda, SSB og SFVL gjennomførte i 2023 ein regional møterunde der tema mellom anna var rettar og plikter etter partiloven. Alle parti og partiledd var invitert til å delta. Det vart halde møte i Stavanger, Trondheim og Oslo. Eit digitalt møte vart heldt på kveldstid. Om lag 300 følgde møtet fysisk eller digitalt.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker mellom anna utgifter til drift av Partilovnemnda, Partirevisjonsutvalet, Partiportalen, SFVL, Statsforvaltarens fellestenester og Partiregisteret som Brønnøysundregistera forvaltar. Finansieringa av SSBs oppgåver etter lova vart frå 2023 overført til SSB.

Det blir foreslått å løyve 8,1 mill. kroner.

Post 70 Sentrale organisasjonar

Løyvinga er øyremerkt registrerte politiske parti på nasjonalt nivå og blir fordelt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Departementet betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar stortingsvalperiode. Stemmestønad blir utbetalt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande stortingsval. Grunnstønad blir utbetalt til partiet sin hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutning på landsbasis eller vann minst eit mandat ved føregåande stortingsval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.

Det blir foreslått å løyve 389,9 mill. kroner.

Post 71 Kommunale organisasjonar

Løyvinga er øyremerkt kommuneorganisasjonar under registrerte politiske parti og blir fordelt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Det er eit krav at partiet må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stønad. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar kommunestyrevalperiode.

Stemmestønad blir betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen er berekna på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande kommunestyreval. Grunnstønad blir løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst eitt mandat ved førre kommunestyreval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.

Det blir foreslått å løyve 40,7 mill. kroner

Post 73 Fylkesorganisasjonar

Løyvinga er øyremerkt fylkesorganisasjonar under registrerte politiske parti og blir fordelt slik at 90 pst. går til stemmestønad og 10 pst. til grunnstønad. Det er eit krav at partiet må ha ein organisasjon i det respektive fylket for å få stønad. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar fylkestingsvalperiode.

Stemmestønad blir betalt ut frå første stemme utan sperregrense. Satsen er berekna på grunnlag av den årlege løyvinga og resultatet frå føregåande fylkestingsval. Grunnstønad blir løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4 pst. oppslutning i fylket eller vann minst eitt mandat ved førre fylkestingsval. Grunnstønaden blir delt likt mellom desse partia.

Det blir foreslått å løyve 88,9 mill. kroner.

Post 75 Fylkesungdomsorganisasjonar

Løyvinga går til parti med fylkesungdomsorganisasjon og blir betalt ut i samsvar med talet på stemmer som morpartiet fekk ved føregåande fylkestingsval. SFVL betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar fylkestingsvalperiode.

Det blir foreslått å løyve 32,2 mill. kroner.

Post 76 Sentrale ungdomsorganisasjonar

Løyvinga går til parti med ein sentral ungdomsorganisasjon og blir betalt ut i samsvar med talet på stemmer som moderpartiet fekk ved føregåande stortingsval. Departementet betaler ut tilskotet på grunnlag av søknad for kvar stortingsvalperiode.

Det blir foreslått å løyve 15,8 mill. kroner.

Kap. 578 Valdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

96 614

61 265

120 742

70

Informasjonstiltak

5 652

6 118

Sum kap. 578

102 266

61 265

126 860

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker løn til dei tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Valdirektoratet. Direktoratet har det operative ansvaret for valgjennomføring på statleg nivå. Direktoratet er lokalisert i Tønsberg og hadde 33 avtalte årsverk i 2023.

Aktivitetane i 2024 var i stor grad retta mot tilrettelegging for gjennomføring av stortings- og sametingsvalet i 2025.

Valdirektoratet si overordna prioritering i 2023 var å gjere førebuingar til å gjennomføre kommunestyre- og fylkestingsvalet. Direktoratet har arbeidd for sikkerheit og beredskap i alle fasar av valgjennomføringa. Valkonferansen vart gjennomført både digitalt og fysisk på seks stader i landet. Direktoratet har òg produsert og sendt ut materiell til valet og gitt informasjon til veljarane. Parallelt har direktoratet jobba med avklaringar og planlegging av implementering av ny vallov som skal få verknad ved stortingsvalet i 2025. I tillegg er det utvikla tenester og systemstøtte for gjennomføring av lokale folkerøystingar.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Direktoratet sine hovudaktivitetar i 2025 vil vere å bidra til ei korrekt, sikker, open og tillitvekkande gjennomføring av stortings- og sametingsvalet i 2025 og forvalting og vidareutvikling av det elektroniske valadministrative systemet EVA.

Det blir foreslått å løyve 120,7 mill. kroner. Auken frå 2024 skuldast at det skal gjennomførast stortings- og sametingsval i 2025.

Post 70 Informasjonstiltak

Tilskotsordninga skal bidra til å auke dei stemmeføre sin kunnskap om valet og/eller auke valdeltakinga. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 fordelte Valdirektoratet tilskot på til saman 5,7 mill. kroner. Totalt 15 organisasjonar og andre aktørar fekk tilskot.

Det blir foreslått å løyve 6,1 mill. kroner.

Kap. 579 Valutgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

8 600

Sum kap. 579

8 600

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker departementet sine utgifter knytt til val, mellom anna til løn, utgreiing og analyse, evaluering og regelverksforvaltning på valområdet og etatsstyring av Valdirektoratet. I tillegg dekker posten mellom anna refusjonar til oppteljingsvalstyra ved sametingsval og utgifter til register for registrering av statssekretærars og politiske rådgivarars verv og økonomiske interesser.

Som følgje av ei endring i Grunnlova i 2022 har Stortinget oppnemnt eit riksvalstyre som skal behandle alle klager ved val. Budsjettansvaret for riksvalstyret og sekretariatet til riksvalstyret som departementet har oppnemnt, ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Posten dekker alle utgifter til riksvalstyret, mellom anna godtgjering til riksvalstyret sine medlemmar.

Det blir foreslått å løyve 8,6 mill. kroner. Løyvinga er frå 2025 flytta frå kap. 500, post 21.

Kap. 5616 Kommunalbanken AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

85

Aksjeutbytte

660 000

700 000

Sum kap. 5616

660 000

700 000

Post 85 Aksjeutbytte

Kommunalbanken er eit heileigd statleg aksjeselskap. Mål og grunngiving for staten sin eigarskap er uttrykt i Meld. St. 6 (2022–203) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap.

Staten eig Kommunalbanken for å tilby stabil, langsiktig og effektiv finansiering til kommunesektoren. Staten sitt mål som eigar er høgast mogleg avkasting over tid innanfor berekraftige rammer.

For nærare informasjon om verksemda i Kommunalbanken, sjå årsrapporten til selskapet og Statens eigarrapport for 2023.

Budsjettforslag for 2025

Frå 2023 har staten ei langsiktig utbytteforventning for Kommunalbanken på om lag 55 pst. av kjerneresultatet etter skatt, gitt tilfredsstillande kapitaldekning. Langsiktig utbytteforventning gjeld for ein periode på 4–5 år.

Aksjeutbytte for rekneskapsåret 2024 blir løyvd over statsbudsjettet for 2025. Utbytte er anslått til 700 mill. kroner. Årsrekneskap for 2024 og annan vesentleg informasjon om den aktuelle situasjonen for selskapet vil inngå i vurderingane til styret og eigar av storleiken på utbytte. Denne informasjonen er ikkje kjent på noverande tidspunkt. Det er derfor stor usikkerheit knytt til utbytteanslaget. Oppdatert anslag blir eventuelt lagt fram i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025.

Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg

Utgifter under programkategori 13.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

581

Bustad- og bumiljøtiltak

5 297 526

4 185 575

4 095 496

-2,2

585

Husleigetvistutvalet

39 383

40 150

43 080

7,3

587

Direktoratet for byggkvalitet

153 342

164 078

184 804

12,6

2412

Husbanken

21 096 243

24 664 339

27 893 189

13,1

Sum kategori 13.80

26 586 494

29 054 142

32 216 569

10,9

Inntekter under programkategori 13.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3585

Husleigetvistutvalet

3 207

3 271

3 366

2,9

3587

Direktoratet for byggkvalitet

36 608

42 820

40 990

-4,3

5312

Husbanken

12 262 643

14 741 542

15 203 444

3,1

5615

Husbanken

4 766 213

5 602 000

7 636 000

36,3

Sum kategori 13.80

17 068 671

20 389 633

22 883 800

12,2

Innleiing

Kommunal- og distriktsdepartementet skal bidra til eigna bustader og trygge buforhold i heile landet, og at vanskelegstilte på bustadmarknaden kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Departementet har ansvaret for regelverk og andre verkemiddel som skal fremje god byggkvalitet og effektive prosessar i byggesaker. Departementet har òg ansvaret for plan- og bygningslova. Plandelen av lova er omtalt under programkategori 13.90. I tillegg har departementet ansvar for å sikre balansert regulering av rettar og plikter ved leige av bustad og blant bustadeigarar. Dei inkluderer bustadbyggelagslova, burettslagslova, eigarseksjonslova og husleigelova.

Det er kommunane som set i verk bustad- og bygningspolitikken lokalt, medan det i hovudsak er private som bygger, utbetrar og finansierer bustad- og bygningsmassen. Staten sørgjer for gode rammer for bustad- og bygningssektoren gjennom å utvikle og forvalte regelverk, økonomiske ordningar og kunnskap.

Våren 2024 la regjeringa fram ei ny melding om bustadpolitikken, Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga – ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet. Det overordna målet med bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. I meldinga legg regjeringa fram tiltak som skal legge til rette for ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med andre departement for å sikre ein heilskapleg bustad- og bygningspolitikk. Departementet har tre underliggande verksemder som er faginstansar på sine område: Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet og Husleigetvistutvalet.

I Meld. St. 13 (2023–2024) fekk Husbanken eit fornya samfunnsoppdrag: «Husbanken skal førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid».Det nye samfunnsoppdraget inneber at vanskelegstilte på bustadmarknaden framleis skal ha førsteprioritet, men at Husbanken i større grad skal støtte opp om kommunane sitt heilskaplege bustadpolitiske arbeid.

Husbanken forvaltar økonomiske verkemiddel som bustøtte, tilskot og lån. Gjennom låneordningane skal Husbanken òg stimulere til tilgjengelege og miljøvenlege bustader og bumiljø. I tillegg forvaltar Husbanken ordningar for andre departement.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal bidra til at det blir bygd sikre, miljøvenlege og tilgjengelege bustader og bygg på ein effektiv måte, og at krava til byggverk blir følgt. DiBK er tilsynsmyndigheit for byggevaremarknaden og har ansvar for Sentral godkjenning for ansvarsrett, som er ei frivillig ordning der byggefirma kan få førehandsvurderte kvalifikasjonane sine.

Husleigetvistutvalet (HTU) skal bidra til ein velfungerande leigemarknad ved å styrkje rettstryggleiken til leigetakarane og utleigarane. HTU er eit tvisteløysingsorgan som kan behandle alle typar tvistar om leige av bustad etter husleigelovene.

Mål for programkategorien

  1. Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet

  2. Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar

Talet på mål for programkategorien er redusert frå tre til to. Dei nye målformuleringane er i tråd med Meld. St. 13 (2023–2024).

Mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet

Alle skal bu godt og trygt. Dei som ikkje sjølv kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad, skal få den hjelpa dei treng. Bustadpolitikken skal bidra til å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar og legge til rette for at bustadmarknaden gir minst mogleg miljø- og klimabelastning.

Startlånet er det viktigaste verkemiddelet for å hjelpe fleire inn på bustadmarknaden. Kommunane kan gi startlån til unge som over lengre tid ikkje har høve til å spare opp tilstrekkeleg eigenkapital sjølv. Regjeringa vil gjere eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Regjeringa vil òg legge til rette for ulike bustadkjøpsmodellar og har mellom anna hatt forslag til endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova på høyring. Forslaget skal legge betre til rette for bustadkjøpsmodellane deleige og leige til eige, og styrke omsynet til forbrukarane. Departementet tar sikte på å sende eit forslag til lovendringar til Stortinget i løpet av 2025.

Det skal vere trygt å leige og å leige ut ein bustad. I bustadmeldinga står det at regjeringa vil fornye leigemarknadspolitikken. Det inneber mellom anna å legge til rette for eit tilstrekkeleg tilbod av utleigebustader og fornye husleigelova. Husbanken skal tilby sitt nye digitale fagsystem for bustadsosialt arbeid, Kobo, til alle kommunar. Kobo gjer det enklare for kommunane å finne eigna bustad til kvar enkelt søkjar.

Regjeringa vil forsterke innsatsen for dei som er aller mest vanskelegstilte på bustadmarknaden. Målet er at ingen skal vere bustadlause. Kobo og ny lov om kommunane sitt bustadsosiale ansvar gir kommunane rammer og verktøy for det bustadsosiale arbeidet.

Bygging av nye bustader skal supplere det eksisterande bustadtilbodet slik at vi samla har dei bustadene vi treng. Regjeringa vil forenkle og digitalisere plan- og byggesaksprosessane og legge til rette for at det blir bygd bustader på stader og med kvalitetar som bidrar til gode og mangfaldige bumiljø i heile landet.

Regjeringa vil vurdere å gjere endringar i krava til låneordningane til Husbanken for mellom anna å auke tilgangen på eigna bustader i distrikta og bidra til fleire eigna bustader til eldre.

Sjå nærare omtale av løyvingar som støttar opp under mål 1 under kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak, kap. 2412 Husbanken, og kap. 590 Planlegging og byutvikling.

Mål 2 Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar

Regjeringa vil legge til rette for eit enklare og meir forståeleg regelverk for plan- og bygningslova, med tilhøyrande forskrifter. Det kan bidra til å redusere byggfeil, auke produktiviteten og innovasjonen i næringa og avgrense bruken av ressursar i kommunane. Regjeringa vil redusere talet på mangelfulle byggesøknader gjennom å greie ut tiltak for å stille klarare krav til dokumentasjon i søknader og gi tydelegare reglar for tidsfristar i byggesaksbehandlinga i kommunane. Rettleiing og informasjon gjennom digitale sjølvbeteningsløysingar vil bidra til betre etterleving av eit komplekst regelverk, og fremje bygging utover minstekravet i regelverket.

Regjeringa vil fortsette arbeidet med å digitalisere byggesaksprosessar og byggereglar for å legge til rette for meir effektive prosessar og enklare etterleving av regelverket.

Regjeringa vil at bustader og bygg skal vere sikre og berekraftige. Folk skal vere trygge på at det blir bygd på trygg grunn, og at nye bustader og bygg er brann- og konstruksjonssikre. Departementet greier ut forbetringar i reglane for kontroll og tilsyn i byggesaker, og vurderer krava til kompetanse hos aktørar som skal utføre oppgåver i eit byggeprosjekt.

Regjeringa har fjerna unødvendige restriksjonar i byggereglane slik at det no er mogleg å bygge i område som er utsette for primærverknader av fjellskred og i område der fjellparti har periodisk overvaking. Regjeringa vurderer behovet for endringar i krava til sikkerheit mot naturfarar.

Kvart år blir samfunnet utsett for store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare vêr, sentralisering og fortetting kan auke problema. Endringar i plan- og bygningslova, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn, vart iverksette frå 1. januar 2024.

Berekraftig byggeverksemd handlar òg om å redusere klimaavtrykket. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utslepp, mellom anna ved å bruke klimavenlege materialar og ombruk av byggevarer. Departementet greier ut moglege krav i byggteknisk forskrift som kan redusere klimaavtrykket frå bygging, og om byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta kan legge til rette for auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.

Regjeringa har invitert arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar i byggenæringa til dialog om ein klimapartnarskapsavtale. Klimapartnarskapet skal vere eit forpliktande trepartssamarbeid og ein arena for dialog om kva som skal til for å redusere klimafotavtrykket frå bygging. Samarbeidet skal bidra til felles forståing, føreseielege rammevilkår og legge til rette for at tiltak og verkemiddel fungerer etter intensjonen. I samband med klimapartnarskapet vil regjeringa bidra med finansiering til næringa si kunnskaps- og kompetanseutvikling om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Sjå nærare omtale under kap. 500, post 70 Diverse føremål.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 2 under kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet, kap. 2412 Husbanken og kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

60

Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar

167 694

70

Bustøtte, overslagsløyving

4 772 776

3 968 246

3 982 415

72

Etablering og tilpassing i distriktskommunar, kan overførast

17 000

76

Utleigebustader, kan overførast

283 777

162 720

58 137

78

Bustadtiltak, kan overførast

9 511

26 799

37 944

79

Heis og tilstandsvurdering, kan overførast

63 768

27 810

Sum kap. 581

5 297 526

4 185 575

4 095 496

For nærare omtale og rapport for post 60 Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar, sjå Prop. 1 S (2024-2025) for Energidepartementet, kap. 1825, post 60 Tilskot til energitiltak i kommunale bygg.

Post 70 Bustøtte, overslagsløyving

Mål for ordninga

Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Ordninga støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet.

Kriterium for måloppnåing

Departementet vurderer måloppnåinga for ordninga med utgangspunkt i buutgiftsbelastninga, det vil seie forholdet mellom buutgifter og inntekter for mottakarane, og korleis bustøtta endrar dette. Tala blir samanlikna med gjennomsnittstal for heile Noreg.

Tildelingskriterium

Bustøtte er ein behovsprøvd rett for alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og militære tenestepliktige. Tildelingskriterium og reglar for berekninga er gitte i lov og forskrift. Bustaden må ha eigen inngang, høve til kvile og matlaging, og eige bad og toalett. Kommunen kan gjere visse unntak frå dette av helse- eller omsorgsfaglege grunnar. Husbanken bereknar støtta ut frå buutgiftene til husstanden opp til ei øvre grense, og ein eigendel som avheng av dei samla skattepliktige inntektene til alle medlemar i husstanden. Inntekt og formue til barn under 20 år tel ikkje med i berekninga.

Oppfølging og kontroll

Husbanken forvaltar ordninga i samarbeid med kommunane. Støtta blir behovsprøvd mot månadleg brutto inntekt, mellom anna inntekter som er registrerte i a-ordninga, der arbeidsgivar rapporterer om inntekt og tilsette. I etterkant blir inntekta kontrollert mot skatteoppgjeret. Er det vesentlege feil i utbetalingane, blir forskjellen enten etterbetalt eller kravd tilbake.

Rapport

I 2023 vart det utbetalt 4 773 mill. kroner i bustøtte. Av dette var 3 585 mill. kroner ordinære vedtak, 25 mill. kroner resultat av klager, etterbehandlingar og etterkontroll, og 1 163 mill. kroner var ekstra straumstøtte. Tabellen under viser nøkkeltal for 2022 og 2023.

2022

2023

Utbetalt bustøtte (mill. kroner)

4 672

4 773

Tal på mottakarar (husstandar) i løpet av året

138 100

152 718

Gjennomsnittleg tal på mottakarar (husstandar) per månad

93 400

106 000

Gjennomsnittleg månadleg utbetalt bustøtte per husstand (kroner)

2 850

2 805

Gjennomsnittleg månadleg utbetalt bustøtte per husstand (kroner) som for eit heilt år utgjer

34 200

33 660

Tal på barnefamiliar (husstandar)

44 520

50 323

Ei årsak til forskjellane mellom tala for 2022 og 2023 er at dei mellombelse regelverkssatsane, som vart vedtatte i 2021 og som gav høgare inntektsgrenser, vart vidareførte i 2023. Det førte til ein jamn auke i mottakarar som ville fått avslag under ordinært regelverk. Særleg mange uføretrygda har fått innvilga bustøtte som følgje av dette. Samstundes vart bustøtta for barnefamiliar styrkt i februar 2023 ved at berekninga for barnefamiliar er gjort meir gunstig. Mange busette flyktningar har òg ført til fleire bustøttemottakarar.

Buutgiftsbelastning

Ifølgje SSB hadde 21,1 pst. av hushaldningane høg buutgiftsbelastning i 2023. Det vil seie at buutgiftene utgjorde 40 pst. eller meir av inntektene etter skatt. I 2022 var det tilsvarande talet 19,4 pst.

Tabellen på neste side viser forskjell i buutgiftsbelastning før og etter bustøtte i 2022 og 2023.

I 2023 hadde bustøttemottakarane buutgifter som utgjorde i gjennomsnitt 55 pst. av inntektene før skatt. Det er 2 prosentpoeng lågare enn i 2022. Med bustøtta i tillegg til andre inntekter, utgjorde buutgiftene 49 pst. av dei samla inntektene før skatt i 2022 og 47 pst. i 2023. I gjennomsnitt var effekten av bustøtta på buutgiftsbelastninga omtrent den same i 2023 som i 2022.

Gjennomsnittlege månadlege buutgifter (kroner)

Gjennomsnittleg månadleg bruttoinntekt (kroner)

Buutgiftsbelastning utan bustøtte (pst.)

Buutgiftsbelastning med bustøtte (pst.)

2022

9 135

15 961

57 %

49 %

2023

9 638

17 489

55 %

47 %

Ekstra utbetalingar på grunn av høge straumprisar

Bustøttemottakarane fekk ekstra utbetalingar som hjelp til å dekke høge straumrekningar i fleire periodar i 2022–2024. I 2022 og 2023 fekk dei ekstra utbetalingar i januar til og med juni, og i november og desember. I 2024 fekk dei ekstra utbetalingar i januar til og med april. Utbetalingane i 2023 utgjorde 1 163 mill. kroner, og utbetalingane i 2024 utgjorde 569 mill. kroner.

Mellombels regelverk

I samband med det første stortingsvedtaket om ekstrautbetalingar til bustøttemottakarane som følgje av høge straumprisar vinteren 2021–2022 vart det òg vedtatt mellombelse endringar i bustøtteregelverket for at fleire skulle dra nytte av ekstrautbetalingane. Endringane innebar lågare eigendel for mange mottakarar og høgare inntektsgrenser. Dei vart innførte 1. desember 2021, jf. Innst. 102 L (2021–2022), og hadde verknad fram til og med mars 2024 (utbetalinga i april).

Kompensasjon for auka trygdeytingar

Stortinget vedtok i samband med statsbudsjettet for 2024 at minstesatsane for uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad skulle auke. For at mottakarane ikkje skulle få redusert bustøtte, løyva Stortinget 23 mill. kroner til tilpassingar i bustøtta.

Grunnbeløpet i folketrygda, G, blir regulert opp 1. mai kvart år, og auken for mai blir som oftast etterbetalt saman med ytinga for juni. Når samla utbetaling i juni då blir høgare, vil bustøtta normalt gå noko ned. For at brukarane ikkje skulle tape bustøtte på grunn av dette, vart løyvinga auka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 slik at Husbanken kunne sjå bort frå etterbetalingane frå NAV som kom i juni 2023 og gjaldt mai 2023. Stortinget vedtok i samband med statsbudsjettet for 2024 å gjere endringa varig, og det er no innarbeidd i bustøtteforskrifta.

Auka buutgiftstak og enklare berekning av eigendelen

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vedtok Stortinget å auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner frå og med juli 2024.For å gjere bustøtteordninga enklare å forstå, vart berekninga av eigendelen forenkla frå og med juli 2024.

Oppvarmingstillegg

Alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter får lagt til grunn 590 kroner ekstra i buutgifter kvar månad ved berekning av bustøtte. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at dette skal gjelde for alle bustøttemottakarar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter. Tiltaket vart iverksett frå og med september 2024, med første utbetaling i oktober.

Skjerming av inntekta til 18- og 19-åringar

Inntekt og formue til barn og unge under 18 år har sidan 2017 ikkje telt med i berekninga av bustøtte. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at heller ikkje inntekta til 18- og 19-åringar skal telje med når dei ikkje er hovudperson i eige hushald. Tiltaket vart iverksett frå og med oktober 2024, med første utbetaling i november.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Regjeringa la våren 2024 fram ei bustadmelding der nokre av utfordringane ved dagens bustøtteordning blir drøfta. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning som gjer det enklare for husstandar med låge inntekter å skaffe seg og behalde ein høveleg bustad ved å hjelpe dei med å betale høge buutgifter. Regjeringa varslar i meldinga at dei vil arbeide vidare med å forenkle og forbetre bustøtteordninga.

Regjeringa foreslår å vidareføre endringane som vart vedtatte i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Dei utgjer til saman 373 mill. kroner. 50 mill. kroner av dette går til å skjerme inntekta til 18- og 19-åringar, 35 mill. kroner til forenkling av eigendelen utan at nokon får redusert bustøtte, 200 mill. kroner til å auke buutgiftstaka og 88 mill. kroner til å utvide gruppa som får oppvarmingstillegg.

Samla er det venta at i gjennomsnitt 93 600 husstandar vil få bustøtte kvar månad i 2025, på eit nivå som svarar til 42 300 kroner per husstand per år. Det er om lag på same nivå som i 2024.

Samla blir det foreslått å løyve 3 982,4 mill. kroner.

Post 72 (ny) Etablering og tilpassing i distriktskommunar, kan overførast

Mål for ordninga

Tilskotet skal bidra til å stimulere til auka bustadetablering i lite fungerande bustadmarknadar i distriktsområde som er prega av ein einsidig og eldre bustadmasse, låg omsetning og lite nybygging.

Kriterium for måloppnåing

Talet på prosjekt der personar har etablert seg i eigen eid bustad i område der bustadmarknaden hindrar høvet til å oppretthalde eit arbeidsforhold eller hindrar utvikling i det lokale næringslivet.

Tildelingskriterium

Tilskotet skal gå til kommunar i Finnmark som har inngått bygdevekstavtalar med staten.

Privatpersonar kan søkje kommunen om tilskot til kjøp, utbetring, tilpassing og oppføring av bustad. Kommunen skal prioritere prosjekt som aukar tilbodet av eigna bustader. Kommunane avgjer søknader og utmåler tilskotet etter nærare vilkår, som blir fastsette i forskrift.

Oppfølging og kontroll

Husbanken tildeler midlar til kommunane. Kommunane skal tildele midlar til privatpersonar etter søknad og følgje opp tilskotsmottakaren. Kommunane skal rapportere til Husbanken om kva tilskotet har gått til og kva som er oppnådd. Husbanken og kommunane kan kontrollere at vilkåra for vedtaket er oppfylte gjennom dokumentasjon og eventuell synfaring av tiltaket. Midlar som ikkje er brukte i samsvar med forskrift eller kommunen sine vilkår, må betalast tilbake.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 17 mill. kroner til eit nytt tilskot til etablering og tilpassing i distriktskommunar. Nordområda er Noregs viktigaste strategiske interesseområde. Tilskotet skal gå til kommunar i Finnmark som har inngått bygdevekstavtalar med staten. Dette er kommunar i sentralitetsklasse 4, 5 og 6. Desse kommunane har utfordringar med lite fungerande bustadmarknadar og slit med å tiltrekke seg eller behalde nødvendig arbeidskraft. Tilskotet skal bygge opp under pågåande samarbeid mellom desse kommunane. Sjå òg kap. 2412, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald for nærare omtale av midlar til drift under Husbanken. Departementet vil hausten 2024 sende forslag til forskrift for ordninga på høyring.

Post 76 Utleigebustader, kan overførast

Løyvinga dekker utbetaling av allereie gitte tilsegn om tilskot til utleigebustader og forsøk med nye bustadmodellar, mellom anna tilskot til istandsetting av utleigebustader. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) for nærare omtale av ordninga.

Rapport

I 2023 gav Husbanken tilsegn om tilskot til utleigebustader for 444,4 mill. kroner til 796 utleigebustader. Gjennomsnittleg tilskot per utleigebustad var 558 290 kroner. Dette er om lag 178 000 kroner mindre enn i 2022. Det heng saman med at det i 2023 vart opna for at Husbanken kunne gi tilskot til istandsetting av utleigebustader. Utleigebustadene som fekk tilskot til istandsetting hadde i gjennomsnitt ei vesentleg lågare utmåling av tilskot per bustad.

Av bustadene som vart finansierte med tilskot til utleigebustader i 2023, var 50 pst. større enn 65 kvadratmeter, mot 63 pst. i 2022. Dette bidrog til fleire eigna bustader til barnefamiliar. Vidare gav Husbanken tilsegn om tilskot for 20,6 mill. kroner til 36 bustader som er tilrettelagde for personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar. Det var ein nedgang frå 2022, då det vart gitt tilskot til 50 slike bustader.

I samband med statsbudsjettet for 2023 vart ordninga avvikla. I første halvdel av 2023 vart det derfor ikkje gitt tilsegn om tilskot til utleigebustader.

For å bidra til rask busetting av flyktningar vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vedtatt ei mellombels gjeninnføring av tilskot til utleigebustader. Det vart vedtatt ei tilsegnsramme på 400 mill. kroner, og samstundes vart det opna opp for at Husbanken kan gi tilskot til istandsetting av utleigebustader. Tilsegnsramma vart vidare auka med 44 mill. kroner i samband med nysalderinga av budsjettet for 2023.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Ordninga er budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. Det blir foreslått å løyve 58,1 mill. kroner, ein reduksjon på 104,6 mill. kroner som følgje av at ordninga er avvikla. Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 26,7 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Heile løyvinga og tilsegnsfullmakta er knytt til utbetaling av tidlegare gitte tilsegn.

Post 78 Bustadtiltak, kan overførast

Posten omfattar tilskot til bustadsosiale tiltak, tilskot til bustadtiltak i distrikta og tilskot til leigebuarorganisasjonar.

Mål for ordningane

Ordningane skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet gjennom testing av nye bustadtiltak, ved å stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon, og ved å støtte opp under arbeid som ivaretar leigetakarar på bustadmarknaden. Tilskota støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet.

Kriterium for måloppnåing

Bustadsosiale tiltak: utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet.

Bustadtiltak i distrikta: utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidrar til auka tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.

Leigetakarar sine interesser: talet på medlemar i leigetakarorganisasjonar som ivaretar leigetakarane sine interesser.

Tildelingskriterium

For bustadsosiale tiltak kan frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet søkje om tilskot.

For bustadtiltak i distriktskommunar kan berre kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå søkje om tilskot.

For tilskot til leigebuarorganisasjonar kan slike organisasjonar søkje om tilskot til drift.

Husbanken avgjer søknader etter vilkår som er fastsette i forskrift. Prosjekt som bidrar til nytenking og har stor overføringsverdi til andre prosjekt skal bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Husbanken forvaltar tilskotet. Husbanken skal samarbeide med Distriktssenteret om tildeling av tilskot som er retta mot distrikta. Etatane skal òg dokumentere læringsverdien av prosjekta og formidle og dele ny kunnskap. Tilskotsmottakarane skal utarbeide rapportar om resultat, prosess og metode. Rapportane blir publiserte på nettsidene til Husbanken.

Rapport

Det vart gitt tilsegn om tilskot til bustadsosiale tiltak for 22,2 mill. kroner i 2023. I 2023 vart tilskot til bustadtiltak utvida med eit eige føremål og tilskotsmidlar reserverte for bustadtiltak i distrikta. Det vart gitt totalt 8,5 mill. kroner i tilskot til 14 distriktskommunar. Prosjekta som fekk tilskot til bustadtiltak i distrikta i 2023 tek for seg ulike aspekt knytt til bustadforsyning i distrikta med utgangspunkt i ein bustadmarknad som ikkje fungerer.

Blant dei som fekk støtte i 2023, var Fortidsminneforeninga, som skal utvikle nye bukonsept med utgangspunkt i transformasjon i fem distriktskommunar. Kirkens Bymisjon i Tønsberg fekk midlar til å utvikle og etablere eit bustadtilbod for unge vaksne (18–25 år) som opplever utanforskap og har utfordringar knytt til korleis dei bur. I Senja fekk kommunen støtte til prosjektet «Pilot Senja», der dei med utgangspunkt i bustadmangel og behov for arbeidskraft mellom anna skal utforske modellar for finansiering og tapsdeling og sjå på korleis samarbeid mellom private og offentlege aktørar kan bidra til fleire eigna bustader i kommunen.

I første halvår 2024 har Husbanken gitt 21 mill. kroner som tilskot til bustadtiltak i distrikta. Tilskotet går til 25 prosjekt i ulike distriktskommunar. Det er òg gitt 14,7 mill. kroner som tilskot til 31 bustadsosiale tiltak, og til ti masterstipend på 30 000 kroner kvar. Leieboerforeningen fekk 1,5 mill. kroner i driftstilskot. Organisasjonen har om lag 5 000 medlemar.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Tilskotet har ein toårig utbetalingsprofil og blir budsjettert med løyving, tilsegnsramme og tilsegnsfullmakt. Om Husbanken får nok kvalifiserte søknader, skal minst 7 mill. kroner av tilsegnsramma gå til bustadsosiale tiltak og minst 21 mill. kroner til bustadtiltak i distrikta. Tilskot til leigebuarorganisasjonar skal ikkje overstige 2 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,7 mill. kroner. Auken kjem av at tilsegnsramma vart auka i 2024 og tidlegare endringar i utbetalingsprofilen.

Det blir foreslått ei løyving på 37,9 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 27,3 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 38,9 mill. kroner.

Post 79 Heis og tilstandsvurdering, kan overførast

Løyvinga har gått til prosjektering og installering av heis. Ordninga vart avvikla i statsbudsjettet for 2023, og utbetalingar i 2023 og 2024 gjeld tilsegn som vart gitt i 2022.

Kap. 585 Husleigetvistutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

39 383

40 150

43 080

Sum kap. 585

39 383

40 150

43 080

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker løn til tilsette, godtgjersle til utvalsmedlemar, husleige og andre faste driftsutgifter for Husleigetvistutvalet (HTU). HTU har kontor i Bergen, Trondheim og Oslo.

Rapport

I 2023 fekk HTU inn 3 960 saker, ein auke på 25 pst. frå 2022 og ei nær dobling frå 2021. Det er fleire årsaker til auken. Ei årsak er truleg at HTU vart landsdekkande frå 1. september 2021, ei anna det auka presset på leigemarknaden.

HTU gjennomførte 220 meklingar i 2023, og det vart inngått 175 forlik. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var på 84 dagar i 2023, ein auke på 10,5 pst. frå 2022. Auken i saksbehandlingstida er ein konsekvens av den kraftige auken i saksinngangen. Ved utgangen av 2023 var ventetida frå ei sak vart motteken hos Husleigetvistutvalet til saksførebuinga starta ca. 2 månader.

HTU er eit lågterskeltilbod og har derfor sett i gang fleire tiltak for å behandle sakene meir effektivt. Eit av tiltaka er at fleire av sakane no blir behandla av HTU sjølv, så færre saker blir behandla i fullt utval. HTU forventar at endringane skal gi effektar i 2024, i form av at fleire saker kan avsluttast raskare og at behandlinga kan gjennomførast med lågare administrative kostnader.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

HTU skal ha ei tvisteløysing med kort saksbehandlingstid, låge saksbehandlingskostnader og god kompetanse innanfor saksområdet. Det å bygge ned restansar vil vere ei viktig prioritering i 2025.

For å kunne handtere det auka talet på innkomne saker, blir det foreslått å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve 43,1 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3585, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 3585 Husleigetvistutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Gebyr

3 207

3 271

3 366

Sum kap. 3585

3 207

3 271

3 366

Post 01 Gebyr

Posten omfattar gebyrinntekter for behandling av klager i HTU. Saksbehandlingsgebyret er 0,2 gonger rettsgebyret når ei klage blir fremja av ein leigetakar. Når ei klage blir fremja av ein utleigar, er gebyret lik rettsgebyret.

Det blir foreslått å løyve 3,4 mill. kroner.

Kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

117 026

127 708

143 434

22

Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling, kan overførast

36 316

36 370

41 370

Sum kap. 587

153 342

164 078

184 804

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Direktoratet har kontor i Oslo og Gjøvik. Posten dekker òg drift av den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Ordninga er sjølvfinansierande, jf. kap. 3587, post 04 Gebyr. Løyvinga støttar opp om mål 2 Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar.

Rapport

I 2023 gjennomførte DiBK ei omorganisering for å kunne arbeide meir tverrfagleg og effektivt på dei områda som vil krevje mest frå verksemda framover: innovasjon, digitalisering og berekraft.

Ei meir brukarvenleg byggteknisk forskrift vil bidra til meir effektive og føreseielege byggeprosessar. DiBK har utarbeidd forslag til strukturelle endringar og presiseringar i delar av forskrifta, med føremål om eit meir forståeleg regelverk som òg er lagt til rette for digital bruk og automatisk regelsjekking. Forslaget er meint som eit første steg i eit større arbeid med tilrettelegging av forskrifta for digital bruk.

Flyktningstraumen frå Ukraina har auka behovet for utleigebustader. I samarbeid med departementet og Husleigetvistutvalet har DiBK utvikla nettsida boligdugnaden.no. På nettsida informerer DiBK bustadeigarar om kva som skal til for å bli utleiger, enten ein har eit ekstra rom, ein leilegheit eller ein fritidseigedom. Samstundes med lanseringa av nettsida, bad DiBK i 2023 kommunane om å bli med på ei tilsynskampanje for å avdekke ulovlege hyblar og utleigebustader. Kampanjen fekk god tilslutning.

Klimaendringar og auka kunnskap om naturfarar inneber at krava til sikkerheit mot naturfarar i byggteknisk forskrift (TEK17) må oppdaterast. I samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har DiBK greidd ut moglegheitene for å ta i bruk organisatoriske sikringstiltak mot naturfarar. I 2024 leverte direktorata eit utkast til høyringsnotat med forslag til nye føresegner som, på visse vilkår, opnar for slike sikringstiltak i TEK17.

Mangelfulle byggesøknader skaper unødvendig tidsbruk i byggesaksprosessane, kan forsinke byggeprosjekt og gi auka kostnader. Kompliserte reglar er éi årsak til slike manglar. I 2024 leverte DiBK eit utkast til høyringsnotat med forslag til nye føresegner som stiller klarare krav til kva dokumentasjon som må vere med i ein byggesøknad.

For å redusere bruken av konsulentar og styrkje den interne kompetansen i DiBK, vart det i statsbudsjettet for 2023 og 2024 flytta til saman 10 mill. kroner frå post 22 til post 01. Midlane skal gå til å styrkje DiBK sin interne kompetanse på prosess- og prosjektleiing, utgreiingsoppdrag og regelverksutvikling.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

DiBK skal fremje berekraftig byggeverksemd. Det inneber mellom anna å stimulere til meir sirkularitet i bygginga, til dømes gjennom ombruk av byggevarer og god flyt av digital produktinformasjon. DiBK skal vere ein pådrivar for digitalisering av regelverket og plan- og byggesaksprosessar, og foreslå forenklingar og utvikling av byggereglane.

DiBK har over tid jobba med forenklingar som bidrar til meir effektiv ressursbruk i kommunar og hos utbyggarar. Det er framleis behov og potensial for forenklingstiltak i alle ledd av plan- og byggesaksprosessane. Effektive plan- og byggesaksprosessar er sentrale for å halde kostnader og tidsbruk nede. Det er òg viktig for å dempe dei negative effektane som svingingar i etterspurnaden har på byggeverksemda. Regjeringa ønskjer derfor ei satsing på forenklingstiltak som skal gjere at fleire gode bustadprosjekt blir enklare og billigare å realisere.

For å bidra til å gjere det enklare og raskare å realisere gode bustadprosjekt, blir det foreslått å auke løyvingane til DiBK med til saman 20 mill. kroner, med 15 mill. kroner på post 01 og 5 mill. kroner på post 22. Midlane skal gå til DiBK sitt arbeid med digitalisering av plan- og byggesaksprosessane, forenkling og digital tilrettelegging av regelverket, i tillegg til nye digitale løysingar. Sjå òg omtale under post 22.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner, tilsvarande reduksjonen i gebyrinntektene på kap. 3587, post 04.

Samla blir det foreslått å løyve 143,4 mill. kroner. Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3587, post 04, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 22 Kunnskapsutvikling og informasjonsformidling, kan overførast

Posten skal finansiere utgreiingar og samhandlings- og kommunikasjonsaktivitetar som bidrar til kunnskapsutvikling og formidling av informasjon om bygningspolitiske tema. Løyvinga støttar opp om mål 2 Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar.

Rapport

I 2023 heldt DiBK fram med utviklinga av tenesteplattforma Fellestenester Bygg som kontrollerer og sender inn byggesøknader til rett kommune. Godt over 50 pst. av alle profesjonelle søknader og 80 pst. av alle rammesøknader vart sende gjennom systemet i 2023. Om lag 75 pst. av kommunane har skaffa e-byggesak til saksbehandlinga si. Når stadig fleire brukar dei digitale søknadsverktøya, oppnår ein forenkling og effektivisering for bransjen, betre kvalitet i bygginga og meir likebehandling landet rundt.

DiBK har i 2023 halde fram arbeidet med å vurdere korleis klimaavtrykket frå bygging kan reduserast. Direktoratet har gjennomført utgreiingar om energikrava i byggteknisk forskrift, som vil gå inn som ein del av underlaget for arbeidet med energikrava i 2024. I 2023 har DiBK òg arbeidd med å formidle informasjon om straumsparingstiltak til bustadeigarar, eigarar av næringsbygg og forvaltarar av offentlege bygg.

Rettleiing om regelverket er ei viktig oppgåve for DiBK. I 2023 kom det nye reglar for oppføring av mikrohus, og direktoratet har utvikla ein digital rettleiar. Direktoratet har i 2023 òg lansert ein digital rettleiar som skal spreie kunnskap om gode visuelle kvalitetar for tilbygg til småhus.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

DiBK skal bidra til at byggesaksprosessen blir heildigital, utvikle kunnskap og formidle informasjon. Det inneber mellom anna å greie ut konsekvensar av nytt og endra regelverk, og å rettleie næringa og publikum. Dette skal gi enklare byggereglar, auka kunnskap om bygningsmassen og auka etterleving av regelverket.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner til forenklingstiltak som skal gjere at fleire gode bustadprosjekt blir enklare og billigare å realisere. Sjå nærare omtale under post 01 Driftsutgifter.

Det blir foreslått å løyve 41,4 mill. kroner.

Kap. 3587 Direktoratet for byggkvalitet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

04

Gebyr

36 549

42 705

40 875

85

Diverse inntekter

59

115

115

Sum kap. 3587

36 608

42 820

40 990

Post 04 Gebyr

Posten omfattar gebyrinntekter frå den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Ordninga er sjølvfinansierande, jf. kap. 587, post 01 Driftsutgifter.

For sentral godkjenning for ansvarsrett skal det betalast eit gebyr som skal dekke kostnadene knytt til den sentrale godkjenningsordninga. Gebyret er fastsett i forskrift av 29. juni 2009 nr. 989 Gebyrregulativ for sentral godkjenning av føretak for ansvarsrett etter forskrift om byggesak § 13-8, jf. plan- og bygningsloven § 22-5 første ledd (Gebyrregulativ for ansvarsgodkjennelse) § 1. Frå 2025 skal gebyret bli prisjustert årleg. Frå 1. januar 2025 aukar dermed årsgebyret for sentral godkjenning med 100 kroner, frå 3 650 kroner til 3 750 kroner. Gebyrauken inneber at inntektene aukar med 1,1 mill. kroner.

Det er venta at om lag 10 900 betalande føretak er registrert i ordninga i 2025. Dette er ein nedgang på 800 føretak frå 2024 og reduserer utgifter og inntekter med 2,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 587, post 01 Driftsutgifter.

Samla blir det foreslått å redusere gebyrinntektene med 1,8 mill. kroner til 40,9 mill. kroner.

Post 85 Diverse inntekter

Posten omfattar inntekter frå tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som DiBK gir dersom produkt blir omset eller brukt til byggverk som ikkje er i tråd med krava i plan- og bygningslovgivinga. Posten omfattar òg inntekter frå lovbrotsgebyr for misbruk av godkjenningsmerke og innsending av uriktig informasjon i samband med sentral godkjenning.

Det blir foreslått å løyve 115 000 kroner.

Kap. 2412 Husbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter

368 184

382 678

412 052

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

8 489

12 431

12 431

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

85 849

83 730

73 506

71

Tap på lån

19 738

30 100

26 000

72

Rentestøtte

726

400

200

90

Nye lån, overslagsløyving

20 613 257

24 155 000

27 369 000

Sum kap. 2412

21 096 243

24 664 339

27 893 189

I samband med Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga – ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet har Husbanken fått ei fornya og forsterka rolle. Vanskelegstilte på bustadmarknaden skal framleis vere førsteprioriteten til Husbanken, og Husbanken skal fortsette å forvalte dei økonomiske verkemidla som bustøtte, tilskot og lån. I tillegg skal Husbanken støtte opp om kommunane sitt heilskaplege bustadpolitiske arbeid, og ha ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden. Dyrtid, press i leigemarknaden og busetting av flyktningar aukar presset på dei bustadsosiale tenestene i kommunane og Husbanken si verksemd. Sjå nærare omtale om Husbankens fornya rolle i innleiinga til programkategorien.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter til drift for Husbanken. Husbanken har kontor i Drammen, Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Arendal og Oslo.

Rapport

Digitalisering er eit viktig satsingsområde for Husbanken. Kostnadene til drift og vedlikehald av digitale løysingar har auka dei siste åra, og dei er forventa å auke òg i tida framover. Husbanken har i 2023 hatt fokus på å tilsetje personar med digital kompetanse framfor å kjøpe konsulenttenester.

Det har i 2023 vore avgjerande med ei stram budsjettstyring, mellom anna for å frigjere midlar frå drift til nødvendige utviklingstiltak. Det vart omdisponert 1,0 mill. kroner frå post 01 til post 45 og det vart overført 13,3 mill. kroner på posten til 2024.

Saksbehandlingstida for lån i Husbanken var i gjennomsnitt på 55 dagar i 2023. Dette er ein auke på 10 dagar i forhold til 2022. Auken i saksmengda kjem av at Husbanken fekk styrkt låneramma si betydeleg i 2023.

Husbanken har arbeidd med fleire tiltak på energiområdet i 2023. Det var fleire ekstraordinære utbetalingar av bustøtte på grunn av høge straumprisar, sjå omtale under kap. 581, post 70 Bustøtte. Husbanken har òg fått på plass det nye tilskotet for energitiltak i kommunalt eigde bustader, sjå omtale under kap. 1825, post 60 under Energidepartementet.

Busetting av flyktningar har prega bustadarbeidet i kommunane i 2023 og så langt i 2024. Husbanken har i denne perioden støtta kommunar med økonomiske verkemiddel, råd og rettleiing om korleis dei kan skaffe fleire bustader til flyktningar.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Forsøket med overføring av oppgåver frå Husbanken til statsforvaltarane er avslutta frå 1. september 2024. I forsøksperioden har statsforvaltarane rettleia kommunane i forsøksområdet på det bustadsosiale området. Midlane som vart overførte til statsforvaltaren då forsøket starta, blir no ført tilbake til Husbanken. På grunn av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 15,3 mill. kroner.

I statsbudsjettet for 2024 vart det innført ei ny rentekompensasjonsordning for skulebygg under Kunnskapsdepartementet. Ordninga blir forvalta av Husbanken. Frå 2025 har ordninga ei årleg forvaltingskostnad på 3 mill. kroner. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Våren 2024 inngjekk staten fem bygdevekstavtaler med til saman 17 kommunar. Husbanken skal, som samarbeidspart i alle avtalene, støtte kommunane med kapasitet og kompetanse på bustadtematikk og bidra i handlingsplanarbeidet. Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Det er eit mål for regjeringa å redusere leigeutgiftene som staten har til kontorlokale. Som følgje av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 900 000 kroner.

Samla blir det foreslått ei løyving på 412,1 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Husbanken skal bruke løyvinga til forsking, utvikling og formidling av kunnskap som støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet.

Rapport

I 2023 finansierte Husbanken ni eksterne analysar, utgreiingar og evalueringar. I tillegg kom utviklingsprosjekt, datakjøp og mindre oppdrag. Oppdraga har vore retta inn mot dei prioriterte måla i nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken, Alle trenger et trygt hjem.

Kunnskapsproduksjonen i Husbanken har i 2023 særleg sett på korleis den økonomiske utviklinga har påverka Husbanken sine målgrupper, økonomiske verkemiddel og kompenserande tiltak. Dette gjeld til dømes oppdrag knytt til betalingsproblem og mislighald blant startlåntakarane, kven som står i fare for å bli vanskelegstilte og korleis ein kostnadseffektivt kan bygge gode omsorgsbustader i ei tid med høge byggekostnader. Husbanken har òg evaluert ordninga med lån til bustadkvalitet og betydninga av studentar for leigemarknaden.

Så langt i 2024 har Husbanken mellom anna igangsett arbeid med å vurdere konsekvensar av moglege endringar i fleire av Husbanken sine økonomiske verkemiddel. Husbanken har òg involvert fleire forskingsmiljø i arbeidet med kunnskap til Eldreboligprogrammet. Husbanken har òg lyst ut to oppdrag som skal foreslå og vurdere tiltak for at tilbodet av leigebustader kan imøtekomme bustadbehovet i dag og i framtida, og gi kunnskap om betydninga av leigemarknaden for den makroøkonomiske stabiliteten i Noreg.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Husbanken får ei utvida nasjonal kunnskapsrolle frå og med 2025. Måla er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for vidare utvikling av bustadpolitikken, få eit betre kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle dei bustadpolitiske verkemidla, og styrkje opplæringa, rettleiinga og rådgivinga for kommunane. Med eit utvida samfunnsoppdrag skal Husbanken støtte kommunane med analysar av bustadmarknaden og rettleie om dei samla utfordringane kommunane står overfor i bustadpolitikken, korleis kommunane mest effektivt kan møte utfordringane, og korleis staten eventuelt skal bidra.

Det blir foreslått ei løyving på 12,4 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Husbanken brukar løyvinga på posten til større anskaffingar av utstyr og vedlikehald, mellom anna på IKT-området. Posten kan òg dekke løn til tilsette når Husbanken utfører vedlikehald og ombyggingar i eigen regi.

Rapport

Husbanken har i 2023 hatt to store digitaliseringsprosjekt: Nytt låneforvaltningssystem innanfor moderniseringsprogrammet til Husbanken og Digitale løysingar for kommunalt disponerte utleigebustader (Kobo). Dette er store utviklingsprosjekt som går over fleire år, med årlege løyvingar.

Utviklinga av nytt låneforvaltingssystem har haldt fram sidan 2020, men det har vore vesentlege forseinkingar og auka kostnader i prosjektgjennomføringa, i hovudsak som følgje av koronapandemien. Etter reforhandlingar, reduksjon av avtalens omfang og betydeleg meir eigeninnsats enn forventa, vurderte Husbanken at uvissa om framdrifta var for stor. Husbanken har derfor valt å avslutte avtalen med leverandøren. Husbanken legg opp til å forlenge levetida til eksisterande system, samstundes som systema for lån og tilskot blir vidareutvikla.

Prosjektfasen for Kobo vart avslutta ved utgangen av 2023. Kommunane er no i ferd med å ta i bruk Husbanken si nyutvikla digitale løysing, som gjer det enklare å søkje, tildele og administrere kommunale bustader. I løpet av 2023 har alle kommunar fått tilbod om å ta i bruk Kobo, og 105 kommunar har så langt signert avtale om å ta systemet i bruk. Husbanken jobbar med å få fleire kommunar til å ta i bruk løysingane, og å forbetre og vidareutvikle funksjonaliteten kontinuerleg.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Husbanken skal sørgje for vedlikehald og sikker drift av systema sine, og fortsette å vidareutvikle dei digitale tenestene i 2025. Gode digitale løysingar bidrar til å forenkle og forbetre saksbehandlinga i kommunane og Husbanken, og det gir betre oversikt over den bustadsosiale situasjonen. Husbanken vil òg fortsette moderniseringa av lån og tilskot, mellom anna gjennom å utvikle eit nytt saksbehandlingssystem. I 2025 skal Husbanken fortsette med å gjere Kobo kjent for kommunane slik at dei kan ta i bruk tenestene og leigetakarane kan søkje om bustad og få behandla søknaden enkelt og raskt i eit digitalt system.

Det blir òg foreslått å innføre eit tilskot til etablering og tilpassing i distriktskommunar, jf. kap. 581, post 72. Tiltaka krev utvikling av nye system i Husbanken. Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

I saldert budsjettet for 2024 vart posten auka med 15 mill. kroner til utvikling av system for forvalting av ny rentekompensasjonsordning for skulebygg. Auken var eittårig. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Samla blir det foreslått ei løyving på 73,5 mill. kroner.

Post 71 Tap på lån

Posten omfattar staten sitt brutto tap på utlånsverksemda til Husbanken.

Ved utgangen av 2023 forvalta Husbanken ein samla låneportefølje på om lag 177 mrd. kroner. Tapa på utlånsverksemda i Husbanken er låge, og utgjorde 0,1 pst. av uteståande lån i 2023. Brutto tap var 19,7 mill. kroner.

Tapa på lånegjeld (hovudstol) fordelte seg med 3,6 mill. kroner på startlån og 16,1 mill. kroner på resten av låneordningane. Tilbakeførte restkrav var 3 mill. kroner i 2023. Samla netto tap var 16,7 mill. kroner, mot 4,5 mill. kroner i 2021. Auken i tap i fjor kjem av auka tap på barnehagelån i 2023. Husbanken har dei siste åra sett i verk fleire tiltak for å redusere risikoen for tap på nye lån og den totale tapsrisikoen.

I tillegg til tapa som staten dekker, dekker òg kommunane tap på startlån. Kommunane førte tap på 17,7 mill. kroner på startlån i 2023. I 2024 er brutto tap anslått til 30,1 mill. kroner.

Tapsanslaga blir berekna ut frå gjennomsnittlege tap dei siste fem åra og storleiken på utlånsporteføljen. Berekninga gir ein reduksjon i tapsanslaga på 4,1 mill. kroner frå 2024 til 2025.

Det blir foreslått å løyve 26 mill. kroner.

Post 72 Rentestøtte

Posten omfattar rentestøtte som følgje av at eldre lån med særvilkår har eitt prosentpoeng lågare rente enn ordinære lån. Husbanken gav slike lån fram til og med 1996.

I 2023 førte Husbanken rekneskap for 0,7 mill. kroner på posten. Restgjelda for låna med særvilkår var per 31. desember 2023 på om lag 55 mill. kroner, mot 95 mill. kroner året før.

Det blir foreslått å løyve 200 000 kroner.

Post 90 Nye lån, overslagsløyving

Løyvinga dekker utbetaling av nye lån, i tillegg til berekna, opptente, ikkje betalte renter på låna.

Lån frå Husbanken skal vere eit supplement til dei private kredittinstitusjonane, og skal bidra til å nå bustadpolitiske mål som elles ikkje ville blitt nådd. Husbanken gir følgjande lån:

  • Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han.

  • Lån til utleigebustader skal bidra til fleire eigna utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

  • Lån til bustadkvalitet skal bidra til enten fleire miljøvenlege bustader, eller bustader med betre tilgjengelegheit enn det som elles ville blitt bygd.

  • Lån til studentbustader skal bidra til eit rimeleg og føreseieleg butilbod for studentar.

Låneordningane støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet og mål 2 Berekraftig byggeverksemd med digitale og effektive byggeprosessar.

Rapport

I 2023 var låneramma 24 mrd. kroner. Husbanken gav tilsegn for om lag heile låneramma i 2023. Låneramma vart auka med 5 mrd. kroner til 29 mrd. kroner i saldert budsjett for 2024, og med ytterlegare 3 mrd. kroner til 32 mrd. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett budsjett for 2024.

Startlån: I 2023 gav Husbanken tilsegn om startlån for 16 mrd. kroner til kommunane. Kommunane gav i sin tur startlån for 16,1 mrd. kroner til 7 830 husstandar. Gjennomsnittleg startlån var 2,1 mill. kroner, og 61 pst. av startlåna i 2023 gjekk til barnefamiliar. Ved utgangen av juli 2024 har kommunane betalt ut startlån for 9,7 mrd. kroner til 4 542 husstandar.

Lån til utleigebustader: I 2023 gav Husbanken tilsegn om lån for 1 395 mill. kroner. Det innebar oppføring og kjøp av 601 utleigebustader. Kommunane kan disponere 302 av dei. Ved utgangen av juli 2024 har Husbanken gitt tilsegn om lån for 310,6 mill. kroner til 115 utleigebustader.

Lån til bustadkvalitet: I 2023 gav Husbanken tilsegn om lån til 2 055 nye bustader for 5,5 mrd. kroner, 1 121 miljøvenlege bustader og 214 livsløpsbustader. Husbanken gav òg lån til oppgradering av eksisterande bustader for 378 mill. kroner. Av dei 720 bustadene som fekk lån til oppgradering, tilfredsstilte 73 pst. krava til både energi og tilgjengelegheit. 13 pst. av bustadene tilfredsstilte berre krava til tilgjengelegheit, og 14 pst. tilfredsstilte berre krava til energi. Ved utgangen av juli 2024 har Husbanken gitt tilsegn om lån til bustadkvalitet for 7,5 mrd. kroner til 2 540 bustader.

Lån til studentbustader: I 2023 gav Husbanken tilsegn om 1,1 mrd. kroner til oppføring og oppgradering av 893 studentbustader. Ved utgangen av juli 2024 har Husbanken gitt tilsegn om lån for 1,4 mill. kroner til 1 273 studentbustader.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Regjeringa foreslår å vidareføre låneramma på 29 mrd. kroner for å bidra til at fleire kan eige sin eigen bustad, og til fleire eigna bustader i heile landet.

Innanfor gjeldande ramme skal Husbanken prioritere etter denne rekkefølgja:

  • Startlån. Innanfor startlån skal kommunane prioritere barnefamiliar og personar med utviklingshemming.

  • Lån til utleigebustader til vanskelegstilte.

  • Lån til bustadkvalitet.

  • Lån til studentbustader.

Husbanken kan gjere unntak frå reglane for lånegrad i område av landet der private kredittinstitusjonar i liten grad finansierer nybygging. Husbanken kan prioritere inntil 1 mrd. kroner av låneramma til lån til bustadkvalitet og lån til utleigebustader i distriktskommunar i klasse 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå. I 2025 kan Husbanken gi tilsegn om startlån for 18 mrd. kroner, under føresetnad at det finnes tilfredsstillande søknader. Regjeringa foreslår at det i 2025 blir sett av ei delramme til lån til studentbustader på 2,1 mrd. kroner.

Husbanken betalar i hovudsak ut startlån det året tilsegn er gitt, medan dei andre låna blir betalte ut over fleire år. Behovet for løyving aukar med 2,4 mrd. kroner, mellom anna som følgje av at låneramma vart auka i samband med saldert budsjett for 2024. Vidare aukar behovet for løyving med 765 mill. kroner som følgje av at låneramme mellombels vart auka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.

Samla blir det foreslått å løyve 27 369 mill. kroner. Det blir foreslått ei låneramme på 29 mrd. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Kap. 5312 Husbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Gebyr m.m.

7 156

6 890

6 100

11

Diverse inntekter

87 741

86 652

91 344

90

Avdrag

12 167 746

14 648 000

15 106 000

Sum kap. 5312

12 262 643

14 741 542

15 203 444

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir det ført inntekter frå etableringsgebyr, termingebyr, varslingsgebyr og tilkjende sakskostnader i misleghaldsaker med fleire. Kundane kan velje mellom to, fire eller tolv terminar i året, mellom papirbaserte og elektroniske søknader og om dei vil ha varsel om terminforfall.

Av samla inntekt i 2023 kom 246 000 kroner frå etableringsgebyr, 6,5 mill. kroner frå forvaltingsgebyr og 418 000 kroner frå varslingsgebyr. Dette er noko lågare enn i 2022.

Ved utgangen av 2023 forvalta Husbanken om lag 27 550 lån, mot 30 300 på same tidspunkt året før. Det blir lagt til grunn at talet på lån i utlånsporteføljen vil vere mindre i 2025, noko som vil gi lågare gebyrinntekter på 0,8 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve 6,1 mill. kroner.

Post 11 Diverse inntekter

På posten blir det ført diverse inntekter, mellom anna tilbakebetaling av rettsstridig utbetalt bustøtte og andre tilskot, tilbakeførte restkrav frå startlån og restkrav i særskilde og kompliserte tapssaker, såkalla spesialengasjementsaker.

I 2023 var inntektene i hovudsak bustøtte og andre tilskot som er betalte tilbake.

Det blir foreslått å auke inntektene med 1,3 mill. kroner, hovudsakeleg på grunn av ein anslått auke i nivået på tilbakebetaling av andre tilskot. Anslaget for krav om tilbakebetaling av rettsstridig utbetalt bustøtte holdast stabilt i 2025.

Det blir foreslått å løyve 91,3 mill. kroner.

Post 90 Avdrag

Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag og andre innbetalingar, tilbakebetaling av opptente, ikkje betalte renter og tap.

I 2023 vart det inntektsført 12,2 mrd. kroner. Av dette var om lag 7,2 mrd. kroner ordinære innbetalingar, 4,5 mrd. kroner var ekstraordinære innbetalingar, og 0,5 mrd. kroner var tilbakebetaling av opptente, ikkje betalte renter og tap.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 459 mill. kroner, i hovudsak som følgje av auka utlånsvolum som gir høgare ordinære avdrag.

Det blir foreslått å løyve 15 106 mill. kroner.

Kap. 5615 Husbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

80

Renter

4 766 213

5 602 000

7 636 000

Sum kap. 5615

4 766 213

5 602 000

7 636 000

Post 80 Renter

Posten omfattar betalte renter på lån, opptente, ikkje betalte renter og rentestøtte, jf. kap. 2412 Husbanken, post 72 Rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter med bindingstid på 3, 5, 10 eller 20 år. Gjennomsnittleg utlånsrente for låneporteføljen var 2,99 pst. i 2023, mot 1,59 pst. i 2022. Ved utgangen av 2023 var restgjelda for lån med avtalar om fast rente 50,4 mrd. kroner, og utgjorde 29 pst. av samla utlån.

Som følgje av auka renteføresetnader, auken i låneramma i samband med saldert budsjett for 2024 og revidert nasjonalbudsjett for 2024, aukar behovet for løyving med 2 027 mill. kroner for 2025.

Det blir foreslått å løyve 7 636 mill. kroner.

Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata

Utgifter under programkategori 13.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

590

Planlegging og byutvikling

211 462

224 047

221 111

-1,3

595

Statens kartverk

1 303 479

1 359 584

1 481 201

8,9

Sum kategori 13.90

1 514 941

1 583 631

1 702 312

7,5

Inntekter under programkategori 13.90 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

3595

Statens kartverk

817 829

831 245

850 614

2,3

5635

Electronic Chart Centre AS

5 391

3 000

3 000

0,0

Sum kategori 13.90

823 220

834 245

853 614

2,3

Innleiing

Kommunal- og distriktsdepartementet skal legge til rette for busetting og verdiskaping i heile landet. Departementet har ansvar for at landet har ein heilskapleg, framtidsretta og samordna arealpolitikk, og skal bidra til at den kommunale og regionale samfunns- og arealplanlegginga fungerer effektivt. Ansvaret omfattar både forvaltings- og utviklingsoppgåver, frå overordna politiske og strukturelle forhold, til rolla som plan- og avgjerdsmynde i enkeltsaker. Departementet skal legge til rette for gode og effektive planprosessar, og for betre samspel mellom forvaltingsnivåa på tvers av administrative grenser og ulike sektorar. Utvikling og formidling av nasjonale mål og interesser i planlegginga er ein del av dette ansvaret.

Departementet forvaltar og utviklar lover og forskrifter om planlegging og konsekvensutgreiing. Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter legg rammene for samfunns- og arealplanlegginga i Noreg, saman med kart- og planforskrifta og forskrift om konsekvensutgreiing. For omtale av lova sin bygningsdel blir det vist til programkategori 13.80.

God rettleiing om plansystemet er ein viktig del av departementet sitt ansvar. Informasjonen skal vere brukartilpassa og digitalt tilgjengeleg. Rettleiarar og rundskriv er avgjerande for å spreie kunnskap om god planlegging, nasjonal politikk, forpliktingar gjennom internasjonale avtalar og andre føringar. Statsforvaltarane og andre etatar støttar opp under kommunal og regional planlegging, og rettleier på vegne av departementa.

Eit aktivt planarbeid er avgjerande for god samfunns- og arealutvikling. For at kommunane skal vere i stand til å utføre planoppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte, treng dei eit godt kunnskapsgrunnlag og gode verktøy. Departementet legg til rette for kompetansebygging i små og store kommunar, mellom anna gjennom å utvikle og gjere tilgjengeleg digitale verktøy til bruk i planlegginga.

Departementet samarbeider med fylkeskommunane, byane og byregionane om ei berekraftig by- og tettstadsutvikling. Attraktive og inkluderande lokalsamfunn med levande sentrum fremjar livskvalitet og verdiskaping.

Vidare forvaltar departementet avtaler med enkelte kommunar om områdesatsingar. Områdesatsingar er eit verkemiddel for felles ekstra innsats for betre nærmiljø i byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar.

I tillegg koordinerer departementet arbeidet med nasjonal arkitektur- og landskapspolitikk, med mål om auka kvalitet i dei bygde omgivnadene. God arkitektur og landskapsforming bidrar til attraktive lokalsamfunn og berekraft for både økonomi, miljø og menneske. Kunnskapsdeling gjennom nettverksarbeid, og styrkt rettleiing for å auke plankompetansen, er viktige verkemiddel.

Kommunane har hovudansvaret for å finne heilskaplege og gode løysingar i samfunns- og arealplanlegginga ut frå lokale forhold og prioriteringar, samstundes som nasjonale og viktige regionale interesser blir ivareteke. Fylkeskommunane har ansvar for å rettleie og hjelpe kommunane, og skal bidra med eit regionalt kunnskapsgrunnlag. Kommunale, regionale og statlege oppgåver og interesser innanfor samfunns- og arealplanlegging skal samordnast i planprosessane, og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av areal og ressursar.

Kommunale plansaker med motsegner som ikkje har blitt løyste lokalt, og regionale planar der det har kome innvendingar, blir handsame og avgjorde i departementet. Når viktige statlege, regionale eller andre samfunnsmessige omsyn tilseier det, kan staten ved departementet utarbeide reguleringsplan eller arealdel til kommuneplanen. Statlege styresmakter skal bidra med oppdatert kunnskap på fagområda sine ved å delta i planprosessane, i form av generell planrettleiing og ved å legge til rette og kvalitetssikre data i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Når dei deltar i planprosessane, skal styresmaktene gi tidlege og tydelege signal om viktige interesser og omsyn.

Staten sin kartpolitikk er departementet sitt ansvar. Ansvaret omfattar både kart, lovgiving, forvalting og tilrettelegging innan fagområda geografiske data (geodata) og eigedomsinformasjon (matrikkel og tinglysing).

Departementet er etatsstyrar for Statens kartverk (Kartverket) og eigar av det statlege aksjeselskapet Electronic Chart Centre (ECC). Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og organiserer kartlegginga av Noregs land- og sjøareal. Kartverket skal legge til rette for bruk av dette kunnskapsgrunnlaget, mellom anna ved å sørgje for at det offentlege kartgrunnlaget er standardisert og tilgjengeleg for alle. Deling av data i samsvar med geodatalova skjer i samarbeid med sektorstyresmakter. Etaten har òg ansvaret for tinglysing av fast eigedom og burett, og for å forvalte matrikkelen i samarbeid med kommunane. ECC leverer tenester til det internasjonale PRIMAR-samarbeidet, i form av drift og utvikling av ein global database for sjøkart. Selskapet er eitt av to som leverer slike tenester i verda. Arbeidet legg grunnlag for ein sikker og effektiv sjøtransport gjennom forvalting og tilgjengeleggjering av autoriserte elektroniske navigasjonsdata.

Departementet har oppfølgingsansvaret for stiftinga Design og arkitektur Noreg (DOGA). DOGA skal fremje forståing, kunnskap og bruk av design og arkitektur i næringslivet, offentleg sektor og samfunnet elles.

Mål for programkategorien

  1. Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk

  2. Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga

  3. Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling

Mål 1 Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk

Regjeringa vil fremje ei berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling og arealforvalting. Det skal leggast vekt på lokalt sjølvstyre i samfunns- og arealplanlegginga. Alle kommunar skal ha moglegheit til å utvikle både små og store lokalsamfunn. Gode prosessar for samordning og medverknad skal bidra til at regionale og nasjonale mål blir nådde.

Gjennom arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen og fylkesplanen skal kommunar og fylkeskommunar synleggjere viktige utfordringar i samfunnsutviklinga og forankre strategiske val. Dette gjeld mellom anna sentrale samfunnsforhold som å sikre at utbygging av bustadar og næringsbygg er berekraftig, at transportbehova blir redusert og at omsyn til klima og natur, folkehelse, barn og unge, kvalitet i bygde omgivnader og integrering blir ivareteke. Fylkesplanen er både ein reiskap for å ta i vare fylkeskommunen sin regionalpolitiske rolle, og eit instrument for å sikre ei god tilpassing av statleg politikk i fylka.

Det er mange og til dels motstridande interesser knytt til bruk og vern av areal. God og tydeleg rolleavklaring, tidleg avklaring av konfliktar og effektivt samarbeid blir derfor viktig. Statlege arealplanar kan i nokre tilfelle vere nødvendige for å få til effektive og gode løysingar, særleg for store samferdselsprosjekt. Regjeringa sine viktigaste prioriteringar for samfunns- og arealplanlegging blir uttrykte gjennom nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dei blir fornya i forkant av kvart kommune- og fylkestingsval, sist i juni 2023. Med heimel i plan- og bygningslova blir det òg utarbeidd statlege planretningslinjer for viktige temaområde. Nye planretningslinjer var på høyring våren 2024.

I planlegginga av landbruks-, natur-, frilufts-, reindrifts- og sjøområde er klimatilpassing og effektiv og berekraftig forvalting viktige omsyn. Utvikling av energi-, natur- og ressursbaserte næringar krev eit godt kunnskapsgrunnlag og heilskaplege og overordna avklaringar for at arealforvaltinga skal vere berekraftig. Planlegging i byar og tettstader skal bidra til berekraftig kvalitet i det bygde miljøet, slik at den grøne omstillinga, med mellom anna krav til betre ressursbruk og auka fortetting, skjer på ein måte som òg gir verdi for menneske og lokalsamfunn.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 1 under kap. 590, postane 65 og 71, og kap. 500, postane 21 og 50.

Mål 2 Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga

Det er eit mål at heile landet har ei god og kunnskapsbasert samfunns- og arealplanlegging og effektive planprosessar. Rammene for samfunns- og arealplanlegginga i Noreg blir fastsett av departementet gjennom lover og forskrifter om planlegging og konsekvensutgreiing.

Heilskapleg og aktiv planlegging krev ressursar og kompetanse i kommunane. Kommunar og fylkeskommunar må ha tilgang til oppdatert kunnskap som grunnlag for avgjerder. Døme på dette er statistikk om arealutvikling som grunnlag for verktøy som arealprofilar og arealrekneskap i planprosessar. Kommunal- og distriktsdepartementet har viktige funksjonar knytt til utvikling av lovverket, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av arealstatistikk, kart og eigedomsdata, rettleiing og eit breitt spekter av andre kompetansetiltak.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 2 under kap. 590, post 81, kap. 595, og kap. 500, postane 21 og 50.

Mål 3 Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling

Regjeringa vil sørgje for at kart, geodata og eigedomsinformasjon med tilfredsstillande kvalitet er tilgjengeleg for innsyn og nedlasting hos offentlege og private brukarar. Regjeringa vil betre sjølvbeteningsløysingane for offentlege kartdata, plandata og bygnings- og eigedomsinformasjon, legge til rette for meir bruk av digitale løysingar, og skape eit enklare møte med ein døgnopen offentleg sektor. Matrikkelen er Noregs eigedomsregister og skal ha god kvalitet, og bidra til effektiv planlegging og forvalting over heile landet.

Deling av offentlege data er ein føresetnad for utvikling av samanhengande tenester på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Samstundes er det avgjerande at sikkerheita i løysingane tek vare på både samfunnssikkerheita og enkeltmennesket sitt personvern. For omtale av informasjonssikkerheit blir det vist til programkategori 01.40 Forvaltingsutvikling, IT- og ekompolitikk, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Tilgang til kart- og eigedomsinformasjon er avhengig av godt samarbeid mellom ulike statsetatar, kommunar og næringsliv. Ein stor del av løyvinga til Kartverket er derfor finansiert av inntekter frå andre partar. Kartverket sitt arbeid er avhengig av gode samarbeidsformer for å sikre at Noreg framleis er verdsleiande på kart- og eigedomsinformasjon, og at desse dataa kjem innbyggarar og næringslivet til gode.

Sjå nærare omtale av løyvingar og verkemiddel som støttar opp under mål 3 under kap. 595, kap. 3595, kap. 5635 og kap. 500, post 21.

Kap. 590 Planlegging og byutvikling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

65

Områdesatsing i byar, kan overførast

134 790

152 650

145 950

71

DOGA

49 047

43 813

44 813

72

Bustad- og områdeutvikling i byar, kan overførast

20 320

20 870

20 469

81

Kompetansetiltak innen planlegging og geodata, kan overførast

7 305

6 714

9 879

Sum kap. 590

211 462

224 047

221 111

Post 65 Områdesatsing i byar, kan overførast

Områdesatsingar er ein felles ekstra innsats mellom stat og kommune for betre levekår og nær- og bumiljø i byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar. Det gis tilskot til områdesatsing over fleire departement sine budsjett, jf. tabell 5.6. Statlege tilskot til områdesatsingar blir sett i samanheng med kommunal innsats.

Mål for ordninga

Tilskotet over kap. 590, post 65 skal bidra til å jamne ut sosiale skilnader ved at fleire som bur i område med særskilde levekårsutfordringar kan bli økonomisk sjølvstendige gjennom arbeid, og bli aktive deltakarar i lokalsamfunn og storsamfunn. Tilskotet skal òg bidra til varige forbetringar av tenester, og betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område.

Tilskotet støttar opp om mål 1 Planlegging fremjar berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk.

Kriterium for måloppnåing

Kriteria som er relevante for å vurdere om måla for tilskotet er nådd er mellom anna:

  • om det er blitt betre fysiske kvalitetar og auka sikkerheit og livskvalitet

  • om det er utvikla arbeidsformer og verkemiddel som bidrar til betre offentlege tenester tilpassa lokale behov, og gode bu-, oppvekst- og nærmiljø

  • om satsingane bidrar til å fremje deltaking og medverknad på ulike samfunnsarenaer

  • om det er betre kopling mellom overordna byutvikling og nærmiljøarbeid i områdesatsingane.

Kriterium for tildeling

Kommunar med avtale om områdesatsing får eit årleg tilskot i avtaleperioden, føresett årlege budsjettvedtak i Stortinget. I 2024 og 2025 går midlane til kommunar med avtale, jf. prioriteringar og budsjettforslag nedanfor. Tilskotet skal gå til å gjennomføre ein årleg handlingsplan for områdesatsinga.

Etter kvart som dei eksisterande avtaleperiodane går ut, blir det gjort ei vurdering av om den enkelte avtala om områdesatsing skal forlengast, eller om dei frigjorde midlane skal fordelast etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar tilskotet og koordinerer innsatsen i områdesatsingar der fleire sektorar/departement deltar. Kommunane må levere årsrapportar og rekneskapsrapportar. Departementet kan krevje tilbake tilskot frå kommunane som er brukt i strid med føresetnadene. Det blir gjennomført evalueringar av områdesatsingane.

Rapport

Regjeringa har styrkt arbeidet med områdesatsingar, og satsar no på langt fleire område over heile landet. Løyvinga på posten har auka med 93,4 mill. kroner eller 143 pst. sidan regjeringsskiftet. Midlane har gått til tiltak for å ruste opp bu- og nærmiljø, aktivitetshus, parkar, møteplassar og aktivitetar, til å utvikle arenaer for sosialt entreprenørskap, til ulike integreringstiltak og ulike jobbtilbod for ungdom. Vidare har midlane gått til å utvikle betre tilpassa tenester, særleg på områda kvalifisering og sysselsetting, utdanning og oppvekst.

NOU 2020: 16 Levekår i byar viser at områdesatsingane har bidratt til auka sikkerheit, meir sosial kontakt og at fleire er nøgde med områda dei bur i. Kommunane har mellom anna utvikla ulike fleirbrukshus med mange ulike aktivitetar som fungerer som attraktive møteplassar for barn, unge og vaksne. Fleire kommunar har òg samlokalisert fleire av tenestene sine i nærmiljøet. Mange av tiltaka er gjort i samarbeid med frivilligheita i utsette lokalområde. Kommunane rapporterer om at områdesatsingane har bidratt til at sosial berekraft og levekår har blitt ein viktigare del i arbeidet med overordna byutvikling enn tidlegare.

I saldert budsjett for 2023 vart det løyva 102,4 mill. kroner. Av dette vart 15 mill. kroner fordelt etter søknad til nye områdesatsingar, i Sarpsborg, Fredrikstad og Kristiansand. Resten vart fordelt mellom kommunar med eksisterande avtalar.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart det løyvd 5 mill. kroner til ny avtale med Skien kommune. Vidare vart det løyvd 25 mill. kroner til sommarjobbar for unge. Midlane vart fordelte på Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Drammen, Gjennom sommarjobbar har unge som står i fare for å falle utanfor, fått verdifull kompetanse og arbeidserfaring gjennom eit trygt møte med arbeidslivet. Kommunane har involvert lokalt næringsliv.

I 2024 er det løyvd 152,7 mill. kroner. Midlane er fordelt med 57,6 mill. kroner til Oslo, 11,5 mill. kroner til Drammen, 11 mill. kroner til Bergen og 5,8 mill. kroner til eksisterande avtale i Trondheim. Stavanger fekk 6,7 mill. kroner til områdesatsinga på Storhaug, som varer til utgangen av 2024.

Vidare fekk Fredrikstad, Sarpsborg, Skien, Kristiansand, Larvik, Gjøvik, Halden, Indre Østfold, Tromsø og Trondheim 5 mill. kroner kvar, medan Stavanger fekk 10 mill. kroner til ny avtale om to nye område.

Departementet har i 2024 sett ut eit oppdrag om ei ekstern evaluering av områdesatsing som statleg verkemiddel, med frist første kvartal 2025. Evalueringa skal mellom anna gi tilrådingar om statleg involvering og samordning, kva som bør vere overordna mål for områdesatsingar og korleis arbeidet med å spreie kunnskap og erfaringar til kommunar utan områdesatsingar kan organiserast. Evalueringa skal ikkje omfatte Oslo, då det er planlagt ei eiga sluttevaluering av områdesatsingane i Oslo.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å løyve 146 mill. kroner på post 65.

Som følgje av at avtalen med Stavanger kommune om områdesatsing på Storhaug går ut i 2024, blir løyvinga redusert med 6,7 mill. kroner.

Det blir foreslått at løyvinga fordelast på kommunar med intensjonsavtalar slik det går fram av tabell 5.5.

Tabell 5.5 Fordeling av post 65 på kommunar (i mill. kroner)

Tilskot 2025

Periode

Oslo – Groruddalen, Oslo indre aust og Oslo sør

57,6

2017–2026

Bergen – Loddefjord og Olsvik

11

2019–2026

Drammen – Strømsø

11,5

2020–2030

Sarpsborg, Fredrikstad, Kristiansand og Skien

(5 kvar) 20

2023–2027

Stavanger – Kvernevik og Hillevåg

10

2024–2028

Trondheim – Lademoen, Tempe-Sorgenfri og Møllenberg

10,85

2024–2028

Larvik, Gjøvik, Halden, Indre Østfold og Tromsø

(5 kvar) 25

2024–2028

Som ein del av arbeidet med områdesatsingane vil departementet i 2025 setje av 3,5 mill. kroner til koordinering, utgreiingar, kunnskapsformidling og nettverksarbeid på kap. 500, post 21 Særskilde driftsutgifter.

Det blir òg løyvd midlar til områdesatsingar over kap. 590, post 72 Bustad- og områdeutvikling i byar.

Samla tildeling til områdesatsingar

I 2025 blir det foreslått til saman om lag 258 mill. kroner til områdesatsingar over departementa sine budsjett, jf. tabell 5.6 og nærare omtale i proposisjonane frå dei enkelte departementa.

Tabell 5.6 Områdesatsingar – forslag til tildeling for 2025 (i mill. kroner)

KDD

AID

HOD

KD

KLD

KUD

SUM

Områdesatsing og bustad- og områdeutvikling i byar

Kvalifisering til arbeid, sosiale tenester, sosialt entreprenørskap, integrering

Førebyggande og helsefremjande tenester og sosial berekraftige bu- og nærmiljø

Oppvekst og utdanning, barnehage og skole,

Blå-grøn infrastruktur

Frivilligheit, kunst og kultur mv.

Oslo (Groruddalen, indre aust og sør) (2017–2026)

67,6

59,6

9,8

10,5

5

5

157,5

Drammen (2020–2030)

11,5

1,1

12,6

Stavanger (2024–2028)

10

10

Bergen (2019–2026)

18,7

18,7

Trondheim (2024–2028)

14

14

Fredrikstad, Kristiansand, Sarpsborg og Skien (2023–2027)

20

20

Gjøvik, Halden, Indre Østfold, Larvik og Tromsø (2024–2028)

25

25

SUM

166,8

60,7

9,8

10,5

5

5

257,8

I tillegg kjem:

2,5 mill. kroner i spelemiddel frå KUD til Oslo.

4,2 mill. kroner frå HOD til førebyggande og helsefremjande tenester og/eller sosialt berekraftige bu- og nærmiljø til områdesatsingar utanfor Oslo.

15,5 mill. kroner frå KD til auka bemanning på skuler i levekårsutsette område.

37 mill. kroner frå JD til kriminalitetsførebygging. Midlane skal bidra til å vidareføre politiinnsatsen i utsette områder som ein del av områdesatsingar i Oslo.

Post 71 DOGA

Tilskotet går i sin heilskap til stiftinga Design og arkitektur Noreg (DOGA). Stiftinga skal fremje kvalitet, innovasjon og auka verdiskaping innanfor offentleg og privat sektor, ved bruk av design og arkitektur i utviklinga av omgivnader, produkt og tenester. Samarbeid på tvers av fagområde og sektorar er ein føresetnad for å møte komplekse samfunnsutfordringar.

DOGA skal òg utløyse verksemds- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling i Noreg. Dette blir løyvd over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett

DOGA skal støtte forvaltinga i utvikling av betre metodar og kompetanse for å få til dette samarbeidet.

Mål for ordninga

Hovudføremålet med tilskotet frå Kommunal- og distriktsdepartementet er å legge til rette for nyskaping og innovasjon i offentleg sektor og fremje berekraftige og attraktive lokalsamfunn i heile landet. Innsatsen skal særskild bidra til endring, omstilling og innovasjon i kommunesektoren og til auka kompetanse i samfunnet om arkitektur og kvalitet i dei bygde omgivnadene. Kunnskapsproduksjon, formidling, prosjektutvikling og samarbeid som fremjar verdiskaping og innovasjon i samfunnet er viktig for å nå måla. Det finst ikkje andre aktuelle mottakarar som oppfyller måla for ordninga.

Kriterium for måloppnåing

Kommunal- og distriktsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har saman med DOGA utarbeida eit felles mål- og resultatstyringssystem (MRS). MRS-systemet skal sikre ei heilskapleg styring av tilskota frå departementa, basert på styringsindikatorar som er knytt til delmåla for tilskotet. Mellom anna innhentast det informasjon om oppnådd endring i åtferd og innovasjonsnivå hos målgruppene, og spreiingseffekt av tiltak.

Oppfølging og kontroll

DOGA skal rapportere om bruken av tilskotet gjennom tertialvise rapportar og årsrapportering. Rapporteringa skal innehalde ei vurdering og analyse av måloppnåinga for tilskotet basert på styringsindikatorar, støttande analysar, evalueringar og annan tilgjengeleg informasjon. Måla og prioriteringane som gis i tilskotsbrev skal føljast opp gjennom dialogen med departementet.

Rapport

DOGA fekk 72,8 mill. kroner i offentleg tilskot i 2023, av desse var 49 mill. kroner frå Kommunal- og distriktsdepartementet og 23,8 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Gjennom ei rekke prosjekt og tiltak viser DOGA korleis design- og arkitekturmetodikk kan nyttast til å løyse komplekse samfunnsutfordringar, med vekt på tidleg fase og innovasjon. «Gnistprogrammet»stimulerer kommunar og leverandørar til nytenking og tverrfagleg samarbeid i arbeid med berekraftig stads- og næringsutvikling. Ei rekke kommunar har gjennomført programmet, vore følgjekommunar eller har delteke i ei eiga kompetansedel. DOGA sitt innovasjonsprogram for arkitektur «Fase null» utforskar behov og moglegheiter i den tidlege fasen av byggjeprosjekt, og pilotprosjektet «Kvardagsreisen»testar bruk av designmetodikk i utforminga av gode arkitektoniske løysingar for folkehelsearbeidet i norske kommunar. DOGA har i 2023 bidrege ved oppstart av nye områdesatsingar i kommunar med levekårsutfordringar, og i oppfølging av samfunnsoppdraget om klimanøytrale og smarte byar.

DOGA fremjar designdriven innovasjon, innovasjonskompetanse og -kultur i offentleg sektor for å bidra til at offentlege tenester i varetek brukarbehov. Saman med Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) driv DOGA programmet «Stimuleringsordningen for innovasjon og tjenestedesign» (Stimulab). Ordninga legg til rette for innovasjon av offentlege tenester i samarbeid med marknaden, og stiller krav til at prosjekta skal utviklast gjennom designdrivne og brukarretta innovasjonsprosessar. Ordninga har i 2022 og 2023 mellom anna hatt som føremål å understøtte tillitsreforma. Gjennom ordninga har DOGA bidrege til erfaringsdeling som fremjar samarbeid og beste praksis i offentleg sektor.

DOGA har delteke i arbeidet med samfunnsoppdraget om å inkludere fleire born og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv, som del av regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Dette arbeidet dreg særleg nytte av DOGA sin kunnskap og erfaring knytt til nye arbeidsmåtar for system- og tenesteinnovasjon.

DOGA si satsing på kompetanseutvikling og kurs i designdriven innovasjon bidreg til auka innsikt i innovasjonsarbeid. I 2023 jobba DOGA strategisk med kompetanseutvikling og spreiing for å auke innsikt og effektar av design og arkitektur i innovasjonsprosessar, inkludert brukar- og innbyggarmedverking. DOGA sine prisar og DOGA-merket for god design og arkitektur er ein viktig del av arbeidet.

For resultat på mål om auka konkurranseevne i næringslivet blir det vist til omtale under kap. 930, post 70 i Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

DOGA skal i 2025 fortsette arbeidet med å styrkje innovasjons-, utviklings- og plankompetansen til kommunesektoren, for slik å bidra til forvalting og løysningar som fremjar berekraftige og attraktive lokalsamfunn og eit godt tenestetilbod i heile landet. DOGA skal mellom anna fortsette utvikling og gjennomføring av innovasjonsprogramma Gnist, Stimulab og Fase 0, og jobbe med kompetanse- og kurstilbod, verktøy og erfaringsspreiing.

DOGA skal vere ein pådrivar og eit nasjonalt kompetanse- og kunnskapsmiljø for auka kvalitet i dei bygde omgivnadene, med mål om at den grøne omstillinga skal gi varig verdi for menneske og lokalsamfunna dei lever i. DOGA skal bidra i departementet sitt arbeid med å løfte merksemd om betydninga av kvalitet i dei bygde omgivnadene og arkitektur som verktøy i samfunnsutviklinga, gjennom utvikling av verkemiddel, fagnettverk og verktøy.

DOGA skal bidra i arbeid med samfunnsoppdrag, mellom anna om klimanøytrale og smarte byar og om å inkludere barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. DOGA skal utvikle eit erfaringsbasert kompetansetilbod for systeminnovasjon i offentleg sektor, slik at dette blir eit område som fleire forstår og ser nytta av.

DOGA skal særleg vidareutvikle samarbeidet med statsforvaltarar, fylkeskommunar og kommunar, og auke kompetansen deira og erfaringar i bruk av design og arkitektur for å nå samfunnsmål. Arbeidet skal styrkje kommunesektoren sine oppgåver med samfunnsutvikling, planlegging og tenesteyting.

Det blir foreslått å løyve 44,8 mill. kroner.

I tillegg blir det foreslått å løyve 28,5 mill. kroner til designretta næringsutvikling på kap. 930, post 70 under Nærings- og fiskeridepartementet.

Post 72 Bustad- og områdeutvikling i byar, kan overførast

Mål for ordninga

Tilskotet skal bidra til å forbetre bustadmiljøet, deriblant å løyse lokale utfordringar for innbyggarane i område med levekårsutfordringar. Tilskotet støttar opp om mål 1 Tilgang på eigna bustader og trygge buforhold i heile landet under programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er samansett av fleire indikatorar, som betre fysiske kvalitetar ved bumiljøet, auka oppleving av sikkerheit og sosial deltaking i nærmiljøet.

Tildelingskriterium

Tilskotet går til kommunane sin områderetta innsats i Oslo, Bergen og Trondheim. Kommunane skal bruke tilskotet til fysiske tiltak som bidrar til å auke kvaliteten i bygningar og uteområde, og til utvikling av nye tiltak for bumiljøet, bustadkonsept og liknande som bidrar til å forbetre eit område fysisk og sosialt. Kommunane kan òg bruke tilskotet til kunnskaps-, informasjons- og kompetansetiltak.

Oppfølging og kontroll

Husbanken forvaltar ordninga og følgjer opp tiltaka fagleg og økonomisk, mellom anna basert på rapportar frå dei involverte kommunane.

Rapport

I 2023 tildelte Husbanken totalt 21 mill. kroner i tilskot til bustad- og områdeutvikling i byar. Av dette fekk Oslo 10 mill. kroner, Bergen 7,9 mill. kroner og Trondheim 3,1 mill. kroner. Mange av tiltaka som er gjennomførte er resultat av samarbeid mellom fleire kommunale einingar og lokalt næringsliv.

Oslo kommune har mellom anna støtta prosjekt «Trivelige nabolag» i Oslo Indre Øst, der prosjektet skal utforske samarbeidsløysingar mellom bydel, eigarar/styrer, bebuarar, velferdsaktørar, politiet og andre. I den bustadsosiale strategien til Bydel Gamle Oslo blir tilskotet brukt til å utvikle nye måtar å arbeide på i private bygardar og sameige. Prosjektet «Nabolagskontakt» skal til dømes dempe interessekonfliktar i halvoffentlege og offentlege byrom i bydelen.

Bergen kommune har mottatt tilskot til eit forprosjekt på Slettebakken for å identifisere oppgåver og innretninga på områdesatsinga i denne levekårssona. Bergen har òg mottatt tilskot til ulike samarbeids- og informasjonsmøte, medverknadsmøte, synfaringar med meir. I dei nye satsingsområda Solheim sør og Slettebakken har det vore særleg viktig med kontaktetablering og informasjon for å identifisere innretning av arbeidet vidare. I dette er òg førebuingar til gjennomføring av barnetråkkregistreringar og digitale innbyggarundersøkingar i Solheim og på Slettebakken omfatta.

Trondheim kommune har mellom anna starta eit prosjekt på Lademoen og Tempe-Sorgenfri. Prosjektet skal utforske moglegheitene og lage møteplassar i uterom mellom eksisterande busetnad.

Budsjettforslag for 2025

Posten blir budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. På grunn av tidlegare reduksjon i tilsegnsramma blir løyvinga redusert med 553 000 kroner.

Det blir foreslått å løyve 20,5 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 22,6 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 20,8 mill. kroner.

Post 81 Kompetansetiltak, kan overførast

Mål for ordninga

Målet med ordninga er å auke kompetansen innan planlegging, kart og geodata. Dette skal bidra til å auke effektiviteten og kvaliteten på den lokale planlegginga etter plan- og bygningslova og utvikling av nye hjelpemiddel til bruk i prosessen. Kompetansetiltaka skal kome aktørar i planprosessar etter plan- og bygningslova til gode, som avgjerdstakarar, planleggarar, organisasjonar, innbyggarar og næringsliv.

Tilskotet skal støtte opp om mål 2, Eit velfungerande plansystem fremjar effektivitet og kvalitet i planlegginga.

Tildelingskriterium

Aktuelle søkarar er organisasjonar, verksemder, stiftingar og faglege nettverk i privat og frivillig sektor. Tiltaket kan gjerne vere i samarbeid med ein offentleg aktør.

Ved tildeling vil det mellom anna bli lagt vekt på prosjekt som:

  • bidrar til læring i nettverk og partnarskap, samarbeid på tvers av fagområde, sektorar, forvaltingsnivå og geografiske grenser

  • bidrar til å auke og formidle kunnskap innan planlegging, kart og geodata

  • har allmenngyldig verdi.

Oppfølging og kontroll

Departementet tek utgangspunkt i innsende rapportar frå tilskotsmottakar og vurderer dokumenterte resultat opp mot kriteria for måloppnåing og tildeling. Vidare har departementet dialog med mottakarane undervegs og i etterkant av gjennomføringa, både om det faglege opplegget og dei formelle rammene for tildelinga. Departementet vil utarbeide forskrift for ordninga, gjeldande frå 2025.

Rapport

I 2023 vart det løyvd 7,4 mill. kroner, der 3 mill. kroner vart tildelt namngjevne mottakarar, og 4,4 mill. kroner til ulike kompetanseprosjekt. I 2024 vart tilskot til namngitte mottakarar redusert med 1 mill. kroner, og det vart totalt løyvd 6,7 mill. kroner.

Bylivsenteret i regi av Norske arkitekters landsforbund (NAL) fekk 2 mill. kroner i 2023 og 1 mill. kroner i 2024, til gjennomføring av ulike kompetansetiltak og arbeid med stadutvikling i ei rekke kommunar. Foreininga samlar alle norske arkitektar og det er ikkje andre aktuelle mottakarar.

Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) er eit samarbeid mellom staten og kommunesektoren. SEVS fekk 1 mill. kroner i 2023 og 1 mill. kroner i 2024 for å styrkje kapasitet og kompetanse innan planlegging og samfunnsutvikling. SEVS har brukt midlane på kurs og samlingar, mellom anna det årlege etter- og vidareutdanningstilbodet innan samfunnsplanlegging (SAMPLAN). Sekretariatet er lagt til KS og dagens samarbeid gjeld for perioden 2022–2025. Det er ikkje andre aktuelle mottakarar.

Rapportane og dokumentasjonen frå prosjekta som har fått tildelt midlar etter søknad indikerer at tiltaka har bidratt til auka kompetanse innan plan, kart og geodata, både hos søkjarane og målgruppene deira. Arrangement og kurs, rettleiarar, artiklar og anna skriftleg materiale gir kunnskap og bidreg til erfaringsutveksling, nye arbeidsmåtar og meir kunnskap. Nokre mottakarar av tilskot har utvikla tenester basert på offentlege tilgjengelege kart og geodata. Erfaringar og resultat frå tiltaka har blitt formidla til aktuelle målgrupper gjennom departementet sine digitale kommunikasjonskanalar, og har blitt lagt til grunn for politikkutvikling og utviklings- og kompetansearbeid i departementet. I 2023 og 2024 vart det kvart år gitt tilskot til om lag tjue søkarar. Prosjekta og mottakarane er omtalt på regjeringas nettside planlegging.no og på Direktoratet for forvaltning og økonomistyring si nettside tilskudd.no.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått 1 mill. kroner til Bylivsenteret i regi av Norske Arkitektars landsforbund (NAL), og 1 mill. kroner til Sekretariatet for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS), for å tilby kurs og kompetansetiltak innan stadutvikling og planlegging. Begge arbeider hovudsakleg for å auke den offentlege plankompetansen.

Det er stor og aukande interesse for tilskot til kompetansetiltak. For å bidra til å auke den offentlege plankompetansen blir det foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Det blir foreslått å løyve totalt 9,9 mill. kroner.

Kap. 595 Statens kartverk

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45

1 026 172

967 776

1 051 683

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45

264 307

360 308

396 218

30

Geodesiobservatoriet, kan overførast

13 000

31 500

33 300

Sum kap. 595

1 303 479

1 359 584

1 481 201

Kartverket er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Kartverket skal dekke eit felles databehov hos mange brukarar for kart, stadfesting og annan geografisk informasjon. Kartverket skal bygge og vedlikehalde ein nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunane, statlege etatar og andre som bidrar til det offentlege kartgrunnlaget. Hovudmål for drifta er oppdaterte grunnkartdata for norske land- og sjøområde, forsvarleg og effektiv tinglysing, matrikkel med god kvalitet, og effektiv tilgang til, og bruk av, kart og eigedomsinformasjon.

Kartverket skal støtte opp om mål 3, Effektiv tilgang til oppdatert kart- og eigedomsinformasjon gir grunnlag for verdiskaping og utvikling.

Gjennom samarbeid med og rettleiing av kommunane speler Kartverket ei sentral rolle i forbetring av kommunale tenester, særskilt i dei minste kommunane.

Kartverket har om lag 810 tilsette og er organisert i divisjonane geodesi, land, sjø og eigedom. Hovudkontoret er lokalisert på Hønefoss. I tillegg har etaten 12 fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, tinglysing av burettslagsdelar og kundesenteret for Kartverket i Ullensvang og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45

Løyvinga skal dekke Kartverkets utgifter til løn, varar og tenester, pensjon, husleige, IKT og andre faste driftsutgifter. Utgiftene er knytte til heile Kartverkets ansvarsområde, mellom anna drift av matrikkel og tinglysing, den geografiske infrastrukturen i Noreg og sjømåling.

Delar av utgiftene på posten, mellom anna utgifter knytte til geodataarbeidet og koordinering av samfinansieringsprosjekt, blir finansiert av inntekter frå sal og abonnement og frå samfinansiering, jf. omtale under kap. 3595, post 02 og post 03.

Rapport

I tråd med tillitsreforma jobba Kartverket i 2023 med nye arbeidsmetodar for å oppdatere sine tenester for å møte forventningar frå brukarane om at oppdaterte og pålitelege geodata skal vere tilgjengelege heile døgnet. 70 pst. av tinglysingssakene vart i 2023 sendt inn digitalt, mot 42 pst. i 2019. Talet på oppslag hos Kartverkets kart (cache) auka frå 8,7 milliardar i 2018 til 13,2 milliardar i 2023, som er eit uttrykk for kor mykje dei konkrete karttenestene blir brukt. Moderniseringa av matrikkelen har gjort at bruken av denne statlege felleskomponenten aukar.

Krigen i Ukraina og NATO-medlemskap for Finland og Sverige, har gjort at Kartverket har brukt betydelege ressursar på tenester til Forsvaret, noko som påverka andre leveransar. Kartverket hadde òg ei sentral rolle i den tekniske gjennomføringa av delinga av tvangssamanslåtte fylke og kommunar. Kartverket markerte sitt 250-årsjubileum i 2023, mellom anna med eige minnemynt.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Noreg har nokre av verdas beste geodata og ei god ordning for samarbeid om innsamling av data, men det er behov for auka vedlikehald av løysingane for lagring, forvalting og distribusjon. Kartverket, som er nasjonal geodatokoordinator, har ansvaret for å forvalte desse løysingane. Det blir foreslått å auke løyvinga med 30 mill. kroner i 2025 for å halde drifta av fellesløysingane for geografisk infrastruktur ved like.

Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner for å dekke driftsutgifter som følgje av nytt system for betre data om mellom anna fritidsbustadar. Sjå omtale under post 21.

Kartverket har gått over til å bruke Direktoratet for forvaltning og økonomistyring som leverandør av rekneskapstenester. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 5,6 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på Finansdepartementets budsjett.

Som følge av ny Forskrift om opptak og annen bruk av informasjon om bestemte angitte bunnforhold, har Kartverket fått ei utvida rolle på vegne av Forsvaret i saker som gjeld innsamling og frigiving av djupdata. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på Forsvarsdepartementets budsjett.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 9,4 mill. kroner som følgje av auka inntekter frå sal av abonnement/tenester og samfinansiering.

Det er eit mål for regjeringa å redusere leigeutgiftene som staten har til kontorlokale. Som følgje av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Samla blir det foreslått å løyve 1 051,7 mill. kroner.

Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3595, post 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45

Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og kjøp av tenester frå private leverandørar. Dette gjeld mellom anna fotografering og laserskanning frå fly, men òg tilarbeiding av data og andre tenester frå geodatabransjen.

Kartverket har ansvar for mange samfinansierte kartleggingsprogram over heile Noreg. Dette gjeld ei rekke lokale og regionale initiativ der Kartverket organiserer kartlegging av område der fleire interessentar har samanfallande behov for oppdaterte data. Grunnlaget er fleirårige regionale geodataplanar og Geovekst-samarbeidet. Inntektene frå dei samarbeidande partane blir førte på kap. 3595, post 03. Det gjeld òg inntekter knytt til flyfotografering (omløpsfotografering), som gjennomførast ved hjelp av bidrag Kartverket får frå andre offentlege etatar og kommunar.

Delar av utgiftene på posten blir òg dekka med inntekter frå sal og abonnement over kap. 3595, post 02. Det gjeld mellom anna abonnement til posisjonstenester og sal av geodata.

Inntektene som Kartverket tar imot til samfinansierte prosjekt og frå sal og abonnement, går i all hovudsak til kjøp av varer, utstyr og eksterne tenester. Kartverkets bidrag i prosjekta er ressursar/prosjektleiarar i form av årsverk som blir finansiert på post 01.

Rapport

Kartverket har god progresjon med utvikling av systemet for verdsetting av fritidsbustadar. Arbeidet med betre informasjon i matrikkelen piloterar løysingar for ny innhenting av informasjon om bygningar til matrikkelen og mogleggjer nye offentlege og private tenester. Utviklingsfasen i det treårige prosjektet skal vere ferdig i 2025. Samla kostnader i Kartverket til utvikling er 156 mill. kroner og faste driftskostnader er 20 mill. kroner, jf. omtale under kap. 595, post 01. Sjå nærare omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2023–2024) for Finansdepartementet.

Arbeidet med IT-prosjektet Nautilus vart noko forsinka i 2023, men dei første nye løysingane blir tatt i bruk i 2024. Det femårige prosjektet vart starta opp i 2022 og har ei samla ramme på 121,2 mill. kroner. Nautilus vil gi meir effektiv behandling og distribusjon av marine geodata mellom Kartverket og viktige brukarar og samfunnspartnarar. Prosjektet vil mellom anna kunne bidra til å bygge opp under ny næringsutvikling langs kysten.

Det er stor aktivitet innan kartleggingsprogrammet Geovekst, som betyr at Kartverket kan kjøpe meir private flyfotograferingstenester og publisere meir oppdaterte data over Noreg.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

Det blir foreslått å auke løyvinga med 50 mill. kroner for å auke tryggleiken i det nasjonale eigedomsregisteret. Det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkel og grunnbok) er peikt ut som støtte for nasjonale tryggingsinteresser etter tryggingslova. Det er tryggingsutfordringar med dagens oppsett, samstundes som ei uroleg verd tydeleggjer behovet for å sikre integritet og tilgjenge til informasjon om eigedom, rettar og greiner i Noreg. Regjeringa foreslår eit toårig prosjekt med investeringskostnader på til saman 95 mill. kroner for å utvikle nye løysingar. Varig auke i driftsutgiftene vil vere på 25 mill. kroner frå 2027. Tiltaket finansierast med ein mindre auke i tinglysingsgebyra, sjå omtale under kap. 3595, post 01.

2025 er siste året for prosjektet med eigenregistering i matrikkelen/fritidsbustadar. Løyvinga blir foreslått redusert med 30 mill. kroner, samstundes som det blir foreslått 20 mill. kroner til drift på post 01.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 9,6 mill. kroner som følgje av auka inntekter frå sal av abonnement/tenester og samfinansiering.

Vidare blir det foreslått ein reduksjon på 6 mill. kroner i tråd med framdriftsplanen for IT-prosjektet Nautilus.

Samla blir det foreslått å løyve 396,2 mill. kroner.

Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3595, post 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.

Det blir foreslått at Kartverket kan setje i gong samfinansierte prosjekt før finansieringa i sin heilskap er innbetalt, føresett at det er inngått ein bindande avtale med forsvarleg sikkerheit om innbetaling mellom partane og for inntil 90 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.

Det blir foreslått ei fullmakt på inntil 40 mill. kroner til å bestille kartgrunnlag og kartleggingstenester og inngå avtalar om kartleggingsarbeid som går over fleire år, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 30 Geodesiobservatoriet, kan overførast

Midlane går til det tidsavgrensa prosjektet med etablering av eit nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund. Prosjektet skal etablere ein moderne stasjon for geodetiske målingar som kan virke saman med eit nettverk av nokre dusin tilsvarande målestasjonar fordelt over heile verda.

Rapport

Prosjektet starta opp i 2012. Frå 2020 har arbeidet i hovudsak bestått i å få begge dei nye antennene i full drift og gjennomføre ein periode med samkøyring av ny og gammal antenne. Dette har vore utfordrande, men drifta av den gamle antenna på Rabben er no avslutta og antenna riven.

I 2023 vart det gjennomført over 163 målingssesjonar mot fjerntliggande kvasarar12 i Ny-Ålesund, koordinert med anlegg frå resten av verda. Desse dannar grunnlaget for å bestemme nøyaktig kvar jordas kjerne er til ein kvar tid, og dermed til å etablere den globale posisjonsramma som all stadfesting er avhengig av. Det er mellombelse utfordringar med radioforstyrringar i Ny-Ålesund, som gjer at ikkje alle måleseriane kan nyttast i den vidare produksjonskjeda for berekning av det geodetiske rammeverket for jorda.

Det har vore krevjande å få på plass lasermålingsinstrument (SLR) i Ny-Ålesund, då ein er avhengig av framdrifta i eit større amerikansk prosjekt der Ny-Ålesund er det einaste ikkje-amerikanske anlegget. Dei første delane av dette instrumentet er montert i Ny-Ålesund.

Vidare har det vore noko større utfordringar knytt til grunnforholda enn venta, grunna smelting av permafrosten.

Prioriteringar og budsjettforslag for 2025

I 2025 kjem fleire av dei siste delane til SLR på plass. Vidare skal det mellom anna gjerast ein jobb med å rette opp gangbanane mellom instrumenta, sidan desse er blitt skeive på grunn av tininga av permafrost. Vidare skal nokre arbeidslokalar settast i stand.

Det blir foreslått å løyve 33,3 mill. kroner.

Prosjektet, som no er forventa å vere ferdig i 2026, har ei kostnadsramme på 423 mill. kroner per 1. juli 2024, jf. vedlegg 3 med oversikt over gjeldande oppmodingsvedtak frå tidlegare år. Det er venta at prosjektet vil overstige kostnadsramma noko, hovudsakleg grunna valutasvingingar og meir krevjande grunnforhold enn venta.

Kap. 3595 Statens kartverk

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

01

Gebyrinntekter tinglysing

439 884

477 700

464 700

02

Sal og abonnement m.m.

165 957

149 106

168 074

03

Samfinansiering

210 488

204 439

217 840

04

Sal av anleggsmiddel

1 500

Sum kap. 3595

817 829

831 245

850 614

Post 01 Gebyrinntekter tinglysing

På posten blir det ført inntekter knytt til gebyr for rettsregistrering av burettar og tinglysing i fast eigedom. Gebyra er fastsett i forskrift.

Omfanget av gebyrinntekter er i hovudsak gitt av omsetninga i bustadmarknaden. Det er større usikkerheit rundt desse prognosane i åra framover. Inntektene frå gebyra blir foreslått redusert med 49 mill. kroner, grunna lågare omsetning i eigedomsmarknaden.

For å finansiere utvikling av betre IT-sikkerheitssystem for matrikkel og grunnbok blir det foreslått å auke tinglysingsgebyra med om lag 8 pst., tilsvarande ei inntektsauke på 36 mill. kroner. Sjå omtale under kap. 595, post 01.

Samla blir det foreslått å løyve 464,7 mill. kroner.

Staten sine utgifter til tinglysing og matrikkel er i forslag til statsbudsjettet for 2025 på om lag 575 mill. kroner. Grunna enkelte mellombelse prosjekt, mellom anna satsingar på matrikkelen, bereknast no statens utgifter til tinglysing og matrikkel samla sett å vere om lag 110 mill. kroner høgare enn inntektene frå tinglysingsgebyra for året 2024 isolert sett.

Post 02 Sal og abonnement m.m.

På posten blir det ført inntekter frå ulike sal og abonnement i Kartverket. Inntektene er i hovudsak knytte til sal av posisjonstenester, mellom anna CPOS, og sal av geodata. I tillegg kjem inntekter knytte til internasjonalt arbeid, betaling for delar av Kartverkets arbeid med formidling av elektroniske sjøkart (PRIMAR) og diverse andre sjøprodukt.

Salet i 2023 var godt, mellom anna på grunn av auka etterspørsel etter posisjonstenester til nye føremål.

Posten blir foreslått auka med 13,3 mill. kroner som følje av auka inntekter knytt til ei rekke pågåande prosjekt i Kartverket og Electronic Chart Centre AS (ECC), deriblant inntekter i PRIMAR.

Det blir foreslått å løyve 168,1 mill. kroner.

Post 03 Samfinansiering

På posten blir det ført inntekter knytte til tidsavgrensa prosjekt i Kartverket som skal samfinansierast. Inntektene frå samfinansiering kjem frå statsetatar, kommunar og private aktørar. Dette er hovudsakeleg kartleggingsprosjekt, der Kartverket leiar arbeidet og i nokre tilfelle òg utfører arbeidet sjølv. Inntektene er mellom anna knytte til kartleggingssamarbeidet Geovekst, vedlikehald av Felles kartdatabase (FKB) og omløpsfotografering.

Det blir foreslått ei auke på 5,6 mill. kroner, mellom anna knytt til større deltaking i Geovekst-samarbeid. Dette kan sjåast som eit uttrykk for auka etterspørsel frå kommunar og statsetatar etter geodata.

Det blir foreslått å løyve 217,8 mill. kroner.

Post 04 Sal av anleggsmiddel

I 2023 vart det selt eit mindre bygg for posisjonsinstrument på Værnes for 1,5 mill. kroner. Midlane vart nytta til innkjøp av nye instrument. Det er ikkje planlagt nokre sal i 2025.

Kap. 5635 Electronic Chart Centre AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

85

Utbytte

5 391

3 000

3 000

Sum kap. 5635

5 391

3 000

3 000

Post 85 Utbytte

Departementet tok over eigarstyringa av Electronic Chart Centre (ECC) frå 2022. Selskapet låg tidlegare under Nærings- og fiskeridepartementet. Hovudaktiviteten til selskapet er distribusjon av elektroniske sjøkart (ENCar) for det internasjonale PRIMAR-samarbeidet som Kartverket er operatør for. Frå 2022 har ECC eit sektorpolitisk mål om sjøsikkerheit.

I 2023 vart det utbetalt 5,4 mill. kroner i utbytte. Framover vil ECC måtte prioritere midlar til vedlikehald og oppgradering av eksisterande løysingar.

Det blir foreslått 3 mill. kroner i anslått utbytte i 2025. Endeleg utbytte blir avklart etter at selskapets årsregnskap for 2024 er kjent.

Fotnotar

1.

Innsatssona i Finnmark og Nord-Troms omfattar alle kommunane i Finnmark, samt sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord). Innsatssona vart tidlegare kalla tiltakssona. For meir informasjon sjå del III Nordområdepolitikken.

2.

Dei ulike ordningane brukar ulike omgrep i måling og rapportering. Verdiskaping er verdien av verksemda sitt ferdige produkt minus vareinnsats. Omsetning er summen av verksemda sine inntekter og er det same som salsinntekt.

3.

Enten målt ved del kvinnelege leiarar/eigarar eller ved Innovasjon Noreg sin indikator «kvinneretta», sjå Innovasjon Noreg sin oppdragsgivarrapport 2023 s. 291 for definisjon.

4.

Ulike ordningar har ulikt innhald. For ordningar som tildeler tilskot eller lån blir totale tilsegn rapportert. For ordningar som inneheld tenester blir prosjektmidlar, tenestekjøp og tenestetilskot rapportert. For låneordningar er tildelte tilsegn høgare enn løyvingane fordi det berre er tapsavsetninga som reknast som kostnad.

5.

Resultata i ordninga vart rapportert i Innovasjon Noregs oppdragsgivarrapport 2023, i tillegg til eksterne evalueringar av ordningane.

6.

Positiv miljøeffekt definerast og klassifiserast av Innovasjon Noreg i tråd med EU sin taksonomi for berekraftsmåla, sjå oppdragsgivarrapporten s. 291. Rapporteringa på miljø og berekraft er under utvikling og tala for 2023 er ikkje direkte samanliknbare med tala for 2022. Sjå omtale hos Nærings- og fiskeridepartementet under programkategori 17.20.

7.

Målverksemd blir definert som kvar verksemd eller næringsdrivande som mottek innovasjonsrådgiving og/eller støttetenester til redusert pris frå programselskapet. Målverksemda skal alltid vere eit norsk SMB. Målverksemda blir tilknytt næringshagen gjennom ein målverksemdavtale og skal ha ein utviklingsplan.

8.

Taksonomien for bærekraftig økonomisk aktivitet – regjeringen.no

9.

Jordell, H, & Røtnes, R. (2024) Følgeevaluering av kompetansepiloter – sluttrapport. Samfunnsøkonomisk analyse.

10.

Historier fra Kolarctic CBC – Interreg.no

11.

Verkeområdet for distriktspolitisk grunngitt investeringsstøtte er fastsette av departementet og godkjend av ESA i samsvar med EU sine retningslinjer om regionalstøtte.

12.

Galakse der det sentrale området strålar svært kraftig.

Til forsida