1 Den breie distriktspolitikken
Omtalen skal vise statleg innsats og tiltak under departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.
Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikta, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
For 2025 foreslår regjeringa at det blir løyvd om lag 1,6 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som i forslaget for 2025 utgjer om lag 73,1 mrd. kroner. Dette er ein auke på 6,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2024.
Tiltaka er delte i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngiving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut, for å oppnå likeverdige tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område, eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetting eller busetting i distriktsområde.
Økonomisk politikk utgjer om lag 43 pst. av innsatsen. Den differensierte arbeidsgivaravgifta er det største enkelttiltaket, med eit anslått provenytap på 24,3 mrd. kroner i 2025.
Økonomisk politikk
Tabell 1.1 Økonomisk politikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor | FIN | A | inntektstap | 12 000 000 | 12 600 000 | 13 200 000 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor | FIN | A | inntektstap | 10 200 000 | 10 700 000 | 11 100 000 |
Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.2 viser tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er òg tatt med.
Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.
Tabell 1.2 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Pristilskot mjølk | LMD | A | 1150/73.13 | 729 700 | 975 354 | 1 496 782 |
Pristilskot grøntsektoren | LMD | A | 1150/73.17 | 288 400 | 311 800 | 342 752 |
Pristilskot kjøt | LMD | A | 1150/73.15 | 1 707 435 | 1 737 183 | 1 805 207 |
Distriktstilskot egg | LMD | A | 1150/73.16 | 5 500 | 6 081 | 6 081 |
Driftstilskot mjølk og kjøt | LMD | B | 1150/74.11 | 2 483 700 | 2 796 500 | 2 925 113 |
Tilskot husdyr | LMD | B | 1150/74.14 | 4 069 645 | 4 720 230 | 4 959 373 |
Pristilskot ull | LMD | B | 1150/73.11 | 108 000 | 110 700 | 118 440 |
Areal- og kulturlandskapstilskot | LMD | B | 1150/74.17 | 4 751 000 | 5 567 300 | 6 072 052 |
Frakttilskot | LMD | B | 1150/73.18 | 446 500 | 528 200 | 559 700 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk | FIN | B | inntektstap | 810 000 | 810 000 | 810 000 |
Til gjennomføring av reindriftsavtala | LMD | B | 1151 | 180 170 | 200 000 | 225 000 |
Tiltak for berekraftig reindrift | LMD | B | 1142/71 | 3 395 | 5 286 | 5 926 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 12 000 | 12 000 | 12 000 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | LMD | B | 1150/50 | 170 000 | 200 000 | 220 000 |
Tilskot til drenering | LMD | B | 1150/50 | 68 000 | 142 000 | 148 000 |
Tilskot til dyreavl m.m. | LMD | B | 1150/77.11 | 106 245 | 117 075 | 147 496 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LMD | B | 1150/74.19 | 786 100 | 1 006 100 | 1 106 100 |
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | LMD | B | 1150/50 | 1 150 500 | 1 220 500 | 1 275 500 |
Regionale tilretteleggingsmidlar1 | LMD | B | 1150/50 | 40 000 | 41 000 | 61 000 |
Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD | FIN | A | inntektstap | 270 000 | 290 000 | 290 000 |
Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte | FIN | A | inntektstap | 170 000 | 200 000 | 200 000 |
Høgare avskrivingssats for husdyrbygg | FIN | B | inntektstap | 40 000 | 40 000 | 40 000 |
Skogfondsordninga | FIN | B | inntektstap | 220 000 | 230 000 | 230 000 |
Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar | FIN | B | inntektstap | 60 000 | 60 000 | 60 000 |
Låg skogfaktor i formuesskatten | FIN | B | inntektstap | 8 500 | 9 000 | 9 000 |
Rentestøtte – utbetalingar | LMD | B | 1150/50 | 30 000 | 40 000 | 35 000 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | LMD | B | 1150/50 | 232 000 | 222 000 | 237 000 |
Skogbruk | LMD | B | 1150/50 | 260 000 | 270 000 | 275 000 |
Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond | NFD | B | 952/70 | 8 171 | 8 159 | 8 410 |
Tilskot til kommunar og fylkes- kommunar2 | NFD | B | 919/60 | 1 409 600 | 1 197 000 | 1 244 000 |
Tilskot til kommunale ungdomsfiskeprosjekt3 | NFD | B | 919/61 | 2 400 | 2 131 | 2 214 |
Tilskot for kompensasjon for CO2 – avgift | NFD | B | 919/73 | 346 800 | 346 800 | 500 400 |
Tilskot til næringstiltak i fiskeria | NFD | A | 919/75 | 26 806 | 22 105 | 22 945 |
Testfasilitetar i distrikta | NFD | B | 2426/71 | 177 322 | 214 342 | 218 487 |
Særskilt frådrag for fiskarar | FIN | B | inntektstap | 270 000 | 270 000 | 270 000 |
Berekraftig matproduksjon i nord | LMD | B | 1150/50 | 17 000 | 17 000 | 25 000 |
Fjellandbruket | LMD | B | 1150/50 | 2 074 | 3 000 | 3 000 |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | LMD | B | 1150/50 | 14 700 | 14 700 | 15 000 |
Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving | LMD | B | 1150/50 | 14 000 | 14 000 | 0 |
1 Auken skuldast delvis at tilskotsramma for regionale kompetansemidlar på 14 mill. kroner er innlemma i ordninga.
2 Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.
3 Flytta frå kap. 900/75 til kap. 919/61 i 2023.
Infrastruktur
Satsing på samferdsel handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnadar og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsel er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.
Tabell 1.3 viser fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgje av avstandsulemper. Tabellen viser òg tiltak til førebygging og krise- og hastetiltak i samband med flaum og skred.
I tillegg til tiltaka omtalte i tabellen er samferdselsbudsjettet generelt, og særleg riksvegløyvingane og tilskot til ferjedrifta, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper. Regjeringa foreslår å vidareføre satsinga med gratis ferjer og reduserte ferjetakstar i 2025.
Tabell 1.3 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Kjøp av innanlandske flyruter | SD | B | 1310/70 | 925 398 | 1 934 600 | 2 425 147 |
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka | SD | B | 1320/61 | 414 000 | 376 000 | 450 700 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport | SD | B | 1320/64 | 31 211 | 22 400 | 1 500 |
Tilskot til fylkesvegar1 | SD | B | 1320/65 | 500 900 | 415 300 | 0 |
Tilskot til skulevegar og nærmiljø | SD | B | 1320/66 | 21 102 | 23 600 | 40 000 |
Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes | SD | B | 1330/70 | 960 263 | 1 240 300 | 1 228 400 |
Kjøp av posttenester | SD | B | 1370/70 | 1 448 367 | 1 680 600 | 1 890 500 |
Tilskot til breibandutbygging | DFD | B | 1541/60 | 376 152 | 400 031 | 415 632 |
Tilskot til telesikkerheit og -beredskap2 | DFD | B | 1543/70 | 237 376 | 187 992 | 195 136 |
Funksjonell internettilgang og telefonteneste til alle | DFD | B | 1543/71 | 0 | 10 573 | 5 975 |
Tilskot til fiskerihamneanlegg3 | NFD | B | 916/60 | 35 005 | 77 492 | 80 514 |
Tilskot til effektive og miljøvenlege hamner3 | NFD | B | 916/71 | 69 054 | 123 950 | 128 660 |
Flaum- og skredførebygging | ED | B | 1820/22 | 348 216 | 332 000 | 353 000 |
Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar4 | ED | B | 1820/25 | 122 463 | 200 000 | 100 000 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | ED | B | 1820/45 | 22 087 | 29 000 | 32 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | ED | B | 1820/60 | 39 116 | 105 000 | 100 000 |
Tilskot til krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar4 | ED | B | 1820/61 | 100 000 | ||
Fordeling av inntekt frå avgift på vindkraft4 | ED | B | 1820/62 | 70 237 | 338 000 | 371 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | ED | B | 1820/72 | 4 000 | 6 000 | 0 |
Tilskot til utjamning av overføringstariffar | ED | B | 1820/73 | 20 000 | 18 000 | 18 000 |
Tilskot til energitiltak i kommunale bygg | ED | B | 1825/60 | 300 000 | 300 000 | |
Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket | LMD | B | 1149/71 | 64 498 | 54 223 | 53 605 |
Tilskot til grøn skipsfart5 | KLD | B | 1420/62 | 32 702 | 56 625 | 34 027 |
1 Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2025 å avvikle tilskotsordninga og innlemme tilskotet i rammetilskotet til fylkeskommunane.
2 Tilskotet våren 2022 auka med 55 mill. kroner, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Auken er innarbeidd i sum for 2022.
3 Flytta frå kap. 1360 til. kap. 970 i 2022 og endra til kap. 916 i 2023.
4 Endringar vårsesjonen 2024: Ved Stortingets vedtak 21. juni 2024 vart kap./post 1820/25 redusert med 100 mill. kroner, og kap./post 1820/62 med 59,37 mill. kroner. Kap./post 1825/60 vart auka med 50 mill. kroner og det vart løyvd 100 mill. kroner på post 61, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
5 I tillegg blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 424,5 mill. kroner, av dette er 200 mill. kroner til å styrkje hurtigbåtprogrammet.
Velferd, oppvekst, sikkerheit, rettstryggleik og miljø
Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.
Viktige tiltak er tilskot som skal medverke til å styrkje stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. På kulturområdet viser tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytte til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet. Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.
Det er i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 gitt auka løyving til eit løft for rettstryggleiken, mellom anna for å sikre nærleik til domstolane og dermed god rettstryggleik i heile Noreg. Tiltaka blir foreslått vidareførte i 2025. Satsinga inneber auka løyving til domstolane og andre aktørar og instansar, inkludert Kontoret for valdsoffererstatning i Vardø.
Regjeringa foreslår å etablere ei ny gjeldssletteordning i Lånekassen for personar som er busette og arbeider i distrikta. Regjeringa foreslår å løyve 13 mill. kroner til å utvikle ordninga i 2025.
Tabell 1.4 Velferd, oppvekst, sikkerheit, rettstryggleik og miljø
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Tilskot til apotek1 | HOD | B | 717/70 | 5 025 | 5 434 | |
Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta | HOD | B | 760/71 | 5 036 | 6 000 | 6 200 |
Fraktrefusjonsordning for legemiddel1 | HOD | B | 717/70 | 3 415 | 3 800 | |
Sjukestovefinansiering, Finnmark2 | HOD | A | 732/70 | 11 000 | 11 700 | 12 230 |
Tilskot LIS1-stillingar2 | HOD | B | 732/70 | 267 600 | 285 050 | 397 500 |
Tilskot til legevaktordning i distrikta | HOD | A | 760/60 | 51 200 | 70 000 | 72 100 |
Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg | KUD | A | 323/60 | 24 386 | 25 400 | 26 390 |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar | KUD | B | 323/70 | 2 751 601 | 2 852 495 | 3 045 520 |
Det nasjonale museumsnettverket | KUD | B | 328/70 | 2 393 613 | 2 523 800 | 2 615 711 |
Riksteateret | KUD | B | 323/01 | 102 459 | 105 740 | 106 760 |
Riksteateret – turneverksemd | KUD | B | 323/21 | 62 469 | 70 000 | 72 000 |
Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane) | KUD | B | 325/01 | 71 643 | 68 457 | 69 300 |
Regionale kulturfond | KUD | B | 325/60 | 75 000 | ||
Regionale filmtiltak m.m. | KUD | A | 334/73 | 118 088 | 145 000 | 150 400 |
Film- og dataspeltiltak | KUD | A | 334/78 | 32 184 | 39 265 | 39 010 |
Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt | KLD | B | 1420/72 | 141 837 | 148 878 | 148 878 |
Tilskot til rovvilttiltak | KLD | B | 1420/73 | 78 590 | 73 898 | 76 706 |
Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturmiljøområdet | KLD | B | 1429/77 | 11 150 | 7 986 | 12 148 |
Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane3 | KLD | B | 1420/61 | 152 504 | 283 800 | 173 300 |
Tilskot til bustadtiltak i distrikta4 | KDD | A | 581/78 | 8 500 | 21 000 | 21 000 |
Tilskot til tilpassing og etablering i distriktskommunar | KDD | A | 581/72 | 17 000 | ||
Ytterlegare redusert makspris i barnehage i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 | KDD | A | 571/60 | 72 340 | 173 677 | |
Pilot for desentralisert politiutdanning i Alta | JD | B | 442/01 | 7 500 | 15 500 | |
Styrking av intensivberedskap ved Kirkenes sjukehus | HOD | A | 732/70 | 15 000 | 15 700 | |
Rekrutterings- og samhandlingstilskot | HOD | B | 732/70 | 40 000 | 286 000 | |
Endringar i domstolstrukturen – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 20245 | JD | A | 410/01 | 50 300 | ||
To embetsdommarar ved kvar rettsstad – vidareføring av auken i revidert nasjonalbudsjett 20245 | JD | A | 410/01 | 10 800 | ||
Styrke Kontor for valdsoffererstatning i Vardø5 | JD | 473/01 | 4 000 | |||
Tilsynsråd for kriminalomsorga – etablering av sekretariat i Vardø5,6 | JD | 473/01 | 12 500 | |||
Tilskot til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark | LMD | B | 1143/70 | 14 000 | ||
Beredskapslager matmjøl | LMD | B | 1143/71 | 1 000 | ||
Gjeldssletteordning i distriktskommunar | KD | A | 2410/01 | 13 000 |
1 Summen for 2025 blir avklart i tildelingsbrev.
2 Det blir ikkje ført rekneskap for enkelttilskot på kap. 732, post 70. Tala viser løyving frå HOD i 2023.
3 I tillegg blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 444,8 mill. kroner, av dette er 8 mill. kroner til å inngå nye tilsegn.
4 Tilskot til bustadtiltak blir budsjettert med løyving, tilsegnsramme og tilsegnsfullmakt. I første halvdel av 2024 har Husbanken gitt tilsegn om 21 mill. kroner i tilskot til bustadtiltak i distrikta. I 2025 skal minst 21 mill. kroner av tilsegnsramma på 38,9 mill. kroner gå til bustadtiltak i distriktskommunar.
5 Tala viser auken samanlikna med saldert budsjett 2024.
6 Løyvinga på 12,5 mill. kroner gjeld heile tilsynsrådet (nasjonalt), inkludert etableringa av sekretariat.
Spesielle tiltak for innsatssona i Nord-Troms og Finnmark fylke
Tabell 1.5 viser ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for innsatssona i Nord-Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgivaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.1.
Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 800 000 | 820 000 | 870 000 |
Særskilt frådrag i alminneleg inntekt (Finnmarksfrådraget)1,2 | FIN | A | inntektstap | 250 000 | 350 000 | 365 000 | |
Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1,2 | FIN | A | inntektstap | 70 000 | 0 | 0 | |
Låg sats og fritak for el-avgift i innsatssona | FIN | A | inntektstap | 530 000 | 486 000 | 500 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i innsatssona i Troms og Finnmark fylke | FIN | A | inntektstap | 900 | 1 000 | 1 000 | |
Utdanning | Ettergiving av utdanningslån | KD | A | 2410/73 | 179 236 | 178 215 | 179 789 |
Ettergiving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i innsatssona i Troms og Finnmark fylke | KD | A | 2410/73 | 7 572 | 5 764 | 7 572 | |
Gratis barnehagar | KDD | A | 571/60 | 77 200 | 151 871 | 130 921 |
1 Samspelsverknader i LOTTE-Skatt gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn summen av tiltaka kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til høvesvis 1 170 mill. kroner, 1 240 mill. kroner og 1 305 mill. kroner for 2023, 2024 og 2025.
2 Lågare sats trinn 3 i trinnskatten er fjerna frå 2024, og Finnmarksfrådraget vart samstundes auka frå 20 550 kroner til 30 000 kroner. Sjå Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.
På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for innsatssona. Tabell 1.6 viser fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 er nærare omtalte under programkategori 13.70.
Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 820 000 | 860 000 | 795 000 |
Rammetilskot til kommunar, Distriktstilskot Sør-Noreg | KDD | A | 571/61 | 837 275 | 874 619 | 833 224 |
Rammetilskot til kommunar, Distriktstilskot Nord-Noreg | KDD | A | 571/62 | 2 331 395 | 2 429 852 | 2 576 545 |
Rammetilskot til fylkeskommunar, Nord-Noreg-tilskot | KDD | A | 572/62 | 735 939 | 773 174 | 812 094 |