Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 500–595 og 2412 Inntektskapittel: 3500–3595, 5312, 5615, 5616 og 5635

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

6 Klima- og miljøpolitikk

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.

Fleire viktige verkemiddel og verktøy for å ta omsyn til klima og miljø ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet har mellom anna ansvar for plan- og bygningslova, samelova, kommuneøkonomi, lokalforvalting og regional- og distriktspolitikken. Gjennom vidareutvikling av desse verkemidla arbeider Kommunal- og distriktsdepartementet, i samarbeid med andre departement, for ein heilskapleg og effektiv klima- og miljøpolitikk.

Areal- og samfunnsplanlegging

Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruk av areala i Noreg, og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir ivareteke og kor mykje klimagassar som blir sleppt ut. Som planmyndigheit har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når dei nasjonale natur- og klimamåla, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng.

Nye utbyggingar av næring, bustader, fritidsbustader og infrastruktur kan føre til inngrep i naturen. Nokre av omsyna som må takast i arealplanlegginga er verknaden av foreslått arealbruk på naturmangfald, landskap, jordvern, friluftslivsinteresser, og samisk natur- og kulturgrunnlag. I regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal verknader for miljø og samfunn konsekvensutgreiast i tråd med regelverket om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiingar skal sikre at styresmaktene har eit godt og dekkande kunnskapsgrunnlag når planar blir vedtatt. Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar. Der planane får følgjer for naturmangfald eller vassmiljø, skal dei òg vurderast etter naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Areal- og samfunnsplanlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningslova kan vere med på å avgrense utslepp av klimagassar frå transport, arealbruksendringar, bygg og energibruk. Planar etter plan- og bygningslova skal ta klimaomsyn. Regjeringa arbeider med å vidareutvikle rettleiing og verktøy for å bidra til at klimaomsynet blir ivareteke, og har starta ei utgreiing av korleis omsynet til klima i plan- og bygningslova kan styrkjast. Meir omtale av dette går fram av regjeringa sin klimastatus og -plan som er vedlagd Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Regjeringa sine nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten, og skal vektleggast i all planlegging etter plan- og bygningslova. I dokumentet legg regjeringa mellom anna vekt på at planlegginga skal bygge opp under berekraftsmåla og dei nasjonale klima- og miljømåla. Grøn omstilling, jordvern og samfunnssikkerheit og beredskap er òg framheva som viktige tema. Det er lagt vekt på at planlegginga skal tilpassast regionale og lokale forhold. Dei konkrete føringane for korleis klima skal ivaretakast i planar går mellom anna fram av statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Regjeringa har foreslått ei revidering av dei statlege planretningslinjene, som har vore på høyring våren 2024. I forslaget til reviderte planretningslinjer går det tydelegare fram korleis klimaomsynet skal ivaretakast i planlegging og anna verksemd i kommunane, og ansvarsdelinga mellom forvaltingsnivå. Eit av føremåla med retningslinjene er å sørgje for at klimagassreduksjon, klimatilpassing, energi og natur sjåast i samanheng.

Kommunal- og distriktsdepartementet har òg revidert og hatt på høyring forslag til nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging våren 2024. Retningslinjene tek i større grad omsyn til lokale forskjellar og legg til rette for bustadbygging i heile landet. Dei nye retningslinjene for arealbruk og mobilitet skal fremme eit samfunn med låge utslepp gjennom utvikling av berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstader. Dei skal bidra til at vi planlegg slik at vi tek vare på kulturmiljø, og hindrar at dyrka mark, natur-, villrein- og friluftsområde og karbonrike areal blir bygd ned.

Arealplanlegginga er òg avgjerande for å førebygge framtidige skadar forårsaka av klimaendringar. Planstyresmakta må ta klimaomsyn gjennom tilpassing til framtidige klimaendringar, og legge dei høge klimaframskrivingane til grunn når dei vurderer korleis eit planområde vil bli påverka av framtidige klimaendringar.

Kommunal- og distriktsdepartementet arbeidar målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje planlegginga i kommunane. Rettleiingsarbeidet gjeld alle delar av planlegginga, med vekt på heilskapleg og berekraftig arealplanlegging der òg omsyn til miljø og klima blir ivareteke. I 2024 lanserte Kommunal- og distriktsdepartementet saman med Miljødirektoratet ein webinarserie for å rettleie om klima og natur i planlegging etter plan- og bygningslova.

Vidare har departementet gitt ut ein rettleiar om arealrekneskap i kommuneplan. Dette skal legge grunnlaget for felles metodikk for bruk av arealrekneskap i kommuneplanprosessar, som òg omfattar tema som natur og klima, og lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. Planar skal vere realistiske og gjennomførbare og arealrekneskap er eit verktøy som er nyttig for å kunne gjere vurderingar rundt disponering av areal og omsyn til klima og natur i kommuneplan. Det skjer mykje rundt bruk av ulike typar arealrekneskap i planprosessar, og dette er første versjon av rettleiaren. Framover vil departementet oppdatere rettleiinga.

Strandsona langs sjøen og langs vatn og vassdrag er viktig for naturmangfald, friluftsliv, næringsliv og busetnad. At miljøverdiar og allmenne interesser blir tatt vare på er eit viktig nasjonalt omsyn. Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen vart reviderte i 2021. I delar av landet er strandsona langs sjøen under stort utbyggingspress, og store delar av strandsona er lite tilgjengeleg. Her må det førast ein restriktiv praksis når det gjeld ny utbygging. Arealbruken i strandsona langs sjøen og i og langs vassdrag vurderast i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Mange enkeltinngrep i strandsona påverkar naturen og landskapet over tid, og reduserer kvalitetane til områdane. I store delar av landet er det mindre press på desse areala. Det blir derfor lagt til rette for ei meir differensiert forvalting av strandsona med større moglegheiter til næringsutvikling og busetting i spreiddbygde strøk langs kysten i sone 3 i planretningslinjene for strandsona. Arealbruken må i størst mogleg grad avklarast gjennom planlegging, og ikkje gjennom dispensasjonar.

Å legge til rette for god planlegging i kystnære sjøområde er òg eit tema som blir følgt tett opp. Sjølv om det har blitt utarbeidd rundskriv og rettleiar om planlegging i sjø, er det nødvendig å sjå vidare på arbeidsdelinga mellom arealplanar og behandling etter sektorlover. Erfaringar med planlegging i sjø blir følgt opp våren 2024 med ein rapport som gir konkrete råd om korleis planane og rettleiinga kan bli betre.

Kommunal- og distriktsdepartementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om plan- og bygningslova som verkemiddel for å ta vare på naturmangfald og oppfølging av dei regionale planane for villreinfjella. Villreinen er ein viktig del av norsk natur og kultur. Nesten heile den europeiske bestanden lever i Noreg, og vi har derfor eit særleg forvaltingsansvar. Klassifiseringar i 2022 etter kvalitetsnorm for villrein viser at tilstanden for villreinen er dårleg i alle kartlagde villreinområde. Kommunal- og distriktsdepartementet har bidratt i arbeidet med ei melding til Stortinget om villrein som vart sendt Stortinget i april 2024 og bidrar videre i arbeidet med tiltaksplanar. Det er òg samarbeid om oppfølging av naturavtalen og ny melding til Stortinget om natur, oppfølging av heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden og regionale planar etter vassforskrifta.

God planlegging er nøkkelen til berekraftig bruk og vern av fjell- og utmarksområda. Fritidsbustader og reiseliv er viktig for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg kome i konflikt med eksisterande næringar som reindrift og landbruk. Enkelte stader gir omfattande hyttebygging òg negative konsekvensar for friluftsliv, landskap og naturmangfald. Gjennom god planlegging kan fritidsbusetnad bli vurdert i eit regionalt perspektiv, og arealbeslaget avgrensast. Ny utbygging bør skje i tilknyting til eksisterande byggeområde og infrastruktur og tilpassast bygningar, landskap og terreng. Det er viktig å unngå ny, omfattande fritidsutbygging i viktige landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde og utbygging på myr. I fjellområda er det særleg viktig å ta vare på større, samanhengande område utan bygningar. Potensialet for fortetting eller utviding av eksisterande fritidsbustadområde bør vurderast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område, særleg der det er utbyggingspress. Ein bør unngå ny fritidsbusetnad i og over skoggrensa og på myr.

Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeida i 2022 ein rettleiar om planlegging av fritidsbustader. Rettleiaren klargjer prinsippa for god planlegging og vil bidra til å styrkje kommunane sin kompetanse på området. Kartlegging av tomtereserven for fritidsbustader utført av Norsk institutt for naturforskning (NINA) i 2022 viser at tomtereserven i gjeldande kommunale planar er svært stor (1 479 km2). Han viser òg kor tomtereserven ligg i høve til utvalde miljø- og samfunnstema. Rapporten er nyttig i kommunal og regional planlegging, og er eit døme på korleis ein kan få oversikt over planlagt arealbruk gjennom analysar av digitale plandata.

Bustad- og bygningspolitikk

Bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa står direkte og indirekte for ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg, og er òg den største enkeltkjelda til avfall. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavenleg materiale og ombruk av byggevarer.

Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvenlege. Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), som har i oppdrag å greie ut moglege krav i byggteknisk forskrift som kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert.

Regjeringa inviterte i 2023 byggenæringa til dialog om klimapartnarskap. Klimapartnarskapet skal vere ein arena for dialog om kva som skal til for å redusere klimafotavtrykket frå bygging. Mellom anna skal DiBK involvere næringa i arbeidet med utgreiing av moglege krav i byggteknisk forskrift, og prøve ut nye arbeidsmetodar, med tettare dialog undervegs. Regjeringa vil òg bidra med finansiering av eit arbeid i næringa som har kunnskaps- og kompetansebygging om redusert klimafotavtrykk frå bygging som formål.

Næringsutvikling og grøn omstilling i distrikta

Kommunal- og distriktsdepartementet forvaltar to næringsretta tiltak under distrikts- og regionalpolitikken som har miljø i målsettinga og rapporterer på miljøeffektar. Investeringstilskot for store grøne investeringar er ei investeringsordning retta mot berekraftige industriprosjekt med mål om klimaomstilling. Ordninga har krav om at alle prosjekt oppfyller krava til positiv miljøeffekt1. Ordningane under post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling har tiltak retta mot verksemder i region og distrikt. Innovasjon Noreg rapporterte at talet på tilsegn med positiv miljøeffekt for 2023 er 58 pst. for bedriftsutviklings- og investeringstilskot, 53 pst. for distriktsretta risikolån og 19 og 31 pst. for høvesvis distriktsretta og landsdekkande oppstartstilskot. Departementets næringsretta ordningar følgjer regjeringas hovudprinsipp for grøn dreiing av det næringsretta virkemiddelapparatet2.

7 Oppfølging av berekraftsmåla

Berekraftsmåla vart vedtatt av FNs medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Kommunal- og distriktsdepartementet hadde frå 2020 til og med 2023 ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla, noko som Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har tatt over frå 2024. I juni 2021 vart Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 presenterte Noreg sin andre rapport om nasjonal implementering av Agenda 2030 i FN. Kommunal- og distriktsdepartementet er òg koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtalar innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.2 Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Områdesatsingar er eit verkemiddel for å gjere ein ekstra innsats for tenesteutvikling og betre nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område. I 2024 vart områdesatsingane styrkt med 40 mill. kroner. Det vil bli inngått sju nye intensjonsavtalar i løpet av 2024, slik at det til saman er 14 kommunar med avtale om områdesatsing. Ei ekstern evaluering av områdesatsing som statleg verkemiddel er sett i gang, og rapporten skal leverast i februar 2025.

Delmål 1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å motverke effekten av auken i levekostnadar, mellom anna gjennom å auke bustøtta. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Frå desember 2021 til mars 2024 var regelverket mellombels endra, slik at opp til 25 000 fleire enn vanleg fekk bustøtte. Dei som fekk bustøtte, fekk i denne perioden òg ekstra utbetalingar i fleire omgangar, som hjelp til å dekke høge straumrekningar. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at alle bustøttemottakarar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, skal få lagt 590 kroner til buutgiftene kvar månad ved berekning av bustøtte. Tiltaket vart iverksett frå og med september 2024, med første utbetaling i oktober.

I tillegg vart det gjort ei rekke andre endringar i bustøtta i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det vart mellom anna vedtatt å auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner, og frå og med oktober 2024 skal inntekta til 18- og 19-åringar ikkje telje med i berekninga av bustøtte, viss dei ikkje er hovudperson i eige hushald.

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje klarar å skaffe og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.

Om lag tre firedelar av husstandane i Noreg bur i ein bustad dei eig sjølv. Husbanken sine startlån og lån til utleigebustader gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Husbanken blir 29 mrd. kroner for 2025. Låneramma går mellom anna til startlån og lån til utleigebustader for vanskelegstilte. Regjeringa vil òg gjere eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag.

Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei eit relevant og reelt læringsutbytte

Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer skulelosordninga som blir drifta av Oslo kommune. Skulelosane følgjer opp romske elevar som bur i Oslo, Lørenskog og andre nærliggande kommunar. Skulelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna i koordineringa mellom skulen, eleven og heimen.

Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet

Regjeringa arbeider kontinuerleg med å oppnå likestilling i det politiske livet og i leiande stillingar og verv spesielt. Som eit av dei første landa i verda innførte Noreg stemmerett for kvinner og rett til å stille til val ved kommunestyreval. Det var ein viktig milepæl for å bli eit fullverdig demokrati.

Etter lokalvalet i 2019 var delen kvinner i kommunestyra for første gang på 40 pst. i landsgjennomsnitt og 35 pst. av ordførarane i landet var kvinner. Ved lokalvalet i 2023 var det 41 prosent kvinner i gjennomsnitt i kommunestyra, og 37 prosent av ordførarane var kvinner. Utviklinga går rett veg, og Noreg har kome langt òg når det gjeld å bruke dei formelle rettane i praksis. Vi er likevel ikkje i mål når det gjeld kjønnsbalanse i politiske verv i lokalpolitikken. Det er store variasjonar mellom kommunane. For å få merksemd og bli meir bevisste om dette, har departementet laga eit representasjonsbarometer på regjeringa.no.3 For å skape merksemd om kjønnsbalansen i lokaldemokratiske organ og i leiande verv i lokalpolitikken fram mot nominasjonane til lokalvalet i 2023, relanserte departementet representasjonsbarometeret 8. mars 2022. Barometeret viser kjønnssamansetninga i kommunestyre og formannskap, og om ordføraren er kvinne eller mann, i alle kommunane i landet. I tillegg viser det delen kvinnelege kandidatar som partia ga stemmetillegg på vallistene til 2019-valet. Barometeret vil bli oppdatert med resultata frå 2023-valet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ved lokalvalet i 2023 var 42 pst. av alle kandidatane kvinner, mot 43 pst. i 2019. Blant kandidatane som fekk stemmetillegg av partiet, er 43 pst. kvinner, medan 33 pst. av kandidatane på førsteplass på listene er kvinner. Det er store variasjonar mellom partia når det gjeld kvinner både på listene som heilskap og på dei øvste plassane med stemmetillegg.

Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gi dei tilgang til finansielle tenester

Under berekraftsmål 8 har departementet fleire næringspolitiske verkemiddel retta mot utvikling av verksemder, innovasjon og sysselsetting over heile landet. Verkemidla gir verksemdene tilgang på kapital, rettleiing og nettverk, med mål om vekst i sysselsetting, lønnsemd og produktivitet. Fleire av ordningane har òg mål om å bidra til å realisere det grøne skiftet, og ruste norsk økonomi for framtida. Ordningane kan vise til gode resultat for økonomisk utvikling, innovasjon og sysselsetting, og mange prosjekt har konkrete resultat for kutt av klimagassutslepp, energieffektivitet og avfallsreduksjon.

Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

Regelverket på bygningsområdet (byggteknisk forskrift/TEK17 og byggesakforskrifta/SAK10) skal vere enkelt å forstå og bruke. Digitalisering av planprosessar er med på å legge til rette for meir effektive byggeprosessar. God flyt av digital data i verdikjeda er ei viktig målsetting. Gjennom digitalisering og vidareutvikling av regelverket, bidrar Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) til å omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar.

Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnader i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskap i og mellom land. Gjennom tilskot til fylkeskommunane ønskjer regjeringa å auke kompetansen hjå fylkeskommunane og kommunane i å planlegge for eit universelt utforma samfunn som ikkje diskriminerer fysisk og kognitiv funksjonsnedsetting. Statens kartverk mottek årleg tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit i kommunesentra og friområde for å gjere desse tilgjengelege for alle.

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut skilnader i levekår. Den statlege bustøtta skal sikre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I 2023 fekk i snitt 106 000 husstandar bustøtte kvar månad. Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Husbanken vidareformidlar startlån til kommunane, og i 2023 formidla kommunane startlån til om lag 7 830 husstandar. Barnefamiliar og personar med funksjonsnedsetting er prioriterte grupper for startlån.

Mykje tyder på at levekåra for den nasjonale minoriteten romar er langt dårlegare enn i befolkninga elles. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer Ressurssenteret, knytte til Romano Kher, som mellom anna skal bidra til at romar får likeverdige tenester gjennom helse- og sosialfagleg innsats.

Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer òg tiltak i Lørenskog kommune for å redusere utfordringane som romar opplever i møte med det kommunale tenesteapparatet og i nærmiljøet. I 2024 har kommunen vore opptatt av å nå barn og unge med tiltaka og legge til rette for god tilknyting til skulen.

Delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

Berekraftsmål 11 handlar om å gjere byar og lokalsamfunn trygge, robuste og berekraftige, og delmål 11.1 går ut på å sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader til ein overkommeleg pris. Regjeringa vil at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Gjennom bustadpolitikken vil regjeringa legge til rette for velfungerande bustadmarknadar slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Bustøtteordninga skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Startlån frå Husbanken gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og lån til utleigebustader frå Husbanken bidrar til fleire eigna utleigebustader. Husleigetvistutvalet bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad i heile landet gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter til leigetakarar og utleigarar. Husbanken har ein innsats for bustadutvikling i distriktskommunar. Husbanken skal òg medverke til å skaffe fleire eigna bustader til eldre, og har personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som ei prioritert målgruppe.

Det er ingen slumområde i Noreg, men nokre byar har område med opphoping av dårlege levekår. I 2024 vil staten samarbeide med 14 kommunar om ein ekstra innsats i gjennom områdesatsingar.

Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å leggje til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre

Gjennom arbeidet med byvekstavtalane vil regjeringa framleis satse på kollektivtransport, sykling og gonge i dei store byområda. Kommunal og regional arealplanlegging må sikre ein effektiv arealbruk og tilstrekkeleg bustadbygging i tråd med nullvekstmålet, og bidra til god by- og stadsutvikling. Regjeringa vil derfor arbeide med å få areal- og parkeringspolitikken betre integrert med anna verkemiddel i byvekstavtalane.

Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og leggje til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvalting i alle land

Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at òg barn, eldre og personar med funksjonsnedsetting kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.

Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

Klimaendringar fører til stigande temperaturar, meir nedbør og havnivåstiging, og aukar risikoen for naturfarer som flaum og skred, og oversvømmingar ved stormflo og overvatn ved ekstremnedbør. Sjølv om det er relativt få dødsfall i Noreg som følgje av naturkatastrofar, forårsakar naturhendingar som ras og flaum betydelege samfunnsøkonomiske tap kvart år. Klimaendringane vil føre til at konsekvensane ved naturfarer som flaum og skred vil auke i alvorsgrad framover, og det er behov for å gjere kommunane betre rusta til å ta omsyn til naturfarer i arealplanlegging og byggesak.

Tilgang til oppdatert informasjon og geografiske data er avgjerande for å ta omsyn til naturfarer i arealplanlegging. Regjeringa har etablert ei ordning om pliktig innmelding av geotekniske grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til offentlege register. Heimelen for dette er komen inn i ein ny paragraf 2-4 i plan- og bygningslova, som sett krav til innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til Noregs geologiske undersøking og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Lovendringa følgjer opp ei av tilrådingane frå Gjerdrumutvalet for å førebygge kvikkleireskred og vil gi betre kunnskap om grunnforhold og naturfarar.

Frå januar 2024 har kommunane fått betre verkemiddel for å sikre forsvarleg handtering av overvatn i byggesaker mv. etter plan- og bygningslova. Endringane gir kommunane heimel for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som det er bygd på. Føremålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn.

Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom

Gjennom tilskot frå Kommunal- og distriktsdepartementet gir Statens kartverk kommunar, fylkeskommunar og frivillige organisasjonar opplæring i kartlegging av tilgjengelegheit i kommunale offentlege uterom, friområde, parkar og områder i marka. Med denne kartlegginga blir manglar oppdaga og tiltak iverksett for å gjere alle desse områda tilgjengelege, og nokre òg universelt utforma. Denne kartlegginga vidareførast.

Regjeringa gir støtte til fylkeskommunane til opplæring i eigen organisasjon og for kommunane i universell utforming i planlegging, og bidrar slik til at samfunnet blir universelt utforma og får trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom.

Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar

Planlegging er det viktigaste verktøyet kommunen og fylkeskommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsette areal for utbygging i by og bygd. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir det lagt vekt på at fylkeskommunane og kommunane legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga. Departementet la i 2022 ut ei oppdatert rettleiing om korleis berekraftsmåla kan takast i bruk i planlegging etter plan- og bygningslova på nettsida planlegging.no.

Dei siste åra har Distriktssenteret arbeidd mykje med lokalt og regionalt arbeid for berekraftig samfunnsutvikling. Gjennom prosjektet Distriktskommune 3.0 vart rettleiaren enkelplanlegging.no lansert sommaren 2023 for å bidra til at planleggarar i små distriktskommunar tek gode val og har gode prosessar for planlegging i kommunen. I Prosjektet Plan for politikarar i Møre og Romsdal testar Distriktssenteret saman med Statsforvaltar og fylkeskommunen ut nye samarbeidsmåtar med distriktskommunar i fylket. Målet er at kommunane skal bli betre i stand til å utøve rolla som samfunnsutviklar i medhald av plan- og bygningslova, og ei sentral problemstilling er korleis få berekraft integrert i planlegginga. Det er utarbeidd fleire fagmodular og filmar som gir grunnleggande kunnskap om berekraftig planlegging på fleire område. Dette materiellet er relevant og tilgjengeleg for alle kommunar i heile landet.

Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte

Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg støttar arbeidet for robuste og berekraftige byar i dei minst utvikla landa gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og ulike FN-organisasjonar.

Delmål 12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

Bygg og byggeverksemd spelar ei rolle i å gjere økonomien meir fornybar, sirkulær og berekraftig. DiBK jobbar aktivt med å utvikle regelverket i byggteknisk forskrift (TEK17) og informere om regelendringar som tillét meir ombruk. Bruk av byggematerialar på ein måte som reduserer avfall på byggeplassen, handtering av avfall og digitale avfallsplanar er òg sentralt i DiBK sitt arbeid.

Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

Å fremje berekraftig byggeverksemd er ei prioritert oppgåve for DiBK. Regjeringa har gitt direktoratet i oppdrag å greie ut moglege krav i byggteknisk forskrift som kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert. Vidare gir Husbanken lån til å oppgradere og bygge miljøvenlege bustader, og regjeringa vil oppdatere kriteria for slike lån. Gjennom klimapartnarskap med byggenæringa blir det etablert dialog om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Endringar i plan- og bygningslova, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn, er døme på tiltak for å styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar.

For næringspolitiske verkemiddel har regjeringa innført prinsippet om at all støtte skal bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Prinsippet er implementert både strategisk og operativt. Kommunal- og distriktsdepartementet har fleire slike verkemiddel, som òg omfattast av arbeidet med å utvikle klassifisering og rapportering av berekraftige prosjekt i næringslivet.

Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

Moglegheita til å medverke i planprosessar styrkjer og utviklar lokaldemokratiet. Det sikrar at viktige omsyn kjem fram og gir den enkelte moglegheit til å påverke avgjerder om samfunnsutviklinga. Planprosessar som er opne og kan etterprøvast er dessutan viktig for tilliten mellom innbyggarar og styresmakter. Medverknad gir soleis betre planar, færre konfliktar og ei meir effektiv gjennomføring av vedtekne planar.

For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova, som vart sett i kraft 1. juli 2021, forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltingsnivå, òg kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene.

Styresmaktene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Dialogen mellom styresmaktene og organisasjonane skjer i Kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale styresmakter, gjennom årlege dialogmøte med organisasjonane enkeltvis og gjennom kontakt i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptekne av.

Delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunn som bygger på partnerskapane sine erfaringar og ressursstrategiar

Husbanken bidrar til mål 17, som handlar om å stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet gjennom sitt samarbeid med mellom anna kommunar, brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag, utbyggarar og andre velferdsdirektorat. Tverrsektorielt samarbeid på direktoratsnivå sikrar at kommunane får god informasjon og opplæring på det bustadsosiale feltet. Samarbeidet gjeld mellom anna innsatsen retta mot ulike utsette grupper på bustadmarknaden.

8 Nordområdepolitikken

Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske satsingsområde. Nordområda omfattar både innanriks- og utanrikspolitikk, og strekker seg over forvaltingsnivå, sektorar og landegrenser. Lange avstandar, aldrande befolkning og lågt folketal gjer det vanskeleg å oppretthalde eit variert tenestetilbod med god kvalitet i alle lokalsamfunn. For å gjere det meir attraktivt å bu i dei mindre kommunane i nord er samarbeid mellom sektorar og forvaltingsnivå viktig. Dette vil styrkje fagmiljø, forbetre kvaliteten på tenester og skape eit betre miljø å bu i. Samstundes må tenestene vere nær innbyggarane og næringslivet. I ei uroleg tid med auka interesse for nordområda, er internasjonalt samarbeid på tvers av landegrensene avgjerande. Det gir moglegheit til å utnytte felles ressursar meir effektivt, og styrkje infrastruktur, miljøvern og sikkerheit i regionen. Nordområdepolitikken til regjeringa er omtalt i Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida.

Kommunal- og distriktsdepartementet har hovudansvar for koordineringa av nordområdepolitikken til regjeringa. Arbeidet skjer i samarbeid med Utanriksdepartementet.

Busetting, tenester og tilgang på arbeidskraft

Busetting og aktivitet i Nord-Noreg har gjennom generasjonar medverka til arbeidsplassar og verdiskaping og gitt Noreg suverenitet over store område på land og til havs. Trygge lokalsamfunn i Nord-Noreg med tenester nær folk er eit grunnleggande mål for regjeringa.

Regjeringa har gjennom heile regjeringsperioden styrkt innsatsen i innsatssona. Innsatssona som omfattar alle kommunane i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord), har spesifikke personretta og økonomiske verkemiddel som skal skape ein meir attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i. Gjeldssletta av studielån er auka, gratis barnehage er innført, og Finnmarksfrådraget er nær dobla i perioden. I 2025 vil verkemidla i innsatssona kome på nær 2 mrd. kroner.

Regjeringa har inngått tre bygdevekstavtaler i Nord-Noreg, og er i prosess med ein fjerde avtale. Bygdevekstavtaler er eit distriktspolitisk verkemiddel som skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsliv i dei minst sentrale regionane i Noreg. Avtalene skal mellom anna legge til rette for å utvikle langsiktige samarbeidsformer. Saman med Husbanken blir det gjort forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel for bustadbygging i distriktskommunar. I tillegg blir det gitt særleg tilskot til bustadbygging i Finnmark. Tilskotet skal bygge opp under pågåande samarbeid mellom kommunane. Regjeringa skal inngå regionvekstavtale med Nordland fylkeskommune om grøn industriutvikling. Avtalen inneber ein ny måte å jobbe saman på, som tek utgangspunkt i årlege politiske samråd. Gjennom regionvekstavtaler ønskjer regjeringa å styrkje fylkeskommunen si rolle, både som samfunnsutviklar og som bindeledd mellom nasjonal politikk og lokal gjennomføring.

Regjeringa har sett i gang ni pilotar for nærtenestesenter. Fire ligg i Nord-Noreg. Saman med ulike statlege etatar skal dei utvalte kommunane teste ut korleis tilgangen til statlege publikumstenester kan bli betre i område med lange reiseavstandar. Regjeringa vil òg opprette 15 nye passkontor, der tre er lokaliserte i Nord-Noreg.

Transportsystemet i Nord-Noreg har utfordringar som er særskilde for landsdelen. Eit velfungerande transportsystem er viktig for å gjere arbeidskvardagen til innbyggarane enklare, men òg for å binde regionen saman med resten av landet, og som ei viktig transportåre til våre naboland. I mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036. Vegnettet har stor betyding for befolkninga og næringslivet i Nord-Noreg. Det går føre seg ein betydeleg utbyggingsaktivitet langs vegnettet i nord, som vil bidra til å auke framkomsten og sikkerheita, mellom anna langs E6 Helgeland sør i Nordland, E10 / rv. 85 Tjeldsund–Gullefjordsbotn–Langvassbukt i Nordland og Troms og E8 Sørbotn–Laukslett i Troms. Det er prioritert midlar til å vidareføre dei førebuande arbeida på prosjekt E6 Megården–Sommerset i Nordland med sikte på anleggsstart i 2025. Med budsjettforslaget er det lagt opp til prosjektstart på E45 Kløfta i Finnmark i 2025. Det er venta at anskaffingsprosessen og førebuande arbeid vil starte opp i 2025, med sikte på anleggsstart i 2026.

Lufthamnene og det regionale flyrutetilbodet spelar ei viktig rolle i den økonomiske utviklinga av næringslivet og busettinga i distrikta. Det er planlagt to store lufthamnprosjekt i Nordland: ny lufthamn Mo i Rana og flytting av Bodø lufthamn. Frå 1. april 2024 har regjeringa styrkt rutetilbodet på FOT-rutene, der maksimal billettpris er halvvert og setekapasiteten er auka der det er forventa auka etterspørsel. Kirkenes–Tromsø, er tatt inn i FOT-ruteordninga. Frå 1. august 2024 har regjeringa redusert maksimal billettpris på helikopterruta mellom Værøy–Bodø. Regjeringa har innført gratis ferjetilbod til øyar og lokalsamfunn utan vegforbindelse til fastlandet, der 33 ferjesamband er i Nord-Noreg.

Helse Nord har særskilde utfordringar, og har behov for endring og omstilling. I statsbudsjettet for 2024 vart det løyvd 240 mill. kroner til Helse Nord. I revidert nasjonalbudsjett 2024 vart løyvingane til Helse Nord auka med eit varig tilskot på 250 mill. kroner. Økonomien til Helse Nord er styrkt mellom anna for å kunne oppretthalde kirurgisk akuttberedskap i Narvik og Lofoten, styrkje samhandlinga mellom sjukehus og kommunar, og for å nå målet om redusert ventetid. Klinikk Alta er òg styrkt for å sikre fødetilbodet og for å styrkje poliklinikk, psykisk helsevern og andre dagtilbod. I samhandling med kommunen skal det utgreiast ei utviding av det indremedisinske tilbodet innan poliklinikk og dagbehandling i Alta. Regjeringa har i forslag til statsbudsjett 2025 vidareført desse løyvingane.

I Nord-Noreg er det eit stort behov for arbeidskraft. Dette gjeld særleg i yrke som er avgjerande for eit godt offentleg tenestetilbod, og innan fagområde som beredskap og sikkerheit. Gode arenaer for samarbeid mellom utdanning- og kompetansemiljø, arbeidsgivarar og dei som søkjer utdanning blir viktig. I 2024 vart det løyvd 10,3 mill. kroner for å styrkje fagskuletilbodet i Nord-Noreg gjennom studiesenteret i Kirkenes, studietilbodet ved Samisk høgskole og UiT Noregs arktiske universitet. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga i 2025. I revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det løyvd 7,5 mill. kroner til pilotutdanninga ved UiT Noregs arktiske universitet i Bardufoss. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til 15 mill. kroner i 2025. Stortinget løyvde til saman 17,6 mill. kroner til Samisk høgskole for å styrkje drifta, etablere ei samisk tolkeutdanning, utvide begynnaropplæringa i samisk språk og styrkje studietilbodet i 2024. I 2025 ønskjer regjeringa å auke løyvinga til Samisk høgskole med 8,1 mill. kroner.

Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning med forslag til endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning. Regjeringa foreslo mellom anna å avvikle dei nasjonale karakterkrava for opptak til sjukepleiarutdanning, og å opne for at universitet og høgskular kan få dispensasjon frå karakterkrav for opptak til lærarutdanningane. Tiltaka vil bidra til å få folk raskare i gang med høgare utdanning og sikre rekruttering til viktige profesjonar, òg i Nord-Noreg. Dei fleste endringane i meldinga vil tidlegast gjelde frå 2027, men endringane knytt til lærar- og sjukepleiarutdanningane vart iverksette av enkelte institusjonar allereie i lokale opptak til studieåret 2024–2025. Regionale kvotar som kvote for søkarar med tilknyting til Nord-Noreg, som kan bidra til å halde oppe busetting i distrikta og sørgje for at arbeidslivet får dekt kompetansebehova sine, blir vidareført som i dag.

Regjeringa har innvilga eit pedagogisk forsøk med grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10 ved Nord universitet. Ordninga skal gjere det lettare for små skular å rekruttere lærarar med undervisningskompetanse i fleire fag og på fleire trinn. Regjeringa har tildelt midlar til evaluering av ordninga for å dokumentere verknadane og dele erfaringane. I 2023 kunngjorde regjeringa at det skal opprettast eit nytt pilotprosjekt med desentralisert politiutdanning i Alta frå hausten 2025. Målet med prosjektet er å sikre stabil og god rekruttering til dei nordlegaste politidistrikta.

Beredskap og sikkerheit

Den alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa gjer nordområda si geografiske plassering til eit strategisk viktig operasjonsområde for Forsvaret. Regjeringa vil styrkje forsvarsbudsjettet med ei samla økonomisk ramme på 611 mrd. kroner over tolv år, jf. Prop. 87 S (2023–2024) Forsvarsløftet – for Norges trygghet. Det er ei betydeleg satsing på Forsvaret i Nord-Noreg, som får ringverknader for andre sektorar i landsdelen. Saman med regjeringa si distriktspolitiske satsing, vil dette kunne skape auka bu- og blilyst i og ved Forsvaret si verksemd.

Regjeringa styrkjer det militære nærværet i Nord-Noreg mellom anna ved ei utviding av landmakta. Finnmark landforsvar skal på sikt bli utvida til Finnmarksbrigaden, og Heimevernet si evne til operasjonar i Troms og i Finnmark styrkjast. Ramsund orlogsstasjon vidareførast og vidareutviklast som Sjøforsvaret si base i nord. Luftforsvaret skal bidra til at Forsvaret er leiande i NATO når det gjeld luftoperasjonar i nordområda. Forsvaret sine avdelingar i nord er heilt avhengige av robuste kommunikasjonsløysingar for å løyse oppdrag aleine og i tett samarbeid med allierte. Forutan ei kraftig satsing på IKT og romdomenet vil regjeringa òg styrkje Cyberforsvaret med fleire folk for å støtte nye avdelingar i nord. Andøya Space romsenter skal medverke til å støtte Forsvaret sine behov. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) skal etablere ei teknologi- og kunnskapsinsentiv satsing i Nord-Noreg. Satsinga heng saman med at Nord-Noreg er det strategisk viktigaste operasjonsområdet til Forsvaret.

For å styrkje redningsberedskapen i Nord-Noreg vart det etablert ein ny redningshelikopterbase i Tromsø frå 1. juli 2023. Hausten 2024 legg regjeringa fram ei stortingsmelding om totalberedskap. Stortingsmeldinga skal analysere strategisk viktige problemstillingar og presentere strategiske grep for arbeidet med motstandskraft og totalforsvar for dei neste fire åra.

Berekraftig og lønsamt næringsliv

Regjeringa fører ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk som legg til rette for aktivitet i heile Noreg. Målretta satsing på næringsutvikling, auka innovasjon, effektive klimatiltak, kunnskap og teknologi er nødvendig for å styrkje omstillingsevna og konkurransekrafta i nordområda. Det største verkemiddelet i Nord-Noreg er differensiert arbeidsgivaravgift. I innsatssona for Finnmark og Nord-Troms er det fritak frå arbeidsgivaravgift. I tillegg har næringslivet redusert sats i el-avgifta for all kraft som leverast. Det er heller ikkje meirverdiavgift på straum som leverast i innsatssona.

Regjeringa ønskjer at kommunar som stiller sine naturressursar til disposisjon skal få noko igjen. Grunnrente på havbruk og landbasert vindkraft vart innført i høvesvis 2023 og 2024, saman med auka produksjonsavgift. Dette gir gode inntekter til mange av kystkommunane i nord, og til vindkraftkommunar. Samstundes tar skattane vare på næringane sitt insentiv til investeringar.

Næringslivet i Nord-Noreg har gode føresetnader for å bidra i det grøne skiftet, både innan prosessindustri, energi og maritim næring. Innovasjon Noreg, Siva og Forskningsrådet har verkemiddel for forsking, utvikling og investeringar i desse sektorane, og arbeidet med «ein veg inn» til verkemiddelapparatet vil gjere tilbodet meir tilgjengeleg for verksemdene i nord. Regjeringa har òg forsterka innsatsen i Aust-Finnmark med middel til næringsutvikling og eit nytt verkemiddel for utvikling av næringslivet i dei ni kommunane.

Interreg-programma som gjeld i nordområda (Interreg Nordlig Periferi og Arktis og Interreg Aurora), har klima og miljø som viktige satsingsområde. Programma støttar samarbeid mellom FoU-institusjonar, offentlege aktørar og næringsaktørar i nordområda, og bidrar mellom anna til det grøne skiftet, kapasitetsbygging og utvikling av lokalsamfunn.

Nord-Noreg har nærleik til fiskeriressursar. For regjeringa er det viktig at den minste fartøygruppa framleis skal ha ei spesiell rolle i kvotesystemet for å ivareta busetting og sysselsetting i kystdistrikta. I Meld. St. 7 (2023–2024) Folk, fisk og fellesskap – en kvotemelding for forutsigbarhet og rettferdig fordeling la regjeringa fram ei rekke tiltak som vil styrkje rammevilkåra og kvotegrunnlaget til den minste fartøygruppa. Tiltaka i kvotemeldinga skal bidra til at fisken gir auka aktivitet, større verdiskaping og fleire heilårlege arbeidsplassar i lokalsamfunn langs heile kysten. Regjeringa foreslår å løyve midlar til kommunale næringsfond og omstilling til kystkommunar i Finnmark som no opplever utfordringar som følgje av nedgangen i kvotar.

Mykje av sysselsettinga og verdiskapinga i Finnmark, Troms og Nordland skjer i hovudsak langs kysten, og næringsverksemdene i landsdelen er avhengige av gode og trygge hamner og farleier. Regjeringa tok igjen over det statlege ansvaret for fiskerihamner frå fylkeskommunane frå 1. januar 2023, og har i den forbindelse styrkt tilskotsordninga for fiskerihamneanlegg. I 2024 har seks fiskerihamner i Finnmark og ei i Troms fått tilsegn. Vidare er det sett av midlar til oppstart av statlege investeringsprosjekt i Mehamn og Kjøllefjord fiskerihamner i Finnmark og Husøy fiskerihamn i Troms. Regjeringa vil prioritere prosjektet med å utbetre Vardø fiskerihamn, og legge det ut på anbod i 2025.

Gjennom olje- og gassaktivitetar på sokkelen blir nordnorsk leverandørindustri involvert gjennom leveransar av varer og tenester til sektoren. Verksemdene er lokaliserte langs heile kysten av Nord-Noreg. I regjeringsperioden er det tatt betydelege avgjerder om å investere i nye og eksisterande felt i Norskehavet og Barentshavet. Til dømes nye utbyggingsprosjekt tilknytte Norne, Skarv og Aasta Hansteen, og Johan Castberg-feltet er venta at snarleg settast i produksjon. Dette gir moglegheiter for leverandørindustrien og aktivitet, sysselsetting og ringverknader på land i Nord-Noreg. Det vil gi eit auka aktivitetsnivå i dei nordlege havområda, og bidra til eit meir stabilt grunnlag for leverandørverksemdene i ein lang driftsfase. Det skal framleis leggast til rette for utvikling av næringa, slik at den kan bidra til verdiskaping, sysselsetting og omstilling i Nord-Noreg, òg i åra framover.

I august 2023 godkjende regjeringa endra utbyggingsplanar for Snøhvit Future-prosjektet og gav konsesjon til ny 420 kV-leidning frå Skaidi til Hyggevatn i Hammerfest. Det inneber at Hammerfest LNG aukar uttaket frå overføringsnettet med 350 MW. Samstundes vart kraft- og industriløft i Finnmark lansert. Regjeringa sette som mål at det skal etablerast ny kraftproduksjon i Finnmark på nivå med det auka uttaket til Snøhvit Future innan 2030, og at ny infrastruktur for straum i Finnmark skal vere i drift innan 2030. Begge tiltaka er under føresetnad av konsesjonar.

Landbruk og landbruksbasert verksemd er viktig for verdiskaping og sysselsetting i mange kommunar i Nord-Noreg. I jordbruksavtala for 2024 vart partane samde om ein vesentleg auke, ut over satsinga dei to siste åra. Regjeringa skal styrkje tilskot som bidreg direkte til å betre produsentøkonomien i landsdelen. Regjeringa si satsing på berekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord blir auka med 8 mill. kroner til totalt 25 mill. kroner i 2025. Av desse midlane skal 5 mill. kroner gå til eit prosjekt for utprøving av eit teigbasert tilskot. Satsinga skal bidra til å styrkje sårbare produsentmiljø i Finnmark, Troms og Nordland, motverke bruksnedgang, auke arealbruken, heve kompetansen til landbruksnæringa og verdikjeda for mat, og dessutan utnytte regionale fortrinn og moglegheiter innan arktisk landbruk.

Reindriftsnæringa utnyttar marginale utmarksressursar i nordområda. Næringa er òg avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Reindriftsavtala for 2024–2025 styrkjer rammevilkåra for reindrifta, og vidarefører satsinga på dei som har reindrift som hovudverksemd. Regjeringa vil legge fram forslag til endringar i reindriftslova våren 2025, som skal ivareta ei berekraftig reindrift. Regjeringa vil vidare gjennomføre tiltaka i tiltakspakka for reindrift og energi, for å legge til rette for betre ivaretaking av reindrifta sine beiteareal.

Den planlagde etableringa av Statens fond i Tromsø vil gi viktige arbeidsplassar til Nord-Noreg og Tromsø. Føremålet med etableringa av fondet er å bidra til å bygge kapitalforvaltingsmiljø i Nord-Noreg. I tillegg kan det bli attraktivt for verksemder å etablere seg i nærleiken av ei slik eining. Det vart løyvd 15 mrd. kroner i kapitalinnskot til fondet i revidert nasjonalbudsjett 2024.

Internasjonalt samarbeid

Nordområda har lenge vore ein fredfull og stabil region, prega av samarbeid, gjensidig tillit og overhald av internasjonalt lovverk. Russland sin åtakskrig mot Ukraina endra føresetnadene for regionalt samarbeid i nord, og det bilaterale forholdet mellom Noreg og Russland. Kontakt med russiske styresmakter er redusert til eit minimum, medan samarbeidet med Noreg sine allierte er styrkt.

Arktisk råd og Barentsrådet er sentrale internasjonale forum for arktiske spørsmål, som over tid har vore viktige for tillitsbyggande kontakt og samarbeidsprosjekt i nordområda. Noreg har leiarskapet i Arktisk råd i perioden 2023–2025, med dei fire prioriterte områda «Hav», «Klima og miljø», «Berekraftig økonomisk utvikling» og «Folk i nord». Hausten 2023 melde Russland seg ut av Barentsrådet. I den samanheng er Noreg, Sverige og Finland i dialog om korleis samarbeidet skal vidareførast. Noreg har formannskapet i helsearbeidet under Barentsrådet i 2024–2025. Det vart løyvd 23,3 mill. kroner til helsesamarbeidet i nordområda i 2024.

I 2024 vart ansvaret for tilskotsmidlane som det norske Barentssekretariatet forvaltar overført frå Utanriksdepartementet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Ordninga forvalta av sekretariatet er innretta mot internasjonalt samarbeid mellom aktørar i Nord-Noreg og aktørar i finske og svenske regionar i nord, inkludert urfolkssamarbeid i heile Sápmi. Sekretariatet skal òg arbeide med å hente inn og samordne kunnskap frå aktørar i regionen. Målet med ordninga er å fremje samfunnsutvikling i Nord-Noreg mellom anna gjennom kunnskapsheving. Barentssekretariatet skal framleis støtte folk-til-folk-prosjekt med det russiske sivilsamfunnet, i den grad slikt samarbeid finn stad.

Svalbard

I mai la regjeringa fram Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard. Svalbardmeldinga signaliserer regjeringa sine mål og moglege tiltak på Svalbard, tilpassa samfunnsutvikling og andre relevante utviklingstrekk. Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i Svalbardpolitikken. Dei fem overordna måla for Svalbardpolitikken vart formulert i Stortingsmeldinga om Svalbard frå 1985, og har vore faste sidan då. Måla er:

  • Ei konsekvent og fast handheving av suverenitet.

  • Å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd.

  • Bevaring av ro og stabilitet i området.

  • Bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området.

  • Å halde oppe norsk samfunn på øygruppa.

Langsiktig forvalting av Svalbard er i tråd med dei stortingsforankra måla og medverkar til sikkerheit for befolkning, stabilitet, og ei føreseieleg utvikling i regionen.

Jan Mayen

Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde ved lag. Verksemda på Jan Mayen medverkar til norsk nordområdepolitikk, mellom anna innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytt til oppfølging av internasjonale plikter, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU og ein seismisk målestasjon for overvaking av avtalen om prøvestans. Forsvaret drifter Samfunnet Jan Mayen på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. I 2025 startar Forsvarsbygg bygginga av nytt hovudbygg, ny storgarasje og to naust slik at aktiviteten på øya kan vidareførast.

9 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder

Electronic Chart Centre AS

Lønskostnaden for administrerande direktør utgjorde 1 294 090 kroner i 2023. Andre ytingar utgjorde 16 299 kroner mens pensjonskostnaden var 155 291 kroner. Pensjonsordninga er sikra gjennom Statens Pensjonskasse. Det er ikkje avtalt noko etterlønsordning for administrerande direktør.

Kommunalbanken AS

Administrerande direktør fekk utbetalt fastløn på 3 544 000 kroner i 2023, og mottok i tillegg 289 000 kroner i resultatbasert variabel løn. Andre ytingar utgjorde 37 000 kroner. Pensjonskostnaden var 231 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel løn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadsløner og føreset at styrefastsette måltal er nådd.

Administrerande direktør har ei etterlønsavtale tilsvarande eitt års fastløn som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjersle til administrerande direktør går fram av lønsrapport for leiande tilsette i Kommunalbanken for 2023. Rapporten er publisert på Kommunalbanken si nettside.

10 Likestilling i verksemdene

Tabell 10.1 gir ei tilstandsrapportering om likestillingssituasjonen i Kommunal- og distriktsdepartementet og underliggande verksemder.

Kjønnsbalansen i departementet når ein ser alle stillingskategoriar under eitt, er 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. Departementet arbeider for lik løn mellom kjønna innan alle stillingskategoriar. Delen som arbeider deltid har gått opp både for kvinner og menn. Talet på mellombelse tilsette har auka noko både for kvinner og menn. Både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon og har høve til å tilpasse arbeidstida i småbarnsperioden. Framleis har kvinner noko høgare legemeld sjukefråvær enn menn.

For nærare omtale av dei underliggande verksemdene blir det vist til årsrapportane deira.

Tabell 10.1 Tilstandsrapportering i departementet og underliggande verksemder

Kjønnsbalanse

Kvinners løn i % av menn

Deltid

Mellom- bels tilsetting

Foreldre-permisjon (fordeling)

Legemeld sjukefråvær

M%

K%

Total

(kr/%)

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Kommunal- og distriktsdepartementet

2023

39

61

375

98,4

2,1

2,3

1,3

2,8

20

80

3,45,1

2022

39

61

393

94

1,5

2,2

1,2

2,2

25

75

3,5

4,1

Direktoratet for byggkvalitet

2023

40

60

92

92

0,4

0,6

0

0,6

0

100

1,1

5,5

2022

37

63

88

95

3

1,8

0

1,1

0

100

4

6

Distriktssenteret – kompetansesenter for distriktsutvikling

2023

32

68

28

101

3,7

0

3,7

0

0

100

0

9

2022

33

67

30

102

3,7

0

3,7

0

100

0

0

7,8

Husbanken

2023

48

52

285

91

4,4

8,8

2,9

1,4

37

63

2,5

5,8

2022

47

53

281

91

1

9,6

2,9

0,9

30

70

2,9

5,1

Husleigetvistutvalet

2023

25,7

74,3

35

87

0

7,7

11,1

7,7

11,1

7,7

0

8,2

2022

19

81

36

73

0

6,9

0

10,3

0

100

10,5

5,8

Internasjonalt reindriftssenter

2023

54

46

13

73,1

57,1

50

28,6

66,7

0

100

5,7

23,9

2022

50

50

8

63

50

50

17

83

0

0

0

0

Kartverket

2023

48,5

51,5

808

91

1,2

5,8

1,8

1,1

34,6

65,4

2,5

6,1

2022

47

53

807

89

2,1

6,3

1,9

2,4

44

56

2

5,2

Valdirektoratet

2023

66

34

32

106

0

0

9,1

13,3

100

0

0,3

1,3

2022

59

41

30

107

0

0

4,5

0

100

0

0,8

11,2

Fotnotar

1.

Definert av Innovasjon Noreg etter EUs taksonomi for berekraftsmåla, sjå Innovasjon Noregs oppdragsgiverrapport s. 291.

2.

Sjå Prop. 1 S (2024–2025) Nærings- og fiskeridepartementet, programkategori 17.20.

3.

Representasjonsbarometeret er tilgjengeleg på regjeringa.no: Kvinner i lokalpolitikken – 2019 – regjeringa.no.

Til forsida