13 Fritak for CO2-avgift på naturgass og LPG for kvotepliktige verksemder
I Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020 foreslo regjeringa å oppheve fritaket for CO2-avgift på naturgass og LPG til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar. Framlegget vart vedteke av Stortinget, men fleirtalet i finanskomiteen peika på at (jf. Innst. 3 S (2019–2020)):
«CO2-avgift og kvotesystemet er to likeverdige virkemidler som skal oppfylle det samme målet, og at norsk fastlandsindustri i utgangspunktet ikke bør være ilagt både kvoteplikt og CO2-avgift for samme utslipp. Flertallet ber regjeringen vurdere hvorvidt det finnes muligheter innenfor regelverket til å frita kvotepliktige virksomheter for CO2-avgift på naturgass mv.»
I Innst. 216 S (2019–2020), jf. Prop. 67 S (2019–2020), viser fleirtalet i finanskomiteen til denne merknaden og ber om at regjeringa følgjer opp saka seinast i Revidert nasjonalbudsjett 2020.
Departementet er i kontakt med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) om saka. ESA har for tida høgt arbeidspress og har førebels ikkje kunna behandle saka. Regjeringa vil kome attende til saka i budsjettet for 2021.
Frå 1. april 2020 er naturgass og LPG til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar igjen friteke for CO2-avgift. Regjeringa tek sikte på å gradvis trappe opp avgifta med 25 pst. i 2021, 50 pst. i 2022, 75 pst. i 2023 og full avgift frå 2024, jf. Prop. 70 LS (2019–2020) og Innst. 233 S (2019–2020).