6 Nye reglar for utsett betaling av skatt, avgift mv.
6.1 Innleiing og samandrag
I samband med virusutbrotet er det gjeve utsetjing med betaling av meirverdiavgift, forskotsskatt, arbeidsgjevaravgift og finansskatt på løn, vegbruksavgift på drivstoff, grunnavgift på mineralolje mv., avgift på smørjeolje, CO2-avgift på mineralske produkt, svovelavgift, avgift på alkohol, avgift på alkoholfrie drikkevarer og avgift på drikkevareemballasje. Skatteutsetjingane er i all hovudsak gjennomført ved at betalingsfristen er utsett for alle skatte- og avgiftspliktige. Utsetjingane er dermed rentefrie. Nær alle som driv verksemd, er omfatta av ei eller fleire av skatteutsetjingane.
Føretak med betalingsproblem som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka, bør framleis få moglegheit til å utsetje betaling av skatt og avgift. Ei lempeleg utsetjingsordning kombinert med ei normal marknadsrente, vil ivareta dette omsynet. Då vil det ikkje vere lønsamt for føretak utan likviditetsvanskar å bruke betalingsutsetjingsordninga, og ho vil i større mon verte ei ordning for føretak med likviditetsvanskar. Samstundes vil renter på skatteutsetjingar gje verksemder og næringsdrivande insentiv til å finne løysingar i marknaden for å dekkje deira likviditetsbehov.
Etter dagens reglar kan ein skuldnar få utsett betaling med renter etter skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og lov om Statens innkrevingssentral (SI-loven) § 8. Vilkåra for utsett betaling er strenge. Det må gjerast ei individuell vurdering av livssituasjonen, økonomien og betalingshistorikken til den enkelte skuldnar. Vidare skal det normalt reknast vanleg forseinkingsrente frå forfall og fram til betaling. Forseinkingsrenta i dag er på 9,5 pst.
Departementet foreslår å opne for ei meir fleksibel ordning for utsett betaling for krav etter skattebetalingsloven, og for krav som det kan gjevast utsett betaling for etter SI-loven § 8. Departementet foreslår at ordninga vert gjennomført ved nye forskriftsheimlar i skattebetalingsloven ny § 15-4 og SI-loven § 8 som opnar for at departementet kan gje føresegn om utsett betaling i økonomiske krisesituasjonar. Departementet foreslår at forskriftsheimlane òg skal opne for at departementet kan gje føresegn om nedsetjing av renter.
Forskriftene i medhald av lovheimlane skal gjelde førebels, og føresegnene i forskriftene skal berre gjelde for situasjonen dei skal avhjelpe. I medhald av lovheimlane vil departementet fastsetje ei forskrift om utsett betaling for dei som er råka økonomisk av virusutbrotet. Departementet foreslår at forskrifta skal opne for at utsett betaling kan verte gjeve i perioden 1. juli til 31. desember 2020.
Departementet foreslår at utsett betaling skal kunne gjevast med ei lågare rente enn forseinkingsrenta. Det vil vere svært ressurskrevjande for Skatteetaten å setje ned forseinkingsrenta etter søknad. Det vil krevje at renta vert rekna ut manuelt når perioden for utsett betaling er over, og hovudstolen er nedbetalt. For å unngå manuell utrekning av renta, vil departementet for perioden 1. juli til 31. desember 2020 fastsetje ei lågare forseinkingsrente for dei fleste skatte- og avgiftskrav, og for enkelte andre offentlege krav der rente skal reknast etter SI-loven § 7. Den lågare forseinkingsrenta vil gjelde utan omsyn til om skattytar søkjer om utsett betaling. Ei slik lågare forseinkingsrente kan departementet fastsetje i forskrift med heimel i skattebetalingsloven § 11-7, SI-loven § 7 tredje ledd og dokumentavgiftsloven § 2.
Departementet foreslår å setje den lågare forseinkingsrenta til 6 pst. per år.
Ordninga med ei lågare forseinkingsrente vil redusere behovet for skjematisk nedsetjing av renter etter søknad. Departementet legg difor til grunn at nedsetjing av renter etter søknad som hovudregel skal behandlast etter dei vanlege reglane for nedsetjing i skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og SI-loven § 8.
Departementet foreslår at det ikkje skal vere høve til å klage over avgjersle gjort i medhald av forskrift til skattebetalingsloven § 15-4 og SI-loven § 8.
Utsett innbetaling av skatter og avgifter aukar faren for mishald, noko som òg reduserer inntektene til staten. På den andre sida vil rente på skatteutsetjingane gje renteinntekter. Den samla verknaden på provenyet av framlegget er vanskeleg å fastslå. Departementet legg til grunn at renteinntektene svarer til rentetap og tapte skatteinntekter som følgje av mishald. Departementet legg òg til grunn at ordninga ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for Skatteetaten.
Departementet viser til framlegg om ny § 15-4 i skattebetalingsloven og endringar i SI-loven § 8.
Departement foreslår at endringane tek til å gjelde straks.
6.2 Gjeldande rett
Innkrevjingsstyresmakta kan i dag gje utsett betaling med renter av omsyn til skuldnar, jf. skattebetalingsloven § 15-1 og SI-loven § 8 første ledd bokstav a). Styresmaktene kan gje utsetjing dersom nokon på grunn av dødsfall, særlig alvorleg sjukdom eller «lignende årsaker», er mellombels ute av stand til å innfri sine skatte- og avgiftsskyldnadar, og det vil vere uhøveleg tyngande å halde fram med innkrevjinga. «Lignende årsaker» kan til dømes vere langvarig arbeidsløyse eller permittering.
Utsett betaling kan vidare verte gjeve av omsyn til det offentlege som kreditor, jf. skattebetalingsloven § 15-2 og SI-loven § 8 første ledd bokstav b) når skuldnar ikkje er i stand til å innfri kravet på vanleg måte, og tilbyr betaling som kan gje betre dekking enn fortsett innkrevjing. Betalingstilbodet må vere det beste skuldnaren kan tilby, og avgjerda om å gje utsett betaling må ikkje verke støytande eller vere eigna til å svekkje den allmenne betalingsmoralen. Etter føresegnene kan innkrevjingsstyresmakta gje utsett betaling for skuldnarar som har ei førebels likviditetsvanske på grunn av utbrotet av koronaviruset, dersom vilkåra for utsetjing er oppfylt.
Ved utsett betaling etter desse føresegnene skal det normalt reknast forseinkingsrente frå forfall og fram til betaling, jf. skattebetalingsloven § 11-1 og SI-loven § 7. Forseinkingsrenta skal setjast lik renta som er sett i medhald av forsinkelsesrenteloven. Denne renta er i dag på 9,5 pst. per år.
Sjølv om forseinkingsrenter normalt skal betalast, er det eit visst høve til å setje ned rentene etter skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og SI-loven § 8. Det er likevel strenge krav for å kunne gje utsett betaling og nedsetjing av renter etter desse føresegnene, og behandlinga av søknaden krev ei grundig vurdering hos innkrevjingsstyresmaktene.
Departementet kan etter skattebetalingsloven § 11-7 andre ledd gje reglar til utfylling og gjennomføring av skattebetalingsloven § 11-1, og kan derunder gje reglar om unntak frå plikta til å svare renter. Etter SI-loven § 7 tredje ledd kan departementet i forskrift gje reglar om at det for enkelte typar krav skal reknast rente etter ein lågare sats enn renta fastsett med heimel i forsinkelsesrenteloven, og etter dokumentavgiftsloven § 2 kan departementet gje forskrifter om betaling av renter av avgift som «blir erlagt for sent».
6.3 Vurderingar og framlegg
6.3.1 Renter på betalingsutsetjingar
Hittil har betalingsutsetjingar etter virusutbrotet vore rentefrie fordi betalingsfristen er utsett. Dette gjeld for forskotsskatt for sjølvstendig næringsdrivande (personlege skattytarar), forskotsskatt for selskap (upersonlege skattytarar), arbeidsgjevaravgift og finansskatt på løn, meirverdiavgift, vegbruksavgift på drivstoff, grunnavgift på mineralolje mv., avgift på smørjeolje, CO2-avgift på mineralske produkt, svovelavgift, avgift på alkohol, avgift på alkoholfrie drikkevarer og avgift på drikkevareemballasje.
Rente på betalingsutsetjingar vil motivere til innbetaling av forfalne krav, og er eit viktig verkemiddel i innkrevjinga. Renter på skatteutsetjingar vil òg gje verksemder og næringsdrivande insentiv til å finne løysingar i marknaden for å dekkje behovet deira for likviditet.
Utsetjinga av betalingsfristen for vegbruksavgift på drivstoff, grunnavgift på mineralolje mv., avgift på smørjeolje, CO2-avgift på mineralske produkt, svovelavgift, avgift på alkohol, avgift på alkoholfrie drikkevarer og avgift på drikkevareemballasje, følgjer opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 448 og 449 av 31. mars 2020, sjå Innst. 216 S (2019–2020). Utsetjingane gjeld for alle avgiftspliktige verksemder for desse avgiftene, og ikkje berre for drivstoffbransjen og bryggjerinæringa. I oppmodingsvedtak nr. 450 av 31. mars 2020 ber «Stortinget […] regjeringen vurdere behovet for utsettelse av innbetalinger for andre særavgifter.».
Etter departementet si vurdering er det ikkje behov for rentefrie utsetjingar for dei andre særavgiftene. Ei ordning med utsetjing mot ei rente, vil vere eit betydeleg meir målretta verkemiddel i høve til dei verksemdene som har eit faktisk behov for utsetjing, og som vil finne det føremålstenleg med ei utsetjing sjølv med ei rente. Generell rentefri utsetjing av betaling av avgift vil ikkje vere målretta mot dei som treng det.
Dei resterande vareavgiftene gjeld varer som kan vere lite påverka av virusutbrotet (tobakksavgifta, avgift på helse- og miljøskadelige kjemikalium, avgift på hydrofluorkarboner (HFK) og perfluorkarboner (PFK), avgift på sjokolade- og sukkervarer, sukkeravgift).
Eingongsavgift på motorkøyretøy vert betalt av den som melder køyretøyet til registrering. Det kan vere bilforhandlar eller privatpersonar. Ei rentefri utsetjing vil vere lite målretta i høve til bilforhandlarar som har eit likviditetsbehov. Departement foreslår at bilforhandlar med kreditt i staden, og etter behov, skal kunne søkje om utsett betaling mot rente. Det same gjeld vektårsavgift på tyngre køyretøy, der det er den registrerte eigaren som er avgiftspliktig.
Det er kjøpar som er avgiftspliktig for omregistreringsavgifta. Avgifta skal betalast samstundes med omregistreringa. Det vil gje betydelege systemtekniske og administrative konsekvensar å gå frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling, og utsetjing kjem bilforhandlar til gode berre dersom omregistrering og betaling vert gjort gjennom forhandlar.
Trafikkforsikringsavgifta, elavgifta og NOx-avgifta har allereie lengre betalingsfristar enn vareavgiftene, og departementet ser ikkje her behov for rentefri betalingsutsetjing. For NOx-avgifta er dei som har ei avtale med staten om utsleppsreduksjonar fritekne. Det er i hovudsak statlege verksemder som betaler avgift.
Departementet ser heller ikkje behov for generell rentefri utsetjing av dokumentavgifta. Kjøpar betaler ofte dokumentavgifta til meklaren til seljar. Utsett betalingsfrist kjem i slike fall ikkje kjøparen til gode, men meklaren. Statens Kartverk har ikkje heimel til å gje utsetjing med betalinga, men sender kravet over til Statens innkrevjingssentral, som kan gje kjøpar utsett betaling.
6.3.2 Utsett betaling mv. etter søknad
Etter skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og lov om Statens innkrevingssentral (SI-loven) § 8 er det i dag mogleg å søkje om utsett betaling av omsyn til skuldnar eller av omsyn til det offentlege som kreditor. Vilkåra for å gje utsett betaling er strenge, og vilkåra vil ofte ikkje vere oppfylt for mange av dei som i dag har likviditetsvanskar som følgje av virusutbrotet. Føresegnene krev òg ei individuell vurdering av den enkelte skuldnar sin livssituasjon, økonomi og betalingshistorikk. Dette er vurderingar som krev betydelege ressursar hos innkrevjingsstyresmaktene. For at dei som har likviditetsvanskar som følgje av virusutbrotet, lettare skal få ei førebels betalingsutsetjing, samstundes som behandlinga av søknadene ikkje skal krevje for mykje ressursar hos innkrevjingsstyresmaktene, foreslår departementet meir fleksible føresegner om utsett betaling. Føresegnene skal opne for ei meir skjematisk vurdering av søknader om utsett betaling for skatt og avgift og enkelte andre offentlege krav, slik at fleire skuldnare raskt kan få utsett betaling.
Det skal normalt reknast vanleg forseinkingsrente frå forfall og fram til betaling. Departementet foreslår at betalingsutsetjingar skal kombinerast med ei lågare forseinkingsrente i perioden betaling er utsett. Departementet foreslår å setje den lågare forseinkingsrentesatsen til 6 pst. per år. Med ei årleg rente på 6 pst. vil ordninga i all hovudsak vere økonomisk interessant for skattytarar med likviditetsvanskar, og som har få andre finansieringsalternativ. Dei som har andre finansieringsalternativ, bør velje desse, og forseinkingsrenta bør difor ikkje setjas lågare enn normal marknadsrente.
Departementet foreslår å gjennomføre ordninga ved at det vert gjeve forskriftsheimel for utsett betaling og nedsetjing av renter i økonomiske krisesituasjonar i skattebetalingsloven ny § 15-4 og i SI-loven § 8. Departementet foreslår at forskriftsheimlane skal gjelde generelt slik at dei gjeld alle skatte- og avgiftskrav som er omfatta av skattebetalingsloven, og krav som krevjast inn etter SI-loven, og som kan lempast ved utsett betaling og nedsetjing av krav etter SI-loven § 8. Krav som innkrevjast etter SI-loven, og som ikkje kan lempast etter SI-loven § 8, vil ikkje vera omfatta av ordninga. For krav som vert kravd inn etter SI-loven, vil ordninga såleis berre kunne gjerast gjeldande der SI sin oppdragsgjevar har godteke lemping som eit verkemiddel i innkrevjinga.
Departementet foreslår at forskriftsheimlane skal vere generelle slik at departementet òg kan gje forskrift i eventuelle seinare økonomiske krisesituasjonar. Forskriftene som departementet kan gje i medhald av forskriftsheimlane, må derimot berre gjelde for den aktuelle økonomiske krisesituasjonen. Forskrifta som departementet no legg opp til å fastsetje, skal gjelde for personar og verksemder som har fått betalingsvanskar som følgje av virusutbrotet.
Departementet legg opp til at det i forskrifta vert stilt enkle objektive vilkår for utsett betaling.
For personlege skuldnarar vil det verte stilt vilkår om ein betydeleg reduksjon i inntekt hos skuldnar, eller ektemake/samboar, etter 29. februar 2020. Dette kan fange opp permittering og arbeidsløyse, og situasjonar kor søkjer får redusert dagsverk eller løn etter redusert aktivitet hos arbeidsgjevar. Kva som skal reknast som betydeleg reduksjon av inntekt, må vurderast nærare og vil følgje av retningsliner.
For næringsdrivande og selskap vil det verte stilt vilkår om at verksemda ikkje har restansar med opphavleg forfall før 29. februar 2020. Eit vilkår om at dei ikkje kan ha eldre restansar vil styrkje forventinga om årsakssamanheng mellom virusutbrotet og betalingsvanskane, og vil òg bidra til at utsetjing i større mon råkar verksemder som var levedyktige før virusutbrotet. Eit unntak må gjerast for endringa i skattelova om at underskot i 2020 kan førast attende mot overskot i 2018 og 2019. For at det skal verte samanheng mellom tiltaka, kan forskotsskatt og restskatt for upersonlege skattytarar for 2018 og 2019 ikkje hindra utsett betaling. For næringsdrivande og selskap vil det òg vert stilt vilkår om at dei har levert pliktige oppgåver og at dei leverast undervegs, slik at utsetjinga ikkje reduserer etterlevinga på rapportering. Det vil vidare vert stilt vilkår om at forskotstrekk må verte betalt ved forfall. Ei innvilga betalingsutsetjing vil med det falle bort om forskotstrekket ikkje vert betalt ved forfall.
Enkeltpersonføretak vil som utgangspunkt følgje vilkåra for personlege skuldnarar, men for aktive føretak kan det vere naturleg at krav i samband med verksemda, slik som meirverdiavgift og særavgifter, vert vurdert etter vilkåra for selskap. Nærare avgrensingar for enkeltpersonføretaka kan verte fastsett i retningsliner.
Ordninga bør i minst mogleg mon krevje skjønsmessige vurderingar då mange kan ha behov for å søkje om utsett betaling. Det vil vere svært ressurskrevjande for innkrevjingsstyresmaktene å gjere skjønmessige vurderingar i alle desse sakene. For å ha høve til å avslå søknader i saker der vilkåra ikkje er tilstrekkelege til å sortere bort illojale aktørar, foreslår departementet likevel at føresegna om utsett betaling vert utforma som ein kan-regel.
Departementet legg til grunn at ordninga vil gjelde for dei fleste skatte- og avgiftskrav, men enkelte skatte- og avgiftskrav står i ei særstilling. Dette gjeld mellom anna krav på forskotstrekk. Dette er pengar som arbeidsgjevar ikkje kan disponere over, og det er straffbart å ikkje gjennomføre og betale forskotstrekket. Ordninga bør heller ikkje gjelde for erstatningskrav og andre krav som skuldnaren kan klandrast for. Vidare bør ordninga ikkje gjelde omregistreringsavgift og eingongsavgift for ikkje registrerte verksemder/private. Desse avgiftene skal betalast samstundes med at køyretøyet vert registrert eller omregistrert. Det vil vere betydelege systemtekniske og administrative konsekvensar ved å gå frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling for desse avgiftene. Ordninga vil heller ikkje gjelde for toll og avgifter som skal betalast samstundes med innførselen av varen. Det vil i arbeidet med forskrift og retningsliner verte vurdert nærare om det òg bør gjelde unntak for andre skatte- og avgiftskrav.
Departementet legg vidare til grunn at ordninga som utgangspunkt skal gjelde for krav som innkrevjingsstyringsmaktene kan gje betalingsutsetting og nedsetting for etter SI-loven § 8. I arbeidet med forskrifter og retningsliner kan det vurderast om det er krav som er omfatta av SI-loven § 8, som ordninga likevel ikkje skal gjelde for.
Forskriftsheimlane opnar for at det i forskrift kan gjevast føresegn om utsett betaling med ei lågare rente enn forseinkingsrenta. Med dagens system må ei lågare rente bereknast manuelt når perioden for betalingsutsetjing er over. I ei søknadsbasert ordning må ein difor basere seg på at vanleg forseinkingsrente reknast ut under utsetjinga, men at det vert teke inn ein føresetnad om at deler av rentene skal ettergjevast dersom hovudstolen er betalt ved utlaupet av betalingsperioden. Ei slik ordning vil krevje manuell sakshandsaming etter at betalingsutsetjingsperioden er over og kravet er betalt, for å korrigere rentekrava i Skatteetatens system. Dette vil vere svært ressurskrevjande for Skatteetaten. For å redusere behovet for manuell renteberekning foreslår departementet at ordninga vert supplert med ei ordning med automatisk nedsetjing av forseinkingsrenta for enkelte kravstyper i perioden 1. juli til 31. desember. Sjå nærare om dette nedanfor under punkt 6.3.3.
Departementet legg til grunn at manuell nedsetjing etter søknad som hovudregel skal vurderast etter dei vanlege heimlane for nedsetjing av krav i skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og SI-loven § 8. Manuell nedsetjing av renter etter den nye ordninga kan etter søknad likevel vere aktuelt for enkelte krav. Nærare reglar om dette kan eventuelt verte fastsett i forskrift.
Departementet foreslår at ordninga berre skal gjelde fram til 31. desember 2020. Det kan på eit seinare tidspunkt eventuelt vurderast å forlengje ordninga med utsett betaling mv. om virusutbrotet skulle tilseie dette.
Innkrevjingsstyresmaktene vil ikkje ha kapasitet til å kontrollere om vilkåra er oppfylt for alle søknader, og dei må difor i stor mon basere seg på ei erklæring frå søkjer om at vilkåra er oppfylt.
Departementet foreslår at avgjersle om utsett betaling etter skattebetalingsloven skal kunne treffast av skattekontoret. Departementet foreslår ei forenkla behandling av sakene, slik at søknad kan sendast direkte til skattekontoret. Avgjerder vil dermed verte fastsetje utan innstilling frå skatteoppkrevjar. Departementet foreslår at avgjersle om utsett betaling etter SI-loven § 8 skal treffast av Statens innkrevjingssentral.
Departementet foreslår at det ikkje skal vere høve til å klage over avgjersle om betalingsutsetjing gjeve av innkrevjingsstyresmaktene. Føresegnene om utsett betaling vært gjeve ut i frå behovet for ein heimel som opnar for ein meir skjematisk behandling av søknader om betalingsutsetjing. Dei nye føresegnene om utsett betaling vil liggje nært opp til skattebetalingsloven § 15-2 og SI-loven § 8 første ledd bokstav b, kor det er dei økonomiske forholda som skal vurderast. Det er ikkje klagerett på avgjersle etter desse føresegnene, og dette taler for at det heller ikkje er naudsynt med klagerett for avgjersle om utsett betaling som ein no legg opp til at innkrevjingsstyresmaktene skal kunne gje etter forskrift i medhald av skattebetalingsloven ny § 15-4 og SI-loven § 8.
Departementet viser til framlegg om ny § 15-4 i skattebetalingsloven og endring i SI-loven § 8.
6.3.3 Redusert forseinkingsrentesats utan omsyn til søknad
For å redusere behovet for søknader om nedsetjing av forseinkingsrenta, jf. punkt 6.3.2, foreslår departementet å setje ned forseinkingsrenta i perioden 1. juli til 31. desember 2020 for fleire kravstypar. Ordninga vil omfatte eldre restansar og nyare forfalle krav for dei kravstypane som ordninga skal gjelde for, og den vil gjelde utan omsyn til om skuldnar har fått utsett betaling eller ikkje. Ei ulempe med ordninga, samanlikna med ei ordning med lågare forseinkingsrente etter søknad, er at det ikkje er mogleg å avgrense ordninga til berre å gjelde for dei som har betalingsvanskar etter virusutbrotet. På den andre sida vil ordninga gjelde for dei som er råka økonomisk av virusutbrotet, og som har strekt seg langt for å betale, om enn litt forseinka, men som ikkje har søkt om utsett betaling. Ein annan fordel med ordninga er at ein lågare forseinkingsrentesats for kravstypane kan leggjas inn automatisk i Skatteetatens system. Ei ordning med ei lågare forseinkingsrente for alle dei kravstypar som ordninga skal gjelde for, vil difor vere langt mindre ressurskrevjande for etaten å handsame, enn ei ordning med lågare forseinkingsrente etter søknad.
Departementet foreslår at ordninga med ei lågare forseinkingsrente skal gjelde for skatte- og avgiftskrav som kan krevjast inn etter skattebetalingsloven, med unntak frå forskotstrekk og erstatningskrav, der det vil reknast vanleg forseinkingsrente. Omregistreringsavgift og eingongsavgift for ikkje registrerte verksemder/private skal betalast samstundes med at køyretøyet vert registrert eller omregistrert, og departementet legg til grunn at det for desse krava ikkje vil oppstå restansar, og heller ikkje forseinkingsrenter. Nærare reglar om kva for skatte- og avgiftskrav ordninga skal gjelde for, vil verte fastsett i forskrift.
Reglane om renter ved forseinka betaling i SI-loven § 7 gjeld berre når det ikkje i lov eller forskrift er fastsett at det skal reknast rente, gebyr eller tilsvarande ved forseinka betaling. For fleire av krava som kan krevjast inn etter SI-loven, gjeld det særlege reglar for betaling og renter ved forseinka betaling. Departementet foreslår at ordninga med automatisk nedsetjing av forseinkingsrentesatsen skal gjelde for krav der rente vert berekna etter SI-loven § 7. For dokumentavgift er det gjeve egne regler om forseinkingsrente i forskrift 16. desember 1975 nr. 1 om dokumentavgift § 1-2. Departementet vil òg setje ned forseinkingsrentesatsen for dokumentavgifta.
Ein lågare forseinkingsrentesats for skatte- og avgiftskrav og andre offentlege krav, kan fastsetjast av departementet i forskrift med heimel i skattebetalingsloven § 11-7 andre ledd, SI-loven § 7 tredje ledd og dokumentavgiftsloven § 2 bokstav e.
6.4 Administrative og økonomiske følgjer
Etter utbrotet av koronaviruset har fleire skuldnarar teke kontakt med innkrevjingsstyresmaktene for å få utsett betaling. Handsaminga av søknad om betalingsutsetjing er resurskrevjande etter dagens heimlar for utsett betaling. Med dei nye heimlane kan innkrevjingsstyresmaktene gje betalingsutsetjing meir skjematisk etter enkle objektive vilkår, og styresmaktene kan behandle fleire søknader om utsett betaling utan vesentleg auke i ressursbruken.
Ein redusert forseinkingsrentesats i perioden 1. juli til 31. desember 2020 kan leggjast inn i systema hos innkrevjingsstyresmaktene, og utrekning av renter vil skje automatisk. Ein lågare forseinkingsrentesats vil krevje enkelte mindre systemendringar slik at enkelte typar krav kan verte unnateke frå ordninga, men i det store og heile vil ordninga ikkje ha vesentlege administrative eller systemmessige konsekvensar for Skatteetaten.
Ordninga med ein lågare forseinkingsrentesats vil redusere behovet for manuell nedsetjing av renter etter søknad. Ein legg difor til grunn at det med denne ordninga ikkje er behov for ei skjematisk nedsetjing av renter, og at eventuell nedsetjing av renter etter søknad framleis, som den klare hovudregel, skal behandlast etter dei vanlege reglane for nedsetjing i skattebetalingsloven §§ 15-1 og 15-2 og SI-loven § 8.
Det er rimeleg å leggje til grunn at fleire skattytarar vil utsetje betaling av skatt med den foreslåtte ordninga samanlikna med gjeldande rett der vilkåra for utsetjing er strenge. Utsett innbetaling av skatter og avgifter aukar faren for misleghald, noko som òg reduserer statens inntekter. På den andre sida vil rente på skatteutsetjingane gje renteinntekter. Den samla verknaden på provenyet av framlegget er vanskeleg å fastslå. Departementet legg til grunn at dei auka renteinntektene motsvarast av statens rentetap og tapte skatteinntekter som følgje av mishald, slik at tiltaket samla ikkje påverkar provenyet.
6.5 Iverksetjing
Departementet foreslår at ny § 15-4 i skattebetalingsloven og endringa i SI-loven § 8 tek til å gjelde straks.