8 Språk i forsking og høgare utdanning
8.1 Innleiing
Språk og språkbruk i forsking og høgare utdanning har stor innverknad på språkutviklinga elles i samfunnet. Forskinga utviklar ny kunnskap om verda vi lever i, og dermed ofte nye omgrep. Mykje av det språket vitskapen brukar i denne kunnskapsutviklinga, blir ein del av språket på andre samfunnsområde, til dømes i politisk debatt, medium, næringsliv, kultur og kvardagsliv. Forsking og høgare utdanning er tradisjonelt forbundne med høg sosial prestisje, dette kan også bidra til å auke den innverknaden akademisk språkbruk har på andre samfunnsområde.
At den offentlege debatten går føre seg på norsk, legg til rette for at fleire får høve til å delta, påverke og utvikle kunnskapane sine. Dersom debatt om faglege spørsmål skulle gå føre seg på eit språk som berre dei med lang utdanning meistrar, ville store delar av samfunnet miste høvet til å debattere og følgje med på viktige samfunnsspørsmål.
Gjennom høgare utdanning blir språkbruken til profesjonsutøvarar og arbeidstakarar i nær sagt alle sektorar forma. Språkbruken og fagterminologien studentane får med seg gjennom høgare utdanning, pregar ikkje berre arbeidsplassane når dei kjem ut i arbeidslivet, men får også følgjer for dei som brukar varer og tenester frå desse verksemdene. Ein lege må sjølvsagt kunne den medisinske fagterminologien og halde seg oppdatert på faget i internasjonale tidsskrift. Ho eller han må likevel kunne snakke om helse og sjukdom på norsk med den norske pasienten slik at pasienten blir opplyst og kjenner seg trygg. På same måte må kunderådgjevarar i sektorar som bank og forsikring snakke til kundane på eit språk som dei forstår. Dersom språket er uklart eller er prega av mange utanlandske faguttrykk, er det fare for at kundane ikkje forstår kva dei kjøper, eller at dei føler seg framandgjorde. Undersøkingar viser at aktørane i arbeidslivet veit kor viktig språk er, og at arbeidsgjevarar er opptekne av språkkompetanse ved tilsetjingar.
Det at det akademiske språket påverkar samfunnet i så stor grad, er éin viktig grunn til å diskutere språk og språkbruk i denne sektoren. Ein annan grunn er at språk er avgjerande for primæroppgåvene innan forsking og høgare utdanning. Forsking og undervisning på dette nivået er særs kompliserte og spesialiserte oppgåver med høge krav til grundig og presis språkleg kommunikasjon. Val som gjeld språkbruk ved universiteta og høgskulane, er dermed avgjerande for kvaliteten på forskinga og undervisninga. Det omfattar til dømes val av språk for publisering, undervisning og formidling, kompetansekrav og opplæring i språk og kva system som finst for utvikling av fagspråk og terminologi. Dersom språkkompetansen i forsking og undervisning er for dårleg, er ikkje problemet først og fremst dei små feila i uttale, rettskriving, grammatikk, idiomatiske uttrykk osb., men at uttrykkskrafta og presisjonen i språkbruken blir for svak. Det vil i mange tilfelle hemme den faglege kvaliteten. Det ville dessutan vere eit språkleg og kulturelt tap dersom det norske fagspråket ikkje vart utvikla parallelt med kunnskapsutviklinga, og dersom språket ikkje lenger kunne nyttast på alle område og i framstillingar om alle tema.
8.2 Status
Eit av siktemåla bak innsatsen for å etablere eit universitet i Christiania i 1811 var at landet skulle få embetsmannsutdanningar som var baserte på og relevante for norske forhold. Ein såg tidleg den kulturelle og språklege verdien av å ha eit norsk universitet.
Samtidig som forsking ofte blir publisert på eit framandspråk – tysk før andre verdskrigen og engelsk sidan – har undervisninga i høgare utdanning tradisjonelt vore på norsk.
Bruken av språk vart drøfta i førebuingane til den første heilskaplege lova om høgare utdanning, det vil seie den første lova som skulle gjelde både universitet og høgskular, i NOU 1993: 24 Lov om universiteter og høgskoler. Med bakgrunn i «det særlige ansvar institusjonene har for å opprettholde denne siden av norsk kultur», vart det føreslått å innføre ei lovføresegn om norsk som undervisningsspråk. Utvalet var oppteke av at vern av norsk språk og kultur er ei viktig oppgåve for dei høgare utdanningsinstitusjonane, og at reglane dei føreslo, skulle tolkast strengt, jf. denne presiseringa i merknadene til lovframlegget i NOU-en:
«I kravet om at norsk ‘til vanlig’ er undervisningsspråk, ligger at det skal foreligge en særlig begrunnelse for å fravike dette.»
Samtidig viste utvalet til at det kunne vere gode grunnar for å vike frå prinsippet om norsk som undervisningsspråk. Det kunne til dømes grunngjevast med innhaldet i faget (at det er eit språkfag, eller at det krev studium av dokument på originalspråket), med at faget har utanlandske gjesteforskarar eller faglærarar, eller med at fagtilbodet har ein internasjonal profil og mange utanlandske studentar.
På bakgrunn av dette vart føresegna «[u]ndervisningsspråket er til vanlig norsk» teke inn i universitets- og høgskulelova av 1995 som § 2 nr. 7. Føresegna vart oppheva allereie i 2002, med denne grunngjevinga i Ot.prp. nr. 40 (2001–2002):
«Nr. 7 i gjeldende lov om at undervisningsspråket til vanlig skal være norsk er opphevet, fordi bestemmelsen kunne oppfattes som et hinder for at utdanningsinstitusjonene bygger opp sitt fagtilbud på andre språk og ivaretar sitt ansvar for internasjonalisering av norsk utdanning og forskning. Dette innebærer ingen endring i det ansvaret utdanningsinstitusjonene har for å styrke norsk språkkultur og for å bevare og videreutvikle norsk fagterminologi. Samisk høgskole har et tilsvarende ansvar for samisk språk.»
Grunnen til at føresegna vart oppheva, var med andre ord internasjonaliseringspolitikken i kvalitetsreforma og det at føresegna vart sett på som eit hinder for tilrettelegging av internasjonalt samarbeid. Føresegna vart sett på som eit hinder både for studentutveksling – særleg med tanke på utforming av tilbod til innreisande utanlandske utvekslingsstudentar – og for moglegheitene til å tilsetje internasjonalt fagpersonale. Proposisjonen framheva likevel det ansvaret som universiteta og høgskulane har for å styrkje og vidareutvikle norsk språkkultur og fagspråk.
Spørsmålet om språkbruk i høgare utdanning vart på nytt teke opp i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Meldinga peika på forsking og høgare utdanning som den sektoren som «reint strategisk er viktigast for å tryggja stillinga for norsk språk som eit komplett, samfunnsberande nasjonalspråk». Som ei oppfølging av denne meldinga vart det igjen teke inn ei føresegn om språk i universitets- og høgskulelova, med denne grunngjevinga:
«Universitets- og høyskoleloven har i dag ikke bestemmelser om institusjonenes ansvar for norsk fagspråk. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vises det til at et overordnet mål for en norsk språkpolitikk er å sikre det norske språkets posisjon som et fullverdig, samfunnsbærende språk i Norge. På bakgrunn av dette […] har departementet foreslått en ny lovbestemmelse om at universiteter og høyskoler skal ha ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk. Det understrekes i denne sammenheng at arbeidet med å utvikle og holde levende et fullverdig vitenskapelig fagspråk på norsk peker seg ut som en språkpolitisk hovedutfordring i årene framover, og at forskning og høyere utdanning i så måte er den strategisk viktigste samfunnssektoren.»1
Sidan 2009 har universitets- og høgskulelova hatt følgjande føresegn om norsk fagspråk (§ 1-7): «Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk.»
I førearbeida til denne føresegna heiter det at norsk som eit generelt utgangspunkt skal vere hovudspråket ved norske universitet og høgskular, samtidig som prinsippet om parallellspråklegheit skal gjelde. Førearbeida la også til grunn at ansvaret ville innebere at universitet og høgskular måtte utforme individuelt tilpassa språkstrategiar. Vidare ville arbeid med norsk terminologiutvikling, formidling og utvikling av læremiddel på norsk følgje av ansvaret. I tiåret som er gått sidan denne lovendringa, har det vore ein god del debatt om stillinga for norsk som fagspråk og om domenetap til engelsk som forskings- og undervisningsspråk. Språkrådet har følgt utviklinga gjennom fleire av sine tilstandsrapportar, og hausten 2018 la ei ekspertgruppe nedsett av Språkrådet fram rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur, der eit eige kapittel tek føre seg forsking og høgare utdanning. I tillegg følgjer Kunnskapsdepartementet situasjonen heile tida ved hjelp av data innhenta frå institusjonane.
Når det gjeld forsking, har utviklinga det siste tiåret stadfesta at engelsk tek over for norsk som dominerande publiseringsspråk i dei fleste faga. Nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar i 2017 var på engelsk, medan om lag ti prosent var på norsk.2 Andre språk utgjorde berre éin prosent. På dei største universiteta er engelsk endå meir dominerande. På NTNU var berre fem prosent av publikasjonane på norsk. På Universitetet i Bergen var det sju prosent, på Universitetet i Oslo åtte prosent. Når det gjeld doktorgrad, er det i dag om lag ti prosent som skriv på norsk, og under éin prosent som skriv på nynorsk. Det mest tydelege utviklingstrekket dei siste åra er at bruken av norsk som publiseringsspråk har gått markant ned, òg i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.
I høgare utdanning er tendensen den same, men her er norsk framleis det dominerande språket. Talet på framandspråklege emne har auka frå 13,3 prosent i 2009 til 23,1 prosent i 2018.3 Sidan språkfaglege emne ikkje er med i desse tala, kan vi gå ut frå at nesten alle desse framandspråklege emna har undervisning på engelsk. Dette inneber altså at undervisninga framleis skjer på norsk i over tre av fire emne. Samtidig er det grunn til å merkje seg den raske endringa. På eit tiår er engelskmengda om lag dobla. Det er derfor naudsynt å følgje utviklinga nøye i åra som kjem, mellom anna gjennom forbetra statistikk.
Når det gjeld forholdet mellom bokmål og nynorsk, er det fleire indikasjonar på at nynorsk er klart meir marginalisert enn bokmål i høgare utdanning i dag. Rapporten Språk i Norge (2018) peikar til dømes på at berre to prosent av masteroppgåvene blir skrivne på nynorsk, medan bokmålsdelen ligg på 54 prosent.
8.2.1 Kva er grunnen til denne utviklinga?
Som Språkrådet framhevar i tilstandsrapporten Språkstatus 2017, er det i dag «brei semje om at forskarane sjølve må velje fritt kva språk dei vil publisera på». Vala som forskarane tek, er prega av at moderne forsking i aukande grad er ei global verksemd. Det inneber mellom anna at norske forskarar i dei aller fleste fag er avhengige av å publisere i internasjonale kanalar for å få forskingsresultata sine vurderte av eit breiast mogleg miljø av fagfellar. Berre ved å eksponere seg for og måle seg mot den internasjonale forskingsfronten kan norsk forsking oppnå høg kvalitet. Språkrådet konkluderer i Språkstatus 2017 med at dette er bakgrunnen for at engelsk er vorte det dominerande publiseringsspråket også i Noreg – «sidan fagmiljøa mest alltid er internasjonale, og engelsk er det språket som rekk ut til flest på mest alle forskingsfelt».
Det er ikkje berre publiseringspraksisen som blir meir internasjonal. Også dei vitskapleg tilsette og studentane sjølve flyttar seg over landegrensene. Vi har ikkje noko heilt ferskt oversyn over kor mange av dei vitskapleg tilsette ved norske universitet og høgskular som har utanlandsk bakgrunn, men i 2014 var det om lag 25 prosent.4 Talet varierte, frå 17 prosent i samfunnsvitskapane til 45 prosent i matematiske og naturvitskaplege fag. Det har òg vore ein relativt sterk auke i talet på doktorgradsstipendiatar med utanlandsk statsborgarskap, frå 13 prosent i 2000 til 42 prosent i 2018.5 Om lag den same variasjonen gjer seg gjeldande mellom fagområda her.
Det er ikkje så mange utanlandske gradsstudentar ved norske lærestader. Dei siste ti åra har talet lege mellom tre og fire prosent.6 I tillegg kjem utvekslingsstudentar og andre som er på kortare studieopphald.7
Omsynet til utanlandsstudentane og ønsket om å trekkje til seg fleire av desse studentane har nok ført til at det engelskspråklege undervisningstilbodet har auka dei siste ti åra. Men sidan utanlandsstudentar framleis er ei relativt lita gruppe samanlikna med den store norskspråklege studentgruppa, er dette neppe heile forklaringa på den sterke auken i bruken av engelsk som undervisningsspråk. Det er nærliggjande å tenkje seg at to andre faktorar kan vere medverkande. Den eine er at engelsk som dominerande forskingsspråk òg kan føre til ein preferanse for engelsk som undervisningsspråk. Den andre er at det relativt høge talet på vitskapleg tilsette og stipendiatar som har utanlandsk bakgrunn, i ein del fag kan ha innverknad på val av språk på institusjonane, ikkje berre når det gjeld publisering, men òg i undervisninga. Førebelse resultat frå ein ny studie indikerer at ein stor del av dei utanlandske tilsette opplever at forholda ikkje blir lagde til rette for at dei skal lære seg norsk dei to første åra etter tilsetjing.8 Om desse tilsette ikkje får god tilgang til språkopplæring og klare insentiv til å lære seg norsk, kan ein sjå føre seg at meir undervisning på engelsk blir resultatet. Men på dette området har vi i dag ikkje nok kunnskap til å vere sikre på kva mekanismar som styrer utviklinga.
8.3 Utfordringar
Engelsk som eit tilnærma universelt forskingsspråk gjer det mogleg for norske forskarar å nå ut til fagfellar over heile verda, noko som òg legg grunnlaget for breitt internasjonalt forskingssamarbeid. Dette er viktig for kvaliteten på forskinga og dermed for den evna forskinga har til å bidra til samfunnet, mellom anna i møte med store samfunnsutfordringar. Den utstrekte bruken av engelsk i akademia bidreg til å heve engelskkompetansen i befolkninga, til nytte og glede i både arbeidslivet, kulturlivet og privatlivet.
Samtidig skapar mindre bruk av norsk i akademisk arbeid ved norske universitet og høgskular ei rekkje utfordringar. Som nemnt er forsking og høgare utdanning særs viktige for utviklinga av norsk som eit samfunnsberande språk. Ein risiko ved å gå over til engelsk som dominerande forskingsspråk og bruke meir engelsk i undervisninga er at det kan føre til svak utvikling av norsk fagspråk. Dette kan vidare føre med seg auka bruk av innlånte fagomgrep frå engelsk, med fare for overflatisk forståing eller reine misforståingar. Mangel på norske fagomgrep kan òg føre til at den norskspråklege kommunikasjonen blir meir prega av forenkla uttrykksmåtar som ikkje har vore gjennom dei same kritiske analysane som vitskaplege omgrep. I ytste konsekvens vil vi rett og slett mangle norske ord og uttrykk på visse fagområde.
Ei slik språkutvikling vil kunne få negative verknader på ei rekkje samfunnsområde, særleg der forskingsbasert kunnskap er i bruk for å løyse kompliserte problem i dialog med enkeltindivid, grupper eller allmenta. Dersom debatten om dei store samfunnsproblema blir overlaten til høgt utdanna som kan det engelske fagspråket, vil det gå ut over den breie demokratiske debatten og den opplyste allmenta. Dei aller fleste kandidatane frå universitet og høgskular skal ut i eit norsk – og norskspråkleg – arbeidsliv. Her skal dei møte norsktalande kundar, klientar, pasientar, samarbeidspartnarar osb. Dei treng eit norsk fagspråk for å kunne kommunisere. Dette fagspråket må dei lære seg, også den skriftlege bruken. Det same gjeld det engelske fagspråket og eventuelt andre framandspråk som dei vil trenge i arbeidslivet.
Det er gjort svært få undersøkingar om kva verknad undervisnings- og pensumspråk har for læringseffekten til studentane. Språkrådet har fått utført ei undersøking av språket som studentane skreiv på til eksamen i eit fag der både pensum og førelesingar var på engelsk.9 Dei fleste studentane valde å svare på norsk, men dei bruka i høg grad engelske faguttrykk i dei norske tekstane sine. Det er ønskjeleg med meir forskingsbasert kunnskap om dette.
I sum er det grunn til å frykte at både arbeidslivet, kulturlivet og den offentlege debatten vil bli svekte dersom norsk fagspråk ikkje blir teke vare på. Men norsk fagspråk er ikkje berre noko universiteta og høgskulane vernar om for å tene andre sektorar i samfunnet. Som nemnt er det grunn til å tru at forskarar, undervisarar og studentar med norsk som morsmål sjølv har mykje å hente på å ta vare på norsk fagspråk, i tillegg til engelsk og eventuelle andre språk. Det er velkjent at både språkleg uttrykkskraft og forståing er betre på morsmålet enn på eit framandspråk. Særleg i fag der formuleringsevne og avansert omgrepsbruk er avgjerande for kvaliteten, er det derfor uheldig om norske akademikarar mistar moglegheita til å føre faglege diskusjonar på morsmålet.
8.3.1 Mål og verkemiddel
Prinsippet om parallellspråklegheit er ei god rettesnor for språkbruk i forsking og høgare utdanning. Prinsippet har bakgrunn i eit prosjekt i regi av Nordisk ministerråd og er seinare utvikla av mellom andre Språkrådet. Prinsippet er lagt til grunn i Språkrådet sin rettleiar for språkval i universitets- og høgskulesektoren.10 Enkelt forklart går prinsippet ut på å satse på både engelsk og nasjonalspråket i akademisk samanheng. Denne løysinga har som uttala mål å fungere som eit kompromiss: «Strategien parallellspråksbruk inneber ein mellomposisjon som er meint å byggja ned dei skarpe frontane mellom dei som kjenner sterk uro på vegner av norsk språk, og dei som går entusiastisk inn for mest mogleg engelsk.»11
Som nemnt over slår universitets- og høgskulelova i dag fast at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk». I førearbeida til den nye føresegna står det at endringane i lova ikkje var meinte å leggje til rette for at engelsk skulle fortrengje norsk:
«Parallellspråklighet innebærer at engelsk, eller et annet fremmedspråk, kan brukes når det tjener et formål, inkludert opplæring og praktisk språktrening. Videre innebærer det at det må unngås ureflektert og automatisk bruk av engelsk, og den positive symbolfunksjonen som engelsk nyter godt av, bidrar til å fortrenge bruk av norsk når dette er det mest naturlige og hensiktsmessige språkvalget.»12
Regjeringa meiner det er gode grunnar til å halde fast ved denne forståinga av prinsippet om parallellspråklegheit ved norske universitet og høgskular. Det språkpolitiske målet om å ta vare på norsk som samfunnsberande språk må sikrast også ved at universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for norsk fagspråk og følgjer opp dette ansvaret. Norsk, både bokmål og nynorsk, står i ei særstilling blant språkfaga fordi ein ikkje kan vente at forskarar i andre land vil sikre den faglege utviklinga for oss. Det same gjeld norsk kultur og historie meir generelt. Her er det altså nødvendig med særskild merksemd.
8.3.2 Bruk av engelsk
Prinsippet om parallellspråklegheit seier at det skal leggjast til rette for bruk av engelsk når det er gode faglege grunnar til det. Dette heng òg saman med dei ambisjonane regjeringa og institusjonane har når det gjeld internasjonalisering for å styrkje kvaliteten på norsk forsking og høgare utdanning.
Ein viktig føresetnad for å kunne realisere det potensialet som ligg i internasjonaliseringa, er at kompetansen i akademisk engelsk må styrkjast. Samanlikna med innbyggjarar i mange andre land har den norske befolkninga generelt gode ferdigheiter i engelsk, og norske akademikarar har ofte høgare språkkompetanse enn befolkninga elles. Men vi veit at vi har ein tendens til å overvurdere engelskferdigheitene våre, og at mange ikkje er førebudde på dei høge krava til kompetanse i akademisk engelsk i internasjonale studieprogram og forskingssamarbeid over landegrensene.
Regjeringa har ein ambisjon om at 50 prosent av norske studentar skal ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida, mellom anna for å heve den internasjonale kompetansen og språkkompetansen blant norske studentar. For å realisere denne ambisjonen tek regjeringa sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet i løpet av 2020. Målet er at halvparten av studentane skal reise ut, men det er viktig å sikre ein internasjonal komponent i studiet òg for dei som ikkje kan reise ut. Ein slik internasjonal komponent kan studentane få til dømes ved å følgje undervisning på engelsk i eit semester saman med internasjonale studentar, ved at universitet og høgskular nyttar internasjonale forskarar i undervisninga osb.
For å trekkje til seg internasjonale studentar må norske universitet og høgskular ha eit godt og variert studietilbod på engelsk. Samtidig må norske institusjonar vere medvitne om val av undervisningsspråk slik at dei får ein god balanse mellom norsk og engelsk. Norske universitet og høgskular må i språkstrategiane sine ha ei gjennomtenkt tilnærming til kva for emne som blir underviste på norsk og på engelsk.
8.3.3 Lovregulering av ansvar for norsk fagspråk
Eit regjeringsoppnemnt utval har nyleg gått gjennom universitets- og høgskulelova, der ansvaret for norsk fagspråk er regulert som nemnt ovanfor. Utvalet leverte innstillinga si med forslag til ein ny lovtekst til Kunnskapsdepartementet i januar 2020, jf. NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler. Arbeidet skal følgjast opp gjennom ein ordinær høyringsrunde og ein proposisjon til Stortinget om ny universitets- og høgskulelov. Spørsmålet om korleis ein skal lovregulere ansvaret for norsk fagspråk ved universitet og høgskular, vil bli vurdert i samband med dette arbeidet. Regjeringa tek sikte på at lovproposisjonen skal leggjast fram for Stortinget våren 2021.
8.3.4 Andre verkemiddel for å styrkje norsk fagspråk
Det meste av arbeidet for å nå måla som er omtala ovanfor, må gjerast ved universiteta og høgskulane. Institusjonane har allereie lange tradisjonar for språkforsking, språkundervisning og språkrøkt. Nasjonalspråkfilologiane har røter tilbake til 1800-talet, og dei er seinare vortne supplerte av språk- og kulturfag som til dømes lingvistikk, leksikografi, forsking på skriftkunne (literacy) osb. Nordiskfaget har stått i sentrum for mykje av dette, ikkje minst på grunn av koplinga til norskfaget i grunnopplæringa. Skal vi lukkast med å ta vare på norsk som eit livskraftig språk på ulike kunnskapsområde, er vi avhengige av kompetansen og engasjementet til desse fagmiljøa rundt om i landet.
Norske universitet og høgskular er pålagde å ha eigne språkstrategiar, mellom anna med støtte i ein rettleiar som Språkrådet har utarbeidd saman med UH-sektoren. Etter at statistikken over språkbruken innan forsking og høgare utdanning synte ein ytterlegare auke i bruken av engelsk dei siste åra, også på fagområde der norsk tradisjonelt har stått sterkt (som humaniora og samfunnsvitskap), minte Kunnskapsdepartementet i tildelingsbreva for 2019 om at institusjonane har ansvar for å ta vare på og vidareutvikle norsk fagspråk. Institusjonane vart samstundes bedne om å følgje utviklinga og vurdere behovet for tiltak. Kunnskapsdepartementet vil i sin tur følgje opp dette mellom anna ved ein gjennomgang av språkstrategiane til institusjonane i løpet av 2020. Gjennomgangen vil gje grunnlag for å vurdere om det er naudsynt med tiltak frå sentralt hald.
I Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge omtala regjeringa situasjonen for norsk fagspråk og framheva at det vil vere nødvendig å ha merksemd kring språkspørsmålet i åra framover. Av nasjonale tiltak i meldinga med relevans for dette spørsmålet kan ein særleg trekkje fram økonomisk støtte til ei konsortieordning som skal sikre open tilgang til gode fagtidsskrift på norsk i humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga vart godt motteken og har vekt positiv interesse internasjonalt. Om lag 25 norskspråklege tidsskrift får støtte gjennom ordninga. Desse tidsskrifta er viktige for fagutviklinga i ei rekkje fag og for det offentlege ordskiftet. I samsvar med tiltaket i humaniorameldinga blir ordninga no vurdert av ei faggruppe som blir leia av Unit. Gruppa skal vurdere om ordninga bør vidareførast, endrast eller leggjast ned. Tilrådinga skal sendast Kunnskapsdepartementet og Noregs forskingsråd våren 2020.
I tillegg vart det som oppfølging av meldinga nedsett ei ekspertgruppe som skulle vurdere særskild finansiering av utsette humaniorafag. Som meldinga gjer greie for, kan dette mellom anna ha relevans for mindre språkfag. Ekspertgruppa vart leia av professor Einar Lie, og gruppa leverte rapporten sin til Kunnskapsdepartementet hausten 2019. Det viktigaste forslaget i rapporten er det ekspertgruppa kallar ei «beredskapsordning» for humanistiske fag på masternivå som det klart er behov for i samfunnet, men som er nedleggingstrua i den tydinga at dei er føreslått nedlagde på den siste norske institusjonen som har faget. Rapporten vart send på høyring med frist i februar 2020. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å gå gjennom dei mange høyringssvara og vil kome tilbake med vurderingar av behovet for tiltak på området.
Ein viktig føresetnad for å halde oppe eit godt norsk fagspråk er at det blir skrive og publisert læremiddel på norsk til bruk i høgare utdanning. Slik blir studentane fortrulege med norske fagtermar og lærer seg korleis faglege spørsmål kan drøftast på morsmålet. For å leggje til rette for dette har Kunnskapsdepartementet sidan 1984 finansiert ei støtteordning for produksjon av læremiddel på norsk som svar på den stadig sterkare konkurransen frå engelskspråklege læremiddel. Ordninga vart evaluert i 2016. Konklusjonen var at ordninga fungerte etter føremålet, og ordninga vart tilrådd vidareført på om lag same nivå. Denne evalueringa har vore utgangspunktet både for drøftinga av temaet i humaniorameldinga og for løyvingane til ordninga frå Kunnskapsdepartementet i åra etterpå. Etter at ordninga i mange år hadde vore administrert av Universitets- og høgskolerådet, vart administrasjonen i 2018 flytta til det nyoppretta Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning.
Som nemnt ovanfor har domenetapet til engelsk vorte meir tydeleg dei aller siste åra, noko som har ført til ein fornya diskusjon om dei verkemidla vi har for å styrkje norsk fagspråk, mellom anna ordninga for læremiddelstøtte. I tillegg har fleire reist spørsmål ved om ordninga fungerer godt nok for å sikre produksjon av læremiddel på nynorsk og samisk, språk som er under større press enn bokmål. Det er også andre forhold ved ordninga som det kan vere grunn til å sjå nærare på, til dømes kva slags utgjevingar som kan få støtte (utgjevingar med små opplag, innføringsbøker og basisutgåver, omsetjingar osb.). I lys av desse debattane vil Kunnskapsdepartementet no i samråd med Diku gå gjennom ordninga og vurdere om ho svarar på dei utfordringane vi står overfor i dag.
8.3.5 Norsk fagspråk i overgangen til open publisering
Regjeringa sitt mål om open forsking inneber at alle skal få enkel tilgang til forskingsresultat. Dette vil styrkje både forskingskvaliteten og bruken av forskingsresultata i samfunnet.
Stortinget slutta seg til målet om open publisering første gong i 2005 og har stadfesta tilslutninga fleire gonger. I 2017 la regjeringa fram dokumentet «Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler». Målet til regjeringa er dette:
«[…] innen 2024 skal alle norske vitenskapelige artikler finansiert av offentlige midler være åpent tilgjengelige. Norge skal være en pådriver for at alle vitenskapelige artikler finansiert av offentlige midler skal gjøres åpent tilgjengelig fra publiseringstidspunktet.»
Granavollplattforma slår fast at regjeringa vil «[g]jere forskinga meir tilgjengeleg ved å stimulere til opnare forskingsformidling og meir opne data».
Samtidig må det norske fagspråket sikrast i overgangen til open forsking. I Noreg er det over tid etablert eit velfungerande, men sårbart kollektivt system for framstilling av gode norskspråklege fag- og lærebøker. Denne publiseringa på morsmålet er viktig for utdanning, kompetanseheving, livslang læring og ein opplyst offentleg samtale. Aktørane i dette kollektive systemet har vore uroa for at kravet om open publisering på utilsikta vis kan kome til å undergrave slik publisering på norsk. Dei har særleg vore uroa for krava som følgjer av den såkalla Plan S. Derfor er det viktig å slå fast at nedslagsfeltet for Plan S er snevert, og at Plan S-krava ikkje utgjer nokon fare for utarbeidinga av faglitterære bøker på norsk.
Plan S er eit internasjonalt initiativ som vart lansert i september 2018. Målet er å gjere all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg. Dei deltakande forskingsfinansiørane vil frå og med 2021 krevje at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet.
Plan S-finansiørane krev at publikasjonar dei har finansiert, skal publiserast med ein open lisens. Creative Commons Attribution License CC-BY er føretrekt. Denne lisensen lèt andre aktørar dele og omarbeide verket på visse vilkår. Når det er gode grunnar til det, tillèt Plan S-finansiørane også lisensar som gjev høve til bruk, men som set strengare grenser for omarbeiding og kreditering ved vidarebruk. Finansiørane tillèt ikkje bruk av CC-BY-NC (ikkje-kommersiell vidarebruk). Grunnen er at dei ønskjer at innovasjonspotensialet som ligg i forskingsresultata, skal kunne utnyttast i størst mogleg grad, også i kommersielle samanhengar. Finansiørane peikar på at dette er viktig for å kunne drive storskala tekst- og datautvinning ved hjelp av moderne teknologi, til dømes i legemiddelindustrien eller i digitale humaniora. Tilgang til nok opne språklege ressursar er viktig om ein skal kunne lage gode omsetjingstenester, talesyntese, talestyring, informasjonsbehandlings- og analysesystem osb.
Blant viktige aktørar i det nemnde kollektive krinsløpet for fag- og lærebøker er Kopinor, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Fagpressen og Den Norske Forleggerforening, saman med Universitets- og høgskolerådet og KS. Kopinor forvaltar rettar til rettshavarar og utgjevarar i til saman 22 medlemsorganisasjonar. Frå bruk av rettsverna materiale i høgare utdanning vart det i 2018 fordelt 51,3 mill. kroner i kollektivt vederlag til norske rettshavarar. Desse vederlagsmidlane blir i stor grad bruka til forfattarstipend frå Det faglitterære fond, som Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening forvaltar, til framstilling av nye, norskspråklege bøker.
Kopinor forvaltar opphavsrettane på grunnlag av fullmakter som er gjevne i vedtektene til medlemsorganisasjonane, og med støtte i reglane om avtalelisens i åndsverklova. Fullmaktene er ikkje eksklusive. Det vil seie at dei vil vike for andre avtalar som blir inngått direkte mellom rettshavar og brukar. Eit døme på slike avtalar er abonnementsavtalar som universitet og høgskular inngår med forlaga om digitale tidsskrift og e-bøker. I desse abonnementsavtalane betalar forskingsinstitusjonane direkte til forlaga på førehand for å gje forskarar og studentar løyve til å bruke dei vitskaplege artiklane og e-bøkene fritt. Dermed kan ikkje Kopinor krevje vederlag for bruken; det ville bety at institusjonane måtte betale to gonger. På grunn av slike avtalar har Kopinor i dag inga vesentleg rolle når det gjeld vederlag for bruk av digitale tidsskriftartiklar og e-bøker på universitet og høgskular. Eit anna døme på slike avtalar er Creative Commons-lisensane, der rettshavar seier frå seg retten til vederlag. Kopinor kan heller ikkje i desse tilfella krevje vederlag for bruken. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har til no valt å ikkje bruke framstilling av publikasjonar med ein Creative Commons-lisens som grunnlag for utbetaling av stipend eller anna form for støtte.
Det er med andre ord mange år sidan Kopinor har kunna krevje vederlag for bruk av vitskaplege artiklar på universitet og høgskular (anten dei blir publiserte med Creative Commons-lisens eller ikkje). Derfor er det ikkje open publisering av artiklar som har uroa aktørane i det kollektive systemet for norske fag- og lærebøker mest, men spørsmålet om kva som vil skje framover når det gjeld bøker, for bruk av bokutdrag er sentralt for rettsforvaltninga deira. Det som særleg har uroa Kopinor og dei andre, er at Plan S-finansiørane planlegg å utvide kravet om open tilgang og bruk av Creative Commons-lisensar til også å gjelde fagfellevurderte forskingsmonografiar og -antologiar om nokre år. Det er derfor viktig å klargjere kva ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon er, og gjennom det slå fast at Plan S-krava ikkje vil gjelde det meste av det vi til vanleg tenkjer på som faglitteratur på norsk.
Rapporteringsinstruksen til Norsk vitskapsindeks set krav til kva som blir rekna som ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon. Plan S-krava gjeld ikkje og er ikkje planlagde å gjelde for bøker som ikkje skal rapporterast til Norsk vitskapsindeks. Lærebøker skrivne spesifikt til undervisningsføremål og bøker retta mot allmennmarknaden er mellom kategoriane som ikkje tel som vitskaplege monografiar eller antologiar. Det same gjeld populærvitskaplege bøker, sakprosa m.m.
Dei aller fleste faglitterære bøkene som kjem ut i Noreg, er ikkje vitskaplege originalarbeid, men lærebøker eller kunnskapsoppdateringar baserte på allereie publisert materiale. Desse bøkene er gjerne retta mot studentar eller ei breiare allmente. Slike bøker fell altså utanfor krava i Plan S. Plan S-krava om open tilgang og bruk av Creative Commons-lisensar på fagfellevurderte vitskaplege publikasjonar er derfor ikkje nokon fare for utarbeidinga av faglitterære bøker på norsk.
8.4 Prioriteringar og vidare oppfølging
Regjeringa vil vurdere korleis ein best kan regulere ansvaret for norsk fagspråk som institusjonane har, i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, som regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget våren 2021.
Regjeringa vil vurdere forslaga frå Lieutvalet om særfinansiering av utsette humaniorafag i lys av høyringsrunden og kome med framlegg om tiltak.
Regjeringa vil gå gjennom språkstrategiane ved universiteta og høgskulane og vurdere behov for tiltak for å sikre norsk fagspråk.
Regjeringa vil gå gjennom tilskotsordninga for læremiddel i høgare utdanning i samråd med Diku og vurdere om det er behov for endringar i lys av den aktuelle språksituasjonen.
Regjeringa vil be universiteta og høgskulane bidra til å sikre at masteroppgåver og andre omfattande, sjølvstendige arbeid på dette nivået som ikkje blir skrivne på norsk eller samisk, skal ha samandrag på norsk eller samisk.
Regjeringa vil forbetre statistikken for undervisningsspråk og pensumspråk gjennom sentral datafangst.
Fotnotar
Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.
Forskingsrådet, Indikatorrapporten 2018.
Diku, Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019, Vedlegg.
Hebe Gunnes, Mer mangfoldstatistikk. Statistikk om innvandrere og etterkommere av innvandrere i norsk forskning og høyere utdanning. Revidert utgave. NIFU, 2017.
Diku, Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019, Vedlegg.
Same stad.
Det har vore ein auke av desse frå litt over 5000 i 2009 til nærare 9000 i 2018, men som del av studentmassen er dei inga stor gruppe. Same stad.
Khrono: Engelsk i akademia: Møter få eller ingen krav om å lære norsk, https://khrono.no/engelsk-i-akademia-moter-fa-eller-ingen-krav-om-a-laere-norsk/426750, lasta ned 19.12.19. Artikkelen byggjer på førebelse funn frå prosjektet Norsk i akademia (NINjA) ved UiB, som har undersøkt kva plass det norske språket har blant internasjonalt tilsette ved 12 norske institusjonar. Vitskapleg publisering av funna er venta i 2020.
Marita Kristiansen (2019): Språklige utfordringer i høyere utdanning. En undersøkelse av språkbruk i eksamensbesvarelser på bachelornivå.
Språkrådet: Veiviser for språkvalg i universitets- og høgskolesektoren.
St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, side 98.
Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.