1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv 36 mellom Slåttekås og Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark.
Rv 36 mellom Eidanger og Seljord er ei hovudferdselsåre i Telemark og knyter saman kystvegen E18 og innlandsvegen E134. Strekninga mellom Slåttekås og Årnes har låg standard og er prega av forfall. Med utgangspunkt i ynskje om forsering av ei utbetring har lokale styresmakter vedteke eit opplegg for bompengefinansiert utbygging av to delstrekningar.
Utbetringa vil gi ein jamn og god standard, med vegbreidde 8,5 m og fartsgrense 80 km/t. Det er lagt opp til at utbetringa kan starte hausten 2016, med fullføring ved årsskiftet 2018–2019.